SlideShare a Scribd company logo
1 of 22
Download to read offline
Torgrim Titlestad:
Ein moderne heksesprosess
– då kommunistpartiet sprakk i 1949
Tidligere utgitt i Syn og Segn nr. 9/1979, s. 515.
På NKPs landsmøte i 1949 hadde Furubotn-fløya ⅔ fleirtal. For uinnvigde kom det derfor
som ein sensasjon då Løvlienfløya frå oktober same år kunne overta leiinga av partiet. Med
utgangspunkt i skriftlege og munnlege kjelder syner Torgrim Titlestad at i aust- og
vesteuropeisk perspektiv låg ikkje det sensasjonelle i at Furubotn-flokken vart ekskludert og
at toppen av partipyramiden melde seg ut, men at Furubotn-fløya i det heile hadde våga å
stå Moskva midt imot!
Stalin ville heller ha Løvliens lojalitet enn Furubotns nasjonale særstandpunkt, og NKP-
oppgjeret i 1949 gir oss ifølgje Titlestad eit framifrå høve til nærstudium av stalinisme på
norsk jord. Samstundes vitnar presseklippa og karikaturteikningane om korleis
mccarthyismen og den kalde krigen var med og skapte spekulasjonar og hysteri.
Politisk sensasjon
Det er i oktober i år 30 år sidan NKP-oppgjeret i 1949. Då vart NKP kløyvd i to. På den eine sida
stod Emil Løvlien (1899–1973) som leiar for dei som vann striden, markert gjennom NKPs
ekstraordinære landsmøte i februar 1950. På den andre sida stod Furubotn i brodden for dei
som tapte, "titoistane", "trotskistane", "dei borgarlege nasjonalistane", "imperialismens
agentar" m.m., som dei vart kalla.
NKP-oppgjeret byrja med ein tale den 20. oktober av tidlegare stortingsmann og statsråd for
NKP i 1945, Johan Strand Johansen (1903–1970). Den 26. oktober nådde oppgjeret eit
mellombels klimaks. Då erobra Strand Johansen og ein flokk handsterke karar partikontora til
NKP – gjennom ei regelrett fysisk maktovertaking.
Bakgrunnen for denne uvanlege aksjonen var at Furubotn-fløya hadde vunne bortimot ⅔
fleirtal på NKP-landsmøtet i februar 1949. Ved å "ta" partikontora ville Strand Johansen redda
partiet frå "imperialismens agentar". Samstundes hadde han openlyst voner om å finna prov
for at Furubotn-folka verkeleg arbeidde for amerikanarane.
Etter Rajk-prosessen i Ungarn i september 1949 var dette i røynda ikkje eit vitlaust påfunn av
ein leiande kommunist. Denne prosessen hadde tent som skuleeksempel for kommunistane
til å "avsløra" korleis amerikanarane og engelskmennene via "titoistar" trengde seg inn i
leiingane for kommunistpartia verda over.
Slik sett handla Strand Johansen fornuftig når han slo ned på norske "imperialistiske agentar",
dvs. Furubotn-flokken. I det ideologiske skjemaet hans var det ikkje gal manns tale då han sa
om Furubotn-folka: "Denne gemene hop burde vært dømt til døden ved hengning!"
Det var nemleg den vanlege dommen for dei mest framskotne "titoistane" og "imperialistiske
agentane" i Aust-Europa. Noko anna er at dette verka vanvettig på norsk opinion. Dette er
også sentralt ved NKP-oppgjeret: Det harmonerte med dei store utreinskingane i Aust-Europa
og var det mest dramatiske i eit vesteuropeisk kommunistparti. Difor vekte det også europeisk
interesse og fylte avisteigane i skandinaviske presseorgan. Det er sannsynlegvis ikkje for sterkt
å seia at dette var den største politiske sensasjonen i skandinavisk presse på mange år både
før og etter 1949.
Ser ein på det talmessige resultatet av dei norske utreinskingane, er ikkje tala så overveldande.
Bortimot 200 av Furubotnflokken vart ekskluderte. Om lag 500 melde seg ut. Av 14000–15000
medlemer var dette eit lågt tal. Poenget er at det var toppen av partipyramiden som måtte
gå. For ein stor del var det leiarane frå krigstida: dei mest aktive i partiet.
I dag er NKP-oppgjeret interessant ut frå fleire synsvinklar. Det kan fortelja oss kor katastrofalt
bindingane til ei makt utanfor landets grenser (Sovjetunionen) slo ut for eit norsk parti (NKP).
Vi får høve til eit nærstudium av stalinismen på norsk jord. Likeins får vi innsyn i korleis ein
oppiska politisk atmosfære (den kalde krigen) hindra folk flest i å skjøna kva som verkeleg
hende i dette oppgjeret. Her er vurderingane i norsk presse særleg verde eit studium. I den
samanhengen må ein dra inn den norske mccarthyismen og korleis den verka med til å skapa
hysteri kring oppgjeret.
I. Med samtida sine augo
Norsk presse vurderer landsmøtet i NKP i 1949
Landsmøtet i NKP gav støyten til ei rekkje spekulasjonar i pressa. Forvirringa og uvissa var stor.
Kva hadde eigentleg skjedd? Det gjorde ikkje stoda betre at kommunistavisene var utan
møtereferat og liste over dei nye sentralstyremedlemene.
Verdens Gang var først ute: "Furubotn satt utenfor Kommunistpartiet". Avisa hadde blanda i
hop noko rett og noko urett. Jørgen Vogt skulle vera avsett frå Friheten (hovudorganet til NKP,
dagsavis i 1949) og Furubotn som partileiar. Det rette var at det hadde vore sterke
motsetnader på partilandsmøtet, og at Furubotn ikkje hadde møtt fram – stikk i strid med den
kommunistiske tradisjon, som jo krever at den som partiet setter i verk sanksjoner overfor,
først skal stå fram og sanne syndene sine.
Meldingane i Verdens Gang vekte stor oppsikt. Avisa tala sjølv om "temmelig sensasjonelle
nyheter". Norsk Telegrambyrå (NTB) intervjua Emil Løvlien. Han svara på spørsmålet om
Furubotns påståtte avgang: "Jeg kan bare uttale meg om partiets politikk, som jeg som
formann er en eksponent for."
Samstundes avkrefta Dagbladet meldinga om at Furubotn var gått av. Norges Handels- og
Sjøfartstidende melde derimot at Furubotn hadde drege seg attende for å driva studiearbeid.
Han kom heretter ikkje til å ha "noen spesiell stilling i partiet". Onsdag den 9. februar melde
så Varden heilt riktig at Furubotn hadde bede seg friteken frå vervet som generalsekretær.
Johannes Landfald frå NKP opplyste: "Inntil Sentralstyret har tatt stilling til saken fortsetter
herr Furubotn som før."
Furubotn var altså framleis den øvste leiaren i partiet.
Arbeiderbladet hadde synt seg å vera den mest velinformerte, liksom under NKP-landsmøtet
i 1946. Då hadde overskrifta vore: "Det trekker opp til storm innen Kommunistpartiet". No
stod det over fem spalter: "Ikke ett, men to kommunistpartier i Norge! Et voldsomt indre
oppgjør på kommunistpartiets landsmøte."
Arbeiderbladet fortalde at Furubotn ynskte å gå av. Det vart oppfatta som oppsiktsvekkjande
på bakgrunn av maktkampen i partiet. Det rimelege ville jo vera at Furubotn tviheldt på makta
si. Arbeiderbladet kommenterte:
Men en kjenner Furubotn dårlig, dersom en tror at han i denne tiden har ligget i dvale på villaen sin på
Ljan. Han har drevet et systematisk fraksjonsarbeid, han har ledet en sentral i partiet som har vært like
virksom som partikontoret – Ljans-sentralen som den ble kalt på landsmøtet.
Arbeiderbladet hevda at ingen måtte la seg villeia i NKP-striden. Det var ikkje spørsmål om
politikk, men makt og ulik taktikk. Rett nok hadde Løvlien fått utanlandsk støtte, skreiv avisa.
Målsmenn for dei andre europeiske kommunistpartia hadde rykt ut mot Furubotn.
Arbeiderbladet åtvara lesarane:
Moskva lytter til begge, Moskva bruker begge. Og Moskva bruker også andre grupper innen partiet. De
aviser som har antydet at kommunistpartiet vil bryte med Moskva er feil orientert.
Arbeiderbladet spekulerte:
Det er grunner (...) som taler for at kommunistpartiet har sine illegale grupper i virksomhet og er så
tilfelle, er det mye som taler for at Peder Furubotn er den egentlige leder for den klan av partiapparatet
som står i nærmeste kontakt med russerne.
Furubotn var den beinharde, prinsipielle kommunisten som ville slutta seg til Kominform
(informasjonsbyrået til dei kommunistiske partia, skipa i 1947). Løvlien var ein meir taktisk-
opportunistisk og vaklevoren kommunist.
Aftenposten var snar til å ta opp teorien til Arbeiderbladet. I kveldsutgåva laurdag den 16.
februar hadde avisa intervju med Løvlien. Dei spurde om opplysningane i Arbeiderbladet var
rette: "Jeg har ikke sagt noe før og vil ikke si noe nu. Men folk får befatte seg med
kannestøperier så mye de vil for meg..."
Om måndagen peika Morgenbladet på at Friheten enno ikkje hadde avsanna dei krasse
meldingane i Arbeiderbladet.
Danske reaksjonar
NKP-landsmøtet vekte stor oppsikt i Danmark. Den danske kommunistavisa Land og Folk
prøvde å dekkja over motsetnadene som andre danske aviser spekulerte i. Den 13. februar
hadde Berlingske Tidende eit sensasjonsoppslag på første side. Artikkelen var skriven av den
kjende journalisten Tage Mortensen. Furubotn stod i fokus: "Den grå eminence i villaen på
Ljan ... de nordiske kommunisters mystiske mann."
Mortensen hylla Furubotn inn i eit slør av mystikk. Han hevda at det ikkje eksisterte noko bilete
av Furubotn. Furubotn hadde ikkje tala på noko offentleg møte sidan 1939, skreiv han. Det
heitte òg, refererte Morgenavisen:
... en kan ikke få tak i ham i telefonen. Tilhengere får foretrede for ham i hans elegante villa på Ljan.
Villaen er de norske kommunisters Kreml... Hans tilhengere skildrer ham som en høy, kraftig mann med
et markert ansikt under et mørkt hår, utpreget bondeskikkelse med hvasse øyne, en Stalin-aktig despot
og desperado...
Mortensen ymta om at Furubotn visste meir om russisk politikk i Norden enn nokon annan.
Det heitte at Furubotn hadde samband med Kominform gjennom kurerar:
Det er usikkerhet nok i de nordiske kommunistpartier i denne tid. Deres talere tordner mot Marshall-
hjelp og Atlanterhavspakt, men kritikken er negativ. Før det er klart hva Moskva vil, får ingen vite hva
kommunistene i Norden vil. Muligens er beslutningen truffet i Kreml. Men er den det, kjennes den i
hvert fall i de nordiske land bare av en mann, Peder Furubotn på Ljan...
På denne bakgrunn var Mortensen i tvil om at "den tidligere så mektige mann innenfor
Nordens hemmelige kommunistiske organisasjonsnett" var fallen i unåde.
I Information fanst det mindre av det Land og Folk kalla "feberfantasien". Avisa sette usemja i
NKP inn i eit nordisk kommunistperspektiv. Ho meinte at "den internationale usikkerhed og
frygten for en nært forestaaende krig mellem Øst og Vest" skapte uro og ulikt syn på taktiske
spørsmål. Når det galdt Furubotn, skilde avisa seg frå vurderingane i alle dei andre
skandinaviske avisene:
Naar man nu tror at Furubotn er blevet lukket ude, skyldes det dels at man ved, at han er en forholdsvis
moderat mand, som ikke ønsker at optræde som blindt kreatur for Kominform...
Partikløyvinga i oktober 1949
Landsmøtet i NKP hadde trass i alt gjeve den avklåringa at Furubotn-fløya fekk bortimot ⅔
fleirtal i dei styrande organa i partiet. Løvlien-fløya mista det fleirtalet dei hadde hatt sidan
landsmøtet i 1946. På denne bakgrunnen kunne ein venta at Furubotn-fløya hadde brukt
maktmidla sine til å slå motstandarane ned, slik det var vanleg i kommunistrørsla Det skjedde
ikkje. Partidiskusjonen fekk halda fram. Mindretalet hadde altså vilkår for å "lufta ut". Slik sett
skulle ein ikkje venta nokon ny dramatikk. endå mindre ettersom Furubotnfløya i siste instans
sat med dei organisatoriske maktmidla. Så kom det dramatiske partikuppet den 26. oktober –
som lyn frå klår himmel.
Kuppet vekte internasjonal oppsikt. Svensk, dansk og vesttysk presse var særskilt interessert i
det som skjedde.
Verdens Gang kom inn på det internasjonale perspektivet:
De øst-europeiske kommunistpartier er nå fullt opptatt med å fjerne alle mistenkelige elementer fra
partiets og fra statens ledelse. Det ser imidlertid ut til at omfanget av disse utrenskningene øker –
titoismen viser seg å være langt alvorligere for Kominform, enn hva man antok da bruddet med Tito
skjedde. Rajk-prosessen vil sannsynligvis danne mønsteret for en rekke like viktige saker i andre øst-
europeiske land...
