SlideShare a Scribd company logo
1
- Rapport om arbeidet i Sogn og Fjordane
Hermansverk, 13.10.2011
Elin Østevik, Prosjektrådgjevar EuropeanaLocal
2
Innhaldsliste
1.0 Introduksjon 3
1.1 Råmene for rapporten 3
1.2 Europeana: Teknologi og standardar 3
1.3 Organisering av arbeidet 4
2.0 Arbeidsområde og resultat 5
2.1 Infrastruktur for datautveksling 5
2.2 Nye søketenester 6
2.3 Tilgjengeleggjort innhald 7
2.4 Standardisering og beriking av metadata 9
2.4.1 ABM SEN – det nasjonale metadataformatet 9
2.4.2 Rettighetsmetadata – eit eige problemfelt 10
3.0 Vegen vidare 12
3.1 Digitalisering 12
3.2 Opphavsrett og lisensiering av innhald 12
3.3 Semantiske teknologiar 13
3.4 Faglege nettverk 13
3.5 EuropeanaLocal – frå prosjekt til kvardag 14
3
1.0 Introduksjon
1.1 Råmene for rapporten
EuropeanaLocal var eit ”beste praksis”-nettverk finansiert under EU sitt eContentPlus-program.
Prosjektet hadde som målsetjing å gjere digitalt innhald frå lokale og regionale arkiv, bibliotek og
museum tilgjengelege for Europeana, samt å utvikle nye tenester.
EuropeanaLocal omfatta 32 prosjektpartnarar frå 27 land. Sogn og Fjordane fylkeskommune,
ved Fylkesarkivet og ABM Sogn og Fjordane, var ein av 3 norske partnarar. I tillegg til å vere ein
innhaldsleverandør i prosjektet, hadde vi ei rolle som prosjektkoordinator og vi var også del av
arbeidsgruppa for prosjektevaluering. EuropeanaLocal starta opp i juni 2008 og vart avslutta ved
utgangen av mai 2011.
I denne rapporten kjem eg til å fokusere på Fylkesarkivet si rolle som leverandør av digitalt
kulturhistorisk innhald til Europeana. Våre oppgåver som prosjektkoordinator og medlem i
prosjektevalueringsgruppa fell såleis utanfor råmene til denne rapporten. Hensikta med rapporten er
å skildre status for utviklingsarbeidet som er gjort i løpet av prosjektperioden og peike på nokre
sentrale utfordringar knytt til vidareføring av dette arbeidet etter prosjektslutt.
1.2 Europeana: Teknologi og standardar
Europeana er ein fleirspråkleg portal som gir publikum tilgang til digitalt kulturhistorisk innhald frå
arkiv, bibliotek og museum frå heile Europa. Europeana haustar inn, lagrar og publiserer metadata
om det digitale innhaldet som finst hjå dei ulike kulturarvsinstitusjonane. Sjølve innhaldsobjekta vert
altså ikkje samla inn av Europeana, berre informasjonen (metadata) som skildrar dei. Metadata om
det einskilde objektet inkluderer lenker til det digitale objektet slik det er publisert på eigarinstitusjon
si eiga heimeside.
Fig. 1. www.europeana.eu
4
For at dette skal fungere er Europeana basert på eit sett standardar for skildring og utveksling av
metadata som alle institusjonane som leverer innhald til portalen må følgje. Metadata om dei
digitale objekta skal skildrast i tråd med den gjeldande versjonen av Europeana Semantic Elements
(ESE), per dags dato versjon 3.4,i
og XML-skjemaetii
som er definert for denne metadatastandarden.
ESE-metadata i XML-format vert utveksla ved hjelp av Open Archives Initiative Protocol for Metdata
Harvesting (OAI-PMH)iii
.
Sidan Europeana samlar metadata frå svært mange institusjonar er det ein fordel om den
tekniske infrastrukturen inkluderer nokre “trafikknutepunkt” på vegen mellom lokale og regionale
institusjonar og Europeana. Desse knutepunkta kan anten vere nasjonale, tematiske eller
domenespesifikke datalager. EuropeanaLocal har særskilt stimulert opprettinga av såkalla “nasjonale
aggregatorar” som haustar inn innhald frå lokale og regionale ABM-institusjonar for så å gjere den
samla informasjonsmengda frå alle desse institusjonane tilgjengeleg for Europeana. Europeana får
dermed eit nasjonalt knutepunkt å kople seg til, samstundes som ein på grunnlag av det nasjonale
datalageret kan bygge nasjonale samsøk-tenester.
Hovudtyngda av arbeidet som har blitt utført i Sogn og Fjordane i løpet av prosjektperioden
har såleis bestått i å kartlegge våre eigne metadatamodellar felt for felt opp mot ESE-standarden, for
slik å kunne presentere våre metadata i ESE, samt å utvikle ein teknisk infrastruktur beståande av
OAI-PMH kompatible datalager for å kanalisere innhaldet frå Sogn og Fjordane til Europeana.
1.3 Organisering av arbeidet
Arbeidet med EuropeanaLocal i Sogn og Fjordane vart utført av fylkesarkivaren, høvesvis Snorre
Øverbø og Karianne Schmidt Vindenes, og prosjektrådgjevar Elin Østevik ved Fylkesarkivet og
seniorrådgjevar Øystein Åsnes ved ABM Sogn og Fjordane. I utviklingsarbeidet som er gjort i løpet av
prosjektperioden har vi samarbeida nært med dei to andre norske prosjektpartnarane Norsk
Kulturråd (tidlegare ABM-utvikling) og Avinet. Vi oppretta også ei eiga referansegruppe for
EuropeanaLocal i Sogn og Fjordane.
Føremålet med referansegruppa var å informere ABM-sektoren i fylket om prosjektet, og å
trekke inn sentrale fagpersonar i arbeidet som skulle gjerast. Referansegruppa hadde kvartalsvise
møte der temaet hovudsakeleg var utfordringar knytt til å gjere innhald frå kulturinstitusjonane i
fylket tilgjengeleg på Europeana. Både tekniske og juridiske problemstillingar, samt problemstillingar
knytt til metadatastandardar vart handsama av gruppa.
Medlemmane i referansegruppa var:
- Asbjørn Tyssen (Musea i Sogn og Fjordane)
- Anja A. Mjelde (Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane)
- Petter von Krogh (Aurland kommune, gjekk ut av gruppa i 2009 i samband med jobbskifte)
- Svein Ølnes (Vestlandsforsking)
- Øystein Åsnes (ABM Sogn og Fjordane)
- Snorre Øverbø/Karianne S. Vindenes (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
- Elin Østevik (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
5
2.0 Arbeidsområde og resultat
2.1 Infrastruktur for datautveksling
I løpet av prosjektperioden etablerte dei norske prosjektpartnarane infrastrukturen som gjer at
innhald no stadig flyt frå ei rekke kulturhistoriske databasar i fylket til Europeana. Lokalt i Sogn og
Fjordane oppretta vi eit eige regionalt datalager som samlar metadata frå eit utval av Fylkesarkivet
sine kjeldebasar og eksponerer desse data for innhausting av det nasjonale datalageret,
“Norvegiana”, som Norsk Kulturråd oppretta. Det regionale datalageret inneheld metadata frå
fotobasen, stadnamnbasen, kulturhistorisk leksikon, inkludert Digitalt Fortalt Sogn og Fjordane,
musikkbasen og mediebasen.
I tillegg til å hauste metadata frå det regionale datalageret i Sogn og Fjordane, haustar det
nasjonale datalageret nasjonale formidlingstenester som til dømes dei domenespeifikke portalane
Arkivportalen og Digitalt Museum. Metadata om digitaliserte offentlege og private arkiv og
museumsgjenstandar frå Sogn og Fjordane går såleis direkte frå høvesvis Arkivportalen og Digitalt
Museum til det nasjonale datalageret. Det nasjonale datalageret gjer den samla informasjonsmengda
frå dei ulike regionale datalagera og nasjonale portalløysingane tilgjengeleg for innhausting av
Europeana.
Fig. 2. Strukturen for utveksling av metadata etablert av dei norske EuropeanaLocal-partnarane.
Europeana
Digitalt Museum
Datalager SFJ
Arkivportalen
Norvegiana
Digitalt fortalt
API
API
ASTA SFJ
MediaLeksikon
Stadnamn (SFJ &
MR) Musikk
Primus SFJ
Andre
Foto (SFJ & MR)
S
F
J
F
Y
L
K
E
N
A
S
J
O
N
A
L
T
E
U
6
Dette er ikkje ein “daud” struktur, men det er ein levande informasjonsstraum. Nytt innhald som blir
lagt inn i for eksempel fotobasen, vil automatisk bli hausta inn av det regionale datalageret og derifrå
vidare til høvesvis det nasjonale datalageret og Europeana.
2.2 Nye søketenester
Det nasjonale datalageret er ikkje berre ein mellomlagringsstasjon for data på veg til Europeana.
Datasettet i det nasjonale datalageret skal danne grunnlaget for ei sentral innhaldsteneste på det nye
kulturnettetiv
. Datasettet blir altså tilgjengeleg og søkbart for publikum, som dermed enkelt kan søke
i breidda av norsk kulturhistorisk innhald utan å måtte oppsøke dei einskilde institusjonane sine
eigne søketenester.
Kulturnett Sogn og Fjordane er først ute av dei regionale kulturnetta og har allereie teke i
bruk “Norvegiana”-datasettet i søketenesta “Kultursøk”v
.
Fig. 4. Kultursøk: http://sfj.kulturnett.no/delving/search
Vidare er det slik at både Europeana og det nasjonale datalageret eksponerer datasetta sine i
ein API. Såleis kan vi eller tredjepart også bygge nye publikumstenester basert på innhaldet. Som eit
eksempel kan ein tenke seg at ein i Sogn og Fjordane lager ein ny publikumsteneste som hentar ut alt
innhald som handlar om turisme i fylket frå Europeana og presenterer dette på ein eigen nettstad
saman med informasjon om reiselivsaktørar i fylket.
EuropeanaLocal har bidrege til regional og nasjonal tenesteutvikling når det
gjeld digital formidling av kulturhistorie. Gjennom prosjektet har ein etablert
ein infrastruktur ikkje berre for levering av innhald til Europeana, men også for
nye og forbetra regionale og nasjonale publikumstenester.
7
2.3 Tilgjengeleggjort innhald
I følgje prosjektskildringavi
kunne prosjektpartnarane i EuropeanaLocal potensielt sett gjere over 20
millionar objekt tilgjengelege på Europeana. Målsetjinga i prosjektet var likevel noko mindre
ambisiøs enn dette, nemleg å gjere 10 millionar objekt tilgjengeleg på Europeana innan utgangen av
prosjektperioden. For Sogn og Fjordane fylke sin del var det i prosjektskildringa lista opp over 1,9
millionar objekt frå høvesvis Musea i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Både digitalisert og udigitalisert innhald var inkludert:
Provider Type Quantity
and
Definitio
n
Format
and
Quality
Exisiting Metadata Additional comments
Archive,
and
museums
Sogn og
Fjordane.
Photographs
(including
photographs
from museums,
municipalities
etc)
150,000 TIFF Keywords, descriptions,
categories, controlled vocabularies,
some directly or indirectly geo-
referenced. 1870-2006
Archive Municipal and
private archives
– catalogues
4,000 Oracle Descriptions, categories, controlled
vocabularies. 1837-1990.
Archive Music, melodies 14,000 AVI,
MP3
Descriptions, categories, controlled
vocabularies.
The main part is
traditional music from
the region. (recorded
1950-2007)
Archive Place names 250,000 Oracle All geo referenced, local
pronunciations recorded on tape,
25 % digitized. Collected 1986-
2000)
Archive Minutes from the
county councils
50,000 JPG Digitized from the protocols.
1837-1945
Archive Minutes from the
