SlideShare a Scribd company logo
1 of 6
Download to read offline
www.iktsenteret.no
​Opphavsrett 7. steg - Produsere og redigere
Lisensar, opphavsrett og åndsverk
www.iktsenteret.no
Kva er Creative Commons?
• Creative Commons (CC) handlar om opphavsrett og korleis ein kan merke sine verk slik at andre veit om dei kan nytte, endre, kopiere verket osb. - og
opphavsrett erein menneskerett: FN menneskerettserklæring art 27.2 “Alle har rett til vern av dei åndelege og materielle interesser som ereit resultat av eit
alle vitskapeleg, litterært eller kunstnarisk verk som han har skapt”.
• Det finnes mange ulike typar lisensarfor fri kultur. CC er ein internasjonal organisasjon som vart starta i USA i 2001 med mål å fremje delingskultur derein
lett kan finne fram til kvarandre og til kvarandre sine verk. Hovudkontor er nå i Berlin. CC har vedlikehald av internasjonal referanselisens (unported) som
tilpassast lokal lovgiving. CC er eit frivillig lisenssystem som ertilrettelagt og tilpassa ulike jurisdiksjonars lokale språk og rettspraksis – og tilbyr lisensar
som gjer det muleg for forfattarar og komponistar å tilby heile eller deler av verka sine gratis til ikkje-kommersiell bruk og samtidig behalde andre delerav
verket som vanleg.
• Elevar i dag stårmidt oppe i spørsmål med opphavsrett og deling gjennom t.d. sakene som harvert med ulovleg fildeling (Pirate Bay, Napster osb. – sjå t.d.
denne artikkelen om Frankrikes strenge straff for ulovleg nedlasting). Deihar og ein tendens til ikkje å ha eit klart forhold til kva ein kan og ikkje kan bruke
på nett - og dette er ferdigheiter deimest sannsynleg er nøydt til å lære i skolen (det er mange foreldre som ikkje har eit medvite forhold til slik bruk heller).
Det er derfor viktig at læraren har eit medvite og klart forhold til kva ein kan bruke og når - sjølv i interne skuleprosjekt, erfaringa elevane tar med seg frå
skulen brukar deiog i fritid.
• Lisensar:
• Det er 6 lisensar, ut frå eit utgangspunkt på fire symbol Namngje (BY), ikkje-kommersiell (NC), ingen redigering (ND), del på same vilkår (SA). Gnu Free
documentation – nyttast primært i Wikipedia-miljøet, er ca. det same som CC BY-SA.
• Korleis skaffar ein seg ein lisens?
• Det er enkelt å skaffe seg ein lisens, og det er kostnadsfritt. Ein går inn på sida til Creative Commons (lisensvelger) og vel deialternativane som er aktuelt
for deg/ditt verk t.d. om andre skal ha lov til å bruke verket, endre det osb. Etterpå trykkar du vel lisens-knappen - og så kjem det opp ei ny side (sjå biletet til
venstre) kor du kan få ein html-kode som du kan bruke på eigen nettstad (du vel sjølv storleiken og utsjånaden). Koden kopierer du enkelt ved å merke heile
teksten, høgreklikke og velje kopier (alternativt markere teksten og trykke Ctrl+C) - deretter går du til din heimeside, blogg el likn. og høgreklikkar derdu
skal lime inn (i editoren), høgreklikkar og vel lim inn (alternativt trykke Ctrl + V). Nå har du fått gjeve verket ditt rettigheiter - og gjeve alle andre klar beskjed
om korleis deiskal halde seg til det. Det erikkje naudsynt å gå inn på CC og få koden for at verket skal ha ein lisens, du kan rett og slett berre skrive i tekst
