SlideShare a Scribd company logo
www.iktsenteret.no
​Redaktøransvar 10. steg - Digital dømmekraft
Ver varsam-plakaten
www.iktsenteret.no
Ver varsam-plakaten –
etiske normer for pressa
Den enkelte redaktøren og medarbeidaren har ansvar for å
kjenne pressa sine etiske normer og plikter, og leggje
desse til grunn for verksemda si. Presseetikken gjeld heile
den journalistiske prosessen, frå å samle inn til å
presentere det journalistiske materialet.
​Ord og bilete er mektige våpen. Misbruk dei ikkje!
​Vedteke av NORSK PRESSEFORBUND
​Første gong i 1936, seinare reviderti 1956, 1966, 1975, 1987, 1989, 1990, 1994, 2001, 2005,
2007 og 2013 (gjeldande frå 01.07.2013).
www.iktsenteret.no
Pressa si samfunnsrolle
1.1 Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkefridom er grunnelement i
eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste
institusjonane i demokratiske samfunn.
1.2 Pressa tek i vare viktige oppgåver som informasjon, debatt og
samfunnskritikk. Pressa har eit spesielt ansvar for at ulike syn kjem til
uttrykk.
1.3 Pressa skal verne om ytringsfridomen, trykkefridomen og
offentlegheitsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som
vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til
kjeldene. Avtalar om eksklusiv formidling av arrangement skal ikkje
vere eit hinder for fri nyhendeformidling.
1.4 Det er pressa sin rett å informere om det som skjer i samfunnet og
avdekke kritikkverdige forhold. Det er pressa si plikt å setje eit kritisk
søkelys på korleis media sjølv fyller samfunnsrolla si.
1.5 Det er pressa si oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot
overgrep eller forsøming frå offentlege myndigheiter og institusjonar,
private føretak eller andre.
www.iktsenteret.no
Integritet og ansvar
2.1 Ansvarleg redaktør har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet.
2.2 Den enkelte redaksjonen og den enkelte medarbeidaren må verne om integriteten
sin og truverdet sitt for å kunne opptre fritt og uavhengig overfor personar eller
grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på
det redaksjonelle innhaldet.
2.3 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ha oppdrag eller verv, økonomiske eller
andre bindingar som kan skape interessekonfliktari tilknyting til dei redaksjonelle
oppgåvene dei har. Dei må unngå dobbeltroller som kan svekke truverdet deira. Ver
open om forhold som kan påverke habiliteten til redaksjonelle medarbeidarar.
2.4 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje utnytte stillinga sitil å oppnå private
fordelar.
2.5 Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje påleggjast å gjere noko som strir mot eiga
overtyding.
2.6 Avvis alle forsøk på å bryte ned det klare skiljet mellom reklame og redaksjonelt
innhald. Avvis også reklame som tek sikte på å etterlikne eller utnytte eit
redaksjonelt produkt, og som medverkar til å svekke tilliten til det redaksjonelle
truverdet og det faktum at pressa skal vere uavhengig.
2.7 Gi aldri tilsegn om redaksjonelle motytingar for reklame. Det som vert
offentleggjort, skal vere eit resultat av ei redaksjonell vurdering. Sørg for å halde
oppe det klare skiljet mellom journalistikk og kommersiell kommunikasjon også
ved lenking og andre koplingar.
2.8 God presseskikk kanikkje sameinast med å la sponsing påverke redaksjonell
verksemd, innhald og presentasjon.
2.9 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta imot pålegg om oppdrag frå andre enn den