county councils ,
index of cases
90,000 Oracle Database with case title, type of
case, Descriptions, categories,
controlled vocabularies. 1837-
1945
Archives
and
museums
Articles about
attractions,
cultural heritage,
etc
2,000 Oracle Database, all geo referenced
Archive Farms 2,400 Oracle All geo referenced
Archive Mountain farms 2,200 Oracle All geo referenced
Archive Organisations
and clubs in the
region
6,000 Oracle Existing between 1870-
1980
Archive Census 150,000 Oracle Some with information
about farms and
number of people/
production, some with
names on individuals
too. 1825, 1845, 1855,
1865, 1875, 1900.
Archive Church records 1,000,000 Oracle 1660 – 1970
Archive Land records 20,000 Oracle 1838, 1890, 1950
8
Archive Letters 4,000 Oracle Written by American emigrants
Archive GIS-service 70-100
layer
Some relevant for CH, also
important information about the
region
Archive User contributed
information
6,000 Oracle About photos, emigrants etc
Archives
and
museums
Recorded
interviews
300-600
hours
Oracle Descriptions, categories, controlled
vocabularies, keywords on item
level and time code.
Library Articles in local
and regional
magazines
12,000 Articles about local history, local
culture, local and regional events
etc.
Museums Museum objects 130,000 Oracle Keywords, categories, controlled
vocabularies, description etc (date
1600-1970)
Libraries Books and other
media
72,000 Library index or catalogue
Fig. 5. Utdrag frå tabellen “4.1 underlying content” frå prosjektskildringa.
Tidleg i det første prosjektåret vart det klart at Europeana berre skulle inkludere innhald som
det fants ein digital representasjon av. Fokuset vart dermed flytt over til digitale objekt (det vil seie
innhald som er skapt digitalt eller der originaldokumentet/-gjenstanden/-fotografiet er digitalisert).
Databasar som berre inneheldt metadata/kataloginformasjon, som til dømes biblioteksbasane og
Fylkesarkivet sine arkivkatalogar, vart dermed kutta ut, sjå innføringane med blå bakgrunn i tabellen
over. For prosjektet som heilskap vart målsetjinga om å levere 10 millionar objekt justert til 6
millionar digitale objekt.
Kjeldedata Innmeldt til
Europeana
Tal postar i Norvegiana Tal objekt på
Europeana
Foto SFJ 57 000 58 574 58 574
Stadnamn SFJ 180 000 174 604 161 004
Tradisjonsmusikk 4 600 13 699 4 652
Media 1700 431 431
Kulturhistorisk leksikon 1 800 1 679 1 679
Digitalt fortalt SFJ Ikkje innmeldt 1 468 1 468
Offentleg arkivmateriale 73 000 19 146vii
0
Museumsgjenstandar 52 000 9 452viii
9 452
Fjognedokix
Ikkje innmeldt 0 0
TOTALT SFJ 370 100 277 585 237 260
Foto MR Ikkje innmeldt 135 128 135 128
Stadnamn MR Ikkje innmeldt 126 880 76 462
Totalt MR 262 008 211 590
TOTALT SFJ & MR 539 593 448 850
Fig. 6. Justerte prosjektmål og innhald tilgjengeleg på høvesvis Norvegiana og Europeana ved prosjektslutt.
9
Figur 6 syner talet innmeldte objekt til Europeana etter justeringa av prosjektmåla (altså kor
mange digitale objekt vi hadde som målsetjing å levere i løpet av prosjektperioden), samt kor mange
digitale objekt som ved utgangen av mai 2011 faktisk var tilgjengeleg i høvesvis Norvegiana og
Europeana.
Tala er som vi ser høgare for den nasjonale aggregatortenesta enn for Europeana. Dette
skuldast at Norvegiana også inkluderer metadata om objekt som ikkje er digitalisert. Slik synleggjer
Norvegiana mengda av kulturhistorisk materiale som potensielt sett kan bli gjort tilgjengeleg
gjennom digitalisering, samstundes som brukarane blir gjort merksam på eksistensen av dette
udigitaliserte materialet.
Som det kjem fram av tabellen over hadde vi ved prosjektslutt stort sett lukkast med å gjere
tilgjengeleg den innhaldsmengda vi hadde meldt inn – med to store unntak: Museumsgjenstandar og
offentleg arkivmateriale. Dei store avvika her skuldast at det i samråd med Norsk Kulturråd
undervegs vart bestemt at alt arkivinnhald skulle haustast inn via Arkivportalenx
, medan alt
museumsinnhald skulle haustast inn via Digitalt Museumxi
. Opphaveleg var planen å hauste inn
metadata direkte frå Fylkesarkivet sitt møtebokregister og frå Musea i Sogn og Fjordane sin
gjenstandsbase. Ved å i staden hauste frå Arkivportalen og Digitalt Museum slapp vi i Sogn og
Fjordane å skreddarsy løysingar for innhausting av desse innhaldstypane her i fylket. Samstundes har
vi slik unngått problemet med at same innhaldsobjekt kunne ha blitt hausta inn to gonger – ein gong
frå til dømes møtebokregisteret og ein gong frå Arkivportalen.Ulempa med å gjere det på dette viset
er at Fylkesarkivet og Musea i Sogn og Fjordane førebels ikkje har publisert alt det digitale innhaldet
sitt på høvesvis Arkivportalen og Digitalt Museum. Men; vi har no etablert ein berekraftig struktur for
datautveksling. Etter kvart som meir og meir innhald frå fylket vet publisert på Arkivportalen og
Digitalt Museum, vil det også automatisk bli tilgjengeleg i Norvegiana og Europeanaxii
.
I løpet av prosjektperioden rekrutterte vi FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal og IKA Møre
og Romsdal IKS som innhaldsleverandørar til Europeana. FylkesFOTOarkivet nyttar Fylkesarkivet sin
fotodatabase, medan IKA Møre og Romsdal nyttar stadnamnbasen til Fylkesarkivet. Som figur 6
syner, har vi såleis sytt for at også i overkant av 211 000 digitale objekt frå Møre og Romsdal vart
tilgjengelege på Europeana.
Totalt sett har Fylkesarkivet gjort tilgjengeleg over 448 000 digitale objekt på
Europeana. Kring 237 000 av desse kjem frå kulturarvsinstitusjonar i Sogn og
Fjordane, medan kring 211 000 kjem frå institusjonar i Møre og Romsdal.
2.4 Standardisering og beriking av metadata
Ved prosjektstart fants det like mange standardar for å skildre informasjon om det kulturhistoriske
innhaldet i basane våre som det fanst databasar. Å kartleggje alle dei ulike basane omtala ovanfor
mot ESE-standarden var såleis ei stor og tidkrevjande oppgåve.
10
2.4.1 ABM SEN – det nasjonale metadataformatet
I kartleggingsarbeidet såg dei norske partnarane at vi i våre basar mellom anna hadde meir presise
geografiske metadata enn det som kunne uttrykkast i ESE. Norsk Kulturråd utvikla difor ein eigen
variant av ESE kalla ABM Semantic Elements (ABM SEN)xiii
, som ivaretek denne presisjonen. I ABM
SEN er følgjande underkategoriar av elementet dcterms:spatial i ESE-standarden definerte:
abm:address, abm:country, abm:county, abm:landedProperty, abm:municipality og
abm:namedPlace. I staden for berre å ha eitt metadataelement som rommar alt frå land til
gardsnummer, har ein altså seks ulike element som gir rom for meir presise geografiske metadata. I
ABM SEN-standarden har ein også definert underkategoriar av elemta dc:subject og dc:date i tillegg
til å ha lagt til elementa dcterms:rightsHolder og abm:contentProvider. Fylkesarkivet deltok i
utviklinga av ABM SEN som høyringsinstans undervegs i arbeidet med standarden.
I det regionale og nasjonale datalageret finn ein såleis metadata i ABM SEN-formatet. ABM
SEN er kompatibel med ESE: Når Norvegiana eksponerer metadata for innhausting av Europeana gjer
dei det i ein “ned dumma” form, nemleg som rein ESE. Det at vi har metadata i ABM SEN-form
regionalt og nasjonalt gjer at vi i dei regionale og nasjonale publikumstenestene kan tilby publikum
betre geografiske søkemoglegheiter enn Europeana. Samstundes er det sjølvsagt også lettare å søke
på tvers av basane enn tidlegare.
Med ABM SEN har vi innført ein felles metadatastandard for skildring og
presentasjon av kulturhistorisk innhald uavhengig av kva kjeldedatabase det
kjem frå.
I kartleggingsarbeidet støtte vi også på motsett problem av utfordringa skildra ovanfor – ESE
stilte i eitt tilfelle krav til meir presise metadata enn det vi hadde i våre kjeldemetadata.
2.4.2 Rettighetsmetadata – eit eige problemfelt
I dei ulike kjeldedatabasane til Fylkesarkivet varierer det stort om rettighetsinformasjon vert
registrert, og i kva form. Ingen av databasane har standardiserte måtar å uttrykke den
opphavsrettslege statusen til innhaldet eller eventuelle bruksvilkår knytt til det. I ESE v.3.4. er
derimot rettar (europeana:rights) eit obligatorisk metadataelement. I dette metadatafeltet må den
opphavsrettslege statusen til det digitale objektet definerast ved å vise til anten ein av sju Creative
Commons -lisensar, samt Public Domain Mark, eller til eitt av fire rettighetsutsegn som Europeana
har definert.
Informasjonen om den opphavsrettslege statusen til det digitale objektet skal uttrykkast som
ein URL, og det er 12 kontrollerte verdiar å velje frå, sjå figur 7 nedanfor.
11
Lisens / utsegn URL
Public Domain Mark http://creativecommons.org/publicdomain/mark/1.0
Creative Commons – Zero (CC0) http://creativecommons.org/publicdomain/zero/1.0
Creative Commons – Attribution (BY) http://creativecommons.org/licences/by/3.0
Creative Commons – Attribution, Share Alike
(BY-SA)
http://creativecommons.org/licences/by-sa/3.0
Creative Commons – Attribution, No
derivatives (BY-ND)
http://creativecommons.org/licences/by-nd/3.0
Creative Commons – Attribution, Non-
commercial (BY-NC)
http://creativecommons.org/licences/by-nc/3.0
Creative Commons – Attribution, Non-
commercial, Share Alike (BY-NC-SA)
http://creativecommons.org/licences/by-nc-sa/3.0
Creative Commons – Attribution, Non-
commercial, No derivatives (BY-NC-ND)
http://creativecommons.org/licences/by-nc-nd/3.0
Europeana – Rights Reserved, Free Access http://www.europeana.eu/rights/rr-f/
Europeana – Rights Reserved, Paid Access http://www.europeana.eu/rights/rr-p/
Europeana – Rights Rerved, Restricted
Access
http://www.europeana.eu/rights/rr-r/
Europeana - Unknown http://www.europeana.eu/rights/unknown/
Fig. 7. Verdiar som kan nyttast i metadataelementet europeana:rights.
Sidan metadata av denne typen anten ikkje finst i det heile eller ikkje finst i noko god og
gjennomførd kvalitet i våre databasar, lot det seg ikkje gjere å mappe våre kjeldemetadata mot
tabellen over. Løysinga vart å leggje til denne informasjonen direkte i metadata i det regionale
datalageret. For kvar kjeldedatabase identifiserte vi ein lisens/ei rettighetsutsegn som kunne nyttast
om alt innhaldet i basen. Alle foto fekk til dømes utsegna “Europeana – Rights Reserved, Free Access”
lagt inn i europeana:rights-elementet. Einskilde foto i basen vår vil ha mindre strenge