Avisa meinte at det norske partikuppet var:
et rystende og til dels tragi-komisk spill ... Både det som blir meddelt offisielt og det som etter hvert
siver ut om hendingene bak kulissene, gir et bilde av forhold, kontakter og metoder som ikke har
hjemstavnsrett i norsk politikk.
Pressa undra seg storleg over at Furubotn-fleirtalet ikkje sette seg til motverje. Dagbladet
skreiv:
Mindretallet i sentralstyret avsetter flertallet. Og flertallet lusker ydmykt unna. De nekter å uttale seg.
De legger for dagen en så utpreget mildhet at en skulle nesten tro de var redd. Redd for hva?
I den kalde krigens tid fekk denne tanken rom: var Furubotn redd for å bli likvidert? Så seint
som i 1953 hevda Dagens Nyheter dette. Bladet kommenterte utreinskinga av dei tsjekkiske
partileiarane i 1952:
Pragprocessen tycks ha inverkat förödande inom dessa kretser [Furubotn-fløya]. Man är bokstavligen
livrädd med tanke på rysk invasion, fruktar att bli skjuten av ryssarna liksom de utpekade "forrädarna" i
lydländerna – och de välsinnade kommunisterna med tsjekatypen Strand Johansen i spetsen, gör allt för
att underblåsa denna rädsla...
Den utanlandske pressa var snøgg til å peika på dei internasjonale samanhengane i 1949. Oslo-
avisene var snare til å gje att meldinga i svenske aviser om at ein utreinskingsekspert frå
Kominform hadde vore i Stockholm og Oslo for å setja oppgjeret i gang. Der Tag i Vest-Berlin
hevda at Furubotn var utstøytt, av di han høyrde til ein ny og anti-stalinistisk organisasjon, RCI,
Resurrection Communiste Internationale. Denne internasjonale organisasjonen var skipa av
ein tidlegare framskoten fransk kommunist, Marcel Carvin. Organisasjonen skulle ha leiande
avvikarkommunistar bak seg. Utanom Furubotn galdt det mellom anna Wladislaw Gomulka
(1905–1982) i Polen, Traiko Kostov (1997–1949) i Bugaria, Laszlo Rajk (1909–1949) i Ungarn,
Vaphiadis Markos i Hellas og Josip Broz Tito (1892–1980) i Jugoslavia. RCI var skipa i Napoli i
1946, heitte det. Føremålet var å avskaffa diktaturet frå Moskva og omorganisera den
kommunistiske rørsla. Dagbladet refererte:
Dette programmet fra Napoli har vunnet mange tilhengere, særlig i Øst-Europa. Mange prominente
representanter for kommunismen i disse land har vært nødt til i sine lands interesser å handle etter
disse retningslinjer, enten etter egen beslutning eller i forbindelse med RCI.
Der Tag meinte at Moskva hadde særskild grunn til å frykta RCI, av di: "alle menn innen RCI
har gått skolen i Moskva og på det mest nøyaktige kjenner Sovjets metoder."
Her kom også Furubotn inn i biletet. Der Tag rekna han som carvinist. Per Meurling i Sverige
avviste teorien om Furubotn som anti-stalinist. Han peika på at Furubotn hadde fordømt Tito
og titoismen i vanleg kommunistisk terminologi. I november 1949 reiste ein norsk delegasjon
med journalistar til Jugoslavia. Dei tok opp denne saka i samtale med Tito. Han spurde
"optimistisk" om kor sterkt Furubotn stod i Noreg. Oslo-pressa slo samtalen stort opp. Friheten
greip etter meldinga og tok ho som ei stadfesting på at det lenge hadde vore intim kontakt
mellom Furubotnfløya og jugoslavane: "Titos interesse for Norge er ikke av ny dato."
I den internasjonale kommunistpressa var kommentarane einstonige. Både Neues
Deutschland og Land og Folk tala om at NKP hadde operert vekk ein kreftsvulst. Neues
Deutschland slo til freds fast at endeleg var "denne fienden av Noregs Kommunistiske Parti,
Sovjetunionen og folkedemokratia" fjerna. No hadde NKP fått "føresetnadene for eit stort
oppsving..."
"Historiens største forbryter"
Furubotn var den sentrale personen i avisskrivinga. "Historiens største forbryter", som Strand
Johansen hadde kalla han. Pressa jakta på han. Fru Furubotn avviste alle journalistar som kom
ut på Ljan. Ho svara at Furubotn var i Valdres. Avisene godtok ikkje svaret til Gina.
Arbeiderbladet avsanna at han var i "partisanhovedkvarteret". Morgenavisen spurde: "Er
Furubotn i Moskva?" Svenske aviser hevda at han hadde vore over i Sverige til samråding med
svenske kommunistar i Mangskog. Dei hevda at han hadde hatt krigshovudkvarter der. (Det
var feil. Derimot hadde NKP-leinga i Noreg hausten 1944 planta eit rykte om at dei var i
Sverige: Dette var ein "desinformasjon" til Gestapo.) Mannen var som sokken i jorda. Så kom
det for ein dag: Han hadde vore i Oslo heile tida, "i dekning", skreiv Arbeiderbladet.
I mellomtida hadde Oslo-avisene nytta dagane til spekulasjonar om Furubotn. Den 2.
november skildra Verdens Gang han som "TERRORENS MANN". Under krigen hadde han kjent
seg i sitt ess – med revolver i baklomma og handgranatar på lett tilgjengelege stader.
Partifellane hadde frykta fysiske overgrep frå Furubotn, heitte det:
Den dødelige redsel Strand Johansen ga uttrykk for på tillitsmannsmøtet var på ingen måte ugrunnet. Furubotn
har mer enn en gang truet sine partifeller, og han har truet dem på livet.
Problemet var om ein skulle gå god for at Furubotn verkeleg var utstøytt. Kunne det vera eit
planlagt skodespel frå Moskva? Hadde russarane "ekskludert" han for at han skulle få
arbeidsfred – for å førebu sovjetisering av Noreg? Tanken var ikkje framand for Verdens Gang.
Bladet tvilte på at Løvlien hadde den støtta frå Moskva som han sjølv sa han hadde. Kanskje
var Furubotngruppa "Moskvas etterretningsagenter". Furubotn hadde langt større
dimensjonar enn parlamentarikaren Emil Løvlien: "Det han kan by Moskva er ganske andre
håndgripelige greier enn Løvlien-gruppens mislykte svadapolitikk."
Furubotns hemmelege kommunisthær?
Etter partikuppet på NKP-kontora den 26. oktober eksploderte ei ny bombe den 31. oktober.
Arbeiderbladet var først ute med sensasjonen. Avisa påstod at kommunistane stod bak
omfattande våpentjuveri over heile landet. Bakgrunnen var det Strand Johansen skulle ha sagt
om at Furubotn hadde eit hemmeleg militærapparat. Arbeiderbladet peika på at ei rekkje av
dei større tjuveria ikkje var oppklåra, og at dei for det meste galdt ammunisjon og
sabotasjemateriell. Bladet nemnde at våpenstelinga hadde auka i 1949. Berre det året hadde
det kome bort 15000 mitraljøseskot. Det verste var likevel at tjuvar hadde stukke av med 1300
heimevernsuniformer frå Akershus festning. Samanhengen tyktest vera openberr: Var det den
hemmelege hæren til Furubotn som væpna seg?
Samstundes melde Velgeren på Gjøvik ein ny sensasjon. Bladet kunne "avsløra"
kommunistiske våpenøvingar på Skriulægeret sommaren 1948. Politiet hadde bede pressa
teia stilt så saka kunne oppklårast. Men no var tida inne til å ta bladet frå munnen.
Opplysningane var skremmande. 20–30 kommunistar hadde budd på hytter kring det
tidlegare krigshovudkvarteret til Furubotn. Dei hadde fått undervisning i sabotasje og
våpenbruk. I tillegg hadde dei fått teoretisk undervisning i "aksjonsteknikk", skreiv Velgeren.
Dagens Nyheter var forstøkt over denne meldinga og skreiv:
"Manövrerena" uppe i de ödsliga fjälltrakterna, 25 mil nordväst om Oslo, var så heta att folk i bygden
svävade i livsfara ... En tidningsredaktör från Gjövik, som befann sig på en utflykt i fjällen, var en gång
nära att träffas av elden från de unga kommunistskyttarnas vapen...
Opplysningane gjekk som ein farang over norsk og skandinavisk presse. Rett nok låg det ikkje
føre prov, og heile saka var til etterforsking.
Avisene var likevel overtydde. Verdens Gang skreiv: "Det er grunn til å tro at en organisasjon
av denne art eksisterer." Dagens Nyheter meinte:
Norska hemvärnet har infiltrerats av kommunister. Kriminalchefen i Oslo, F. F. Kaltenborn,
uttalade i dag att det "inte är fullt bevisat" att det existerar en dylik hemlig organisation, och
det verkar ju nästan som en halv bekräftelse på motsatsen. På välinformerat håll i Oslo är man
närmast overtygat om att kommunisterna metodiskt driver en infiltreringstaktik, som går ut
på att trogna Furubotnanhängare smusslas in på strategiskt viktiga poster, exempelvis i
hemvärnorganisationerna. (Mine understrekingar.)
Søkjelyset fall no på Heimevernet. Morgenbladet hevda at der kommunistpartiet stod sterkt,
stod det og sterkt i Heimevernet:
På sine steder har nok den kommunistiske infiltrasjonen vært så sterk at sikkerhetsgrensene
har vært overskredet. Det gjelder slike steder som Jevnaker, Modum, Ø. Eiker, Engerdal. Åmot,
Laksevåg og andre steder nordpå. På flere steder har denne kommunistiske infiltrasjonen gått
opp i over 20 prosent, og det har også vist seg at kommunistiske områdesjefer har fått
kommunistiske medarbeidere.
Pressedramatikken fekk eit nytt oppsving i midten av november då politiet offentleggjorde ein
rapport etter å ha granska skuldingane til Strand Johansen. Han hadde påstått at Furubotn
hadde prøvd å drepa han ved å senda han ein bil utan bremsar. Mordskuldingane hadde drive
politiet inn i det indre NKP-oppgjeret. Politiet hadde kalla inn tretti vitne. Mellom dei var dei
fremste kommunistane i Oslo, Furubotn, Halvorsen, Løvlien, Knut Willoch osb.
Politiet fann ikkje noko grunnlag for skuldingane. Dei godtok vitna som sa at Strand Johansen
var ute av mental balanse. Det han ifølgje Arbeiderbladet skulle ha sagt om Furubotns
hemmelege militære apparat, vart avsanna både av Furubotn- og Løvlienfløya. Berre ein
person sa at orda hadde falle slik Arbeiderbladet hevda. Heller ikkje her fann politiet fram til
prov.
Arbeiderbladet var ikkje nøgd med etterforskinga til politiet og insinuerte at politirapporten
var ein dekkmanøver frå politiet si side:
Politiet må jo være forsiktig og nøktern i sine erklæringer, men ellers minner det som nå er sendt ut, litt
for mye om det som fra tid til annen gikk ut før krigen når det gjaldt Quislings virksomhet. Den var ikke
fullt så uskyldig som politiet gjerne ga det utseende av...
For flittige avislesarar fanst det ein jungel av skiftande opplysningar og meiningar om det
norske partioppgjeret.
Synsmåtane stod beint mot einannan og kryssa kvarandre, fall saman med kvarandre og
sprikte. Det var ikkje greitt å orientera seg. Det var lett å tru på dei avisene ein hadde gammal
tillit til. Men det var ingen garanti. Korkje våpen- eller uniformstjuveria let seg spora attende
til kommunistane. Påstandane om våpenøvingane til Furubotn løyste seg og opp i inkje.
For NKP var all presseskrivinga eit hardt slag, kor som er. Kuppet hadde utvikla seg til ein
tragikomedie. Somme døypte NKP om til "Norges Komiske Parti". Det hadde og sin bakgrunn
i realitetane. Den 30. juli hadde Friheten meldt at russarane og polakkane tinga om å kjøpa
50000 tynner nordsjøsild frå norske fiskarar. Det ville vera bra for fiskarane om avtalen gjekk
i orden. Elles ville dei ikkje bli av med fangsten. Etter partidramaet i oktober ville folketunga
ha det til at det ikkje vart noko av denne handelen. Russarane ville ikkje lenger ha dei norske
sildetynnene. Det var furubotn i dei, sa russarane. Løvlien følgde opp, heitte det på
folkemunne. Han slutta å bruka tresko heime på småbruket i Løten. Det var furubotn i dei og...
II. I ettertida sine augo
Tidlegare synsmåtar
Den som leitar etter årsakene til oppgjeret i NKP i 1949, vil finna ei rekkje motstridande
synsmåtar. Grovt sett finn vi to samtidsforklåringar. På den eine sida er det dei som hevdar at
kuppet botna i norske årsaker. På den andre sida er det dei som meiner at det hadde
internasjonalt (russisk) opphav. Dinest kan vi sjå at synsmåtane endrar seg over tid. Vi kan tala
om stalinistiske og etter-stalinistiske forklåringsfreistnader. Den første fasen går frå 1949 til
1956, den andre frå 1956 til våre dagar. Forklåringane til dei som sette i verk og vart offer for
oppgjeret, er sentrale. Vi kan kalla dei for aktørversjonane.