redaksjonelle leiinga.
www.iktsenteret.no
Journalistisk ansvar og tilhøvet
til kjeldene
3.1 Kjelda for informasjon skal som hovudregel identifiserast, med mindre det kjem i
konflikt med kjeldevernet eller omsynet til tredjeperson.
3.2 Ver kritisk i val av kjelder, og kontroller at opplysningar som vert gitt er rette. Det er
god presseskikk å trå etter breidde og relevans i val av kjelder. Ver spesielt aktsam
ved behandling av informasjon frå anonyme kjelder, informasjon frå kjelder som
tilbyr eksklusivitet, og informasjon som er gitt frå kjelder mot betaling.
3.3 Det er god presseskikk å gjere premissa klare i intervjusituasjonar og elles overfor
kjelder og kontaktar. Avtale om eventuell sitatsjekk bør gjerast før intervjuet, og
det bør gjerast klart kva avtala omfattar og kva for tidsfristar som gjeld.
Redaksjonen sjølv avgjer kva som endeleg vert publisert.
3.4 Vern om pressa sine kjelder. Kjeldevernet er eit grunnleggjande prinsipp i eit fritt
samfunn, og er ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle samfunnsoppgåva si og
sikre tilgangen på vesentleg informasjon.
3.5 Gi ikkje opp namn på kjelde for opplysningar som er gitt i tillit, viss dette ikkje er
uttrykkeleg avtala med vedkomande.
www.iktsenteret.no
Journalistisk ansvar og forholdet til
kjeldene
3.6 Av omsyn til kjeldene og pressasin fridom skal ikkje publisert materiale som hovudregel
ikkje utleverast til utanforståande.
3.7 Pressa har plikt til å gi att meiningsinnhaldet i det som vert brukt av intervjuobjektet sine
uttaler. Direkte sitat skal givast att presist.
3.8 Endring av gitte uttalerbør avgrensast til å korrigere faktiske feil. Ingen utan redaksjonell
mynde kan gripe inn i redigering og presentasjonav redaksjonelt materiale.
3.9 Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særleg omsyn overfor
personar som ikkje kan ventast å vere klar over verknaden av uttaler. Misbruk ikkje andre
sine kjensler, fåkunne eller sviktande dømekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir
sårbare enn andre.
3.10 Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntakstilfelle.
Føresetnaden må vere at dette er einaste moglegheit til å avdekke forhold av vesentleg
samfunnsmessig tyding.
3.11 Pressa skal som hovudregel ikkje betale kjelder og intervjuobjekt for informasjon. Vis
moderasjon ved honorering for nyhetstips. Det er uforenlig med god presseskikk åha
betalingsordningar som er eigna til å freiste menneske til ikkje berettiga å trå innanfor andre
sin privatsfære eller gi frå segpersonsensitiv informasjon.
www.iktsenteret.no
Publiseringsreglar
4.1 Legg vekt på å vere sakleg og ha omtanke i innhald og presentasjon.
4.2 Gjer klartkva som er faktiske opplysningar og kva somer kommentarar.
4.3 Vis respekt for menneska sin eigenart og identitet, privatliv,etnisitet, nasjonalitetog livssyn. Ver varsam
ved bruk av omgrep som kan verke stigmatiserande. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette
ikkje har noko med saka å gjere.
4.4 Sjå til at overskrifter, tilvisingar,ingressar og inn- og utannonseringar ikkjegår lenger enn det er dekning
for i stoffet. Det er god presseskikk å gje opp kjelda når opplysningar er henta frå andre medium.
4.5 Unngå å førehandsdøme i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart atskuldspørsmålet for ein mistenkt,
meld, sikta eller tiltala først er avgjortved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtale ei rettskraftig