at dette verket har følgande lisens + den lisensen du meinerer aktuelt, t.d. CC BY-SA (Creative Commonslisens; namngje, delast på same vilkår).
www.iktsenteret.no
Kvifor har vi opphavsrett?
• Bernkonvensjonen artikkel 6: (1) Uavhengig av opphavsmannen sine
økonomiske rettar, og sjølv etter overføring av desse, beheld
opphavsmannen retten til å vere opphavsmann til verket, og til å
motsette seg all forvansking, tilpassing eller anna endring av verket og
krenking av det, som kan skade æra eller omdøme hans.
• US Constitution av 1790 artikkel 1, seksjon 8 har denne grunngjevnaden
for immaterialrett, dvs. opphavsrett og patenter: To promote the
Progress of Science and useful Arts, by securing for limited Times to
Authors and Inventors the exclusive Right to their respective Writings
and Discoveries;
• Her er det altså samfunnet sin nytte som står i fokus for reglar om
opphavsrett (to promote the progress…). Ein må vege mellom
opphavsmannen sin interesse og allmennheita si nytte. Omfattande
vern gjer at ein t.d. ikkje kan nytte det andre har utviklet. Dette kan
vere eit hinder for delingskultur.
www.iktsenteret.no
Åndsverkloven
• Ei kort forklaring på kva åndsverkslova går ut på:
• Den som (altså kven er den skapande, opphavsmann)
• skapar (at det må skapast)
• eit åndsverk (kva som skapast)
• har opphavsrett (kva rett han har)
• til verket (og kva han har rett over)
Sjølv om ein kjøper eit maleri eig ein berre eit eksemplar, det
immaterielle tilhøyrar framleis kunstnaren – og han (kunstnaren) kan
derfor t.d. lage kopier. Du har ikkje rett til kopiering sjølv om du har
originalen på veggen.
www.iktsenteret.no
Kva er eit åndsverk?
• Åndsverk er resultatav skapande innsats – andre innsatsfaktorar som arbeidsinnsats, pengar m.m.
kvalifiserar ikkje til vern.Minimum skapande innsats – verkshøgde er eit nøkkelord (er det for
banalt, er det ikkje åndsverk), samstundes skal ein vere klar over at det elevane lager og lagrar på
skulen sine datamaskiner har dei opphavsretttil. Idear er ikkje verna.Kunnskap og metodar er ikkje
verna.Fakta er ikkje verna (døme kartkoordinatar).Ingen kvalitetskrav. Ikkje noko nyheitskrav.
Verner konkretutforming og ikkje ideen i innhaldet -altså sjølve verket(Dan Brownsom forfattar av
Da Vinci-koden vant sakensom tidlegare utgjevarar avbøker med tilsvarande plot hadde anlagtmot
ham fordi rettenmeinte at tidlegare utgåver var å rekne som historiske fakta). Det er ingen krav til
registrering eller andre formaliteter, men bruk av opphavsrettnotisanbefalast, t.d. ”Materialeter
vernetetter åndsverkloven.Utan uttrykkeleg samtykke frå eigar av rettane er eksemplar-framstilling
som utskrift og annenkopiering berre tillate når det er heimla i lov (kopiering til privat bruk, sitat og
liknande.) eller etter avtale med Kopinor.
• Publisering på nett skjer ofte fordi ein synast det er greittå dele (typisk for bl.a. blogg), netteter eit
uregulertområde – ein driv ikkje butikk slik forlag gjer.
• Rekn med at tekst, bileter, musikk m.m. som ein finn på netteter opphavsrettslegverna, med mindre
ein har klare haldepunkt for å fastslå at det ikkje er verna!