Løvlien-versjonane
Fram til Stalins død i 1953 og til oppgjeret i SUKP (Sovjetunionens kommunistiske parti) i 1956
la Løvlien-fløya vekt på norske faktorar. Det var politiske feil, titoisme og fraksjonell
organisasjonspraksis som førte til oppgjeret med Furubotn, hevda Løvlien-fløya. Ettersom det
intense oppgjeret kom på avstand, fall agent-komplekset i bakgrunnen. Kuppet var likevel
vanskeleg å rettferdiggjera. Løvlien hadde ei forklåring på reie hand. Han framstilte oppgjeret
som eit opprør frå partimedlemene. På den måten fekk dei lovstridige metodane preg av å
vera ei form for naudverjerett andsynes diktatoren Furubotn. Då Khrustsjov prøvde med
avstalinisering i Sovjetunionen i 1956, kom det som ei bombe for dei stalinistiske partileiarane
utanfor Sovjetunionen.
Dei fleste tilpassa seg snøgt. Rett nok verka det ikkje tillitvekkjande når gamle stalinistar som
Maurice Thorez (1900–1964), Walter Ulbricht (1893–1973), Aksel Larsen (1897–1972) og Emil
Løvlien stod fram som anti-stalinistar. Norsk presse var tidleg ute med sarkastiske hint. Korleis
ville Løvlien forklåra eksklusjonen av titoisten Furubotn – no som Khrustsjov hadde bede Tito
om orsaking for dei grove skuldingane frå 1948 av – ?
Då Løvlien kom frå Moskva etter den russiske partikongressen i 1956, fekk han dette
spørsmålet. Ålmenta kunne sperra augo opp. Løvlien hevda at Furubotn var fremste
representanten for "personkultusen" – dvs. stalinismen – i Noreg:
En slik persondyrkelse er imidlertid det kommunistiske parti fremmed. Det er også fremmed for norsk
folkelynne og førte bl.a. til at oppgjøret med Furubotn ble lettere for partiet vårt enn man hadde fryktet.
Denne forklåringa fekk hevd i NKP etter 1956. Under den andre avstaliniseringsfasen i 1961
og fram til 1964 dukka spørsmålet opp på nytt. Henry Hoff gav denne NKP-forklåringa i
Friheten i 1962:
Forøvrig hadde vi en periode med vår egen personkultus i NKP. Det var personkultusen om Furubotn,
som gjorde ham så stor at han boikottet landsmøtet i 1949, drev fraksjonell virksomhet og søkte å drive
partiet inn i en vinglete politikk. Når flertallet på landsmøtet i 1949 kunne godta det skyldtes det trolig
at mange av dem var så opptatt av selve personen Furubotn at de ikke selv beskjeftiget seg tilstrekkelig
med de politiske spørsmål. Den personkultusen virket da også lammende på de politiske initiativ. Først
på høsten 1949 evnet partiet å ta et oppgjør med Furubotn. En del fulgte ham under oppgjøret og flere
av dem trolig mer av personlige følelsesmessige grunner enn av politiske grunner. Men
personkultusbyllen ble operert bort slik som den nå opereres bort fra hele den kommunistiske
bevegelse. (Mi understreking.)
Ein gjennomgang av Friheten 1945–1950 viser at "personkultusen" av Furubotn er ein myte.
På det ekstraordinære landsmøtet i 1950 slo dei t.d. opp bilete på 2 x 2 m av Løvlien – noko
som aldri skjedde med Furubotn.
Etter debatten 1962–1964 har ikkje NKP levert noka ny forklåring. Partiet har aldri teke tilbake
eit ord av dei harde skuldingane mot Furubotn frå 1949. Oppgjeret synest vera tabu i partiet.
Det kan i denne samanhengen vera freistande å sitera den sovjetrussiske lyrikaren Jevgenij
Jevtusjenkos (f. 1932) ord om den stalinistiske historieskrivinga: "Sanninga er bytt ut med
togn, og togna er i røynda ei lygn."
Som ei samanfatting kan vi seia at NKP har presentert tre haldningar til oppgjeret:
1) 1949–1956: Oppgjer med titoistar og imperialistiske agentar.
2) 1956–1964: Oppgjer med "personkultusen".
3) 1964–: Inga ny forklåring, tabu.
Furubotn-versjonane
Forklåringa til Furubotn-fløya fell også i to delar, før og etter 1956. Inntil Stalins død i 1953
heldt Furubotn oppe den såkalla provokatørteorien. Kort sagt gjekk den ut på at britisk-
amerikanske etterretningsorgan gjennom spesielle personar hadde fått leiande Løvlien-folk til
å tru at Furubotn var hemmeleg agent for "klassefienden". Denne teorien var planta, heitte
det, for å sprengja kommunistpartiet som etter valnederlaget i 1949 framleis hadde over 100
000 røyster. (Jfr. Stewart Steven (1935–2004) i "Operation Splinter Factor", London 1975 – på
norsk 1976: "Dobbeltspill". Steven hevdar at CIA i 1949 på ulike måtar planta rykte om at
leiande nasjonalkommunistar var amerikanske agentar – for å lamma kommunistrørsla. Jfr. òg
meldingar i norsk presse i slutten av 1977 om at CIA også arbeidde gjennom norske
presseorgan.) Furubotn-fløya såg t.d. carvinist-teorien som ein slik planta teori.
Fram til 1956 kunne medarbeidarane hans merka ei gradvis avslapping i høve til 1949-
forklåringa. Etter at Khrustsjov letta på sløret, tok Furubotn bladet frå munnen. Han hevda at
oppgjeret i NKP var dirigert frå Moskva. Denne framstillinga heldt han fast ved til han døydde
i 1975.
Furubotn har altså gjeve to hovudforklåringar på partioppgjeret i 1949 (forklåringar som ikkje
treng stå i strid med kvarandre):
1) 1949–1956: Oppgjeret som provokasjon frå det nasjonale og internasjonale
storborgarskapet.
2) Oppgjeret som operativt inngrep frå Moskva.
Andre synsmåtar
På ikkje-kommunistisk hald har også forklåringane skifta. Fram til 1956 rådde det stor uvisse
om kva som eigentleg hadde skjedd. Det spegla seg tydeleg av i Aschehougs leksikon frå 1956.
Der står det om Furubotn:
Seiv om han offisielt ved oppgjøret mellom de to kommunistfraksjoner etter Stortingsvalget 1949 trådte
tilbake( ... ), ansees han fremdeles som en av Moskvas fremste tillitsmenn i Norge.
Avstaliniseringa i Sovjetunionen og Furubotns eigne avsløringar gav styrke til teorien om
Furubotn som ein norsk Tito, ei nemning han sjølv mislika sterkt. Etter kvart vart
hovudtendensen å sjå NKP-oppgjeret som ein parallell til utreinskingane i Aust-Europa. Dette
biletet sementerte Jahn Otto Johansen (f. 1934) i "Kommunismen i Norden" – eit nykelverk
om nordisk kommunisme i 1960-åra. I 1970-åra syntest pendelen å svinga den andre vegen.
Utgangspunktet ligg dels i ei hovudfagsoppgåve av Terje Halvorsen (f. 1940) frå 1970: "Fra
motstandskamp til partistrid". På ein overtydande måte viser han at det fanst ei rekkje indre
motsetnader i NKP 1945–1949. Han kunne ikkje finna noko prov for at Moskva hadde gripe
inn i striden. Derimot fann han rikeleg med sitat som demonstrerte stalinisme på line med
Løvlien-fløya. Han kom til at oppgjeret primært hadde norske røter. Halvorsen hevda at Strand
Johansen utløyste oppgjeret på eiga hand. Han var i mental ubalanse, men gjerningane hans
tvinga Løvlien, Lippe o.fl. til å følgja han.
Seinare har andre faghistorikarar følgt i fotefaret til Halvorsen. Øivind Stenersen seier i Vekst
og velstand:
Det var Furubotns forsøk på å gjøre NKP til et lojalt talerør for Kominforms paroler som utløste den bitre,
åpne fraksjonskampen i partiet på slutten av 1940-tallet.
Det er tydeleg at Furubotns offisielle stalinisme veg tungt for desse omvurderingane.
Personlege lyte har også blitt dregne fram. Fleire skribentar har nemnt alkoholproblema han
stundom hadde, og reservasjonslaust gjort dei til ei hovudsak. Denne påstanden kom fram alt
i 1956, då NKP laut forsvara seg mot avisskrivinga om at Furubotn skulle rehabiliterast på line
med Tito. Friheten skreiv at "Furubotns dårlige forhold til Sovjetunionen... utelukkende
skyldtes Furubotns egen moralske vandel..." Det var også ein måte å gå utanom det aktuelle
kravet om gransking av 1949-oppgjeret.
Vi ser altså korleis det har rådd og framleis rår ei rekkje motstridande og ulike synsmåtar på
Furubotns rolle i NKP-oppgjeret og i norsk politikk. Det interessante er at ein samstundes finn
talsmenn for nesten alle dei ulike teoriane den dag i dag. Det gjer at vi med rette kan tala om
Furubotn som ein sterkt omtvista politikar.
Nokre prinsipielle synspunkt på dei politiske årsakene til oppgjeret
Det er lett på påvisa indre strid i NKP før partikuppet i 1949. Det hadde synt seg motsetnader
under krigen, og dei slo ut alt på det ekstraordinære landsmøtet i 1945. Det er heller ikkje
vanskeleg å visa at dei ofte gjaldt ulike syn på viktige norske politiske saker. Det rikhaldige
norske og internasjonale kjeldematerialet eg har arbeidd med, har derimot overtydd meg om
at dei eigentlege årsakene til NKP-oppgjeret i 1949 låg i at russarane meinte at Furubotn var
ein for sjølvstendig kommunistleiar. Etter tilstramminga i kommunistrørsla i 1947 kunne dei
ikkje tillata at ein slik person leidde det norske kommunistpartiet.
Særleg med tanke på ein komande verdskrig var det viktig for russarane å ha militært
disiplinerte og lydige kommunistparti. Problemet var korleis dei skulle fjerna Furubotn. Høvet
baud seg under NKP-landsmøtet i februar 1949. Leiande kommunistar i aust- og
vesteuropeiske kommunistparti vart mobiliserte mot Furubotn på landsmøtet. Russarane
kunne difor halda seg i bakgrunnen i denne omgangen. Men stikk i strid med forventningane
(og opplegget?) gjekk Furubotn-fløya av med sigeren.
I den spente internasjonale stoda utover i 1949 stod berre eitt middel att for russarane og
Løvlien-fløya: eit operativt inngrep. Rajk-prosessen hausten 1949 gav den ideologiske
bakgrunnen. Valnederlaget for NKP i oktober gav påskotet til aksjonering.
Seinare har ein hekta seg opp i at hovudaktøren under partikuppet, Johan Strand Johansen,
var i mental ubalanse. Det har blitt ein tendens til å sjå kuppet som ein einmannsaksjon som
dei andre partileiarane måtte følgja opp. Ein skal hugsa at Strand Johansen ikkje handla åleine,
og at han hadde med seg elles ansvarlege og balanserte folk. Teorien om Strand Johansen som
ubalansert einmannsaktør er sannsynlegvis ei blindgate. Vi må i denne samanhengen ikkje
gløyma at russarane nytta drastiske middel og ekstreme torturmetodar under oppgjera i dei
austeuropeiske kommunistpartia. Dei hadde også sine kontaktar i dei vesteuropeiske
kommunistpartia. For russarane var midla underordna i høve til at målet vart oppnådd: ved
eit passande høve å kvitta seg med den lovleg valde Furubotn-leiinga. Det lykkast gjennom
aksjonen til Strand Johansen.
Det er all grunn til å hevda at russarane følgde nøye med i den indre utviklinga i NKP etter
landsmøtet i februar 1949. Problemet er å fastleggja stega deira inntil det small den 26.
oktober 1949. Her treng ein ikkje gje seg av mangel på skriftlege kjelder. Ein historikar kan
faktisk ikkje venta å finna skriftlege kjelder i dette høvet. Difor kan han heller ikkje la mangelen
på slike kjelder innebera at direkte russisk innblanding er lite tenkjeleg. Det er kanskje nettopp
det eventuelle russiske aktørar har tenkt når dei har førebudd opplegget sitt.
Munnlege kjelder vil truleg kunna gje verdifulle vink i denne leia. I ei slik undersøking står
spørsmålet om metodar sentralt. Det gjeld òg spørsmålet om den verkelege Furubotn mellom
dei relativt få orda han skreiv og standpunkta han tok i dei ulike partisakene. På den eine sida
kan vi sjå at han var mellom dei fremste til å forsikra om at NKP var ein lojal medkjempar i den
internasjonale kommunistiske fronten. Poenget er at det ikkje provar at han var Moskva-
lojalist.
Som sovjetspesialisten Alec Nove (1915–1994) hevda i ein samtale eg hadde med han i
Cambridge i vår: Den opposisjonelle kommunistleiaren vil så å seia aldri avsløra avvika sine i
offisielle samanhengar som talar, artiklar m.m. Han vil i slike høve som regel vera meir katolsk
enn paven sjølv. Elles ville han i den stalinistiske fasen missa posisjonane han hadde til varsamt
å prøva seg med særstandpunkta sine.
Som Nove og sa: Vi må gå bak kulissane for å skilja ut dei opposisjonelle kommunistleiarane.
