SlideShare a Scribd company logo
1 of 3
Øykam

PROTOKOLL GENERALFORSAMLING


Sak 00/2009/økå: Opning.

Øykam sitt årsmøte for sesongen 2008/2009 vart tradisjon tro helde i tidlegare leiar Ove sine lokalar i
Navarsetevegen i Sogndal, med utearealet som eit utgangspunkt. Som førebuing til den harde møteverksemda
seinare på kvelden var det servert grillmat av ymse slag til dei frammøtte, i regi av grillmeistar Moldestad og ein
for ein gongs skuld fungerande gassgrill, servert i lag med velkomstdrikk laga av avtroppande leiar.

Ein merknad til opninga var den varierande kleskoden på dei frammøtte, som sto i stil til arrangøren sin
varierande informasjon om dette på førehand.

Sak 01/2009/økå: Oppteljing av frammøtte, godkjenning av innkalling og val av møteleiar og protokollførar.

Etter ei opning i friskluft fram til sola forsvann, bestemde forsamlinga seg for å flytte møtet inn i huset for å
unngå å uroa nabolaget med den høgrøysta argumentasjonen som unekteleg ville kome.

Oppteljing av frammøtte vart gjort ved ei utdeling av konjakkglas, og innandørsdelen av årsmøtet starta med ei
stille bekrefting av alle som var der om at dei var komne.

Avtroppande leiar tok på seg oppdraget med å vere møteleiar og fjorårets protokollførar vart gjenvalt utan dei
største protestane frå dei frammøtte.

Sak 02/2009/økå: Gjennomgang av generalforsamlingsprotokoll frå 2008.

Protokoll frå generalforsamlinga i 2008 vart godkjend med nokre merknadar:
    - Ingen av planane frå fjoråret om turneringar eller turar vart gjort noko meir med, anna enn ei kort
         vurdering av turen til Gol eller Geilo en gang i løpet av sommaren/hausten/vinteren.
    - Framlegget av oppdeling av sesongen vart bestemt videreført i et einstemmig vedtak

Sak 03/2009/økå: Rekneskapen for 2008.

Kasserar glimra med sitt fråvær, og det vart difor opp til avtroppande leiar å summere rekneskapsåret, noko
forsamlinga dessutan godtok.

Rekneskapen visar ein pluss, på tross av vanskelege økonomiske tider, og det vart føreslege frå forsamlinga å
innvilge ei tidobling av løna til leiinga som motivasjon til neste sesong, men noko endelig avgjersle vart ikkje
klubba igjennom. Nokon ymta frampå at ein burde tipse Sogn Avis om at ein har ein klubb i Sogndal som faktisk
klarar å gå med overskot, så påtroppande leiar vil i så fall bli den ansvarlege for å uttale seg til avisa om dette
tipset går igjennom.

Elles vart det òg opplyst om at innkjøp av ny treningsbag med diverse lausøyre ikkje vart trukke frå lagkontoen,
slik at kostnadane til dette vart helde utanfor rekneskapen.

Det vart gjort framlegg om ei rekneskapsmessig avsetjing til kransar og blomar til dei pårørande til eventuelle
nedskotne fjellklatrarar, men ein avgjersle om dugnadsarbeid om så måtte skje gjorde at ei slik avsetjing vart
funne unødvendig.

Planen frå fjoråret rundt bruken av midla i fondet vart vidareførd utan diskusjonar, og ein er nøgde med resultata
av den oppdelte pengeinnkrevinga. I samband med eit ytra ønske om å stogge blindpassasjerar vart det bestemt
at ein skulle utstyre treningsbagen med giroar for betaling av treningsavgift, til skrekk og åtvaring for ikkje-
betalande spelarar.
Sak 04/2009/økå: Val av leiar.

Då var den innleiande orienteringa ferdig, og generalforsamlinga var klare for å utøve litt demokrati i val av ny
leiar.

