Vi får ei innføring i korleis det vidare arbeidet vert organisert og eksempel på korleis arkiv, bibliotek, museum, kommunar, lag og organisasjonar kan dra nytte av, og delta i utviklinga av digital kulturformidling på
Internett i Sogn og Fjordane.
Tida er inne for å tenkje nytt rundt kulturminne. Det er ikkje lenger berre den fjerne fortida som skal takast vare på, men minne frå kvardagen heilt fram til vår eiga tid. Kulturminneår er viktige reiskapar til å fremja interesse og forståing for dokumentering, bevaring og formidling av kulturminne. No er det opp til oss kva vi skal få til i Sogn og Fjordane.
Fylkesarkivet leiar arbeidet med å gjere digitalt innhald frå ABM-institusjonane i Sogn og Fjordane tilgjengeleg i Europeana. Presentasjonen vil handle om kva arbeid som har skjedd og skal skje i fylket i løpet av prosjektperioden 2008-2011.
Arkiv, bibliotek, museum og Den Kulturelle Skulesekken (DKS) arbeider for å gi born og unge ei heilskapleg kulturformidling. Samarbeid med skuleverket frå grunnskule til høgskulenivå er difor eit sentralt satsingsområde. Nettsida skulestova.no gir elevar og lærarar lokal kultur og
historie rett inn i klasserommet og fleire skular nyttar muligheita til å dela eigen kunnskap
gjennom GeoAtlas.
Kvart år får vi ny kunnskap om korleis menneska i Sogn og Fjordane har levd gjennom tidene, mellom anna i samband med arkeologiske undersøkingar. Med prosjektet Frå vikinggrav til verdsveven skal vi bruke ulike måtar å formidle denne kunnskapen til eit breitt publikum. Årdal kommune har starta dette arbeidet.
Presentasjon av Museet Midt i fylkesrådet i Nord-Trøndelag 20. april 2010. Presentert av Sigmund Alsaker, direktør ved museet som har avdelinger i Namsos og Vikna.

6. Overordna mål: Alle skal ha rett til å forvente eit variert og representativt digitalt tilbud av høg kvalitet heilt ned til sitt eige lokalsamfunn på ein samordna og integrert måte.