På nytt står dei munnlege kjeldene sentralt. Dei har også vore viktige supplement for meg i
arbeidet mitt med kommunistpartiet 1945–1950. Då blir ein klår over avvikaren Furubotn. Det
kan ein og bli ved å ta føre seg nokre av dei offisielle synspunkta hans.
Vi skal her sjå på utforminga av det vi kan kalla suverenitetssynet hans. Han skreiv sommaren
1947, då det var klårt at det gjekk mot ein ny kald krig:
Spørsmålet om Norges suverenitet inntar en særstilling i vårt lands historie sammenliknet med den plass
suverenitetsspørsmålet inntar i historien i mange andre land. En må av dette trekke den slutning at dette
trekk i nasjonens liv forplikter oss nordmenn i særlig grad til å bringe alle interessespørsmål i politikken
i samsvar med grunnlaget for nasjonens og folkets liv: Norges suverenitet.
Det norske folk står derfor i virkeligheten overfor spørsmålet om å gjøre suvereniteten til det
spørsmål som danner selve utgangspunktet for all politikk i Norge. Slik har vår historie stilt
spørsmålet. (Furubotns eigne understrekingar.)
For ein kommunist var dette eit djervt perspektiv i 1948–1949. Det blir klårt når vi ser korleis
Løvlien avviste parolen til Furubotn november 1948:
Dette er ikke riktig... Klassekravet må være det viktigste. Den som har lest litt Lenin, vet det. Også den
nasjonale suverenitet må underordnes klassekravet. I motsatt fall havner vi i en nasjonalistisk sump, slik
som det jugoslaviske partiet. Det kan komme en tid da spørsmålet står noget anderledes. Diskuterte
med finske kamerater i høst. De stilte spørsmålet omtrent slik som jeg gjør nå ... Det kan komme en tid
da vi må stille sp[ørsmål] slik at den nasj[onale] suverenitet er underlagt den internasjonale klassekamps
krav...
I klårtekst var den internasjonale klassekamps krav det same som Sovjetunionens krav. Det
visste Furubotn. Di meir dristig blir suverenitetstanken hans og forsvaret hans av den.
Materialet eg har gjennomgått, syner at suverenitetssynet hans ikkje er eit isolert "avvik". Det
er tvert om heilt sentralt. Furubotns politiske praksis i fleire sentrale politiske saker syner at
han ofte var det motsette av Moskva-lojalist.
For så vidt er her eit framhald av dei gamle motsetnadene som daterte seg attende til slutten
av 1920-åra. Som den danske kommunistavisa Land og Folk skreiv i 1949: Årsaka til at
Furubotn gjekk av som partileiar i 1930 var at han ikkje kunne "indordne sig i et kollektivt
arbejde og ikke rettede sig efter de politiske beslutninger, der vedtoges af kongresser og
centralkomite". Dette stemmer med Furubotns eigen versjon. Han hevda at han trekte seg
som formann i NKP i 1930 av di han ikkje ville følgja opp dei venstreekstremistiske Strassburg-
tesane som Komintern (Den kommunistiske internasjonale, skipa 1919, oppløyst 1943) pressa
fram i 1929. Den danske eks-kommunisten Kai Moltke har også fortalt at Furubotn var ein av
dei få i Komintern-apparatet i Moskva som ikkje ville bøya seg for denne lina.
Furubotn-fløyas objektive dilemma
Vil så det seia at Furubotn var anti-stalinist? Problemet stod ikkje slik. Furubotn var eit
menneske i utvikling – han hadde i seg motstridande tendensar på same tid. Han var slik sett
både stalinist og anti-stalinist. I alle høve var det sentralt at han hadde ein sterk personlegdom.
Han hadde tru på seg sjølv og sin eigen nasjon. Samstundes som han inntok uvanleg
sjølvstendige standpunkt i ei rekkje prinsipielle saker, bar han likevel i ein viss grad med seg
det eg vil kalla myten om oktoberrevolusjonen.
Denne myten var ei tru på at oktoberrevolusjonen frå 1917 var vellykka i den forstand at
Sovjetunionen no var i full sving med å realisera menneskerettar, velstand, folkestyre og
nasjonal frigjering i alle sovjetrepublikkane. Ifølgje denne myten var Sovjetunionen ein
levande og egalitær arbeidarstat – den internasjonale arbeidarklassens bolverk mot krig og
imperialisme. Kort sagt gjekk myten ut på at revolusjonen i Russland ikkje hadde degenerert
til det umenneskelege tyranniet som det faktisk var blitt under Stalin.
Som gammal Komintern-leiar gjennomskoda Furubotn meir av denne myten enn det som var
vanleg mellom kommunistar. Likevel såg han ikkje at stalinismen var eit eige politisk system
der despotiet var ein føresetnad for heile det sovjetiske samfunnsmaskineriet. Furubotn
trudde lenge at dei negative draga i Sovjetunionen var stygge utvokstrar på ein elles sunn
kropp. Desse utvokstrane bortforklåra han med at revolusjonen kom i eit så tilbakeliggjande
land som Russland. Basis var trass i alt sosialistisk. Med tid og stunder ville stoda betra seg i
Sovjetunionen, når også det internasjonale klimaet vart betre.
Dette tankesettet gjorde Furubotn-fløya nokså verjelaus andsynes kuppmetodane til
Løvlienfløya i 1949. Furubotn-folka hadde aktivt vore med på å stø opp under myten om
oktoberrevolusjonen. Det var naturleg for kvar kommunist. Slik hadde dei vore med og lagt
lykkja rundt sin eigen hals – utan at dei visste det. Difor kom også partioppgjeret som eit sjokk
for dei. Det var som om dei fekk åtaket i ryggen – frå ein kant dei ikkje hadde venta det. Dei
vart så å seia paralyserte då dei samstundes kjempa ein forbitra kamp mot mccarthyismen i
det norske samfunnet.
Dei var kringsette av fiendar. Det var likevel noko paradoksalt over haldninga deira. Dei ville
framleis vera lojale og aktive medkjemparar i den kommunistiske verdsrørsla – men utan å gje
avkall på dei politiske særstandpunkta eller det nasjonale sinnelaget sitt. Dette representerte
verdiar som hadde brent seg inn i dei då dei sat med leiinga for kommunistpartiet i kampen
mot tyskarane. Slike verdiar var det i røynda ikkje rom for i den staliniserte kommunistrørsla.
Fordi dei ikkje skjøna det, kom dei i gruppa kommunistar som Stalin kalla heiderlege tåpar.
Difor vart dei støytte ut i mørket.
Slik sett var myten om oktoberrevolusjonen Furubotn-fløyas ideologiske synkverving. Etterpå
kom mange av dei inn i ei langvarig politisk og ideologisk krise så dei vart meir eller mindre
lamma. På den måten fekk oppgjeret også til dels katastrofale menneskelege følgjer: Ein
generasjon av aktive overskotsmenneske gjekk i politisk passivitet for år framover. Idealismen
deira fekk ein knekk som få av dei har kome over. Såleis har myten om oktoberrevolusjonen
hatt langsiktige verknader i norsk politikk.
Det er grovt sett på bakgrunn av denne myten vi må forstå at Furubotn ikkje møtte på NKP-
landsmøtet i februar 1949 og tok nokon konfrontasjon. Ifølgje Kai Moltke frå Danmark som
var hos han då, ville han utsetja problemet kring dei motsetnadene som han såg mellom seg
og russarane i ulike politiske spørsmål. Ut frå myten om oktoberrevolusjonen ville han ha eit
modus vivendi med russarane. Vart det konfrontasjon, visste han at han kjempa mot
overmakta, slik kommunistrørsla var dressert i Sovjet-lojalitet i 1949. Ein slik kamp på så ulike
vilkår ville ha øydelagt vilkåra for eit modus vivendi.
Her var Furubotn taktikar og ville gjennomføra ein slags politisk geriljakrig. Ved å tilby seg å gå
av som partileiar som han òg gjorde under krisa i 1930, hadde Furubotn ein teoretisk sjanse
til å unngå konfrontasjon. Difor bad han alt frå 1947 om å få tre tilbake, men utan hell. Då han
likevel vart sitjande i generalsekretærvervet etter landsmøtet i februar 1949, kunne han
framleis – ut frå myten – ha von om at Moskva atter ville letta på den harde lina når den kalde
krigen gleid over.
Det var difor ikkje urimeleg om han tenkte at russarane før eller seinare vill sjå at lina hans var
"riktig" for Noreg. Bråe lineskifte var vanleg i kommunistrørsla og kunne nøra slike
forventningar. Han hadde sjølv vore svartelista av russarane tidlegare. Det at han vart ny NKP-
leiar i 1942, kunne få han til å tru at slike voner var realistiske. Hadde han ikkje blitt ekskludert
i 1949, er det ikkje utenkjeleg at han hadde kome i framgrunnen att etter "avstaliniseringa" i
1956.
Patriot og kommunist
Partikuppet den 26. oktober 1949 kom som eit sjokk på Furubotn-fløya. Då dei såg kva slag
maktmetodar motparten nytta, tok dei til motmæle.
Og her er vi ved sluttpoenget: Dersom Furubotn-fløya verkeleg hadde vore Moskva-lojal,
hadde dei bøygd seg for maktovertakinga til Løvlien-fløya. Særleg skulle dei ha gjort dette då
det i slutten av desember 1949 vart uomtvisteleg at Moskva stødde Løvlien. Denne
lojalitetslina var opphavleg gjeven gjennom Moskva-prosessane 1936–38. Rajk-prosessen i
Ungarn hausten 1949 hadde på nytt framheva denne særeigne forma for partidisiplin. Tilståing
– med døden til følgje – var partidisiplinen i ytste konsekvens. Fleire leiande opposisjonelle
kommunistar også i vest godtok denne typen sjølvsensur. Dei tilstod og fordømde både
påståtte og reelle avvik. Det var den prisen dei var viljuge til å betala for å bli i kommunistrørsla
– i truskap til den religiøse myten kring oktoberrevolusjonen. Som den franske
kommunistveteranen Charles Tillon (1897–1993) seier: "Eg let meg sperra inne i togn og
disiplin."
Her var det at Furubotn-fløya skilde seg ut. I staden for å under kasta seg tok dei kampen opp.
Som lovleg sentralstyre- og landsstyrefleirtal kalla dei inn landsstyret i NKPs namn. Dei
protesterte mot kuppmetodane. Dei ville ha open diskusjon og full oppklåring i partiet. Då
Moskva ope tonte flagg, innsåg dei at dei hadde tapt kampen om partimedlemene. Det var i
seg sjølv ei røynsle at Moskvas dom skulle avgjera eit norsk partioppgjer. Men framleis bøygde
dei seg ikkje. Dei gav heller ikkje opp dei prinsipielle synsmåtane sine, sjølv om dei vart
fordømde i Pravda i førsten av februar 1950.
Gjennom handlemåtane sine hadde Furubotn-fløya såleis synt at dei ikkje ville følgja myten
om oktoberrevolusjonen for kva pris som helst. Dei ville ikkje, som Information konstaterte i
februar 1949, vera noko "blindt kreatur" for Kominform. Rett nok inntok leiaren deira,
Furubotn, ei form for relativ truskap mot den forventa partidisiplinen. Han informerte ikkje
dei næraste medarbeidarane sine om at SUKP var den verkelege motparten hans. Dette tala
han berre om til eit fåtal av dei gamle medkjemparane sine frå 1920-åra.
På den måten let han seg stengja inne i togn og disiplin heilt fram til 1956. Først då tok han
bladet frå munnen – i motsetnad til Løvlien. Det var ein nådelaus sjølvkritikk han då kom med:
Vi kommunister har latt oss blinde av dogmatikkens slutninger og lojalitet mot det russiske parti i den
grad at det menneskelige ansvar er gått tapt...
Trass i denne sterke sjølvkritikken synte Furubotn berre ei relativ form for oktober-truskap.
Avvika, dei nasjonale særstandpunkta og handlemåtane hans, viser at han verkeleg gjorde
suverenitetstesen til utgangspunkt for politikken sin. Information var den einaste avisa i
Skandinavia i 1949 som såg at Furubotn var det folk flest ville meina var eit paradoks – "patriot
og kommunist".
Sidan samtida hadde vanskar med å klåra opp i hekseprosessen i kommunistpartiet, er det
ikkje underleg at ettertida har hatt vanskar med det same. Det er såleis naturleg at
avklåringsprosessen kring Furubotn-fløya enno vil ta si tid.
I denne avklåringsprosessen vil politikaren Peder Furubotn naturleg nok vera sentral. Men det
er òg viktig å vera klår over at Furubotn i større perspektiv først og fremst var eksponent for
eit særskilt politisk straumdrag i norsk historie – karakterisert ved suverenitetstesen hans.
Dette straumdraget spela ei viktig rolle i norsk rikspolitikk 1942–1949, då Furubotn-fløya
dominerte i eit norsk riksparti, NKP. I denne samanhengen er det verdt å merkja seg at eit
hundretal leiande AUF-tillitsmenn gjekk inn i NKP under krigen. Denne ungdomsflokken var
fostra utanfor Komintern-atmosfæren i NKP, og kom til å utgjera grunnstamma i krinsen rundt
Furubotn.
Det som dette straumdraget representerte i si fulle breidd, bør stå i sentrum for komande
forsking og debatt.