• Åndsverklova gjev opphavspersonenrettar, bl.a. ; økonomiske interesser §2 (eineretttil
eksemplarframstilling…..) og ideelle rettar i §3 (namngjeving og ikkje krenkande gjengjeving). § 4,
2.ledd: bruk av verk i nye og sjølvstendige verk – krevjar ikkje klarering eller kompensasjon.
Redigering derimot krevjar kompensasjonog klarering.
www.iktsenteret.no
Kor lenge er verk verna?
• I Bernkonvensjonen av 1886 vart bruk av opphavsrett avgrensa til forfattaren si levetid. I Noreg er regelen nå 70 år etter forfattaren sin død. Bernkonvensjonen seier 50 år
etter død, dei fleste land praktiserer 70 år etter død, lobbyverksemd er i gang for å auke til 90 år. EU-domstolen har nettopp utvida vernetid for produksjonar til 70 år etter at
innspeling fant stad – grunna med at ein del artistar ville vere garantert inntekt ut livet med denne utvida fristen i motsetning til den tidlegare vernetida på 50 år
(popartistar som spelar inn i starten av 20-åra som døme). Det er viktig å tenkje på at den som er skapar er den som får inntekt, særleg om det skal sjåast opp mot
stimulering og nyskaping - det er derfor vi bl.a. får diskusjon rundt endring av vernetid.
Nokre unntak frå åndsverkloven:
• Bernkonvensjonens artikkel 9 er interessant:
• (2) Det er styrt av unionslanda si lovgjeving å tillate reproduksjon av dei nemnte verk i somme spesielle tilfelle, grunnlaget for ei slik reproduksjon, er at den ikkje skader
den normale utnyttinga av verket og ikkje på urimeleg måte tilsidesette opphavsmannen si legitime interesser.
• Dette utløysar ein slags trestegstest:
• 1. spesielt tilfelle
• 2. slik reproduksjon ikkje skader den normale utnyttinga av verket
• 3. ikkje på urimelig måte tilsidesette opphavsmannens legitime interesser.
• Offentlige dokumenter er ikkje verna. Sitatrett; det er lov å sitere frå eit offentleggjort verk i samsvar med god skikk (atein namngjev kor det er henta frå og siterast korrekt
og i rett kontekst). Gjengjeving av kunstverk kan gjengjevast i tilslutning til tekst. Faksimile ved omtale av dagshending. Opphavsmann har krav på vederlag, med mindre
det gjelder dagshending knytt til det verket som blir gjengjeve (døme. Oppslag om Munch’s “Skrik” stjålet (i dag) – her kan ein bruke bilete av “Skrik” utan vederlag,
motsetning “Mye skrik og skrål på Tøyen” og så illustrere oppslaget med same bilete – krevjar kompensasjon).
• Internett er ikkje skildra i lov om åndsverk!! Låneregel ÅVL § 36: Avtalelisens (t.d. Tono, Kopinor). Brot av opphavsrett ÅVL § 39 – spesialitetsprinsippet § 39a (viser til
Høyesteretts-dom i Kokkin-saken). ÅVL §39b endring og vidare brot (t.d. ikkje lov å brenne kunstverk utan godkjenning frå opphavsmann – når Fornebu skulle rivast blei
det erstatning til kunstnar for øydelegginga av freskar). Vernetid §43 Sui generis[16] : ikkje åndsverk, men med rettar fordi det bl.a. har kravd mykje arbeid, t.d.
(telefon)katalogar og databasar.
• Skulen har noko utvida rettar til bruk i undervisningssamanheng gjennom Kopinoravtalen.(Heimel for desse avtalane finn du i åndsverkloven (§ 13 b) – Avtalelisens for
bruk av verk i undervisningsvirksemd).