avgjerd i saker som har vore omtala tidlegare.
4.6 Ta omsyn til korleis omtale av ulukker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifiser ikkje
omkomne eller sakna personar utan atdei nærmaste pårørandeer varsla. Vis omsyn overfor menneske i
sorg eller ubalanse.
4.7 Ver varsammed bruk av namn og bilete og andre klare identifikasjonsteikn på personar som vert omtala i
samband med klanderverdige eller straffbare forhold. Vis særleg varsemd ved omtale av saker på eit tidleg
stadium i etterforskinga, i saker som gjeld unge lovbrytarar,og der identifiserande omtale kan føre til
urimeleg påkjenning for tredjeperson. Identifisering må grunngivasti eit rettkome informasjonsbehov. Det
kan til dømes vere rettkome å identifisere ved overhengande fare for overgrep mot forsvarslausepersonar,
ved alvorlegeog repeterte kriminellehandlingar,når identiteten eller samfunnsrolla åt den omtala har klar
relevans for dei forholda somvert omtala, eller der identifisering hindrar uskuldige i å bli utsett for
grunnlaus mistanke.
4.8 Når barn vert omtala, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtala kan få for
barnet. Dette gjeld også når føresette har gitt samtykke til eksponering. Barn sin identitet skal som
hovudregel ikkje gjerast kjend i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker.
www.iktsenteret.no
Publiseringsreglar
4.9 Ver varsamved omtale av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Unngå omtalesom ikkje er nødvendig for å
oppfylle allmenneinformasjonsbehov. Unngå å skildremetode eller andreforhold som kan medverke til å
løyse ut fleire sjølvmordshandlingar.
4.10 Ver varsammed å bruke bilete i annan samanheng enn den opphavlege.
4.11 Vern om truverdet åt det journalistiske fotografiet. Bilete som vert brukt som dokumentasjon, må ikkje
endrast slik at dei skaper eit falsktinntrykk. Manipulerte bilete kan berre aksepterast som illustrasjon når det
tydelig kjem fram at det dreier seg om ein montasje.
4.12 For bruk av bilete gjeld dei same krav til aktsemd som for skriftleg og munnleg framstilling.
4.13 Feilaktige opplysningar skal rettastog eventuelt seie seg lei for snarastmogleg.
4.14 Dei som vert utsett for sterke skuldingar,skal så vidt mogleg ha tilgang til samtidig å imøtegå faktiske
opplysningar. Debatt,kritikk og nyhendeformidling må ikkje hindrastved atpartar ikkje er villigetil å uttale
seg eller medverke til debatt.
4.15 Dei som er blittutsett for angrep, skal snarastmogleg få tilgang til svar,med mindre angrep og kritikk inngår
som ledd i ei fast meiningsutveksling. Ha som krav at svaret er av rimeleg omfang, held seg til saka og har ei
anstendig form. Tilsvar kan nektast dersom den aktuelle parten, utan sakleg grunn, har avvisttilbod om
samtidig å imøtegå same spørsmål. Tilsvar og debattinnlegg skal ikkje utstyrast med redaksjonell, polemisk
replikk.
4.16 Ver varsammed å lenke frå digitale utgåver til innhald sombryt med god presseskikk. Sjå til at lenker til
andre medium eller publikasjonar er tydeleg merkt. Det er god presseskikk å informere brukarar av
interaktive tenester om korleis publikasjonen registrerer og eventuelt utnyttar bruken av tenestene.
4.17 Dersom redaksjonen vel å ikkje førehandsredigere digitalemeiningsutvekslingar,må dette gjerast kjent på
ein tydeleg måte for dei som har tilgang til desse. Redaksjonen har eit sjølvstendig ansvar for så snartsom
mogleg å fjerne innlegg som bryt med god presseskikk.