More Related Content

More from Torgrim Titlestad

More from Torgrim Titlestad (9)

Den legendariske olavssaga
Den legendariske olavssagaDen legendariske olavssaga
Den legendariske olavssaga
 
Morkinskinna
MorkinskinnaMorkinskinna
Morkinskinna
 
Tsarens Admiral
Tsarens AdmiralTsarens Admiral
Tsarens Admiral
 
Norge i vikingtid
Norge i vikingtidNorge i vikingtid
Norge i vikingtid
 
Vikingtid, motstandsrett og folkestyre
Vikingtid, motstandsrett og folkestyreVikingtid, motstandsrett og folkestyre
Vikingtid, motstandsrett og folkestyre
 
Slaget i hafrsfjord informasjon
Slaget i hafrsfjord informasjonSlaget i hafrsfjord informasjon
Slaget i hafrsfjord informasjon
 
Viking legacy
Viking legacy  Viking legacy
Viking legacy
 
Presseinfo venstresiden mellom demokrati og diktatur
Presseinfo venstresiden mellom demokrati og diktaturPresseinfo venstresiden mellom demokrati og diktatur
Presseinfo venstresiden mellom demokrati og diktatur
 
Tilbake til sagaene
Tilbake til sagaeneTilbake til sagaene
Tilbake til sagaene
 

Ein moderne hekseprosess – då kommunistpartiet sprakk i 1949

  • 1. Torgrim Titlestad: Ein moderne heksesprosess – då kommunistpartiet sprakk i 1949 Tidligere utgitt i Syn og Segn nr. 9/1979, s. 515. På NKPs landsmøte i 1949 hadde Furubotn-fløya ⅔ fleirtal. For uinnvigde kom det derfor som ein sensasjon då Løvlienfløya frå oktober same år kunne overta leiinga av partiet. Med utgangspunkt i skriftlege og munnlege kjelder syner Torgrim Titlestad at i aust- og vesteuropeisk perspektiv låg ikkje det sensasjonelle i at Furubotn-flokken vart ekskludert og at toppen av partipyramiden melde seg ut, men at Furubotn-fløya i det heile hadde våga å stå Moskva midt imot! Stalin ville heller ha Løvliens lojalitet enn Furubotns nasjonale særstandpunkt, og NKP- oppgjeret i 1949 gir oss ifølgje Titlestad eit framifrå høve til nærstudium av stalinisme på norsk jord. Samstundes vitnar presseklippa og karikaturteikningane om korleis mccarthyismen og den kalde krigen var med og skapte spekulasjonar og hysteri. Politisk sensasjon Det er i oktober i år 30 år sidan NKP-oppgjeret i 1949. Då vart NKP kløyvd i to. På den eine sida stod Emil Løvlien (1899–1973) som leiar for dei som vann striden, markert gjennom NKPs ekstraordinære landsmøte i februar 1950. På den andre sida stod Furubotn i brodden for dei som tapte, "titoistane", "trotskistane", "dei borgarlege nasjonalistane", "imperialismens agentar" m.m., som dei vart kalla. NKP-oppgjeret byrja med ein tale den 20. oktober av tidlegare stortingsmann og statsråd for NKP i 1945, Johan Strand Johansen (1903–1970). Den 26. oktober nådde oppgjeret eit mellombels klimaks. Då erobra Strand Johansen og ein flokk handsterke karar partikontora til NKP – gjennom ei regelrett fysisk maktovertaking. Bakgrunnen for denne uvanlege aksjonen var at Furubotn-fløya hadde vunne bortimot ⅔ fleirtal på NKP-landsmøtet i februar 1949. Ved å "ta" partikontora ville Strand Johansen redda
  • 2. partiet frå "imperialismens agentar". Samstundes hadde han openlyst voner om å finna prov for at Furubotn-folka verkeleg arbeidde for amerikanarane. Etter Rajk-prosessen i Ungarn i september 1949 var dette i røynda ikkje eit vitlaust påfunn av ein leiande kommunist. Denne prosessen hadde tent som skuleeksempel for kommunistane til å "avsløra" korleis amerikanarane og engelskmennene via "titoistar" trengde seg inn i leiingane for kommunistpartia verda over. Slik sett handla Strand Johansen fornuftig når han slo ned på norske "imperialistiske agentar", dvs. Furubotn-flokken. I det ideologiske skjemaet hans var det ikkje gal manns tale då han sa om Furubotn-folka: "Denne gemene hop burde vært dømt til døden ved hengning!" Det var nemleg den vanlege dommen for dei mest framskotne "titoistane" og "imperialistiske agentane" i Aust-Europa. Noko anna er at dette verka vanvettig på norsk opinion. Dette er også sentralt ved NKP-oppgjeret: Det harmonerte med dei store utreinskingane i Aust-Europa og var det mest dramatiske i eit vesteuropeisk kommunistparti. Difor vekte det også europeisk interesse og fylte avisteigane i skandinaviske presseorgan. Det er sannsynlegvis ikkje for sterkt å seia at dette var den største politiske sensasjonen i skandinavisk presse på mange år både før og etter 1949. Ser ein på det talmessige resultatet av dei norske utreinskingane, er ikkje tala så overveldande. Bortimot 200 av Furubotnflokken vart ekskluderte. Om lag 500 melde seg ut. Av 14000–15000 medlemer var dette eit lågt tal. Poenget er at det var toppen av partipyramiden som måtte gå. For ein stor del var det leiarane frå krigstida: dei mest aktive i partiet. I dag er NKP-oppgjeret interessant ut frå fleire synsvinklar. Det kan fortelja oss kor katastrofalt bindingane til ei makt utanfor landets grenser (Sovjetunionen) slo ut for eit norsk parti (NKP). Vi får høve til eit nærstudium av stalinismen på norsk jord. Likeins får vi innsyn i korleis ein oppiska politisk atmosfære (den kalde krigen) hindra folk flest i å skjøna kva som verkeleg hende i dette oppgjeret. Her er vurderingane i norsk presse særleg verde eit studium. I den samanhengen må ein dra inn den norske mccarthyismen og korleis den verka med til å skapa hysteri kring oppgjeret.
  • 3. I. Med samtida sine augo Norsk presse vurderer landsmøtet i NKP i 1949 Landsmøtet i NKP gav støyten til ei rekkje spekulasjonar i pressa. Forvirringa og uvissa var stor. Kva hadde eigentleg skjedd? Det gjorde ikkje stoda betre at kommunistavisene var utan møtereferat og liste over dei nye sentralstyremedlemene. Verdens Gang var først ute: "Furubotn satt utenfor Kommunistpartiet". Avisa hadde blanda i hop noko rett og noko urett. Jørgen Vogt skulle vera avsett frå Friheten (hovudorganet til NKP, dagsavis i 1949) og Furubotn som partileiar. Det rette var at det hadde vore sterke motsetnader på partilandsmøtet, og at Furubotn ikkje hadde møtt fram – stikk i strid med den kommunistiske tradisjon, som jo krever at den som partiet setter i verk sanksjoner overfor, først skal stå fram og sanne syndene sine. Meldingane i Verdens Gang vekte stor oppsikt. Avisa tala sjølv om "temmelig sensasjonelle nyheter". Norsk Telegrambyrå (NTB) intervjua Emil Løvlien. Han svara på spørsmålet om Furubotns påståtte avgang: "Jeg kan bare uttale meg om partiets politikk, som jeg som formann er en eksponent for." Samstundes avkrefta Dagbladet meldinga om at Furubotn var gått av. Norges Handels- og Sjøfartstidende melde derimot at Furubotn hadde drege seg attende for å driva studiearbeid. Han kom heretter ikkje til å ha "noen spesiell stilling i partiet". Onsdag den 9. februar melde så Varden heilt riktig at Furubotn hadde bede seg friteken frå vervet som generalsekretær. Johannes Landfald frå NKP opplyste: "Inntil Sentralstyret har tatt stilling til saken fortsetter herr Furubotn som før." Furubotn var altså framleis den øvste leiaren i partiet. Arbeiderbladet hadde synt seg å vera den mest velinformerte, liksom under NKP-landsmøtet i 1946. Då hadde overskrifta vore: "Det trekker opp til storm innen Kommunistpartiet". No
  • 4. stod det over fem spalter: "Ikke ett, men to kommunistpartier i Norge! Et voldsomt indre oppgjør på kommunistpartiets landsmøte." Arbeiderbladet fortalde at Furubotn ynskte å gå av. Det vart oppfatta som oppsiktsvekkjande på bakgrunn av maktkampen i partiet. Det rimelege ville jo vera at Furubotn tviheldt på makta si. Arbeiderbladet kommenterte: Men en kjenner Furubotn dårlig, dersom en tror at han i denne tiden har ligget i dvale på villaen sin på Ljan. Han har drevet et systematisk fraksjonsarbeid, han har ledet en sentral i partiet som har vært like virksom som partikontoret – Ljans-sentralen som den ble kalt på landsmøtet. Arbeiderbladet hevda at ingen måtte la seg villeia i NKP-striden. Det var ikkje spørsmål om politikk, men makt og ulik taktikk. Rett nok hadde Løvlien fått utanlandsk støtte, skreiv avisa. Målsmenn for dei andre europeiske kommunistpartia hadde rykt ut mot Furubotn. Arbeiderbladet åtvara lesarane: Moskva lytter til begge, Moskva bruker begge. Og Moskva bruker også andre grupper innen partiet. De aviser som har antydet at kommunistpartiet vil bryte med Moskva er feil orientert. Arbeiderbladet spekulerte: Det er grunner (...) som taler for at kommunistpartiet har sine illegale grupper i virksomhet og er så tilfelle, er det mye som taler for at Peder Furubotn er den egentlige leder for den klan av partiapparatet som står i nærmeste kontakt med russerne. Furubotn var den beinharde, prinsipielle kommunisten som ville slutta seg til Kominform (informasjonsbyrået til dei kommunistiske partia, skipa i 1947). Løvlien var ein meir taktisk- opportunistisk og vaklevoren kommunist. Aftenposten var snar til å ta opp teorien til Arbeiderbladet. I kveldsutgåva laurdag den 16. februar hadde avisa intervju med Løvlien. Dei spurde om opplysningane i Arbeiderbladet var rette: "Jeg har ikke sagt noe før og vil ikke si noe nu. Men folk får befatte seg med kannestøperier så mye de vil for meg..."