Som tradisjonen seier er kandidatane valt frå gruppa av aktive spelarar som ikkje er til stades på
generalforsamlinga. På grunn av noko e-post-korrespondanse i forkant av møtet vart ein av dei fråverande
kandidatane raskt peikt ut som favoritt. Det var spesielt ein lovnad om auka taklingsinnsats frå kandidaten som
ga valnemnda (forsamlinga i heilheit) ekstra motivasjon til å gje stemmane til denne kandidaten.

Det som talte i mot valet av denne kandidaten, var at nokre treningar i løpet av hausten ville krasje med
jaktperioden, men valnemnda var overtydde om at den ikkje akkurat skotredde kandidaten ville gå tom for
ammunisjon tidleg i jakta.

Valmetoden var ei anonym handsheving for og imot kandidaten, og her vart kandidaten einstemmig valt (med
ubekrefta rapportar om ei blank stemme). Den nye leiaren i Øykam, med første arbeidsdag dagen etter årsmøtet,
vart Nils Joachim Knagenhjelm. Den nye leiaren vart med ein gong gjort oppmerksam på valutfallet med
gratulasjonsmeldingar sendt frå samtlege av dei frammøtte.

Sak 05/2009/økå: Vurdering av 2008/2009-sesongen

I evalueringa av førre sesong var alle einige i at det hadde vore ein stor sesong i Øykam-auge og eit framspel frå
avtroppande leiar om at dette skuldas framifrå leiarskap vart møtt med applaus frå samtlege i rommet.

Oppsummert var deltakinga i Kjempenes Liga eit klart høgdepunkt. Tross ei klart partisk døming imot Øykam i
samtlege kampar, klarte ein å karre seg til ein fortent siger mot Lerum BIL og berre nokre sjokkerande
dommerfeil i siste kamp gjorde at laget ikkje kom til sluttspelet på turneringa sin dag 2. Nokre i forsamlinga
nemnde at dette var like bra sidan ein ikkje hadde kunne stilt lag på laurdag uansett, men det gjer ikkje kjensla av
vekkdøming noko mildare.

Generelle kommentarar frå sesongen som var, var at ein haldt eit godt og fairspelt nivå. Lite stygge taklingar og
ingen krangling av noko slag var årsmøtet einige om at var klart positive erfaringar frå sesongen. Tom etterlyste
meir kjeftbruk i laget neste sesong, då han følte at kjeftbruken hans vart noko einsidig. Møtet vart einige i å
kjefte meir på Tom.

For kvar sesong bør ein ha eit høgdepunkt, ei kåring av sesongen sin største enkeltprestasjon. For denne
sesongen vart det Weinbach i eit noko einsidig val som fekk æra av å ha hatt sesongen sin største
enkeltprestasjon med sin hæl-løft, tidlegare feilaktig stempla som ein Rai-flikk. Etter ein heftig og lang diskusjon
om emnet kom ein til at dette ikkje var en Rai, men då ein ikkje veit kva trikset heiter, fekk Weinbach æra av å
gi namnet til flikken og den er frå no av kalt ein Rai-rai til det faktiske namnet er klart. Rykta gjekk på årsmøtet
om at Weinbach ville ta ein Rai-rai frå rundkøyring til rundkøyring på veg til pubben, men dette avkrefta han på
vegen ved å seie at dette trikset var noko han berre klarte å gjere ein gong i året. Vi får håpe at trikset ikkje kjem
i løpet av neste sesong slik at vi får sjå det mellom rundkøyringane på neste årsmøte.

Sak 06/2009/økå: Neste sesong

Rekruttering:

Ein har gjort nokre framstøyt mot aktuelle spelarar for neste sesong. Ein av desse er noverande stjernespelar for
Fjøra, Ronny Einan, som vurderar å ta steget opp på Øykam-nivå når inneverande sesong avsluttas. Det vart òg
lagt planar om nokre uoffisielle telefonar til tidlegare stjerner på laget for å få dei tilbake. På grunn av den
finansielle krisa har ein ikkje avsett pengar til rekrutteringa, så kvar og ein av spelarane på laget lyt sjølve ta eit
ansvar og spørje aktuelle spelarar utan lovnadar om sign on-bonusar av noko slag. Eit satsingsområde er spelarar
som hevar nivået på treningane, for som ein i forsamlinga sa: ”Vi treng ikkje spelarar med hardare mottak enn
skot. Det har vi mange nok av allereie”.
Treningstid og stad:
For neste sesong vart ein einige i å fortsette noverande treningstider då dei passar best for spelarane med små
born og leggjetider, og treningsstaden vil bli i storhallen. Første treningsdag i den nye sesongen blir 31. august,
til vanleg tid og på den vanlege staden.