More Related Content

More from iktplan

Planleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraft
Planleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraftPlanleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraft
Planleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraft
iktplan
 
Omvendt undervisning - DVM
Omvendt undervisning - DVMOmvendt undervisning - DVM
Omvendt undervisning - DVM
iktplan
 
Veiledning til kahoot digital dømmekraft
Veiledning til kahoot   digital dømmekraftVeiledning til kahoot   digital dømmekraft
Veiledning til kahoot digital dømmekraft
iktplan
 
Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1
Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1
Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1
iktplan
 
Handlingsplan for arbeidet med digital dømmekraft
Handlingsplan for arbeidet med digital dømmekraftHandlingsplan for arbeidet med digital dømmekraft
Handlingsplan for arbeidet med digital dømmekraft
iktplan
 
Veiledning til kahoot om omvendt undervisning
Veiledning til kahoot om omvendt undervisningVeiledning til kahoot om omvendt undervisning
Veiledning til kahoot om omvendt undervisning
iktplan
 
Sokefelt og sokemotorer
Sokefelt og sokemotorerSokefelt og sokemotorer
Sokefelt og sokemotorer
iktplan
 
Kahoot sosiale medier
Kahoot sosiale medierKahoot sosiale medier
Kahoot sosiale medier
iktplan
 
Kahoot kommunikasjon (survey)
Kahoot kommunikasjon (survey)Kahoot kommunikasjon (survey)
Kahoot kommunikasjon (survey)
iktplan
 
Bruk av resultatene fra kartleggingen i kahoot
Bruk av resultatene fra kartleggingen i kahootBruk av resultatene fra kartleggingen i kahoot
Bruk av resultatene fra kartleggingen i kahoot
iktplan
 
Samarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdel
Samarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdelSamarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdel
Samarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdel
iktplan
 
Digital dømmekraft - IKT-plan
Digital dømmekraft - IKT-planDigital dømmekraft - IKT-plan
Digital dømmekraft - IKT-plan
iktplan
 
Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)
Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)
Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)
iktplan
 
Kahoot søkeferdigheter (survey)
Kahoot søkeferdigheter (survey)Kahoot søkeferdigheter (survey)
Kahoot søkeferdigheter (survey)
iktplan
 
Blogg norsk 10
Blogg norsk 10Blogg norsk 10
Blogg norsk 10
iktplan
 
For og ettertest_tone_7_trinn
For og ettertest_tone_7_trinnFor og ettertest_tone_7_trinn
For og ettertest_tone_7_trinn
iktplan
 
For og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nn
For og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nnFor og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nn
For og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nn
iktplan
 
Lage gode-presentasjonar 7.kl_nn
Lage gode-presentasjonar 7.kl_nnLage gode-presentasjonar 7.kl_nn
Lage gode-presentasjonar 7.kl_nn
iktplan
 
Ulike biletformat og_komprimering 7.kl_nn
Ulike biletformat og_komprimering 7.kl_nnUlike biletformat og_komprimering 7.kl_nn
Ulike biletformat og_komprimering 7.kl_nn
iktplan
 
Opphavsrett multippel choice 7.kl_nn
Opphavsrett multippel choice 7.kl_nnOpphavsrett multippel choice 7.kl_nn
Opphavsrett multippel choice 7.kl_nn
iktplan
 

More from iktplan (20)

Planleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraft
Planleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraftPlanleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraft
Planleggingsdokument for arbeidet_med_digital_dommekraft
 
Omvendt undervisning - DVM
Omvendt undervisning - DVMOmvendt undervisning - DVM
Omvendt undervisning - DVM
 
Veiledning til kahoot digital dømmekraft
Veiledning til kahoot   digital dømmekraftVeiledning til kahoot   digital dømmekraft
Veiledning til kahoot digital dømmekraft
 
Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1
Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1
Dd 9.1 et program for digital d├©mmekraft i skolen v1
 
Handlingsplan for arbeidet med digital dømmekraft
Handlingsplan for arbeidet med digital dømmekraftHandlingsplan for arbeidet med digital dømmekraft
Handlingsplan for arbeidet med digital dømmekraft
 
Veiledning til kahoot om omvendt undervisning
Veiledning til kahoot om omvendt undervisningVeiledning til kahoot om omvendt undervisning
Veiledning til kahoot om omvendt undervisning
 
Sokefelt og sokemotorer
Sokefelt og sokemotorerSokefelt og sokemotorer
Sokefelt og sokemotorer
 
Kahoot sosiale medier
Kahoot sosiale medierKahoot sosiale medier
Kahoot sosiale medier
 
Kahoot kommunikasjon (survey)
Kahoot kommunikasjon (survey)Kahoot kommunikasjon (survey)
Kahoot kommunikasjon (survey)
 
Bruk av resultatene fra kartleggingen i kahoot
Bruk av resultatene fra kartleggingen i kahootBruk av resultatene fra kartleggingen i kahoot
Bruk av resultatene fra kartleggingen i kahoot
 
Samarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdel
Samarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdelSamarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdel
Samarbeidslæring - Til kompetansepakke innholdsdel
 
Digital dømmekraft - IKT-plan
Digital dømmekraft - IKT-planDigital dømmekraft - IKT-plan
Digital dømmekraft - IKT-plan
 
Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)
Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)
Kahoot produksjon og opphavsrett (survey)
 
Kahoot søkeferdigheter (survey)
Kahoot søkeferdigheter (survey)Kahoot søkeferdigheter (survey)
Kahoot søkeferdigheter (survey)
 
Blogg norsk 10
Blogg norsk 10Blogg norsk 10
Blogg norsk 10
 
For og ettertest_tone_7_trinn
For og ettertest_tone_7_trinnFor og ettertest_tone_7_trinn
For og ettertest_tone_7_trinn
 
For og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nn
For og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nnFor og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nn
For og ettertest_sammensatt_tekst_med_lenket_innhold_7_trinn_nn
 
Lage gode-presentasjonar 7.kl_nn
Lage gode-presentasjonar 7.kl_nnLage gode-presentasjonar 7.kl_nn
Lage gode-presentasjonar 7.kl_nn
 
Ulike biletformat og_komprimering 7.kl_nn
Ulike biletformat og_komprimering 7.kl_nnUlike biletformat og_komprimering 7.kl_nn
Ulike biletformat og_komprimering 7.kl_nn
 
Opphavsrett multippel choice 7.kl_nn
Opphavsrett multippel choice 7.kl_nnOpphavsrett multippel choice 7.kl_nn
Opphavsrett multippel choice 7.kl_nn
 