  • 5. Om måndagen peika Morgenbladet på at Friheten enno ikkje hadde avsanna dei krasse meldingane i Arbeiderbladet. Danske reaksjonar NKP-landsmøtet vekte stor oppsikt i Danmark. Den danske kommunistavisa Land og Folk prøvde å dekkja over motsetnadene som andre danske aviser spekulerte i. Den 13. februar hadde Berlingske Tidende eit sensasjonsoppslag på første side. Artikkelen var skriven av den kjende journalisten Tage Mortensen. Furubotn stod i fokus: "Den grå eminence i villaen på Ljan ... de nordiske kommunisters mystiske mann." Mortensen hylla Furubotn inn i eit slør av mystikk. Han hevda at det ikkje eksisterte noko bilete av Furubotn. Furubotn hadde ikkje tala på noko offentleg møte sidan 1939, skreiv han. Det heitte òg, refererte Morgenavisen: ... en kan ikke få tak i ham i telefonen. Tilhengere får foretrede for ham i hans elegante villa på Ljan. Villaen er de norske kommunisters Kreml... Hans tilhengere skildrer ham som en høy, kraftig mann med et markert ansikt under et mørkt hår, utpreget bondeskikkelse med hvasse øyne, en Stalin-aktig despot og desperado... Mortensen ymta om at Furubotn visste meir om russisk politikk i Norden enn nokon annan. Det heitte at Furubotn hadde samband med Kominform gjennom kurerar: Det er usikkerhet nok i de nordiske kommunistpartier i denne tid. Deres talere tordner mot Marshall- hjelp og Atlanterhavspakt, men kritikken er negativ. Før det er klart hva Moskva vil, får ingen vite hva kommunistene i Norden vil. Muligens er beslutningen truffet i Kreml. Men er den det, kjennes den i hvert fall i de nordiske land bare av en mann, Peder Furubotn på Ljan... På denne bakgrunn var Mortensen i tvil om at "den tidligere så mektige mann innenfor Nordens hemmelige kommunistiske organisasjonsnett" var fallen i unåde. I Information fanst det mindre av det Land og Folk kalla "feberfantasien". Avisa sette usemja i NKP inn i eit nordisk kommunistperspektiv. Ho meinte at "den internationale usikkerhed og frygten for en nært forestaaende krig mellem Øst og Vest" skapte uro og ulikt syn på taktiske
  • 6. spørsmål. Når det galdt Furubotn, skilde avisa seg frå vurderingane i alle dei andre skandinaviske avisene: Naar man nu tror at Furubotn er blevet lukket ude, skyldes det dels at man ved, at han er en forholdsvis moderat mand, som ikke ønsker at optræde som blindt kreatur for Kominform... Partikløyvinga i oktober 1949 Landsmøtet i NKP hadde trass i alt gjeve den avklåringa at Furubotn-fløya fekk bortimot ⅔ fleirtal i dei styrande organa i partiet. Løvlien-fløya mista det fleirtalet dei hadde hatt sidan landsmøtet i 1946. På denne bakgrunnen kunne ein venta at Furubotn-fløya hadde brukt maktmidla sine til å slå motstandarane ned, slik det var vanleg i kommunistrørsla Det skjedde ikkje. Partidiskusjonen fekk halda fram. Mindretalet hadde altså vilkår for å "lufta ut". Slik sett skulle ein ikkje venta nokon ny dramatikk. endå mindre ettersom Furubotnfløya i siste instans sat med dei organisatoriske maktmidla. Så kom det dramatiske partikuppet den 26. oktober – som lyn frå klår himmel. Kuppet vekte internasjonal oppsikt. Svensk, dansk og vesttysk presse var særskilt interessert i det som skjedde. Verdens Gang kom inn på det internasjonale perspektivet: De øst-europeiske kommunistpartier er nå fullt opptatt med å fjerne alle mistenkelige elementer fra partiets og fra statens ledelse. Det ser imidlertid ut til at omfanget av disse utrenskningene øker – titoismen viser seg å være langt alvorligere for Kominform, enn hva man antok da bruddet med Tito skjedde. Rajk-prosessen vil sannsynligvis danne mønsteret for en rekke like viktige saker i andre øst- europeiske land... Avisa meinte at det norske partikuppet var: et rystende og til dels tragi-komisk spill ... Både det som blir meddelt offisielt og det som etter hvert siver ut om hendingene bak kulissene, gir et bilde av forhold, kontakter og metoder som ikke har hjemstavnsrett i norsk politikk. Pressa undra seg storleg over at Furubotn-fleirtalet ikkje sette seg til motverje. Dagbladet skreiv:
  • 7. Mindretallet i sentralstyret avsetter flertallet. Og flertallet lusker ydmykt unna. De nekter å uttale seg. De legger for dagen en så utpreget mildhet at en skulle nesten tro de var redd. Redd for hva? I den kalde krigens tid fekk denne tanken rom: var Furubotn redd for å bli likvidert? Så seint som i 1953 hevda Dagens Nyheter dette. Bladet kommenterte utreinskinga av dei tsjekkiske partileiarane i 1952: Pragprocessen tycks ha inverkat förödande inom dessa kretser [Furubotn-fløya]. Man är bokstavligen livrädd med tanke på rysk invasion, fruktar att bli skjuten av ryssarna liksom de utpekade "forrädarna" i lydländerna – och de välsinnade kommunisterna med tsjekatypen Strand Johansen i spetsen, gör allt för att underblåsa denna rädsla... Den utanlandske pressa var snøgg til å peika på dei internasjonale samanhengane i 1949. Oslo- avisene var snare til å gje att meldinga i svenske aviser om at ein utreinskingsekspert frå Kominform hadde vore i Stockholm og Oslo for å setja oppgjeret i gang. Der Tag i Vest-Berlin hevda at Furubotn var utstøytt, av di han høyrde til ein ny og anti-stalinistisk organisasjon, RCI, Resurrection Communiste Internationale. Denne internasjonale organisasjonen var skipa av ein tidlegare framskoten fransk kommunist, Marcel Carvin. Organisasjonen skulle ha leiande avvikarkommunistar bak seg. Utanom Furubotn galdt det mellom anna Wladislaw Gomulka (1905–1982) i Polen, Traiko Kostov (1997–1949) i Bugaria, Laszlo Rajk (1909–1949) i Ungarn, Vaphiadis Markos i Hellas og Josip Broz Tito (1892–1980) i Jugoslavia. RCI var skipa i Napoli i 1946, heitte det. Føremålet var å avskaffa diktaturet frå Moskva og omorganisera den kommunistiske rørsla. Dagbladet refererte: Dette programmet fra Napoli har vunnet mange tilhengere, særlig i Øst-Europa. Mange prominente representanter for kommunismen i disse land har vært nødt til i sine lands interesser å handle etter disse retningslinjer, enten etter egen beslutning eller i forbindelse med RCI. Der Tag meinte at Moskva hadde særskild grunn til å frykta RCI, av di: "alle menn innen RCI har gått skolen i Moskva og på det mest nøyaktige kjenner Sovjets metoder." Her kom også Furubotn inn i biletet. Der Tag rekna han som carvinist. Per Meurling i Sverige avviste teorien om Furubotn som anti-stalinist. Han peika på at Furubotn hadde fordømt Tito og titoismen i vanleg kommunistisk terminologi. I november 1949 reiste ein norsk delegasjon
  • 8. med journalistar til Jugoslavia. Dei tok opp denne saka i samtale med Tito. Han spurde "optimistisk" om kor sterkt Furubotn stod i Noreg. Oslo-pressa slo samtalen stort opp. Friheten greip etter meldinga og tok ho som ei stadfesting på at det lenge hadde vore intim kontakt mellom Furubotnfløya og jugoslavane: "Titos interesse for Norge er ikke av ny dato." I den internasjonale kommunistpressa var kommentarane einstonige. Både Neues Deutschland og Land og Folk tala om at NKP hadde operert vekk ein kreftsvulst. Neues Deutschland slo til freds fast at endeleg var "denne fienden av Noregs Kommunistiske Parti, Sovjetunionen og folkedemokratia" fjerna. No hadde NKP fått "føresetnadene for eit stort oppsving..." "Historiens største forbryter" Furubotn var den sentrale personen i avisskrivinga. "Historiens største forbryter", som Strand Johansen hadde kalla han. Pressa jakta på han. Fru Furubotn avviste alle journalistar som kom ut på Ljan. Ho svara at Furubotn var i Valdres. Avisene godtok ikkje svaret til Gina. Arbeiderbladet avsanna at han var i "partisanhovedkvarteret". Morgenavisen spurde: "Er Furubotn i Moskva?" Svenske aviser hevda at han hadde vore over i Sverige til samråding med svenske kommunistar i Mangskog. Dei hevda at han hadde hatt krigshovudkvarter der. (Det var feil. Derimot hadde NKP-leinga i Noreg hausten 1944 planta eit rykte om at dei var i Sverige: Dette var ein "desinformasjon" til Gestapo.) Mannen var som sokken i jorda. Så kom det for ein dag: Han hadde vore i Oslo heile tida, "i dekning", skreiv Arbeiderbladet. I mellomtida hadde Oslo-avisene nytta dagane til spekulasjonar om Furubotn. Den 2. november skildra Verdens Gang han som "TERRORENS MANN". Under krigen hadde han kjent seg i sitt ess – med revolver i baklomma og handgranatar på lett tilgjengelege stader. Partifellane hadde frykta fysiske overgrep frå Furubotn, heitte det: Den dødelige redsel Strand Johansen ga uttrykk for på tillitsmannsmøtet var på ingen måte ugrunnet. Furubotn har mer enn en gang truet sine partifeller, og han har truet dem på livet. Problemet var om ein skulle gå god for at Furubotn verkeleg var utstøytt. Kunne det vera eit planlagt skodespel frå Moskva? Hadde russarane "ekskludert" han for at han skulle få arbeidsfred – for å førebu sovjetisering av Noreg? Tanken var ikkje framand for Verdens Gang.
  • 9. Bladet tvilte på at Løvlien hadde den støtta frå Moskva som han sjølv sa han hadde. Kanskje var Furubotngruppa "Moskvas etterretningsagenter". Furubotn hadde langt større dimensjonar enn parlamentarikaren Emil Løvlien: "Det han kan by Moskva er ganske andre håndgripelige greier enn Løvlien-gruppens mislykte svadapolitikk." Furubotns hemmelege kommunisthær? Etter partikuppet på NKP-kontora den 26. oktober eksploderte ei ny bombe den 31. oktober. Arbeiderbladet var først ute med sensasjonen. Avisa påstod at kommunistane stod bak omfattande våpentjuveri over heile landet. Bakgrunnen var det Strand Johansen skulle ha sagt om at Furubotn hadde eit hemmeleg militærapparat. Arbeiderbladet peika på at ei rekkje av dei større tjuveria ikkje var oppklåra, og at dei for det meste galdt ammunisjon og sabotasjemateriell. Bladet nemnde at våpenstelinga hadde auka i 1949. Berre det året hadde det kome bort 15000 mitraljøseskot. Det verste var likevel at tjuvar hadde stukke av med 1300 heimevernsuniformer frå Akershus festning. Samanhengen tyktest vera openberr: Var det den hemmelege hæren til Furubotn som væpna seg? Samstundes melde Velgeren på Gjøvik ein ny sensasjon. Bladet kunne "avsløra" kommunistiske våpenøvingar på Skriulægeret sommaren 1948. Politiet hadde bede pressa teia stilt så saka kunne oppklårast. Men no var tida inne til å ta bladet frå munnen. Opplysningane var skremmande. 20–30 kommunistar hadde budd på hytter kring det tidlegare krigshovudkvarteret til Furubotn. Dei hadde fått undervisning i sabotasje og våpenbruk. I tillegg hadde dei fått teoretisk undervisning i "aksjonsteknikk", skreiv Velgeren. Dagens Nyheter var forstøkt over denne meldinga og skreiv: "Manövrerena" uppe i de ödsliga fjälltrakterna, 25 mil nordväst om Oslo, var så heta att folk i bygden svävade i livsfara ... En tidningsredaktör från Gjövik, som befann sig på en utflykt i fjällen, var en gång nära att träffas av elden från de unga kommunistskyttarnas vapen... Opplysningane gjekk som ein farang over norsk og skandinavisk presse. Rett nok låg det ikkje føre prov, og heile saka var til etterforsking.
  • 10. Avisene var likevel overtydde. Verdens Gang skreiv: "Det er grunn til å tro at en organisasjon av denne art eksisterer." Dagens Nyheter meinte: Norska hemvärnet har infiltrerats av kommunister. Kriminalchefen i Oslo, F. F. Kaltenborn, uttalade i dag att det "inte är fullt bevisat" att det existerar en dylik hemlig organisation, och det verkar ju nästan som en halv bekräftelse på motsatsen. På välinformerat håll i Oslo är man närmast overtygat om att kommunisterna metodiskt driver en infiltreringstaktik, som går ut på att trogna Furubotnanhängare smusslas in på strategiskt viktiga poster, exempelvis i hemvärnorganisationerna. (Mine understrekingar.) Søkjelyset fall no på Heimevernet. Morgenbladet hevda at der kommunistpartiet stod sterkt, stod det og sterkt i Heimevernet: På sine steder har nok den kommunistiske infiltrasjonen vært så sterk at sikkerhetsgrensene har vært overskredet. Det gjelder slike steder som Jevnaker, Modum, Ø. Eiker, Engerdal. Åmot, Laksevåg og andre steder nordpå. På flere steder har denne kommunistiske infiltrasjonen gått opp i over 20 prosent, og det har også vist seg at kommunistiske områdesjefer har fått kommunistiske medarbeidere. Pressedramatikken fekk eit nytt oppsving i midten av november då politiet offentleggjorde ein rapport etter å ha granska skuldingane til Strand Johansen. Han hadde påstått at Furubotn hadde prøvd å drepa han ved å senda han ein bil utan bremsar. Mordskuldingane hadde drive politiet inn i det indre NKP-oppgjeret. Politiet hadde kalla inn tretti vitne. Mellom dei var dei fremste kommunistane i Oslo, Furubotn, Halvorsen, Løvlien, Knut Willoch osb. Politiet fann ikkje noko grunnlag for skuldingane. Dei godtok vitna som sa at Strand Johansen var ute av mental balanse. Det han ifølgje Arbeiderbladet skulle ha sagt om Furubotns hemmelege militære apparat, vart avsanna både av Furubotn- og Løvlienfløya. Berre ein person sa at orda hadde falle slik Arbeiderbladet hevda. Heller ikkje her fann politiet fram til prov.