vilkår/opphavsrettslege avgrensingar, men ingen vil ha strengare vilkår/avgrensingar. Dette
prinsippet vart også praktisert på dei andre basane våre. Figur 8 gir oversikt over
utsegnene/lisensane vi har brukt på innhaldet vårt.
Database Lisens/utsegn
Foto http://www.europeana.eu/rights/rr-f/
Kulturhistorisk leksikon http://www.europeana.eu/rights/rr-f/
Musikk http://www.europeana.eu/rights/rr-r/
Media http://www.europeana.eu/rights/rr-f/
Stadnamn http://creativecommons.org/publicdomain/mark/1.0
Digitalt Fortalt http://www.europeana.eu/rights/rr-f/
Fig. 8. Lisensar/utsegner nytta på Fylkesarkivet sitt innhald på Europeana.
Innhald frå Digitalt Museum vert framleis gjort tilgjengeleg på Europeana utan
lisens/rettighetsutsegn tilknytt. Det står att å sjå kva lisens/utsegn forvaltarane av
museumsinnhaldet vel å bruke.
12
Vår deltaking i EuropeanaLocal har bidrege til å rette søkelys på at våre
metadata om innhaldet sin opphavsrettslege status og gjeldande bruksvilkår
held ein ujamn og ofte dårleg kvalitet.
Sjølv om vi no har rettighetsmetadata tilknytt objekta våre på Europeana er
rettighetsutsegnene som er brukt upresise “sekkekategoriar”. Metadata i dei ulike kjeldedatabasane
er heller ikkje lagt til og/eller oppdatert. Å gjere endringar i kjeldedatabasane slik at ein kan
registrere nøyaktig rettighetsmetadata/bruksvilkår på nivå av kvar enkelt innhaldspost er ei
utfordring som står att å løyse.
3.0 Vegen vidare
Gjennom deltakinga i EuropeanaLocal har Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Fylkesarkivet og
ABM Sogn og Fjordane tileigna seg kunnskap om standardar og teknologiar som dannar grunnlaget
for det fremste av tenesteutvikling innafor ABM-sektoren i dag. Vi har også blitt del av eit fagleg
fellesskap som er ansvarleg for å drive utviklinga av eit heilt fagfeltet framover. Føresetnadane for
framtidig tenesteutvikling er såleis gode.
3.1 Digitalisering
Ved avslutninga av prosjektet har ein fått etablert ein fungerande infrastruktur som sikrar at når nye
foto, museumsgjenstandar, arkivdokument og andre kulturhistoriske objekt vert digitalisert og
registrert så vil dei bli formidla i både internasjonale (Europeana), nasjonale (Kulturnett/Norvegiana)
og regionale kanalar. Ved å digitalisere meir materiale vil ein såleis auke verdien og relevansen av
desse formidlingskanalane for publikum ved at stadig meir kjeldemateriale vert tilgjengeleg for bruk
der. Å lukke eventuelle “hol” – tematisk, geografisk og tidsmessig – i den digitalt tilgjengelege
kulturarven vert viktig. Det hadde vore føremonleg om også biblioteksinnhald frå fylket vert
digitalisert og kopla opp mot infrastrukturen og formidlingskanalane som er utvikla i løpet av
prosjektet.
3.2 Opphavsretten og lisensiering av innhald
Ei særskilt utfordring når det gjeld digital tilgjengeleggjering av kulturarv er dei avgrensingar som
opphavsretten set, og som gjer at vi risikerer eit innhaldsmessig “svart hol” som blokkerer ut store
deler av kulturarven produsert på 1900-talet og fram til i dag. Store delar av materialet som ABM-
sektoren forvaltar, også i Sogn og Fjordane, har ein opphavsrettsleg uavklara status og metadata
knytt til rettar og bruksvilkår er ikkje utrykt på ein eintydig måte. Klarering av rettar og ei tydeleg,
standardisert merking av bruksvilkår for det digitalt tilgjengeleggjorte materialet bør prioriterast.
Arbeidet vil vere tidkrevjande, men er ein heit naudsynt “ryddejobb” som sektoren må ta. Creative
Commons (CC) si lisensieringsløysing peikar seg ut som den per i dag beste måten å skape
standardiserte metadata for å skildre bruksvilkår. Europeana har i versjon 3.4 av ESE gjort rettar til eit
13
obligatorisk metadatafelt og anbefalar bruken av CC-lisensar for å skildre bruksvilkår. Å tilrettelegge
dei ulike kjeldedatabasane våre for bruk av CC-lisensar, og oppdatere og kvalitetssikre metadata
knytt til opphavsrett og bruksvilkår bør såleis vere ei høgt prioritert oppgåve i tida framover.
3.3 Semantiske teknologiar
Ting endrar seg fort i den digitale verda. Den metadatastandarden som vart nytta i Europeana-
portalen ved prosjektslutt (ESE v. 3.4) vil i løpet av kort tid bli erstatta av ein rikare metadatamodell
basert på semantisk teknologi kalla Europeana Data Model (EDM)xiv
. Den nye metadatamodellen vil
vere kompatibel med ESE, men for at vi skal få fullt utbytte av kompleksiteten i modellen bør vi
vurdere å “mappe” på ny direkte frå kjeldemetadataformata våre mot den nye modellen.
Med den semantisk baserte EDM blir kontrollerte vokabular og autoritetsregister viktigare
enn tidlegare. ABM-sektoren har her ein jobb å gjere med tanke på å etablere autoritetsregister for
sentrale metadata som til dømes personnamn, stadnamn/gardsnamn og tidsepokar. Dette er
utfordringar som ikkje berre kan løysast sentralt på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Geonames til
dømes har dårleg “oppløysing” til nærmare det lokale nivået ein kjem. For å betre på denne
situasjonen kan ein tenke seg ein “bottom-up” framgangsmåte der ein etablerer eit regionalt
autoritetsregister for stadnamn som vert mappa mot Geonames, slik at til dømes då “Hangsete”, ein
støl i Leikanger kommune, som er å finne i stadnamnbasen til Fylkesarkivet vert knytt opp til
Geonames innføringa for “Leikanger kommune” som ein del av dette større geografiske området.
Kultursektoren i Sogn og Fjordane bør såleis ikkje vente på at desse utfordringane skal løysast
sentralt, men aktivt vere med på å utvikle autoritetsregister og etablere koplingane mellom dei.
3.4 Faglege nettverk
For at ikkje det ein no har oppnådd med EuropeanaLocal sakte skal “råtne på rot” ettersom
standardar og teknologiar utviklar seg, bør fylkeskommunen framleis engasjere seg i Europeana og i
dei faglege utfordringane som her er skisserte. Europeana Foundation anbefaler institusjonar som
bidrar med innhald til Europeana å registrere seg som medlem i Council of Content Providers and
Aggregators (CCPA). Dette rådet fungerer både som eit fagleg nettverk der felles utfordringar vert
diskuterte og jobba med i ulike arbeidsgrupper. I tillegg utgjer CCPA ein formell representasjonskanal
inn til Europeana sitt styre, sjå figur 9.
14
Fig 9. Styringsstruktur, Europeana.
Kvar institusjon kan ha maks to representantar i rådet. Fylkesarkivet er representerte med
fylkesarkivar Snorre Øverbø og prosjektrådgjevar Elin Østevik. Møter i CCPA og eventuelt også
arbeidsgruppe(r) innafor rådet ein vel å engasjere seg i bør prioriterast også etter prosjektslutt. Ved å
delta i CCPA opprettheld ein kontakten med eit høgt kompetent fagleg nettverk og kan vere med på
å påverke og drive utviklinga av Europeana vidare.
I tillegg til å oppretthalde kontakten med det internasjonale fagmiljøet representert ved
CCPA bør ein oppretthalde og vidareutvikle samarbeidet med Vestlandsforsking som utgjer eit viktig
fagmiljø når det gjeld semantisk web. Vestlandsforsking sitt engasjement i referansegruppa for
EuropeanaLocal har vore mogleggjort gjennom satsingsområdet Kultur og IKT og tilhøyrande midlar i
utviklingsavtalen mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og
Vestlandsforsking. Ved rulleringa av utviklingsavtalen i 2010 vart satsingsområdet Kultur og IKT kutta
ut. Samarbeidet med Vestlandsforsking må ein såleis finne nye løysingar på, til dømes samarbeid om
konkrete prosjekt som ein søkjer ekstern finansiering av. Prosjektet “Semantisk samhandling i
kulturformidlinga” som gjennomførast i 2011 er eit eksempel i så måte. I dette prosjektet vil
Fylkesarkivet, ABM Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, Popsenteret og Oslo Byarkiv utvikle ein
semantisk versjon av fotografregisteretxv
basert på standardar og teknologi som let seg knytte saman
med Europeana og foreinast med arbeidet som er gjort i løpet av EuropeanaLocal.
3.5 EuropeanaLocal – frå prosjekt til til kvardag
Når det gjeld Sogn og Fjordane fylkeskommune konkret bør Europeana inkluderast i Fylkesarkivet og
ABM Sogn og Fjordane sine plandokument som ein prioritert formidlingskanal med tilhøyrande
tidsressursar til å følgje opp vårt engasjement på Europeana. Tidsressursane bør nyttast både til
deltaking på CCPA-møter og den årvisse Europeana-konferansen, men først og fremst til oppdatering
og vidareutvikling av innhald og infrastruktur i takt med endring i standardar og teknologi.
15
i
Europeana Semantic Elements Specification, version 3.4 2011-03-31, Europeana V.1,
http://www.version1.europeana.eu/c/document_library/get_file?uuid=77376831-67cf-4cff-a7a2-
7718388eec1d&groupId=10128
ii
http://www.europeana.eu/schemas/ese/ESE-V3.4.xsd
iii
http://www.openarchives.org/OAI/openarchivesprotocol.html
iv
http://samlinger.kulturnett.no/portal/
v
http://sfj.kulturnett.no/delving/search
vi
Annex 1, Description of Work (Best Practice Networks), ECP-2007-DILI517009, EDLocal: Making local and
regional content accessible through the European Digital Library, Version of 13/05/2008.
vii
60 av desse 19 146 postane har digitalt objekt tilknytt.
viii
Objekta fordelar seg som følgjer: Sunnfjord Folkemuseum (4659), Nordfjord Folkemuseum (2836), De
Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum (1795), Kystmuseet i Sogn og Fjordane (183) og Sogn og Fjordane
Kunstmuseum (69).
ix
Fjognedok er inkluder her sjølv om tenesta ved prosjektstart ikkje inneheldt digitale objekt. Vi hadde ei
målsetjing om å få på plass eit utval digitaliserte artiklar i Fjognedok i løpet av prosjektperioden, og å utarbeide
tekniske løysingar for å hauste inn metadata frå Fjognedok i det regionale datalageret. På grunn av interne
prioriteringar på fylkesbiblioteket og vurderingar av kostnad opp mot nytte frå prosjektet si side vart ikkje dette
gjennomført.
x
www.arkivportalen.no
xi
www.digitaltmuseum.no
xii
Alt innhald på Arkivportalen er hausta inn i det nasjonale datalageret og ligg klart for vidareformidling til
Europeana. Norsk Kulturråd har så langt valt å ikkje tilgjengeleggjere innhald frå Arkivportalen på Europeana,
uvisst av kva grunn.
xiii
ABM Semantic Elements Norway, Specification, v.0.8, EuropeanaLocal Norway
xiv
Definition of the Europeana Data Model elements, version 5.2.2, 31/5/2011, Europeana v1.0:
http://www.group.europeana.eu/c/document_library/get_file?uuid=7ef62859-4846-4697-9285-
6bde99d976f5&groupId=10605
xv
http://www.nb.no/nmff/