10.kl. ver varsomplakaten_nn

  • 1. www.iktsenteret.no ​Redaktøransvar 10. steg - Digital dømmekraft Ver varsam-plakaten
  • 2. www.iktsenteret.no Ver varsam-plakaten – etiske normer for pressa Den enkelte redaktøren og medarbeidaren har ansvar for å kjenne pressa sine etiske normer og plikter, og leggje desse til grunn for verksemda si. Presseetikken gjeld heile den journalistiske prosessen, frå å samle inn til å presentere det journalistiske materialet. ​Ord og bilete er mektige våpen. Misbruk dei ikkje! ​Vedteke av NORSK PRESSEFORBUND ​Første gong i 1936, seinare reviderti 1956, 1966, 1975, 1987, 1989, 1990, 1994, 2001, 2005, 2007 og 2013 (gjeldande frå 01.07.2013).
  • 3. www.iktsenteret.no Pressa si samfunnsrolle 1.1 Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn. 1.2 Pressa tek i vare viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit spesielt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk. 1.3 Pressa skal verne om ytringsfridomen, trykkefridomen og offentlegheitsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene. Avtalar om eksklusiv formidling av arrangement skal ikkje vere eit hinder for fri nyhendeformidling. 1.4 Det er pressa sin rett å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold. Det er pressa si plikt å setje eit kritisk søkelys på korleis media sjølv fyller samfunnsrolla si. 1.5 Det er pressa si oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsøming frå offentlege myndigheiter og institusjonar, private føretak eller andre.
  • 4. www.iktsenteret.no Integritet og ansvar 2.1 Ansvarleg redaktør har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet. 2.2 Den enkelte redaksjonen og den enkelte medarbeidaren må verne om integriteten sin og truverdet sitt for å kunne opptre fritt og uavhengig overfor personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på det redaksjonelle innhaldet. 2.3 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ha oppdrag eller verv, økonomiske eller andre bindingar som kan skape interessekonfliktari tilknyting til dei redaksjonelle oppgåvene dei har. Dei må unngå dobbeltroller som kan svekke truverdet deira. Ver open om forhold som kan påverke habiliteten til redaksjonelle medarbeidarar. 2.4 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje utnytte stillinga sitil å oppnå private fordelar. 2.5 Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje påleggjast å gjere noko som strir mot eiga overtyding. 2.6 Avvis alle forsøk på å bryte ned det klare skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald. Avvis også reklame som tek sikte på å etterlikne eller utnytte eit redaksjonelt produkt, og som medverkar til å svekke tilliten til det redaksjonelle truverdet og det faktum at pressa skal vere uavhengig. 2.7 Gi aldri tilsegn om redaksjonelle motytingar for reklame. Det som vert offentleggjort, skal vere eit resultat av ei redaksjonell vurdering. Sørg for å halde oppe det klare skiljet mellom journalistikk og kommersiell kommunikasjon også ved lenking og andre koplingar. 2.8 God presseskikk kanikkje sameinast med å la sponsing påverke redaksjonell verksemd, innhald og presentasjon. 2.9 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta imot pålegg om oppdrag frå andre enn den redaksjonelle leiinga.
  • 5. www.iktsenteret.no Journalistisk ansvar og tilhøvet til kjeldene 3.1 Kjelda for informasjon skal som hovudregel identifiserast, med mindre det kjem i konflikt med kjeldevernet eller omsynet til tredjeperson. 3.2 Ver kritisk i val av kjelder, og kontroller at opplysningar som vert gitt er rette. Det er god presseskikk å trå etter breidde og relevans i val av kjelder. Ver spesielt aktsam ved behandling av informasjon frå anonyme kjelder, informasjon frå kjelder som tilbyr eksklusivitet, og informasjon som er gitt frå kjelder mot betaling. 3.3 Det er god presseskikk å gjere premissa klare i intervjusituasjonar og elles overfor kjelder og kontaktar. Avtale om eventuell sitatsjekk bør gjerast før intervjuet, og det bør gjerast klart kva avtala omfattar og kva for tidsfristar som gjeld. Redaksjonen sjølv avgjer kva som endeleg vert publisert. 3.4 Vern om pressa sine kjelder. Kjeldevernet er eit grunnleggjande prinsipp i eit fritt samfunn, og er ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle samfunnsoppgåva si og sikre tilgangen på vesentleg informasjon. 3.5 Gi ikkje opp namn på kjelde for opplysningar som er gitt i tillit, viss dette ikkje er uttrykkeleg avtala med vedkomande.