  • 11. Arbeiderbladet var ikkje nøgd med etterforskinga til politiet og insinuerte at politirapporten var ein dekkmanøver frå politiet si side: Politiet må jo være forsiktig og nøktern i sine erklæringer, men ellers minner det som nå er sendt ut, litt for mye om det som fra tid til annen gikk ut før krigen når det gjaldt Quislings virksomhet. Den var ikke fullt så uskyldig som politiet gjerne ga det utseende av... For flittige avislesarar fanst det ein jungel av skiftande opplysningar og meiningar om det norske partioppgjeret. Synsmåtane stod beint mot einannan og kryssa kvarandre, fall saman med kvarandre og sprikte. Det var ikkje greitt å orientera seg. Det var lett å tru på dei avisene ein hadde gammal tillit til. Men det var ingen garanti. Korkje våpen- eller uniformstjuveria let seg spora attende til kommunistane. Påstandane om våpenøvingane til Furubotn løyste seg og opp i inkje. For NKP var all presseskrivinga eit hardt slag, kor som er. Kuppet hadde utvikla seg til ein tragikomedie. Somme døypte NKP om til "Norges Komiske Parti". Det hadde og sin bakgrunn i realitetane. Den 30. juli hadde Friheten meldt at russarane og polakkane tinga om å kjøpa 50000 tynner nordsjøsild frå norske fiskarar. Det ville vera bra for fiskarane om avtalen gjekk i orden. Elles ville dei ikkje bli av med fangsten. Etter partidramaet i oktober ville folketunga ha det til at det ikkje vart noko av denne handelen. Russarane ville ikkje lenger ha dei norske sildetynnene. Det var furubotn i dei, sa russarane. Løvlien følgde opp, heitte det på folkemunne. Han slutta å bruka tresko heime på småbruket i Løten. Det var furubotn i dei og... II. I ettertida sine augo Tidlegare synsmåtar Den som leitar etter årsakene til oppgjeret i NKP i 1949, vil finna ei rekkje motstridande synsmåtar. Grovt sett finn vi to samtidsforklåringar. På den eine sida er det dei som hevdar at kuppet botna i norske årsaker. På den andre sida er det dei som meiner at det hadde internasjonalt (russisk) opphav. Dinest kan vi sjå at synsmåtane endrar seg over tid. Vi kan tala om stalinistiske og etter-stalinistiske forklåringsfreistnader. Den første fasen går frå 1949 til
  • 12. 1956, den andre frå 1956 til våre dagar. Forklåringane til dei som sette i verk og vart offer for oppgjeret, er sentrale. Vi kan kalla dei for aktørversjonane. Løvlien-versjonane Fram til Stalins død i 1953 og til oppgjeret i SUKP (Sovjetunionens kommunistiske parti) i 1956 la Løvlien-fløya vekt på norske faktorar. Det var politiske feil, titoisme og fraksjonell organisasjonspraksis som førte til oppgjeret med Furubotn, hevda Løvlien-fløya. Ettersom det intense oppgjeret kom på avstand, fall agent-komplekset i bakgrunnen. Kuppet var likevel vanskeleg å rettferdiggjera. Løvlien hadde ei forklåring på reie hand. Han framstilte oppgjeret som eit opprør frå partimedlemene. På den måten fekk dei lovstridige metodane preg av å vera ei form for naudverjerett andsynes diktatoren Furubotn. Då Khrustsjov prøvde med avstalinisering i Sovjetunionen i 1956, kom det som ei bombe for dei stalinistiske partileiarane utanfor Sovjetunionen. Dei fleste tilpassa seg snøgt. Rett nok verka det ikkje tillitvekkjande når gamle stalinistar som Maurice Thorez (1900–1964), Walter Ulbricht (1893–1973), Aksel Larsen (1897–1972) og Emil Løvlien stod fram som anti-stalinistar. Norsk presse var tidleg ute med sarkastiske hint. Korleis ville Løvlien forklåra eksklusjonen av titoisten Furubotn – no som Khrustsjov hadde bede Tito om orsaking for dei grove skuldingane frå 1948 av – ? Då Løvlien kom frå Moskva etter den russiske partikongressen i 1956, fekk han dette spørsmålet. Ålmenta kunne sperra augo opp. Løvlien hevda at Furubotn var fremste representanten for "personkultusen" – dvs. stalinismen – i Noreg: En slik persondyrkelse er imidlertid det kommunistiske parti fremmed. Det er også fremmed for norsk folkelynne og førte bl.a. til at oppgjøret med Furubotn ble lettere for partiet vårt enn man hadde fryktet. Denne forklåringa fekk hevd i NKP etter 1956. Under den andre avstaliniseringsfasen i 1961 og fram til 1964 dukka spørsmålet opp på nytt. Henry Hoff gav denne NKP-forklåringa i Friheten i 1962: Forøvrig hadde vi en periode med vår egen personkultus i NKP. Det var personkultusen om Furubotn, som gjorde ham så stor at han boikottet landsmøtet i 1949, drev fraksjonell virksomhet og søkte å drive
  • 13. partiet inn i en vinglete politikk. Når flertallet på landsmøtet i 1949 kunne godta det skyldtes det trolig at mange av dem var så opptatt av selve personen Furubotn at de ikke selv beskjeftiget seg tilstrekkelig med de politiske spørsmål. Den personkultusen virket da også lammende på de politiske initiativ. Først på høsten 1949 evnet partiet å ta et oppgjør med Furubotn. En del fulgte ham under oppgjøret og flere av dem trolig mer av personlige følelsesmessige grunner enn av politiske grunner. Men personkultusbyllen ble operert bort slik som den nå opereres bort fra hele den kommunistiske bevegelse. (Mi understreking.) Ein gjennomgang av Friheten 1945–1950 viser at "personkultusen" av Furubotn er ein myte. På det ekstraordinære landsmøtet i 1950 slo dei t.d. opp bilete på 2 x 2 m av Løvlien – noko som aldri skjedde med Furubotn. Etter debatten 1962–1964 har ikkje NKP levert noka ny forklåring. Partiet har aldri teke tilbake eit ord av dei harde skuldingane mot Furubotn frå 1949. Oppgjeret synest vera tabu i partiet. Det kan i denne samanhengen vera freistande å sitera den sovjetrussiske lyrikaren Jevgenij Jevtusjenkos (f. 1932) ord om den stalinistiske historieskrivinga: "Sanninga er bytt ut med togn, og togna er i røynda ei lygn." Som ei samanfatting kan vi seia at NKP har presentert tre haldningar til oppgjeret: 1) 1949–1956: Oppgjer med titoistar og imperialistiske agentar. 2) 1956–1964: Oppgjer med "personkultusen". 3) 1964–: Inga ny forklåring, tabu. Furubotn-versjonane Forklåringa til Furubotn-fløya fell også i to delar, før og etter 1956. Inntil Stalins død i 1953 heldt Furubotn oppe den såkalla provokatørteorien. Kort sagt gjekk den ut på at britisk- amerikanske etterretningsorgan gjennom spesielle personar hadde fått leiande Løvlien-folk til å tru at Furubotn var hemmeleg agent for "klassefienden". Denne teorien var planta, heitte det, for å sprengja kommunistpartiet som etter valnederlaget i 1949 framleis hadde over 100 000 røyster. (Jfr. Stewart Steven (1935–2004) i "Operation Splinter Factor", London 1975 – på norsk 1976: "Dobbeltspill". Steven hevdar at CIA i 1949 på ulike måtar planta rykte om at leiande nasjonalkommunistar var amerikanske agentar – for å lamma kommunistrørsla. Jfr. òg
  • 14. meldingar i norsk presse i slutten av 1977 om at CIA også arbeidde gjennom norske presseorgan.) Furubotn-fløya såg t.d. carvinist-teorien som ein slik planta teori. Fram til 1956 kunne medarbeidarane hans merka ei gradvis avslapping i høve til 1949- forklåringa. Etter at Khrustsjov letta på sløret, tok Furubotn bladet frå munnen. Han hevda at oppgjeret i NKP var dirigert frå Moskva. Denne framstillinga heldt han fast ved til han døydde i 1975. Furubotn har altså gjeve to hovudforklåringar på partioppgjeret i 1949 (forklåringar som ikkje treng stå i strid med kvarandre): 1) 1949–1956: Oppgjeret som provokasjon frå det nasjonale og internasjonale storborgarskapet. 2) Oppgjeret som operativt inngrep frå Moskva. Andre synsmåtar På ikkje-kommunistisk hald har også forklåringane skifta. Fram til 1956 rådde det stor uvisse om kva som eigentleg hadde skjedd. Det spegla seg tydeleg av i Aschehougs leksikon frå 1956. Der står det om Furubotn: Seiv om han offisielt ved oppgjøret mellom de to kommunistfraksjoner etter Stortingsvalget 1949 trådte tilbake( ... ), ansees han fremdeles som en av Moskvas fremste tillitsmenn i Norge. Avstaliniseringa i Sovjetunionen og Furubotns eigne avsløringar gav styrke til teorien om Furubotn som ein norsk Tito, ei nemning han sjølv mislika sterkt. Etter kvart vart hovudtendensen å sjå NKP-oppgjeret som ein parallell til utreinskingane i Aust-Europa. Dette biletet sementerte Jahn Otto Johansen (f. 1934) i "Kommunismen i Norden" – eit nykelverk om nordisk kommunisme i 1960-åra. I 1970-åra syntest pendelen å svinga den andre vegen. Utgangspunktet ligg dels i ei hovudfagsoppgåve av Terje Halvorsen (f. 1940) frå 1970: "Fra motstandskamp til partistrid". På ein overtydande måte viser han at det fanst ei rekkje indre motsetnader i NKP 1945–1949. Han kunne ikkje finna noko prov for at Moskva hadde gripe inn i striden. Derimot fann han rikeleg med sitat som demonstrerte stalinisme på line med Løvlien-fløya. Han kom til at oppgjeret primært hadde norske røter. Halvorsen hevda at Strand
  • 15. Johansen utløyste oppgjeret på eiga hand. Han var i mental ubalanse, men gjerningane hans tvinga Løvlien, Lippe o.fl. til å følgja han. Seinare har andre faghistorikarar følgt i fotefaret til Halvorsen. Øivind Stenersen seier i Vekst og velstand: Det var Furubotns forsøk på å gjøre NKP til et lojalt talerør for Kominforms paroler som utløste den bitre, åpne fraksjonskampen i partiet på slutten av 1940-tallet. Det er tydeleg at Furubotns offisielle stalinisme veg tungt for desse omvurderingane. Personlege lyte har også blitt dregne fram. Fleire skribentar har nemnt alkoholproblema han stundom hadde, og reservasjonslaust gjort dei til ei hovudsak. Denne påstanden kom fram alt i 1956, då NKP laut forsvara seg mot avisskrivinga om at Furubotn skulle rehabiliterast på line med Tito. Friheten skreiv at "Furubotns dårlige forhold til Sovjetunionen... utelukkende skyldtes Furubotns egen moralske vandel..." Det var også ein måte å gå utanom det aktuelle kravet om gransking av 1949-oppgjeret. Vi ser altså korleis det har rådd og framleis rår ei rekkje motstridande og ulike synsmåtar på Furubotns rolle i NKP-oppgjeret og i norsk politikk. Det interessante er at ein samstundes finn talsmenn for nesten alle dei ulike teoriane den dag i dag. Det gjer at vi med rette kan tala om Furubotn som ein sterkt omtvista politikar. Nokre prinsipielle synspunkt på dei politiske årsakene til oppgjeret Det er lett på påvisa indre strid i NKP før partikuppet i 1949. Det hadde synt seg motsetnader under krigen, og dei slo ut alt på det ekstraordinære landsmøtet i 1945. Det er heller ikkje vanskeleg å visa at dei ofte gjaldt ulike syn på viktige norske politiske saker. Det rikhaldige norske og internasjonale kjeldematerialet eg har arbeidd med, har derimot overtydd meg om at dei eigentlege årsakene til NKP-oppgjeret i 1949 låg i at russarane meinte at Furubotn var ein for sjølvstendig kommunistleiar. Etter tilstramminga i kommunistrørsla i 1947 kunne dei ikkje tillata at ein slik person leidde det norske kommunistpartiet. Særleg med tanke på ein komande verdskrig var det viktig for russarane å ha militært disiplinerte og lydige kommunistparti. Problemet var korleis dei skulle fjerna Furubotn. Høvet
  • 16. baud seg under NKP-landsmøtet i februar 1949. Leiande kommunistar i aust- og vesteuropeiske kommunistparti vart mobiliserte mot Furubotn på landsmøtet. Russarane kunne difor halda seg i bakgrunnen i denne omgangen. Men stikk i strid med forventningane (og opplegget?) gjekk Furubotn-fløya av med sigeren. I den spente internasjonale stoda utover i 1949 stod berre eitt middel att for russarane og Løvlien-fløya: eit operativt inngrep. Rajk-prosessen hausten 1949 gav den ideologiske bakgrunnen. Valnederlaget for NKP i oktober gav påskotet til aksjonering. Seinare har ein hekta seg opp i at hovudaktøren under partikuppet, Johan Strand Johansen, var i mental ubalanse. Det har blitt ein tendens til å sjå kuppet som ein einmannsaksjon som dei andre partileiarane måtte følgja opp. Ein skal hugsa at Strand Johansen ikkje handla åleine, og at han hadde med seg elles ansvarlege og balanserte folk. Teorien om Strand Johansen som ubalansert einmannsaktør er sannsynlegvis ei blindgate. Vi må i denne samanhengen ikkje gløyma at russarane nytta drastiske middel og ekstreme torturmetodar under oppgjera i dei austeuropeiske kommunistpartia. Dei hadde også sine kontaktar i dei vesteuropeiske kommunistpartia. For russarane var midla underordna i høve til at målet vart oppnådd: ved eit passande høve å kvitta seg med den lovleg valde Furubotn-leiinga. Det lykkast gjennom aksjonen til Strand Johansen. Det er all grunn til å hevda at russarane følgde nøye med i den indre utviklinga i NKP etter landsmøtet i februar 1949. Problemet er å fastleggja stega deira inntil det small den 26. oktober 1949. Her treng ein ikkje gje seg av mangel på skriftlege kjelder. Ein historikar kan faktisk ikkje venta å finna skriftlege kjelder i dette høvet. Difor kan han heller ikkje la mangelen på slike kjelder innebera at direkte russisk innblanding er lite tenkjeleg. Det er kanskje nettopp det eventuelle russiske aktørar har tenkt når dei har førebudd opplegget sitt. Munnlege kjelder vil truleg kunna gje verdifulle vink i denne leia. I ei slik undersøking står spørsmålet om metodar sentralt. Det gjeld òg spørsmålet om den verkelege Furubotn mellom dei relativt få orda han skreiv og standpunkta han tok i dei ulike partisakene. På den eine sida kan vi sjå at han var mellom dei fremste til å forsikra om at NKP var ein lojal medkjempar i den