More Related Content

Viewers also liked

A is for alligator book
A is for alligator bookA is for alligator book
A is for alligator book
awesomehomeschoolgroup
 
Advanced Dermatology Reviews - How to Have a Healthy Face
Advanced Dermatology Reviews - How to Have a Healthy FaceAdvanced Dermatology Reviews - How to Have a Healthy Face
Advanced Dermatology Reviews - How to Have a Healthy Face
Advanced Dermatology
 
Microcontroller
MicrocontrollerMicrocontroller
Microcontroller
Maha lakshmi
 
Introduction to refactoring
Introduction to refactoringIntroduction to refactoring
Introduction to refactoring
Ganesh Samarthyam
 
Podrecznik2 (poprawiony)
Podrecznik2 (poprawiony)Podrecznik2 (poprawiony)
Podrecznik2 (poprawiony)shobinsun
 
Ejercicio fisico
Ejercicio fisicoEjercicio fisico
Ejercicio fisico
SilverWolf Aliaga
 
Cells
CellsCells

Viewers also liked (7)

A is for alligator book
A is for alligator bookA is for alligator book
A is for alligator book
 
Advanced Dermatology Reviews - How to Have a Healthy Face
Advanced Dermatology Reviews - How to Have a Healthy FaceAdvanced Dermatology Reviews - How to Have a Healthy Face
Advanced Dermatology Reviews - How to Have a Healthy Face
 
Microcontroller
MicrocontrollerMicrocontroller
Microcontroller
 
Introduction to refactoring
Introduction to refactoringIntroduction to refactoring
Introduction to refactoring
 
Podrecznik2 (poprawiony)
Podrecznik2 (poprawiony)Podrecznik2 (poprawiony)
Podrecznik2 (poprawiony)
 
Ejercicio fisico
Ejercicio fisicoEjercicio fisico
Ejercicio fisico
 
Cells
CellsCells
Cells
 

Similar to EuropeanaLocal

Fra lokalarkiv til Europeana – nye kanaler for formidling
Fra lokalarkiv til Europeana – nye kanaler for formidlingFra lokalarkiv til Europeana – nye kanaler for formidling
Fra lokalarkiv til Europeana – nye kanaler for formidling
Lars Rogstad
 
Norvegiana - Kulturrådets strategi for arbeidet med åpne kulturdata
Norvegiana - Kulturrådets strategi for arbeidet med åpne kulturdataNorvegiana - Kulturrådets strategi for arbeidet med åpne kulturdata
Norvegiana - Kulturrådets strategi for arbeidet med åpne kulturdata
Lars Rogstad
 
Europeana og Norvegiana, NOLUG, 3. juni, 2014, Oslo
Europeana og Norvegiana, NOLUG, 3. juni, 2014, OsloEuropeana og Norvegiana, NOLUG, 3. juni, 2014, Oslo
Europeana og Norvegiana, NOLUG, 3. juni, 2014, OsloLars Rogstad
 
Museumsdata ut i verden - digital infrastruktur for kulturdata
Museumsdata ut i verden - digital infrastruktur for kulturdataMuseumsdata ut i verden - digital infrastruktur for kulturdata
Museumsdata ut i verden - digital infrastruktur for kulturdata
Lars Rogstad
 
Norvegiana – infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana– infrastruktur for åpne kulturarvdataNorvegiana– infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana – infrastruktur for åpne kulturarvdata
Lars Rogstad
 
Kort presentasjon av Koha i Norge
Kort presentasjon av Koha i NorgeKort presentasjon av Koha i Norge
Kort presentasjon av Koha i NorgeLibriotech
 
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastuktur
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastukturÅpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastuktur
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastuktur
Lars Rogstad
 
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdataNorvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Lars Rogstad
 
Norvegiana - åpne kulturdata i praksis
Norvegiana - åpne kulturdata i praksisNorvegiana - åpne kulturdata i praksis
Norvegiana - åpne kulturdata i praksis
Lars Rogstad
 
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdataNorvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Lars Rogstad
 
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastruktur
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastrukturÅpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastruktur
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastruktur
Lars Rogstad
 
Kulturkalender for Stavangerregionen
Kulturkalender for StavangerregionenKulturkalender for Stavangerregionen
Kulturkalender for StavangerregionenRegion Stavanger
 
Åpne kulturdata - Kulturrådets strategi og praktiske løsninger
Åpne kulturdata - Kulturrådets strategi og praktiske løsningerÅpne kulturdata - Kulturrådets strategi og praktiske løsninger
Åpne kulturdata - Kulturrådets strategi og praktiske løsninger
Lars Rogstad
 
Ragnar Albertsen, Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal
Ragnar Albertsen, Fylkesbiblioteket i Møre og RomsdalRagnar Albertsen, Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal
Ragnar Albertsen, Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal
Norsk kulturråd
 