More Related Content

Viewers also liked (12)

Creative commons 7.kl_nn
Creative commons 7.kl_nnCreative commons 7.kl_nn
Creative commons 7.kl_nn
 
Lærarressurs epost nn
Lærarressurs epost nnLærarressurs epost nn
Lærarressurs epost nn
 
10.kl. sitere referere_og_kjeldeliste_nn
10.kl. sitere referere_og_kjeldeliste_nn10.kl. sitere referere_og_kjeldeliste_nn
10.kl. sitere referere_og_kjeldeliste_nn
 
Tone 7.kl_nn
Tone 7.kl_nnTone 7.kl_nn
Tone 7.kl_nn
 
Ekte eller falsk 7.kl_nn
Ekte eller falsk 7.kl_nnEkte eller falsk 7.kl_nn
Ekte eller falsk 7.kl_nn
 
10.kl. tone nn
10.kl. tone nn10.kl. tone nn
10.kl. tone nn
 
Om argumentasjon 7. trinn norsk sammensatt
Om argumentasjon 7. trinn norsk sammensattOm argumentasjon 7. trinn norsk sammensatt
Om argumentasjon 7. trinn norsk sammensatt
 
Debatt norsk 7. trinn sammensatt tekst
Debatt norsk 7. trinn sammensatt tekstDebatt norsk 7. trinn sammensatt tekst
Debatt norsk 7. trinn sammensatt tekst
 
Presentere seg på nett
Presentere seg på nettPresentere seg på nett
Presentere seg på nett
 
På oppdagelsesreise etter den manglende informasjonen 7 trinn
På oppdagelsesreise etter den manglende informasjonen 7 trinnPå oppdagelsesreise etter den manglende informasjonen 7 trinn
På oppdagelsesreise etter den manglende informasjonen 7 trinn
 
Sitering referering og kildeliste
Sitering referering og kildelisteSitering referering og kildeliste
Sitering referering og kildeliste
 
Tone
ToneTone
Tone
 

More from iktplan

Kahoot kommunikasjon (survey)
Kahoot kommunikasjon (survey)Kahoot kommunikasjon (survey)
Kahoot kommunikasjon (survey)
iktplan
 

More from iktplan (20)

Planleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraft
Planleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraftPlanleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraft
Planleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraft
 
Omvendt undervisning - DVM
Omvendt undervisning - DVMOmvendt undervisning - DVM
Omvendt undervisning - DVM
 
Veiledning til kahoot digital dømmekraft
Veiledning til kahoot   digital dømmekraftVeiledning til kahoot   digital dømmekraft
Veiledning til kahoot digital dømmekraft
 
Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1
Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1
Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1
 
Handlingsplan for arbeidet med digital dømmekraft
Handlingsplan for arbeidet med digital dømmekraftHandlingsplan for arbeidet med digital dømmekraft
Handlingsplan for arbeidet med digital dømmekraft
 
Veiledning til kahoot om omvendt undervisning
Veiledning til kahoot om omvendt undervisningVeiledning til kahoot om omvendt undervisning
Veiledning til kahoot om omvendt undervisning
 
Sokefelt og sokemotorer
Sokefelt og sokemotorerSokefelt og sokemotorer
Sokefelt og sokemotorer
 
Kahoot sosiale medier
Kahoot sosiale medierKahoot sosiale medier
Kahoot sosiale medier
 
Kahoot kommunikasjon (survey)
Kahoot kommunikasjon (survey)Kahoot kommunikasjon (survey)
Kahoot kommunikasjon (survey)
 
Bruk av resultatene fra kartleggingen i kahoot
Bruk av resultatene fra kartleggingen i kahootBruk av resultatene fra kartleggingen i kahoot
Bruk av resultatene fra kartleggingen i kahoot
 
Samarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdel
Samarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdelSamarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdel
Samarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdel
 
Digital dømmekraft - IKT-plan
Digital dømmekraft - IKT-planDigital dømmekraft - IKT-plan
Digital dømmekraft - IKT-plan
 
Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)
Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)
Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)
 
Kahoot søkeferdigheter (survey)
Kahoot søkeferdigheter (survey)Kahoot søkeferdigheter (survey)
Kahoot søkeferdigheter (survey)
 
Blogg norsk 10
Blogg norsk 10Blogg norsk 10
Blogg norsk 10
 
For og ettertest_tone_7_trinn
For og ettertest_tone_7_trinnFor og ettertest_tone_7_trinn
For og ettertest_tone_7_trinn
 
For og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nn
For og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nnFor og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nn
For og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nn
 