  • 6. www.iktsenteret.no Journalistisk ansvar og forholdet til kjeldene 3.6 Av omsyn til kjeldene og pressasin fridom skal ikkje publisert materiale som hovudregel ikkje utleverast til utanforståande. 3.7 Pressa har plikt til å gi att meiningsinnhaldet i det som vert brukt av intervjuobjektet sine uttaler. Direkte sitat skal givast att presist. 3.8 Endring av gitte uttalerbør avgrensast til å korrigere faktiske feil. Ingen utan redaksjonell mynde kan gripe inn i redigering og presentasjonav redaksjonelt materiale. 3.9 Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særleg omsyn overfor personar som ikkje kan ventast å vere klar over verknaden av uttaler. Misbruk ikkje andre sine kjensler, fåkunne eller sviktande dømekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre. 3.10 Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntakstilfelle. Føresetnaden må vere at dette er einaste moglegheit til å avdekke forhold av vesentleg samfunnsmessig tyding. 3.11 Pressa skal som hovudregel ikkje betale kjelder og intervjuobjekt for informasjon. Vis moderasjon ved honorering for nyhetstips. Det er uforenlig med god presseskikk åha betalingsordningar som er eigna til å freiste menneske til ikkje berettiga å trå innanfor andre sin privatsfære eller gi frå segpersonsensitiv informasjon.
  • 7. www.iktsenteret.no Publiseringsreglar 4.1 Legg vekt på å vere sakleg og ha omtanke i innhald og presentasjon. 4.2 Gjer klartkva som er faktiske opplysningar og kva somer kommentarar. 4.3 Vis respekt for menneska sin eigenart og identitet, privatliv,etnisitet, nasjonalitetog livssyn. Ver varsam ved bruk av omgrep som kan verke stigmatiserande. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette ikkje har noko med saka å gjere. 4.4 Sjå til at overskrifter, tilvisingar,ingressar og inn- og utannonseringar ikkjegår lenger enn det er dekning for i stoffet. Det er god presseskikk å gje opp kjelda når opplysningar er henta frå andre medium. 4.5 Unngå å førehandsdøme i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart atskuldspørsmålet for ein mistenkt, meld, sikta eller tiltala først er avgjortved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtale ei rettskraftig avgjerd i saker som har vore omtala tidlegare. 4.6 Ta omsyn til korleis omtale av ulukker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifiser ikkje omkomne eller sakna personar utan atdei nærmaste pårørandeer varsla. Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse. 4.7 Ver varsammed bruk av namn og bilete og andre klare identifikasjonsteikn på personar som vert omtala i samband med klanderverdige eller straffbare forhold. Vis særleg varsemd ved omtale av saker på eit tidleg stadium i etterforskinga, i saker som gjeld unge lovbrytarar,og der identifiserande omtale kan føre til urimeleg påkjenning for tredjeperson. Identifisering må grunngivasti eit rettkome informasjonsbehov. Det kan til dømes vere rettkome å identifisere ved overhengande fare for overgrep mot forsvarslausepersonar, ved alvorlegeog repeterte kriminellehandlingar,når identiteten eller samfunnsrolla åt den omtala har klar relevans for dei forholda somvert omtala, eller der identifisering hindrar uskuldige i å bli utsett for grunnlaus mistanke. 4.8 Når barn vert omtala, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtala kan få for barnet. Dette gjeld også når føresette har gitt samtykke til eksponering. Barn sin identitet skal som hovudregel ikkje gjerast kjend i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker.
  • 8. www.iktsenteret.no Publiseringsreglar 4.9 Ver varsamved omtale av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Unngå omtalesom ikkje er nødvendig for å oppfylle allmenneinformasjonsbehov. Unngå å skildremetode eller andreforhold som kan medverke til å løyse ut fleire sjølvmordshandlingar. 4.10 Ver varsammed å bruke bilete i annan samanheng enn den opphavlege. 4.11 Vern om truverdet åt det journalistiske fotografiet. Bilete som vert brukt som dokumentasjon, må ikkje endrast slik at dei skaper eit falsktinntrykk. Manipulerte bilete kan berre aksepterast som illustrasjon når det tydelig kjem fram at det dreier seg om ein montasje. 4.12 For bruk av bilete gjeld dei same krav til aktsemd som for skriftleg og munnleg framstilling. 4.13 Feilaktige opplysningar skal rettastog eventuelt seie seg lei for snarastmogleg. 4.14 Dei som vert utsett for sterke skuldingar,skal så vidt mogleg ha tilgang til samtidig å imøtegå faktiske opplysningar. Debatt,kritikk og nyhendeformidling må ikkje hindrastved atpartar ikkje er villigetil å uttale seg eller medverke til debatt. 4.15 Dei som er blittutsett for angrep, skal snarastmogleg få tilgang til svar,med mindre angrep og kritikk inngår som ledd i ei fast meiningsutveksling. Ha som krav at svaret er av rimeleg omfang, held seg til saka og har ei anstendig form. Tilsvar kan nektast dersom den aktuelle parten, utan sakleg grunn, har avvisttilbod om samtidig å imøtegå same spørsmål. Tilsvar og debattinnlegg skal ikkje utstyrast med redaksjonell, polemisk replikk. 4.16 Ver varsammed å lenke frå digitale utgåver til innhald sombryt med god presseskikk. Sjå til at lenker til andre medium eller publikasjonar er tydeleg merkt. Det er god presseskikk å informere brukarar av interaktive tenester om korleis publikasjonen registrerer og eventuelt utnyttar bruken av tenestene. 4.17 Dersom redaksjonen vel å ikkje førehandsredigere digitalemeiningsutvekslingar,må dette gjerast kjent på ein tydeleg måte for dei som har tilgang til desse. Redaksjonen har eit sjølvstendig ansvar for så snartsom mogleg å fjerne innlegg som bryt med god presseskikk.