ABM - aktive medspelarar (Øystein Åsnes)
ABM - aktive medspelarar (Øystein Åsnes)ABM - aktive medspelarar (Øystein Åsnes)
ABM - aktive medspelarar (Øystein Åsnes)
Kulturnett Sogn og Fjordane
 
Biblioteket og bibliotekaren i en digital tid
Biblioteket og bibliotekaren i en digital tidBiblioteket og bibliotekaren i en digital tid
Biblioteket og bibliotekaren i en digital tid
Jannicke Røgler
 
#HACK4DK "Norvegiana – kulturdata ut av skapet!" af Lars Rogstad
#HACK4DK "Norvegiana – kulturdata ut av skapet!" af Lars Rogstad#HACK4DK "Norvegiana – kulturdata ut av skapet!" af Lars Rogstad
#HACK4DK "Norvegiana – kulturdata ut av skapet!" af Lars Rogstad
MeaningMakingExperience
 
Norvegiana, hack4dk, september 2014, København
Norvegiana, hack4dk, september 2014, KøbenhavnNorvegiana, hack4dk, september 2014, København
Norvegiana, hack4dk, september 2014, København
Lars Rogstad
 
ABM samarbejde i Trondheim
ABM samarbejde i TrondheimABM samarbejde i Trondheim
ABM samarbejde i Trondheim
historie aalborg
 
Abm Samarbeid Om Lokalhistorie – Eksempel Fra Norge
Abm Samarbeid Om Lokalhistorie – Eksempel Fra NorgeAbm Samarbeid Om Lokalhistorie – Eksempel Fra Norge
Abm Samarbeid Om Lokalhistorie – Eksempel Fra Norge
gueste59972
 

Similar to EuropeanaLocal (20)

Fra lokalarkiv til Europeana – nye kanaler for formidling
Fra lokalarkiv til Europeana – nye kanaler for formidlingFra lokalarkiv til Europeana – nye kanaler for formidling
Fra lokalarkiv til Europeana – nye kanaler for formidling
 
Norvegiana - Kulturrådets strategi for arbeidet med åpne kulturdata
Norvegiana - Kulturrådets strategi for arbeidet med åpne kulturdataNorvegiana - Kulturrådets strategi for arbeidet med åpne kulturdata
Norvegiana - Kulturrådets strategi for arbeidet med åpne kulturdata
 
Europeana og Norvegiana, NOLUG, 3. juni, 2014, Oslo
Europeana og Norvegiana, NOLUG, 3. juni, 2014, OsloEuropeana og Norvegiana, NOLUG, 3. juni, 2014, Oslo
Europeana og Norvegiana, NOLUG, 3. juni, 2014, Oslo
 
Museumsdata ut i verden - digital infrastruktur for kulturdata
Museumsdata ut i verden - digital infrastruktur for kulturdataMuseumsdata ut i verden - digital infrastruktur for kulturdata
Museumsdata ut i verden - digital infrastruktur for kulturdata
 
Norvegiana – infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana– infrastruktur for åpne kulturarvdataNorvegiana– infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana – infrastruktur for åpne kulturarvdata
 
Kort presentasjon av Koha i Norge
Kort presentasjon av Koha i NorgeKort presentasjon av Koha i Norge
Kort presentasjon av Koha i Norge
 
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastuktur
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastukturÅpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastuktur
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastuktur
 
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdataNorvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
 
Norvegiana - åpne kulturdata i praksis
Norvegiana - åpne kulturdata i praksisNorvegiana - åpne kulturdata i praksis
Norvegiana - åpne kulturdata i praksis
 
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdataNorvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
Norvegiana - infrastruktur for åpne kulturarvdata
 
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastruktur
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastrukturÅpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastruktur
Åpne kulturdata og Norvegiana - nasjonal digital infrastruktur
 
Kulturkalender for Stavangerregionen
Kulturkalender for StavangerregionenKulturkalender for Stavangerregionen
Kulturkalender for Stavangerregionen
 
Åpne kulturdata - Kulturrådets strategi og praktiske løsninger
Åpne kulturdata - Kulturrådets strategi og praktiske løsningerÅpne kulturdata - Kulturrådets strategi og praktiske løsninger
Åpne kulturdata - Kulturrådets strategi og praktiske løsninger
 
Ragnar Albertsen, Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal
Ragnar Albertsen, Fylkesbiblioteket i Møre og RomsdalRagnar Albertsen, Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal
Ragnar Albertsen, Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal
 
ABM - aktive medspelarar (Øystein Åsnes)
ABM - aktive medspelarar (Øystein Åsnes)ABM - aktive medspelarar (Øystein Åsnes)
ABM - aktive medspelarar (Øystein Åsnes)
 
Biblioteket og bibliotekaren i en digital tid
Biblioteket og bibliotekaren i en digital tidBiblioteket og bibliotekaren i en digital tid
Biblioteket og bibliotekaren i en digital tid
 
#HACK4DK "Norvegiana – kulturdata ut av skapet!" af Lars Rogstad
#HACK4DK "Norvegiana – kulturdata ut av skapet!" af Lars Rogstad#HACK4DK "Norvegiana – kulturdata ut av skapet!" af Lars Rogstad
#HACK4DK "Norvegiana – kulturdata ut av skapet!" af Lars Rogstad
 
Norvegiana, hack4dk, september 2014, København
Norvegiana, hack4dk, september 2014, KøbenhavnNorvegiana, hack4dk, september 2014, København
Norvegiana, hack4dk, september 2014, København
 
ABM samarbejde i Trondheim
ABM samarbejde i TrondheimABM samarbejde i Trondheim
ABM samarbejde i Trondheim
 
Abm Samarbeid Om Lokalhistorie – Eksempel Fra Norge
Abm Samarbeid Om Lokalhistorie – Eksempel Fra NorgeAbm Samarbeid Om Lokalhistorie – Eksempel Fra Norge
Abm Samarbeid Om Lokalhistorie – Eksempel Fra Norge
 