For og ettertest_malrettet_sok_7_trinn_nn
For og ettertest_malrettet_sok_7_trinn_nnFor og ettertest_malrettet_sok_7_trinn_nn
For og ettertest_malrettet_sok_7_trinn_nn
 
Pa oppdagsferd 7.kl_nn
Pa oppdagsferd 7.kl_nnPa oppdagsferd 7.kl_nn
Pa oppdagsferd 7.kl_nn
 
For og ettertest_samarbeidsverktoy_og_presentasjon_7_trinn_nn
For og ettertest_samarbeidsverktoy_og_presentasjon_7_trinn_nnFor og ettertest_samarbeidsverktoy_og_presentasjon_7_trinn_nn
For og ettertest_samarbeidsverktoy_og_presentasjon_7_trinn_nn
 

Lisensar opphavsrett 7.kl_nn

  • 1. www.iktsenteret.no ​Opphavsrett 7. steg - Produsere og redigere Lisensar, opphavsrett og åndsverk
  • 2. www.iktsenteret.no Kva er Creative Commons? • Creative Commons (CC) handlar om opphavsrett og korleis ein kan merke sine verk slik at andre veit om dei kan nytte, endre, kopiere verket osb. - og opphavsrett erein menneskerett: FN menneskerettserklæring art 27.2 “Alle har rett til vern av dei åndelege og materielle interesser som ereit resultat av eit alle vitskapeleg, litterært eller kunstnarisk verk som han har skapt”. • Det finnes mange ulike typar lisensarfor fri kultur. CC er ein internasjonal organisasjon som vart starta i USA i 2001 med mål å fremje delingskultur derein lett kan finne fram til kvarandre og til kvarandre sine verk. Hovudkontor er nå i Berlin. CC har vedlikehald av internasjonal referanselisens (unported) som tilpassast lokal lovgiving. CC er eit frivillig lisenssystem som ertilrettelagt og tilpassa ulike jurisdiksjonars lokale språk og rettspraksis – og tilbyr lisensar som gjer det muleg for forfattarar og komponistar å tilby heile eller deler av verka sine gratis til ikkje-kommersiell bruk og samtidig behalde andre delerav verket som vanleg. • Elevar i dag stårmidt oppe i spørsmål med opphavsrett og deling gjennom t.d. sakene som harvert med ulovleg fildeling (Pirate Bay, Napster osb. – sjå t.d. denne artikkelen om Frankrikes strenge straff for ulovleg nedlasting). Deihar og ein tendens til ikkje å ha eit klart forhold til kva ein kan og ikkje kan bruke på nett - og dette er ferdigheiter deimest sannsynleg er nøydt til å lære i skolen (det er mange foreldre som ikkje har eit medvite forhold til slik bruk heller). Det er derfor viktig at læraren har eit medvite og klart forhold til kva ein kan bruke og når - sjølv i interne skuleprosjekt, erfaringa elevane tar med seg frå skulen brukar deiog i fritid. • Lisensar: • Det er 6 lisensar, ut frå eit utgangspunkt på fire symbol Namngje (BY), ikkje-kommersiell (NC), ingen redigering (ND), del på same vilkår (SA). Gnu Free documentation – nyttast primært i Wikipedia-miljøet, er ca. det same som CC BY-SA. • Korleis skaffar ein seg ein lisens? • Det er enkelt å skaffe seg ein lisens, og det er kostnadsfritt. Ein går inn på sida til Creative Commons (lisensvelger) og vel deialternativane som er aktuelt for deg/ditt verk t.d. om andre skal ha lov til å bruke verket, endre det osb. Etterpå trykkar du vel lisens-knappen - og så kjem det opp ei ny side (sjå biletet til venstre) kor du kan få ein html-kode som du kan bruke på eigen nettstad (du vel sjølv storleiken og utsjånaden). Koden kopierer du enkelt ved å merke heile teksten, høgreklikke og velje kopier (alternativt markere teksten og trykke Ctrl+C) - deretter går du til din heimeside, blogg