Alle er einige i at trening om sommaren er noko laget bør satse på for å stille sterkare før neste sesong.
Moldestad gjekk foran her og sa han skulle snakke med Fjøra om å låne deira treningsbane ein dag i veka, og om
ikkje det går, vart det framlagd fleire alternative treningsstadar, med Nestangen og Kvåle som dei mest klare
alternativa. Vidare avtalar og drøftingar vil takas på maillista.

Turneringar/turar:
Førre årsmøte vart Øyvind den utvalde til å hente inn aktuelle turneringar og jobbe med å skaffe
treningsmotstandarar i oppkøyringa til sesongen. Ein høyrde elles lite frå denne planen etter årsmøtet, og av den
grunn vart Øyvind gjenvald som turneringskoordinator for neste sesong, då ein har stor tro på at førebuinga han
gjorde sist vil gjere årets jobb mykje lettare. Ingen konkrete alternativ vart diskutert på årsmøtet, så dette får bli
noko vi får ta som det kjem via maillista.

Det vart òg diskutert å reise på treningsleir før sesongen byrjar, og Magne var raskt ute med eit særs interessant
forslag. Han inviterar alle interesserte av dei betalande medlemma med på hyttetur i relativ gåavstand frå
Kaupanger, med fiskevatn, bål og hytte, den andre helga i august. Dette blir overnatting ei natt i noko høgde over
vatnet, så det er truleg helsemessige vinstar å hente frå denne høgdetreninga. Reint treningsmessig sett er dette
eit særs godt tidspunkt for ei treningsleir, så dette er noko medlemma anbefalast å delta på.


Tilbod om nye drakter:
Det vart ein del klaging på fotballdraktene etter førre turnering, då spesielt på grunn av fargen på draktene.
”Alle” har raude trakter på slike tilstellingar, noko som gjer at bortelaget må være tildekt med vestar. På grunn
av dette kom avtroppande leiar med eit svært generøst tilbod frå Byggeriet Hundere om å byte drakter med
fotballaget deira. Dei får våre raude drakter medan vi får dei nye draktene som Byggeriet skal bestille inn
snarast, mot at reklamen frå Mestergruppen blir ståande på draktene. Dette er noko vi kan leve med, og då
spesielt sidan vi står fritt til å bestemme fargar på dei nye draktene, frå alle dei forskjellige variantane som
Mestergruppen tilbyr medlemsforetaka. Avtroppande leiar vil sende ut katalog på maillista og ei avstemming av
noko slag vil bli tatt der (protokollførar kryssar fingrane for Juventus-striper).

Avslutting:

Som sesongen sett under eitt, må årsmøtet vere å sjå på som ein ubetinga suksess. Vêret var perfekt, grillmaten
god og stemninga enda betre.

Møtet vart avslutta på Lægreidspubben som i fjor, med noko spreidd avvikling frå møtedeltakarane rundt
tidspunktet for stenging av kranene.

Møtet var difor heva utan vidare seremoni.