EuropeanaLocal

  • 1. 1 - Rapport om arbeidet i Sogn og Fjordane Hermansverk, 13.10.2011 Elin Østevik, Prosjektrådgjevar EuropeanaLocal
  • 2. 2 Innhaldsliste 1.0 Introduksjon 3 1.1 Råmene for rapporten 3 1.2 Europeana: Teknologi og standardar 3 1.3 Organisering av arbeidet 4 2.0 Arbeidsområde og resultat 5 2.1 Infrastruktur for datautveksling 5 2.2 Nye søketenester 6 2.3 Tilgjengeleggjort innhald 7 2.4 Standardisering og beriking av metadata 9 2.4.1 ABM SEN – det nasjonale metadataformatet 9 2.4.2 Rettighetsmetadata – eit eige problemfelt 10 3.0 Vegen vidare 12 3.1 Digitalisering 12 3.2 Opphavsrett og lisensiering av innhald 12 3.3 Semantiske teknologiar 13 3.4 Faglege nettverk 13 3.5 EuropeanaLocal – frå prosjekt til kvardag 14
  • 3. 3 1.0 Introduksjon 1.1 Råmene for rapporten EuropeanaLocal var eit ”beste praksis”-nettverk finansiert under EU sitt eContentPlus-program. Prosjektet hadde som målsetjing å gjere digitalt innhald frå lokale og regionale arkiv, bibliotek og museum tilgjengelege for Europeana, samt å utvikle nye tenester. EuropeanaLocal omfatta 32 prosjektpartnarar frå 27 land. Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved Fylkesarkivet og ABM Sogn og Fjordane, var ein av 3 norske partnarar. I tillegg til å vere ein innhaldsleverandør i prosjektet, hadde vi ei rolle som prosjektkoordinator og vi var også del av arbeidsgruppa for prosjektevaluering. EuropeanaLocal starta opp i juni 2008 og vart avslutta ved utgangen av mai 2011. I denne rapporten kjem eg til å fokusere på Fylkesarkivet si rolle som leverandør av digitalt kulturhistorisk innhald til Europeana. Våre oppgåver som prosjektkoordinator og medlem i prosjektevalueringsgruppa fell såleis utanfor råmene til denne rapporten. Hensikta med rapporten er å skildre status for utviklingsarbeidet som er gjort i løpet av prosjektperioden og peike på nokre sentrale utfordringar knytt til vidareføring av dette arbeidet etter prosjektslutt. 1.2 Europeana: Teknologi og standardar Europeana er ein fleirspråkleg portal som gir publikum tilgang til digitalt kulturhistorisk innhald frå arkiv, bibliotek og museum frå heile Europa. Europeana haustar inn, lagrar og publiserer metadata om det digitale innhaldet som finst hjå dei ulike kulturarvsinstitusjonane. Sjølve innhaldsobjekta vert altså ikkje samla inn av Europeana, berre informasjonen (metadata) som skildrar dei. Metadata om det einskilde objektet inkluderer lenker til det digitale objektet slik det er publisert på eigarinstitusjon si eiga heimeside. Fig. 1. www.europeana.eu
  • 4. 4 For at dette skal fungere er Europeana basert på eit sett standardar for skildring og utveksling av metadata som alle institusjonane som leverer innhald til portalen må følgje. Metadata om dei digitale objekta skal skildrast i tråd med den gjeldande versjonen av Europeana Semantic Elements (ESE), per dags dato versjon 3.4,i og XML-skjemaetii som er definert for denne metadatastandarden. ESE-metadata i XML-format vert utveksla ved hjelp av Open Archives Initiative Protocol for Metdata Harvesting (OAI-PMH)iii . Sidan Europeana samlar metadata frå svært mange institusjonar er det ein fordel om den tekniske infrastrukturen inkluderer nokre “trafikknutepunkt” på vegen mellom lokale og regionale institusjonar og Europeana. Desse knutepunkta kan anten vere nasjonale, tematiske eller domenespesifikke datalager. EuropeanaLocal har særskilt stimulert opprettinga av såkalla “nasjonale aggregatorar” som haustar inn innhald frå lokale og regionale ABM-institusjonar for så å gjere den samla informasjonsmengda frå alle desse institusjonane tilgjengeleg for Europeana. Europeana får dermed eit nasjonalt knutepunkt å kople seg til, samstundes som ein på grunnlag av det nasjonale datalageret kan bygge nasjonale samsøk-tenester. Hovudtyngda av arbeidet som har blitt utført i Sogn og Fjordane i løpet av prosjektperioden har såleis bestått i å kartlegge våre eigne metadatamodellar felt for felt opp mot ESE-standarden, for slik å kunne presentere våre metadata i ESE, samt å utvikle ein teknisk infrastruktur beståande av OAI-PMH kompatible datalager for å kanalisere innhaldet frå Sogn og Fjordane til Europeana. 1.3 Organisering av arbeidet Arbeidet med EuropeanaLocal i Sogn og Fjordane vart utført av fylkesarkivaren, høvesvis Snorre Øverbø og Karianne Schmidt Vindenes, og prosjektrådgjevar Elin Østevik ved Fylkesarkivet og seniorrådgjevar Øystein Åsnes ved ABM Sogn og Fjordane. I utviklingsarbeidet som er gjort i løpet av prosjektperioden har vi samarbeida nært med dei to andre norske prosjektpartnarane Norsk Kulturråd (tidlegare ABM-utvikling) og Avinet. Vi oppretta også ei eiga referansegruppe for EuropeanaLocal i Sogn og Fjordane. Føremålet med referansegruppa var å informere ABM-sektoren i fylket om prosjektet, og å trekke inn sentrale fagpersonar i arbeidet som skulle gjerast. Referansegruppa hadde kvartalsvise møte der temaet hovudsakeleg var utfordringar knytt til å gjere innhald frå kulturinstitusjonane i fylket tilgjengeleg på Europeana. Både tekniske og juridiske problemstillingar, samt problemstillingar knytt til metadatastandardar vart handsama av gruppa. Medlemmane i referansegruppa var: - Asbjørn Tyssen (Musea i Sogn og Fjordane) - Anja A. Mjelde (Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane) - Petter von Krogh (Aurland kommune, gjekk ut av gruppa i 2009 i samband med jobbskifte) - Svein Ølnes (Vestlandsforsking) - Øystein Åsnes (ABM Sogn og Fjordane) - Snorre Øverbø/Karianne S. Vindenes (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) - Elin Østevik (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
  • 5. 5 2.0 Arbeidsområde og resultat 2.1 Infrastruktur for datautveksling I løpet av prosjektperioden etablerte dei norske prosjektpartnarane infrastrukturen som gjer at innhald no stadig flyt frå ei rekke kulturhistoriske databasar i fylket til Europeana. Lokalt i Sogn og Fjordane oppretta vi eit eige regionalt datalager som samlar metadata frå eit utval av Fylkesarkivet sine kjeldebasar og eksponerer desse data for innhausting av det nasjonale datalageret, “Norvegiana”, som Norsk Kulturråd oppretta. Det regionale datalageret inneheld metadata frå fotobasen, stadnamnbasen, kulturhistorisk leksikon, inkludert Digitalt Fortalt Sogn og Fjordane, musikkbasen og mediebasen. I tillegg til å hauste metadata frå det regionale datalageret i Sogn og Fjordane, haustar det nasjonale datalageret nasjonale formidlingstenester som til dømes dei domenespeifikke portalane Arkivportalen og Digitalt Museum. Metadata om digitaliserte offentlege og private arkiv og museumsgjenstandar frå Sogn og Fjordane går såleis direkte frå høvesvis Arkivportalen og Digitalt Museum til det nasjonale datalageret. Det nasjonale datalageret gjer den samla informasjonsmengda frå dei ulike regionale datalagera og nasjonale portalløysingane tilgjengeleg for innhausting av Europeana. Fig. 2. Strukturen for utveksling av metadata etablert av dei norske EuropeanaLocal-partnarane. Europeana Digitalt Museum Datalager SFJ Arkivportalen Norvegiana Digitalt fortalt API API ASTA SFJ MediaLeksikon Stadnamn (SFJ & MR) Musikk Primus SFJ Andre Foto (SFJ & MR) S F J F Y L K E N A S J O N A L T E U
  • 6. 6 Dette er ikkje ein “daud” struktur, men det er ein levande informasjonsstraum. Nytt innhald som blir lagt inn i for eksempel fotobasen, vil automatisk bli hausta inn av det regionale datalageret og derifrå vidare til høvesvis det nasjonale datalageret og Europeana. 2.2 Nye søketenester Det nasjonale datalageret er ikkje berre ein mellomlagringsstasjon for data på veg til Europeana. Datasettet i det nasjonale datalageret skal danne grunnlaget for ei sentral innhaldsteneste på det nye kulturnettetiv . Datasettet blir altså tilgjengeleg og søkbart for publikum, som dermed enkelt kan søke i breidda av norsk kulturhistorisk innhald utan å måtte oppsøke dei einskilde institusjonane sine eigne søketenester. Kulturnett Sogn og Fjordane er først ute av dei regionale kulturnetta og har allereie teke i bruk “Norvegiana”-datasettet i søketenesta “Kultursøk”v . Fig. 4. Kultursøk: http://sfj.kulturnett.no/delving/search Vidare er det slik at både Europeana og det nasjonale datalageret eksponerer datasetta sine i ein API. Såleis kan vi eller tredjepart også bygge nye publikumstenester basert på innhaldet. Som eit eksempel kan ein tenke seg at ein i Sogn og Fjordane lager ein ny publikumsteneste som hentar ut alt innhald som handlar om turisme i fylket frå Europeana og presenterer dette på ein eigen nettstad saman med informasjon om reiselivsaktørar i fylket. EuropeanaLocal har bidrege til regional og nasjonal tenesteutvikling når det gjeld digital formidling av kulturhistorie. Gjennom prosjektet har ein etablert ein infrastruktur ikkje berre for levering av innhald til Europeana, men også for nye og forbetra regionale og nasjonale publikumstenester.
  • 7. 7 2.3 Tilgjengeleggjort innhald I følgje prosjektskildringavi kunne prosjektpartnarane i EuropeanaLocal potensielt sett gjere over 20 millionar objekt tilgjengelege på Europeana. Målsetjinga i prosjektet var likevel noko mindre ambisiøs enn dette, nemleg å gjere 10 millionar objekt tilgjengeleg på Europeana innan utgangen av prosjektperioden. For Sogn og Fjordane fylke sin del var det i prosjektskildringa lista opp over 1,9 millionar objekt frå høvesvis Musea i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Både digitalisert og udigitalisert innhald var inkludert: Provider Type Quantity and Definitio n Format and Quality Exisiting Metadata Additional comments Archive, and museums Sogn og Fjordane. Photographs (including photographs from museums, municipalities etc) 150,000 TIFF Keywords, descriptions, categories, controlled vocabularies, some directly or indirectly geo- referenced. 1870-2006 Archive Municipal and private archives – catalogues 4,000 Oracle Descriptions, categories, controlled vocabularies. 1837-1990. Archive Music, melodies 14,000 AVI, MP3 Descriptions, categories, controlled vocabularies. The main part is traditional music from the region. (recorded 1950-2007) Archive Place names 250,000 Oracle All geo referenced, local pronunciations recorded on tape, 25 % digitized. Collected 1986- 2000) Archive Minutes from the county councils 50,000 JPG Digitized from the protocols. 1837-1945 Archive Minutes from the county councils , index of cases 90,000 Oracle Database with case title, type of case, Descriptions, categories, controlled vocabularies. 1837- 1945 Archives and museums Articles about attractions, cultural heritage, etc 2,000 Oracle Database, all geo referenced Archive Farms 2,400 Oracle All geo referenced Archive Mountain farms 2,200 Oracle All geo referenced Archive Organisations and clubs in the region 6,000 Oracle Existing between 1870- 1980 Archive Census 150,000 Oracle Some with information about farms and number of people/ production, some with names on individuals too. 1825, 1845, 1855, 1865, 1875, 1900. Archive Church records 1,000,000 Oracle 1660 – 1970 Archive Land records 20,000 Oracle 1838, 1890, 1950