el likn. og høgreklikkar derdu skal lime inn (i editoren), høgreklikkar og vel lim inn (alternativt trykke Ctrl + V). Nå har du fått gjeve verket ditt rettigheiter - og gjeve alle andre klar beskjed om korleis deiskal halde seg til det. Det erikkje naudsynt å gå inn på CC og få koden for at verket skal ha ein lisens, du kan rett og slett berre skrive i tekst at dette verket har følgande lisens + den lisensen du meinerer aktuelt, t.d. CC BY-SA (Creative Commonslisens; namngje, delast på same vilkår).
  • 3. www.iktsenteret.no Kvifor har vi opphavsrett? • Bernkonvensjonen artikkel 6: (1) Uavhengig av opphavsmannen sine økonomiske rettar, og sjølv etter overføring av desse, beheld opphavsmannen retten til å vere opphavsmann til verket, og til å motsette seg all forvansking, tilpassing eller anna endring av verket og krenking av det, som kan skade æra eller omdøme hans. • US Constitution av 1790 artikkel 1, seksjon 8 har denne grunngjevnaden for immaterialrett, dvs. opphavsrett og patenter: To promote the Progress of Science and useful Arts, by securing for limited Times to Authors and Inventors the exclusive Right to their respective Writings and Discoveries; • Her er det altså samfunnet sin nytte som står i fokus for reglar om opphavsrett (to promote the progress…). Ein må vege mellom opphavsmannen sin interesse og allmennheita si nytte. Omfattande vern gjer at ein t.d. ikkje kan nytte det andre har utviklet. Dette kan vere eit hinder for delingskultur.
  • 4. www.iktsenteret.no Åndsverkloven • Ei kort forklaring på kva åndsverkslova går ut på: • Den som (altså kven er den skapande, opphavsmann) • skapar (at det må skapast) • eit åndsverk (kva som skapast) • har opphavsrett (kva rett han har) • til verket (og kva han har rett over) Sjølv om ein kjøper eit maleri eig ein berre eit eksemplar, det immaterielle tilhøyrar framleis kunstnaren – og han (kunstnaren) kan derfor t.d. lage kopier. Du har ikkje rett til kopiering sjølv om du har originalen på veggen.
  • 5. www.iktsenteret.no Kva er eit åndsverk? • Åndsverk er resultatav skapande innsats – andre innsatsfaktorar som arbeidsinnsats, pengar m.m. kvalifiserar ikkje til vern.Minimum skapande innsats – verkshøgde er eit nøkkelord (er det for banalt, er det ikkje åndsverk), samstundes skal ein vere klar over at det elevane lager og lagrar på skulen sine datamaskiner har dei opphavsretttil. Idear er ikkje verna.Kunnskap og metodar er ikkje verna.Fakta er ikkje verna (døme kartkoordinatar).Ingen kvalitetskrav. Ikkje noko nyheitskrav. Verner konkretutforming og ikkje ideen i innhaldet -altså sjølve verket(Dan Brownsom forfattar av Da Vinci-koden vant sakensom tidlegare utgjevarar avbøker med tilsvarande plot hadde anlagtmot ham fordi rettenmeinte at tidlegare utgåver var å rekne som historiske fakta). Det er ingen krav til registrering eller andre formaliteter, men bruk av opphavsrettnotisanbefalast, t.d. ”Materialeter vernetetter åndsverkloven.Utan uttrykkeleg samtykke frå eigar av rettane er eksemplar-framstilling som utskrift og annenkopiering berre tillate når det er heimla i lov (kopiering til privat bruk, sitat og liknande.) eller etter avtale med Kopinor. • Publisering på nett skjer ofte fordi ein synast det er greittå dele (typisk for bl.a. blogg), netteter eit uregulertområde – ein driv