4. Alltid lurt å lage ein plan før du
begynner å skrive!
Skriv stikkord om dette:
Kva handlar saka om?
Kva ulike sider ved saka ser du?
Kva for refleksjonar gjer du deg?
Korleis vurderer du saka og dei ulike momenta?
Svarer du på alle elementa i oppgåveteksten?
5. Kva ber oppgåveteksten deg om å gjere?
Drøfte?
Samanlikne?
Greie ut?
Vurdere?
Ta stilling til?
6. Innleiinga
Start innleiinga på ein måte som fangar interessa til lesaren.
Traurige og keisame introduksjonar drep lesegleda! Skildring,
sitat, faktaopplysning, situasjonsbeskriving, etc. kan vere
gode startarar.
Presenter saka kort og klart slik at lesaren får vite kva teksten
din handlar om. Dersom du treng å avgrense emnet gjer du
det her.
7. Hovuddelen
Eitt moment per avsnitt.
Kvart avsnitt skal ha ei god emnesetning.
Sjekk før innlevering: Les innleiing, emnesetningar og
avslutning - desse skal utgjere kortversjon av teksten
din.
Organiser avsnitta slik at teksten blir lett å følgje for
lesaren.
8. Avslutninga
Ein resonnerande tekst bør ha ein konklusjon.
Det ligg litt i teksttypen at skrivaren skal ta
standpunkt. Ein konklusjon treng ikkje å vere
eintydig.
Unngå å repetere alle argumenta frå hovuddelen i
avslutninga. Bruk nye ord og vendingar når du
oppsummerer og konkluderer.
9. No er tida komen for å lage overskrift
- for no veit du korleis teksten din vart
10. Klargjer teksten for innlevering
Korrekturles
Vurder strukturen i teksten
Siterer du på rett måte?
Heng teksten godt samen? Brukar du tekstbindarar?
Har du kjeldeliste? Er kjeldelista di oversiktleg og
alfabetisk?
11. Sitat i teksten
Når du siterer brukar du
hermeteikn. (Ikkje kursiv)
«Mr and Mrs Dursley, of
number four, Privet
Drive, were proud to say
that they were perfectly
normal, thank you very
much.»
12. Kjeldeliste? Ja, viss du har brukt kjelder
For eksempel på denne måten:
Bøker
Andresen, Ø. (m.fl.) (2014) Signatur 3, studiebok, Bergen: Fagbokforlaget
Artiklar/tekstar med ukjent forfattar og dato/årstal
«Unnasluntring» i Nynorskordboka. Henta frå http://www.nob-
ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=unnasluntring&ant_bokmaal=5&ant_nynor
sk=5&begge=+&ordbok=bokmaal, lese 19.10.2015
Artiklar med kjent forfattar og dato/årstal
Røren, I. og Lillebø, J.M. (17.10.2015). «Zahras himmelsprang» i Bergens Tidende.
Henta frå http://www.bt.no/btmagasinet/Hovedsaken/Zahras-himmelsprang-
3457632.html,lese 19.10.2015
13. Tekstbindarar - hugs å variere
Tillegg: og, vidare, forresten, dessutan, for eksempel
Kontrast: men, sjølv om, endå, derimot, trass i, likevel, i staden for,
tvert imot
Tid: då, når, mens, medan, innan, før, etter, så, deretter, samstundes,
på den tid
Resultat, samanheng: for, fordi, så, då, derfor, slik at, viss, dersom,
altså, dermed, slik, på grunn av, årsaka til
Oppreknande: for det første, for det andre, det viktigaste er at, med
andre ord