  • 8. 8 Archive Letters 4,000 Oracle Written by American emigrants Archive GIS-service 70-100 layer Some relevant for CH, also important information about the region Archive User contributed information 6,000 Oracle About photos, emigrants etc Archives and museums Recorded interviews 300-600 hours Oracle Descriptions, categories, controlled vocabularies, keywords on item level and time code. Library Articles in local and regional magazines 12,000 Articles about local history, local culture, local and regional events etc. Museums Museum objects 130,000 Oracle Keywords, categories, controlled vocabularies, description etc (date 1600-1970) Libraries Books and other media 72,000 Library index or catalogue Fig. 5. Utdrag frå tabellen “4.1 underlying content” frå prosjektskildringa. Tidleg i det første prosjektåret vart det klart at Europeana berre skulle inkludere innhald som det fants ein digital representasjon av. Fokuset vart dermed flytt over til digitale objekt (det vil seie innhald som er skapt digitalt eller der originaldokumentet/-gjenstanden/-fotografiet er digitalisert). Databasar som berre inneheldt metadata/kataloginformasjon, som til dømes biblioteksbasane og Fylkesarkivet sine arkivkatalogar, vart dermed kutta ut, sjå innføringane med blå bakgrunn i tabellen over. For prosjektet som heilskap vart målsetjinga om å levere 10 millionar objekt justert til 6 millionar digitale objekt. Kjeldedata Innmeldt til Europeana Tal postar i Norvegiana Tal objekt på Europeana Foto SFJ 57 000 58 574 58 574 Stadnamn SFJ 180 000 174 604 161 004 Tradisjonsmusikk 4 600 13 699 4 652 Media 1700 431 431 Kulturhistorisk leksikon 1 800 1 679 1 679 Digitalt fortalt SFJ Ikkje innmeldt 1 468 1 468 Offentleg arkivmateriale 73 000 19 146vii 0 Museumsgjenstandar 52 000 9 452viii 9 452 Fjognedokix Ikkje innmeldt 0 0 TOTALT SFJ 370 100 277 585 237 260 Foto MR Ikkje innmeldt 135 128 135 128 Stadnamn MR Ikkje innmeldt 126 880 76 462 Totalt MR 262 008 211 590 TOTALT SFJ & MR 539 593 448 850 Fig. 6. Justerte prosjektmål og innhald tilgjengeleg på høvesvis Norvegiana og Europeana ved prosjektslutt.
  • 9. 9 Figur 6 syner talet innmeldte objekt til Europeana etter justeringa av prosjektmåla (altså kor mange digitale objekt vi hadde som målsetjing å levere i løpet av prosjektperioden), samt kor mange digitale objekt som ved utgangen av mai 2011 faktisk var tilgjengeleg i høvesvis Norvegiana og Europeana. Tala er som vi ser høgare for den nasjonale aggregatortenesta enn for Europeana. Dette skuldast at Norvegiana også inkluderer metadata om objekt som ikkje er digitalisert. Slik synleggjer Norvegiana mengda av kulturhistorisk materiale som potensielt sett kan bli gjort tilgjengeleg gjennom digitalisering, samstundes som brukarane blir gjort merksam på eksistensen av dette udigitaliserte materialet. Som det kjem fram av tabellen over hadde vi ved prosjektslutt stort sett lukkast med å gjere tilgjengeleg den innhaldsmengda vi hadde meldt inn – med to store unntak: Museumsgjenstandar og offentleg arkivmateriale. Dei store avvika her skuldast at det i samråd med Norsk Kulturråd undervegs vart bestemt at alt arkivinnhald skulle haustast inn via Arkivportalenx , medan alt museumsinnhald skulle haustast inn via Digitalt Museumxi . Opphaveleg var planen å hauste inn metadata direkte frå Fylkesarkivet sitt møtebokregister og frå Musea i Sogn og Fjordane sin gjenstandsbase. Ved å i staden hauste frå Arkivportalen og Digitalt Museum slapp vi i Sogn og Fjordane å skreddarsy løysingar for innhausting av desse innhaldstypane her i fylket. Samstundes har vi slik unngått problemet med at same innhaldsobjekt kunne ha blitt hausta inn to gonger – ein gong frå til dømes møtebokregisteret og ein gong frå Arkivportalen.Ulempa med å gjere det på dette viset er at Fylkesarkivet og Musea i Sogn og Fjordane førebels ikkje har publisert alt det digitale innhaldet sitt på høvesvis Arkivportalen og Digitalt Museum. Men; vi har no etablert ein berekraftig struktur for datautveksling. Etter kvart som meir og meir innhald frå fylket vet publisert på Arkivportalen og Digitalt Museum, vil det også automatisk bli tilgjengeleg i Norvegiana og Europeanaxii . I løpet av prosjektperioden rekrutterte vi FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal og IKA Møre og Romsdal IKS som innhaldsleverandørar til Europeana. FylkesFOTOarkivet nyttar Fylkesarkivet sin fotodatabase, medan IKA Møre og Romsdal nyttar stadnamnbasen til Fylkesarkivet. Som figur 6 syner, har vi såleis sytt for at også i overkant av 211 000 digitale objekt frå Møre og Romsdal vart tilgjengelege på Europeana. Totalt sett har Fylkesarkivet gjort tilgjengeleg over 448 000 digitale objekt på Europeana. Kring 237 000 av desse kjem frå kulturarvsinstitusjonar i Sogn og Fjordane, medan kring 211 000 kjem frå institusjonar i Møre og Romsdal. 2.4 Standardisering og beriking av metadata Ved prosjektstart fants det like mange standardar for å skildre informasjon om det kulturhistoriske innhaldet i basane våre som det fanst databasar. Å kartleggje alle dei ulike basane omtala ovanfor mot ESE-standarden var såleis ei stor og tidkrevjande oppgåve.
  • 10. 10 2.4.1 ABM SEN – det nasjonale metadataformatet I kartleggingsarbeidet såg dei norske partnarane at vi i våre basar mellom anna hadde meir presise geografiske metadata enn det som kunne uttrykkast i ESE. Norsk Kulturråd utvikla difor ein eigen variant av ESE kalla ABM Semantic Elements (ABM SEN)xiii , som ivaretek denne presisjonen. I ABM SEN er følgjande underkategoriar av elementet dcterms:spatial i ESE-standarden definerte: abm:address, abm:country, abm:county, abm:landedProperty, abm:municipality og abm:namedPlace. I staden for berre å ha eitt metadataelement som rommar alt frå land til gardsnummer, har ein altså seks ulike element som gir rom for meir presise geografiske metadata. I ABM SEN-standarden har ein også definert underkategoriar av elemta dc:subject og dc:date i tillegg til å ha lagt til elementa dcterms:rightsHolder og abm:contentProvider. Fylkesarkivet deltok i utviklinga av ABM SEN som høyringsinstans undervegs i arbeidet med standarden. I det regionale og nasjonale datalageret finn ein såleis metadata i ABM SEN-formatet. ABM SEN er kompatibel med ESE: Når Norvegiana eksponerer metadata for innhausting av Europeana gjer dei det i ein “ned dumma” form, nemleg som rein ESE. Det at vi har metadata i ABM SEN-form regionalt og nasjonalt gjer at vi i dei regionale og nasjonale publikumstenestene kan tilby publikum betre geografiske søkemoglegheiter enn Europeana. Samstundes er det sjølvsagt også lettare å søke på tvers av basane enn tidlegare. Med ABM SEN har vi innført ein felles metadatastandard for skildring og presentasjon av kulturhistorisk innhald uavhengig av kva kjeldedatabase det kjem frå. I kartleggingsarbeidet støtte vi også på motsett problem av utfordringa skildra ovanfor – ESE stilte i eitt tilfelle krav til meir presise metadata enn det vi hadde i våre kjeldemetadata. 2.4.2 Rettighetsmetadata – eit eige problemfelt I dei ulike kjeldedatabasane til Fylkesarkivet varierer det stort om rettighetsinformasjon vert registrert, og i kva form. Ingen av databasane har standardiserte måtar å uttrykke den opphavsrettslege statusen til innhaldet eller eventuelle bruksvilkår knytt til det. I ESE v.3.4. er derimot rettar (europeana:rights) eit obligatorisk metadataelement. I dette metadatafeltet må den opphavsrettslege statusen til det digitale objektet definerast ved å vise til anten ein av sju Creative Commons -lisensar, samt Public Domain Mark, eller til eitt av fire rettighetsutsegn som Europeana har definert. Informasjonen om den opphavsrettslege statusen til det digitale objektet skal uttrykkast som ein URL, og det er 12 kontrollerte verdiar å velje frå, sjå figur 7 nedanfor.
  • 11. 11 Lisens / utsegn URL Public Domain Mark http://creativecommons.org/publicdomain/mark/1.0 Creative Commons – Zero (CC0) http://creativecommons.org/publicdomain/zero/1.0 Creative Commons – Attribution (BY) http://creativecommons.org/licences/by/3.0 Creative Commons – Attribution, Share Alike (BY-SA) http://creativecommons.org/licences/by-sa/3.0 Creative Commons – Attribution, No derivatives (BY-ND) http://creativecommons.org/licences/by-nd/3.0 Creative Commons – Attribution, Non- commercial (BY-NC) http://creativecommons.org/licences/by-nc/3.0 Creative Commons – Attribution, Non- commercial, Share Alike (BY-NC-SA) http://creativecommons.org/licences/by-nc-sa/3.0 Creative Commons – Attribution, Non- commercial, No derivatives (BY-NC-ND) http://creativecommons.org/licences/by-nc-nd/3.0 Europeana – Rights Reserved, Free Access http://www.europeana.eu/rights/rr-f/ Europeana – Rights Reserved, Paid Access http://www.europeana.eu/rights/rr-p/ Europeana – Rights Rerved, Restricted Access http://www.europeana.eu/rights/rr-r/ Europeana - Unknown http://www.europeana.eu/rights/unknown/ Fig. 7. Verdiar som kan nyttast i metadataelementet europeana:rights. Sidan metadata av denne typen anten ikkje finst i det heile eller ikkje finst i noko god og gjennomførd kvalitet i våre databasar, lot det seg ikkje gjere å mappe våre kjeldemetadata mot tabellen over. Løysinga vart å leggje til denne informasjonen direkte i metadata i det regionale datalageret. For kvar kjeldedatabase identifiserte vi ein lisens/ei rettighetsutsegn som kunne nyttast om alt innhaldet i basen. Alle foto fekk til dømes utsegna “Europeana – Rights Reserved, Free Access” lagt inn i europeana:rights-elementet. Einskilde foto i basen vår vil ha mindre strenge vilkår/opphavsrettslege avgrensingar, men ingen vil ha strengare vilkår/avgrensingar. Dette prinsippet vart også praktisert på dei andre basane våre. Figur 8 gir oversikt over utsegnene/lisensane vi har brukt på innhaldet vårt. Database Lisens/utsegn Foto http://www.europeana.eu/rights/rr-f/ Kulturhistorisk leksikon http://www.europeana.eu/rights/rr-f/ Musikk http://www.europeana.eu/rights/rr-r/ Media http://www.europeana.eu/rights/rr-f/ Stadnamn http://creativecommons.org/publicdomain/mark/1.0 Digitalt Fortalt http://www.europeana.eu/rights/rr-f/ Fig. 8. Lisensar/utsegner nytta på Fylkesarkivet sitt innhald på Europeana. Innhald frå Digitalt Museum vert framleis gjort tilgjengeleg på Europeana utan lisens/rettighetsutsegn tilknytt. Det står att å sjå kva lisens/utsegn forvaltarane av museumsinnhaldet vel å bruke.