Sogndal, 18.04.09

More Related Content

More from Western Norway Research Institute

IT-forum 11.februar: Utprøving av medisindispensar i gloppen kommune
IT-forum 11.februar: Utprøving av medisindispensar i gloppen kommuneIT-forum 11.februar: Utprøving av medisindispensar i gloppen kommune
IT-forum 11.februar: Utprøving av medisindispensar i gloppen kommuneWestern Norway Research Institute
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Oppvekst og utdanning, drift og ...
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Oppvekst og utdanning, drift og ...IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Oppvekst og utdanning, drift og ...
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Oppvekst og utdanning, drift og ...Western Norway Research Institute
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Leverandørnettverket
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- LeverandørnettverketIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Leverandørnettverket
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- LeverandørnettverketWestern Norway Research Institute
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- IT-forum Velferdsteknologi
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- IT-forum VelferdsteknologiIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- IT-forum Velferdsteknologi
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- IT-forum VelferdsteknologiWestern Norway Research Institute
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Ny breibandsatsing
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Ny breibandsatsingIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Ny breibandsatsing
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Ny breibandsatsingWestern Norway Research Institute
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Lotteritilsynet
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- LotteritilsynetIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Lotteritilsynet
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- LotteritilsynetWestern Norway Research Institute
 
IT-forum OU2015 Digital praksisfortelling -Eivind Rogne, HiSF
IT-forum OU2015 Digital praksisfortelling  -Eivind Rogne, HiSFIT-forum OU2015 Digital praksisfortelling  -Eivind Rogne, HiSF
IT-forum OU2015 Digital praksisfortelling -Eivind Rogne, HiSFWestern Norway Research Institute
 

More from Western Norway Research Institute (20)

IT-forum 11.februar: Utprøving av medisindispensar i gloppen kommune
IT-forum 11.februar: Utprøving av medisindispensar i gloppen kommuneIT-forum 11.februar: Utprøving av medisindispensar i gloppen kommune
IT-forum 11.februar: Utprøving av medisindispensar i gloppen kommune
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- bakgrunn
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- bakgrunnIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- bakgrunn
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- bakgrunn
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Atea
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- AteaIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Atea
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Atea
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Oppvekst og utdanning, drift og ...
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Oppvekst og utdanning, drift og ...IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Oppvekst og utdanning, drift og ...
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Oppvekst og utdanning, drift og ...
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Leverandørnettverket
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- LeverandørnettverketIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Leverandørnettverket
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Leverandørnettverket
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- IT-forum Velferdsteknologi
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- IT-forum VelferdsteknologiIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- IT-forum Velferdsteknologi
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- IT-forum Velferdsteknologi
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Telenor
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- TelenorIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Telenor
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Telenor
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Enivest AS
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Enivest ASIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Enivest AS
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Enivest AS
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Intin AS
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Intin ASIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Intin AS
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Intin AS
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Sognenett
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- SognenettIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Sognenett
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Sognenett
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Ny breibandsatsing
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Ny breibandsatsingIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Ny breibandsatsing
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Ny breibandsatsing
 
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Lotteritilsynet
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- LotteritilsynetIT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Lotteritilsynet
IT-forum Sogn og Fjordane -julesamling 2015- Lotteritilsynet
 
IT-forum gjennom 20år - 2014
IT-forum gjennom 20år - 2014IT-forum gjennom 20år - 2014
IT-forum gjennom 20år - 2014
 
IT-forum OU2015 - Digital kompetanse, Erik Westrum
IT-forum OU2015 - Digital kompetanse, Erik WestrumIT-forum OU2015 - Digital kompetanse, Erik Westrum
IT-forum OU2015 - Digital kompetanse, Erik Westrum
 
IT-forum OU2015 - Klasseledelse, Rune Krumsvik, UiB
IT-forum OU2015 - Klasseledelse, Rune Krumsvik, UiBIT-forum OU2015 - Klasseledelse, Rune Krumsvik, UiB
IT-forum OU2015 - Klasseledelse, Rune Krumsvik, UiB
 
IT-forum OU2015 Superetterforskerne -Monica H. Jenssen
IT-forum OU2015 Superetterforskerne -Monica H. JenssenIT-forum OU2015 Superetterforskerne -Monica H. Jenssen
IT-forum OU2015 Superetterforskerne -Monica H. Jenssen
 
IT-forum OU2015- Digital profesjonell læring, Conexus
IT-forum OU2015- Digital profesjonell læring, ConexusIT-forum OU2015- Digital profesjonell læring, Conexus
IT-forum OU2015- Digital profesjonell læring, Conexus
 