ikkje butikk slik forlag gjer. • Rekn med at tekst, bileter, musikk m.m. som ein finn på netteter opphavsrettslegverna, med mindre ein har klare haldepunkt for å fastslå at det ikkje er verna! • Åndsverklova gjev opphavspersonenrettar, bl.a. ; økonomiske interesser §2 (eineretttil eksemplarframstilling…..) og ideelle rettar i §3 (namngjeving og ikkje krenkande gjengjeving). § 4, 2.ledd: bruk av verk i nye og sjølvstendige verk – krevjar ikkje klarering eller kompensasjon. Redigering derimot krevjar kompensasjonog klarering.
  • 6. www.iktsenteret.no Kor lenge er verk verna? • I Bernkonvensjonen av 1886 vart bruk av opphavsrett avgrensa til forfattaren si levetid. I Noreg er regelen nå 70 år etter forfattaren sin død. Bernkonvensjonen seier 50 år etter død, dei fleste land praktiserer 70 år etter død, lobbyverksemd er i gang for å auke til 90 år. EU-domstolen har nettopp utvida vernetid for produksjonar til 70 år etter at innspeling fant stad – grunna med at ein del artistar ville vere garantert inntekt ut livet med denne utvida fristen i motsetning til den tidlegare vernetida på 50 år (popartistar som spelar inn i starten av 20-åra som døme). Det er viktig å tenkje på at den som er skapar er den som får inntekt, særleg om det skal sjåast opp mot stimulering og nyskaping - det er derfor vi bl.a. får diskusjon rundt endring av vernetid. Nokre unntak frå åndsverkloven: • Bernkonvensjonens artikkel 9 er interessant: • (2) Det er styrt av unionslanda si lovgjeving å tillate reproduksjon av dei nemnte verk i somme spesielle tilfelle, grunnlaget for ei slik reproduksjon, er at den ikkje skader den normale utnyttinga av verket og ikkje på urimeleg måte tilsidesette opphavsmannen si legitime interesser. • Dette utløysar ein slags trestegstest: • 1. spesielt tilfelle • 2. slik reproduksjon ikkje skader den normale utnyttinga av verket • 3. ikkje på urimelig måte tilsidesette opphavsmannens legitime interesser. • Offentlige dokumenter er ikkje verna. Sitatrett; det er lov å sitere frå eit offentleggjort verk i samsvar med god skikk (atein namngjev kor det er henta frå og siterast korrekt og i rett kontekst). Gjengjeving av kunstverk kan gjengjevast i tilslutning til tekst. Faksimile ved omtale av dagshending. Opphavsmann har krav på vederlag, med mindre det gjelder dagshending knytt til det verket som blir gjengjeve (døme. Oppslag om Munch’s “Skrik” stjålet (i dag) – her kan ein bruke bilete av “Skrik” utan vederlag, motsetning “Mye skrik og skrål på Tøyen” og så illustrere oppslaget med same bilete – krevjar kompensasjon). • Internett er ikkje skildra i lov om åndsverk!! Låneregel ÅVL § 36: Avtalelisens (t.d. Tono, Kopinor). Brot av opphavsrett ÅVL § 39 – spesialitetsprinsippet § 39a (viser til Høyesteretts-dom i Kokkin-saken). ÅVL §39b endring og vidare brot (t.d. ikkje lov å brenne kunstverk utan godkjenning frå opphavsmann – når Fornebu skulle rivast blei det erstatning til kunstnar for øydelegginga av freskar). Vernetid §43 Sui generis[16] : ikkje åndsverk, men med rettar fordi det bl.a. har kravd mykje arbeid, t.d. (telefon)katalogar og databasar. • Skulen har noko utvida rettar til bruk i undervisningssamanheng gjennom Kopinoravtalen.(Heimel for desse avtalane finn du i åndsverkloven (§ 13 b) – Avtalelisens for bruk av verk i undervisningsvirksemd).