  • 17. internasjonale kommunistiske fronten. Poenget er at det ikkje provar at han var Moskva- lojalist. Som sovjetspesialisten Alec Nove (1915–1994) hevda i ein samtale eg hadde med han i Cambridge i vår: Den opposisjonelle kommunistleiaren vil så å seia aldri avsløra avvika sine i offisielle samanhengar som talar, artiklar m.m. Han vil i slike høve som regel vera meir katolsk enn paven sjølv. Elles ville han i den stalinistiske fasen missa posisjonane han hadde til varsamt å prøva seg med særstandpunkta sine. Som Nove og sa: Vi må gå bak kulissane for å skilja ut dei opposisjonelle kommunistleiarane. På nytt står dei munnlege kjeldene sentralt. Dei har også vore viktige supplement for meg i arbeidet mitt med kommunistpartiet 1945–1950. Då blir ein klår over avvikaren Furubotn. Det kan ein og bli ved å ta føre seg nokre av dei offisielle synspunkta hans. Vi skal her sjå på utforminga av det vi kan kalla suverenitetssynet hans. Han skreiv sommaren 1947, då det var klårt at det gjekk mot ein ny kald krig: Spørsmålet om Norges suverenitet inntar en særstilling i vårt lands historie sammenliknet med den plass suverenitetsspørsmålet inntar i historien i mange andre land. En må av dette trekke den slutning at dette trekk i nasjonens liv forplikter oss nordmenn i særlig grad til å bringe alle interessespørsmål i politikken i samsvar med grunnlaget for nasjonens og folkets liv: Norges suverenitet. Det norske folk står derfor i virkeligheten overfor spørsmålet om å gjøre suvereniteten til det spørsmål som danner selve utgangspunktet for all politikk i Norge. Slik har vår historie stilt spørsmålet. (Furubotns eigne understrekingar.) For ein kommunist var dette eit djervt perspektiv i 1948–1949. Det blir klårt når vi ser korleis Løvlien avviste parolen til Furubotn november 1948: Dette er ikke riktig... Klassekravet må være det viktigste. Den som har lest litt Lenin, vet det. Også den nasjonale suverenitet må underordnes klassekravet. I motsatt fall havner vi i en nasjonalistisk sump, slik som det jugoslaviske partiet. Det kan komme en tid da spørsmålet står noget anderledes. Diskuterte med finske kamerater i høst. De stilte spørsmålet omtrent slik som jeg gjør nå ... Det kan komme en tid
  • 18. da vi må stille sp[ørsmål] slik at den nasj[onale] suverenitet er underlagt den internasjonale klassekamps krav... I klårtekst var den internasjonale klassekamps krav det same som Sovjetunionens krav. Det visste Furubotn. Di meir dristig blir suverenitetstanken hans og forsvaret hans av den. Materialet eg har gjennomgått, syner at suverenitetssynet hans ikkje er eit isolert "avvik". Det er tvert om heilt sentralt. Furubotns politiske praksis i fleire sentrale politiske saker syner at han ofte var det motsette av Moskva-lojalist. For så vidt er her eit framhald av dei gamle motsetnadene som daterte seg attende til slutten av 1920-åra. Som den danske kommunistavisa Land og Folk skreiv i 1949: Årsaka til at Furubotn gjekk av som partileiar i 1930 var at han ikkje kunne "indordne sig i et kollektivt arbejde og ikke rettede sig efter de politiske beslutninger, der vedtoges af kongresser og centralkomite". Dette stemmer med Furubotns eigen versjon. Han hevda at han trekte seg som formann i NKP i 1930 av di han ikkje ville følgja opp dei venstreekstremistiske Strassburg- tesane som Komintern (Den kommunistiske internasjonale, skipa 1919, oppløyst 1943) pressa fram i 1929. Den danske eks-kommunisten Kai Moltke har også fortalt at Furubotn var ein av dei få i Komintern-apparatet i Moskva som ikkje ville bøya seg for denne lina. Furubotn-fløyas objektive dilemma Vil så det seia at Furubotn var anti-stalinist? Problemet stod ikkje slik. Furubotn var eit menneske i utvikling – han hadde i seg motstridande tendensar på same tid. Han var slik sett både stalinist og anti-stalinist. I alle høve var det sentralt at han hadde ein sterk personlegdom. Han hadde tru på seg sjølv og sin eigen nasjon. Samstundes som han inntok uvanleg sjølvstendige standpunkt i ei rekkje prinsipielle saker, bar han likevel i ein viss grad med seg det eg vil kalla myten om oktoberrevolusjonen. Denne myten var ei tru på at oktoberrevolusjonen frå 1917 var vellykka i den forstand at Sovjetunionen no var i full sving med å realisera menneskerettar, velstand, folkestyre og nasjonal frigjering i alle sovjetrepublikkane. Ifølgje denne myten var Sovjetunionen ein levande og egalitær arbeidarstat – den internasjonale arbeidarklassens bolverk mot krig og
  • 19. imperialisme. Kort sagt gjekk myten ut på at revolusjonen i Russland ikkje hadde degenerert til det umenneskelege tyranniet som det faktisk var blitt under Stalin. Som gammal Komintern-leiar gjennomskoda Furubotn meir av denne myten enn det som var vanleg mellom kommunistar. Likevel såg han ikkje at stalinismen var eit eige politisk system der despotiet var ein føresetnad for heile det sovjetiske samfunnsmaskineriet. Furubotn trudde lenge at dei negative draga i Sovjetunionen var stygge utvokstrar på ein elles sunn kropp. Desse utvokstrane bortforklåra han med at revolusjonen kom i eit så tilbakeliggjande land som Russland. Basis var trass i alt sosialistisk. Med tid og stunder ville stoda betra seg i Sovjetunionen, når også det internasjonale klimaet vart betre. Dette tankesettet gjorde Furubotn-fløya nokså verjelaus andsynes kuppmetodane til Løvlienfløya i 1949. Furubotn-folka hadde aktivt vore med på å stø opp under myten om oktoberrevolusjonen. Det var naturleg for kvar kommunist. Slik hadde dei vore med og lagt lykkja rundt sin eigen hals – utan at dei visste det. Difor kom også partioppgjeret som eit sjokk for dei. Det var som om dei fekk åtaket i ryggen – frå ein kant dei ikkje hadde venta det. Dei vart så å seia paralyserte då dei samstundes kjempa ein forbitra kamp mot mccarthyismen i det norske samfunnet. Dei var kringsette av fiendar. Det var likevel noko paradoksalt over haldninga deira. Dei ville framleis vera lojale og aktive medkjemparar i den kommunistiske verdsrørsla – men utan å gje avkall på dei politiske særstandpunkta eller det nasjonale sinnelaget sitt. Dette representerte verdiar som hadde brent seg inn i dei då dei sat med leiinga for kommunistpartiet i kampen mot tyskarane. Slike verdiar var det i røynda ikkje rom for i den staliniserte kommunistrørsla. Fordi dei ikkje skjøna det, kom dei i gruppa kommunistar som Stalin kalla heiderlege tåpar. Difor vart dei støytte ut i mørket. Slik sett var myten om oktoberrevolusjonen Furubotn-fløyas ideologiske synkverving. Etterpå kom mange av dei inn i ei langvarig politisk og ideologisk krise så dei vart meir eller mindre lamma. På den måten fekk oppgjeret også til dels katastrofale menneskelege følgjer: Ein generasjon av aktive overskotsmenneske gjekk i politisk passivitet for år framover. Idealismen
  • 20. deira fekk ein knekk som få av dei har kome over. Såleis har myten om oktoberrevolusjonen hatt langsiktige verknader i norsk politikk. Det er grovt sett på bakgrunn av denne myten vi må forstå at Furubotn ikkje møtte på NKP- landsmøtet i februar 1949 og tok nokon konfrontasjon. Ifølgje Kai Moltke frå Danmark som var hos han då, ville han utsetja problemet kring dei motsetnadene som han såg mellom seg og russarane i ulike politiske spørsmål. Ut frå myten om oktoberrevolusjonen ville han ha eit modus vivendi med russarane. Vart det konfrontasjon, visste han at han kjempa mot overmakta, slik kommunistrørsla var dressert i Sovjet-lojalitet i 1949. Ein slik kamp på så ulike vilkår ville ha øydelagt vilkåra for eit modus vivendi. Her var Furubotn taktikar og ville gjennomføra ein slags politisk geriljakrig. Ved å tilby seg å gå av som partileiar som han òg gjorde under krisa i 1930, hadde Furubotn ein teoretisk sjanse til å unngå konfrontasjon. Difor bad han alt frå 1947 om å få tre tilbake, men utan hell. Då han likevel vart sitjande i generalsekretærvervet etter landsmøtet i februar 1949, kunne han framleis – ut frå myten – ha von om at Moskva atter ville letta på den harde lina når den kalde krigen gleid over. Det var difor ikkje urimeleg om han tenkte at russarane før eller seinare vill sjå at lina hans var "riktig" for Noreg. Bråe lineskifte var vanleg i kommunistrørsla og kunne nøra slike forventningar. Han hadde sjølv vore svartelista av russarane tidlegare. Det at han vart ny NKP- leiar i 1942, kunne få han til å tru at slike voner var realistiske. Hadde han ikkje blitt ekskludert i 1949, er det ikkje utenkjeleg at han hadde kome i framgrunnen att etter "avstaliniseringa" i 1956. Patriot og kommunist Partikuppet den 26. oktober 1949 kom som eit sjokk på Furubotn-fløya. Då dei såg kva slag maktmetodar motparten nytta, tok dei til motmæle. Og her er vi ved sluttpoenget: Dersom Furubotn-fløya verkeleg hadde vore Moskva-lojal, hadde dei bøygd seg for maktovertakinga til Løvlien-fløya. Særleg skulle dei ha gjort dette då det i slutten av desember 1949 vart uomtvisteleg at Moskva stødde Løvlien. Denne
  • 21. lojalitetslina var opphavleg gjeven gjennom Moskva-prosessane 1936–38. Rajk-prosessen i Ungarn hausten 1949 hadde på nytt framheva denne særeigne forma for partidisiplin. Tilståing – med døden til følgje – var partidisiplinen i ytste konsekvens. Fleire leiande opposisjonelle kommunistar også i vest godtok denne typen sjølvsensur. Dei tilstod og fordømde både påståtte og reelle avvik. Det var den prisen dei var viljuge til å betala for å bli i kommunistrørsla – i truskap til den religiøse myten kring oktoberrevolusjonen. Som den franske kommunistveteranen Charles Tillon (1897–1993) seier: "Eg let meg sperra inne i togn og disiplin." Her var det at Furubotn-fløya skilde seg ut. I staden for å under kasta seg tok dei kampen opp. Som lovleg sentralstyre- og landsstyrefleirtal kalla dei inn landsstyret i NKPs namn. Dei protesterte mot kuppmetodane. Dei ville ha open diskusjon og full oppklåring i partiet. Då Moskva ope tonte flagg, innsåg dei at dei hadde tapt kampen om partimedlemene. Det var i seg sjølv ei røynsle at Moskvas dom skulle avgjera eit norsk partioppgjer. Men framleis bøygde dei seg ikkje. Dei gav heller ikkje opp dei prinsipielle synsmåtane sine, sjølv om dei vart fordømde i Pravda i førsten av februar 1950. Gjennom handlemåtane sine hadde Furubotn-fløya såleis synt at dei ikkje ville følgja myten om oktoberrevolusjonen for kva pris som helst. Dei ville ikkje, som Information konstaterte i februar 1949, vera noko "blindt kreatur" for Kominform. Rett nok inntok leiaren deira, Furubotn, ei form for relativ truskap mot den forventa partidisiplinen. Han informerte ikkje dei næraste medarbeidarane sine om at SUKP var den verkelege motparten hans. Dette tala han berre om til eit fåtal av dei gamle medkjemparane sine frå 1920-åra. På den måten let han seg stengja inne i togn og disiplin heilt fram til 1956. Først då tok han bladet frå munnen – i motsetnad til Løvlien. Det var ein nådelaus sjølvkritikk han då kom med: Vi kommunister har latt oss blinde av dogmatikkens slutninger og lojalitet mot det russiske parti i den grad at det menneskelige ansvar er gått tapt... Trass i denne sterke sjølvkritikken synte Furubotn berre ei relativ form for oktober-truskap. Avvika, dei nasjonale særstandpunkta og handlemåtane hans, viser at han verkeleg gjorde suverenitetstesen til utgangspunkt for politikken sin. Information var den einaste avisa i
  • 22. Skandinavia i 1949 som såg at Furubotn var det folk flest ville meina var eit paradoks – "patriot og kommunist". Sidan samtida hadde vanskar med å klåra opp i hekseprosessen i kommunistpartiet, er det ikkje underleg at ettertida har hatt vanskar med det same. Det er såleis naturleg at avklåringsprosessen kring Furubotn-fløya enno vil ta si tid. I denne avklåringsprosessen vil politikaren Peder Furubotn naturleg nok vera sentral. Men det er òg viktig å vera klår over at Furubotn i større perspektiv først og fremst var eksponent for eit særskilt politisk straumdrag i norsk historie – karakterisert ved suverenitetstesen hans. Dette straumdraget spela ei viktig rolle i norsk rikspolitikk 1942–1949, då Furubotn-fløya dominerte i eit norsk riksparti, NKP. I denne samanhengen er det verdt å merkja seg at eit hundretal leiande AUF-tillitsmenn gjekk inn i NKP under krigen. Denne ungdomsflokken var fostra utanfor Komintern-atmosfæren i NKP, og kom til å utgjera grunnstamma i krinsen rundt Furubotn. Det som dette straumdraget representerte i si fulle breidd, bør stå i sentrum for komande forsking og debatt.