IT-forum OU2015 Digital praksisfortelling -Eivind Rogne, HiSF
IT-forum OU2015 Digital praksisfortelling  -Eivind Rogne, HiSFIT-forum OU2015 Digital praksisfortelling  -Eivind Rogne, HiSF
IT-forum OU2015 Digital praksisfortelling -Eivind Rogne, HiSF
 
IT-forum OU 2015 i Sogndal- Lkk Leikanger
IT-forum OU 2015 i Sogndal- Lkk LeikangerIT-forum OU 2015 i Sogndal- Lkk Leikanger
IT-forum OU 2015 i Sogndal- Lkk Leikanger
 
VRI-prosjektleiarsamling i Sogndal 2015
VRI-prosjektleiarsamling i Sogndal 2015VRI-prosjektleiarsamling i Sogndal 2015
VRI-prosjektleiarsamling i Sogndal 2015
 

Generalforsamlingsprotokoll 2009

  • 1. Øykam PROTOKOLL GENERALFORSAMLING Sak 00/2009/økå: Opning. Øykam sitt årsmøte for sesongen 2008/2009 vart tradisjon tro helde i tidlegare leiar Ove sine lokalar i Navarsetevegen i Sogndal, med utearealet som eit utgangspunkt. Som førebuing til den harde møteverksemda seinare på kvelden var det servert grillmat av ymse slag til dei frammøtte, i regi av grillmeistar Moldestad og ein for ein gongs skuld fungerande gassgrill, servert i lag med velkomstdrikk laga av avtroppande leiar. Ein merknad til opninga var den varierande kleskoden på dei frammøtte, som sto i stil til arrangøren sin varierande informasjon om dette på førehand. Sak 01/2009/økå: Oppteljing av frammøtte, godkjenning av innkalling og val av møteleiar og protokollførar. Etter ei opning i friskluft fram til sola forsvann, bestemde forsamlinga seg for å flytte møtet inn i huset for å unngå å uroa nabolaget med den høgrøysta argumentasjonen som unekteleg ville kome. Oppteljing av frammøtte vart gjort ved ei utdeling av konjakkglas, og innandørsdelen av årsmøtet starta med ei stille bekrefting av alle som var der om at dei var komne. Avtroppande leiar tok på seg oppdraget med å vere møteleiar og fjorårets protokollførar vart gjenvalt utan dei største protestane frå dei frammøtte. Sak 02/2009/økå: Gjennomgang av generalforsamlingsprotokoll frå 2008. Protokoll frå generalforsamlinga i 2008 vart godkjend med nokre merknadar: - Ingen av planane frå fjoråret om turneringar eller turar vart gjort noko meir med, anna enn ei kort vurdering av turen til Gol eller Geilo en gang i løpet av sommaren/hausten/vinteren. - Framlegget av oppdeling av sesongen vart bestemt videreført i et einstemmig vedtak Sak 03/2009/økå: Rekneskapen for 2008. Kasserar glimra med sitt fråvær, og det vart difor opp til avtroppande leiar å summere rekneskapsåret, noko forsamlinga dessutan godtok. Rekneskapen visar ein pluss, på tross av vanskelege økonomiske tider, og det vart føreslege frå forsamlinga å innvilge ei tidobling av løna til leiinga som motivasjon til neste sesong, men noko endelig avgjersle vart ikkje klubba igjennom. Nokon ymta frampå at ein burde tipse Sogn Avis om at ein har ein klubb i Sogndal som faktisk klarar å gå med overskot, så påtroppande leiar vil i så fall bli den ansvarlege for å uttale seg til avisa om dette tipset går igjennom. Elles vart det òg opplyst om at innkjøp av ny treningsbag med diverse lausøyre ikkje vart trukke frå lagkontoen, slik at kostnadane til dette vart helde utanfor rekneskapen. Det vart gjort framlegg om ei rekneskapsmessig avsetjing til kransar og blomar til dei pårørande til eventuelle nedskotne fjellklatrarar, men ein avgjersle om dugnadsarbeid om så måtte skje gjorde at ei slik avsetjing vart funne unødvendig. Planen frå fjoråret rundt bruken av midla i fondet vart vidareførd utan diskusjonar, og ein er nøgde med resultata av den oppdelte pengeinnkrevinga. I samband med eit ytra ønske om å stogge blindpassasjerar vart det bestemt at ein skulle utstyre treningsbagen med giroar for betaling av treningsavgift, til skrekk og åtvaring for ikkje- betalande spelarar.
  • 2. Sak 04/2009/økå: Val av leiar. Då var den innleiande orienteringa ferdig, og generalforsamlinga var klare for å utøve litt demokrati i val av ny leiar. Som tradisjonen seier er kandidatane valt frå gruppa av aktive spelarar som ikkje er til stades på generalforsamlinga. På grunn av noko e-post-korrespondanse i forkant av møtet vart ein av dei fråverande kandidatane raskt peikt ut som favoritt. Det var spesielt ein lovnad om auka taklingsinnsats frå kandidaten som ga valnemnda (forsamlinga i heilheit) ekstra motivasjon til å gje stemmane til denne kandidaten. Det som talte i mot valet av denne kandidaten, var at nokre treningar i løpet av hausten ville krasje med jaktperioden, men valnemnda var overtydde om at den ikkje akkurat skotredde kandidaten ville gå tom for ammunisjon tidleg i jakta. Valmetoden var ei anonym handsheving for og imot kandidaten, og her vart kandidaten einstemmig valt (med ubekrefta rapportar om ei blank stemme). Den nye leiaren i Øykam, med første arbeidsdag dagen etter årsmøtet, vart Nils Joachim Knagenhjelm. Den nye leiaren vart med ein gong gjort oppmerksam på valutfallet med gratulasjonsmeldingar sendt frå samtlege av dei frammøtte. Sak 05/2009/økå: Vurdering av 2008/2009-sesongen I evalueringa av førre sesong var alle einige i at det hadde vore ein stor sesong i Øykam-auge og eit framspel frå avtroppande leiar om at dette skuldas framifrå leiarskap vart møtt med applaus frå samtlege i rommet. Oppsummert var deltakinga i Kjempenes Liga eit klart høgdepunkt. Tross ei klart partisk døming imot Øykam i samtlege kampar, klarte ein å karre seg til ein fortent siger mot Lerum BIL og berre nokre sjokkerande dommerfeil i siste kamp gjorde at laget ikkje kom til sluttspelet på turneringa sin dag 2. Nokre i forsamlinga nemnde at dette var like bra sidan ein ikkje hadde kunne stilt lag på laurdag uansett, men det gjer ikkje kjensla av vekkdøming noko mildare. Generelle kommentarar frå sesongen som var, var at ein haldt eit godt og fairspelt nivå. Lite stygge taklingar og ingen krangling av noko slag var årsmøtet einige om at var klart positive erfaringar frå sesongen. Tom etterlyste meir kjeftbruk i laget neste sesong, då han følte at kjeftbruken hans vart noko einsidig. Møtet vart einige i å kjefte meir på Tom. For kvar sesong bør ein ha eit høgdepunkt, ei kåring av sesongen sin største enkeltprestasjon. For denne sesongen vart det Weinbach i eit noko einsidig val som fekk æra av å ha hatt sesongen sin største enkeltprestasjon med sin hæl-løft, tidlegare feilaktig stempla som ein Rai-flikk. Etter ein heftig og lang diskusjon om emnet kom ein til at dette ikkje var en Rai, men då ein ikkje veit kva trikset heiter, fekk Weinbach æra av å gi namnet til flikken og den er frå no av kalt ein Rai-rai til det faktiske namnet er klart. Rykta gjekk på årsmøtet om at Weinbach ville ta ein Rai-rai frå rundkøyring til rundkøyring på veg til pubben, men dette avkrefta han på vegen ved å seie at dette trikset var noko han berre klarte å gjere ein gong i året. Vi får håpe at trikset ikkje kjem i løpet av neste sesong slik at vi får sjå det mellom rundkøyringane på neste årsmøte. Sak 06/2009/økå: Neste sesong Rekruttering: Ein har gjort nokre framstøyt mot aktuelle spelarar for neste sesong. Ein av desse er noverande stjernespelar for Fjøra, Ronny Einan, som vurderar å ta steget opp på Øykam-nivå når inneverande sesong avsluttas. Det vart òg lagt planar om nokre uoffisielle telefonar til tidlegare stjerner på laget for å få dei tilbake. På grunn av den finansielle krisa har ein ikkje avsett pengar til rekrutteringa, så kvar og ein av spelarane på laget lyt sjølve ta eit ansvar og spørje aktuelle spelarar utan lovnadar om sign on-bonusar av noko slag. Eit satsingsområde er spelarar som hevar nivået på treningane, for som ein i forsamlinga sa: ”Vi treng ikkje spelarar med hardare mottak enn skot. Det har vi mange nok av allereie”.
  • 3. Treningstid og stad: For neste sesong vart ein einige i å fortsette noverande treningstider då dei passar best for spelarane med små born og leggjetider, og treningsstaden vil bli i storhallen. Første treningsdag i den nye sesongen blir 31. august, til vanleg tid og på den vanlege staden. Alle er einige i at trening om sommaren er noko laget bør satse på for å stille sterkare før neste sesong. Moldestad gjekk foran her og sa han skulle snakke med Fjøra om å låne deira treningsbane ein dag i veka, og om ikkje det går, vart det framlagd fleire alternative treningsstadar, med Nestangen og Kvåle som dei mest klare alternativa. Vidare avtalar og drøftingar vil takas på maillista. Turneringar/turar: Førre årsmøte vart Øyvind den utvalde til å hente inn aktuelle turneringar og jobbe med å skaffe treningsmotstandarar i oppkøyringa til sesongen. Ein høyrde elles lite frå denne planen etter årsmøtet, og av den grunn vart Øyvind gjenvald som turneringskoordinator for neste sesong, då ein har stor tro på at førebuinga han gjorde sist vil gjere årets jobb mykje lettare. Ingen konkrete alternativ vart diskutert på årsmøtet, så dette får bli noko vi får ta som det kjem via maillista. Det vart òg diskutert å reise på treningsleir før sesongen byrjar, og Magne var raskt ute med eit særs interessant forslag. Han inviterar alle interesserte av dei betalande medlemma med på hyttetur i relativ gåavstand frå Kaupanger, med fiskevatn, bål og hytte, den andre helga i august. Dette blir overnatting ei natt i noko høgde over vatnet, så det er truleg helsemessige vinstar å hente frå denne høgdetreninga. Reint treningsmessig sett er dette eit særs godt tidspunkt for ei treningsleir, så dette er noko medlemma anbefalast å delta på. Tilbod om nye drakter: Det vart ein del klaging på fotballdraktene etter førre turnering, då spesielt på grunn av fargen på draktene. ”Alle” har raude trakter på slike tilstellingar, noko som gjer at bortelaget må være tildekt med vestar. På grunn av dette kom avtroppande leiar med eit svært generøst tilbod frå Byggeriet Hundere om å byte drakter med fotballaget deira. Dei får våre raude drakter medan vi får dei nye draktene som Byggeriet skal bestille inn snarast, mot at reklamen frå Mestergruppen blir ståande på draktene. Dette er noko vi kan leve med, og då spesielt sidan vi står fritt til å bestemme fargar på dei nye draktene, frå alle dei forskjellige variantane som Mestergruppen tilbyr medlemsforetaka. Avtroppande leiar vil sende ut katalog på maillista og ei avstemming av noko slag vil bli tatt der (protokollførar kryssar fingrane for Juventus-striper). Avslutting: Som sesongen sett under eitt, må årsmøtet vere å sjå på som ein ubetinga suksess. Vêret var perfekt, grillmaten god og stemninga enda betre. Møtet vart avslutta på Lægreidspubben som i fjor, med noko spreidd avvikling frå møtedeltakarane rundt tidspunktet for stenging av kranene. Møtet var difor heva utan vidare seremoni. Sogndal, 18.04.09