  • 12. 12 Vår deltaking i EuropeanaLocal har bidrege til å rette søkelys på at våre metadata om innhaldet sin opphavsrettslege status og gjeldande bruksvilkår held ein ujamn og ofte dårleg kvalitet. Sjølv om vi no har rettighetsmetadata tilknytt objekta våre på Europeana er rettighetsutsegnene som er brukt upresise “sekkekategoriar”. Metadata i dei ulike kjeldedatabasane er heller ikkje lagt til og/eller oppdatert. Å gjere endringar i kjeldedatabasane slik at ein kan registrere nøyaktig rettighetsmetadata/bruksvilkår på nivå av kvar enkelt innhaldspost er ei utfordring som står att å løyse. 3.0 Vegen vidare Gjennom deltakinga i EuropeanaLocal har Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Fylkesarkivet og ABM Sogn og Fjordane tileigna seg kunnskap om standardar og teknologiar som dannar grunnlaget for det fremste av tenesteutvikling innafor ABM-sektoren i dag. Vi har også blitt del av eit fagleg fellesskap som er ansvarleg for å drive utviklinga av eit heilt fagfeltet framover. Føresetnadane for framtidig tenesteutvikling er såleis gode. 3.1 Digitalisering Ved avslutninga av prosjektet har ein fått etablert ein fungerande infrastruktur som sikrar at når nye foto, museumsgjenstandar, arkivdokument og andre kulturhistoriske objekt vert digitalisert og registrert så vil dei bli formidla i både internasjonale (Europeana), nasjonale (Kulturnett/Norvegiana) og regionale kanalar. Ved å digitalisere meir materiale vil ein såleis auke verdien og relevansen av desse formidlingskanalane for publikum ved at stadig meir kjeldemateriale vert tilgjengeleg for bruk der. Å lukke eventuelle “hol” – tematisk, geografisk og tidsmessig – i den digitalt tilgjengelege kulturarven vert viktig. Det hadde vore føremonleg om også biblioteksinnhald frå fylket vert digitalisert og kopla opp mot infrastrukturen og formidlingskanalane som er utvikla i løpet av prosjektet. 3.2 Opphavsretten og lisensiering av innhald Ei særskilt utfordring når det gjeld digital tilgjengeleggjering av kulturarv er dei avgrensingar som opphavsretten set, og som gjer at vi risikerer eit innhaldsmessig “svart hol” som blokkerer ut store deler av kulturarven produsert på 1900-talet og fram til i dag. Store delar av materialet som ABM- sektoren forvaltar, også i Sogn og Fjordane, har ein opphavsrettsleg uavklara status og metadata knytt til rettar og bruksvilkår er ikkje utrykt på ein eintydig måte. Klarering av rettar og ei tydeleg, standardisert merking av bruksvilkår for det digitalt tilgjengeleggjorte materialet bør prioriterast. Arbeidet vil vere tidkrevjande, men er ein heit naudsynt “ryddejobb” som sektoren må ta. Creative Commons (CC) si lisensieringsløysing peikar seg ut som den per i dag beste måten å skape standardiserte metadata for å skildre bruksvilkår. Europeana har i versjon 3.4 av ESE gjort rettar til eit
  • 13. 13 obligatorisk metadatafelt og anbefalar bruken av CC-lisensar for å skildre bruksvilkår. Å tilrettelegge dei ulike kjeldedatabasane våre for bruk av CC-lisensar, og oppdatere og kvalitetssikre metadata knytt til opphavsrett og bruksvilkår bør såleis vere ei høgt prioritert oppgåve i tida framover. 3.3 Semantiske teknologiar Ting endrar seg fort i den digitale verda. Den metadatastandarden som vart nytta i Europeana- portalen ved prosjektslutt (ESE v. 3.4) vil i løpet av kort tid bli erstatta av ein rikare metadatamodell basert på semantisk teknologi kalla Europeana Data Model (EDM)xiv . Den nye metadatamodellen vil vere kompatibel med ESE, men for at vi skal få fullt utbytte av kompleksiteten i modellen bør vi vurdere å “mappe” på ny direkte frå kjeldemetadataformata våre mot den nye modellen. Med den semantisk baserte EDM blir kontrollerte vokabular og autoritetsregister viktigare enn tidlegare. ABM-sektoren har her ein jobb å gjere med tanke på å etablere autoritetsregister for sentrale metadata som til dømes personnamn, stadnamn/gardsnamn og tidsepokar. Dette er utfordringar som ikkje berre kan løysast sentralt på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Geonames til dømes har dårleg “oppløysing” til nærmare det lokale nivået ein kjem. For å betre på denne situasjonen kan ein tenke seg ein “bottom-up” framgangsmåte der ein etablerer eit regionalt autoritetsregister for stadnamn som vert mappa mot Geonames, slik at til dømes då “Hangsete”, ein støl i Leikanger kommune, som er å finne i stadnamnbasen til Fylkesarkivet vert knytt opp til Geonames innføringa for “Leikanger kommune” som ein del av dette større geografiske området. Kultursektoren i Sogn og Fjordane bør såleis ikkje vente på at desse utfordringane skal løysast sentralt, men aktivt vere med på å utvikle autoritetsregister og etablere koplingane mellom dei. 3.4 Faglege nettverk For at ikkje det ein no har oppnådd med EuropeanaLocal sakte skal “råtne på rot” ettersom standardar og teknologiar utviklar seg, bør fylkeskommunen framleis engasjere seg i Europeana og i dei faglege utfordringane som her er skisserte. Europeana Foundation anbefaler institusjonar som bidrar med innhald til Europeana å registrere seg som medlem i Council of Content Providers and Aggregators (CCPA). Dette rådet fungerer både som eit fagleg nettverk der felles utfordringar vert diskuterte og jobba med i ulike arbeidsgrupper. I tillegg utgjer CCPA ein formell representasjonskanal inn til Europeana sitt styre, sjå figur 9.
  • 14. 14 Fig 9. Styringsstruktur, Europeana. Kvar institusjon kan ha maks to representantar i rådet. Fylkesarkivet er representerte med fylkesarkivar Snorre Øverbø og prosjektrådgjevar Elin Østevik. Møter i CCPA og eventuelt også arbeidsgruppe(r) innafor rådet ein vel å engasjere seg i bør prioriterast også etter prosjektslutt. Ved å delta i CCPA opprettheld ein kontakten med eit høgt kompetent fagleg nettverk og kan vere med på å påverke og drive utviklinga av Europeana vidare. I tillegg til å oppretthalde kontakten med det internasjonale fagmiljøet representert ved CCPA bør ein oppretthalde og vidareutvikle samarbeidet med Vestlandsforsking som utgjer eit viktig fagmiljø når det gjeld semantisk web. Vestlandsforsking sitt engasjement i referansegruppa for EuropeanaLocal har vore mogleggjort gjennom satsingsområdet Kultur og IKT og tilhøyrande midlar i utviklingsavtalen mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. Ved rulleringa av utviklingsavtalen i 2010 vart satsingsområdet Kultur og IKT kutta ut. Samarbeidet med Vestlandsforsking må ein såleis finne nye løysingar på, til dømes samarbeid om konkrete prosjekt som ein søkjer ekstern finansiering av. Prosjektet “Semantisk samhandling i kulturformidlinga” som gjennomførast i 2011 er eit eksempel i så måte. I dette prosjektet vil Fylkesarkivet, ABM Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, Popsenteret og Oslo Byarkiv utvikle ein semantisk versjon av fotografregisteretxv basert på standardar og teknologi som let seg knytte saman med Europeana og foreinast med arbeidet som er gjort i løpet av EuropeanaLocal. 3.5 EuropeanaLocal – frå prosjekt til til kvardag Når det gjeld Sogn og Fjordane fylkeskommune konkret bør Europeana inkluderast i Fylkesarkivet og ABM Sogn og Fjordane sine plandokument som ein prioritert formidlingskanal med tilhøyrande tidsressursar til å følgje opp vårt engasjement på Europeana. Tidsressursane bør nyttast både til deltaking på CCPA-møter og den årvisse Europeana-konferansen, men først og fremst til oppdatering og vidareutvikling av innhald og infrastruktur i takt med endring i standardar og teknologi.
  • 15. 15 i Europeana Semantic Elements Specification, version 3.4 2011-03-31, Europeana V.1, http://www.version1.europeana.eu/c/document_library/get_file?uuid=77376831-67cf-4cff-a7a2- 7718388eec1d&groupId=10128 ii http://www.europeana.eu/schemas/ese/ESE-V3.4.xsd iii http://www.openarchives.org/OAI/openarchivesprotocol.html iv http://samlinger.kulturnett.no/portal/ v http://sfj.kulturnett.no/delving/search vi Annex 1, Description of Work (Best Practice Networks), ECP-2007-DILI517009, EDLocal: Making local and regional content accessible through the European Digital Library, Version of 13/05/2008. vii 60 av desse 19 146 postane har digitalt objekt tilknytt. viii Objekta fordelar seg som følgjer: Sunnfjord Folkemuseum (4659), Nordfjord Folkemuseum (2836), De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum (1795), Kystmuseet i Sogn og Fjordane (183) og Sogn og Fjordane Kunstmuseum (69). ix Fjognedok er inkluder her sjølv om tenesta ved prosjektstart ikkje inneheldt digitale objekt. Vi hadde ei målsetjing om å få på plass eit utval digitaliserte artiklar i Fjognedok i løpet av prosjektperioden, og å utarbeide tekniske løysingar for å hauste inn metadata frå Fjognedok i det regionale datalageret. På grunn av interne prioriteringar på fylkesbiblioteket og vurderingar av kostnad opp mot nytte frå prosjektet si side vart ikkje dette gjennomført. x www.arkivportalen.no xi www.digitaltmuseum.no xii Alt innhald på Arkivportalen er hausta inn i det nasjonale datalageret og ligg klart for vidareformidling til Europeana. Norsk Kulturråd har så langt valt å ikkje tilgjengeleggjere innhald frå Arkivportalen på Europeana, uvisst av kva grunn. xiii ABM Semantic Elements Norway, Specification, v.0.8, EuropeanaLocal Norway xiv Definition of the Europeana Data Model elements, version 5.2.2, 31/5/2011, Europeana v1.0: http://www.group.europeana.eu/c/document_library/get_file?uuid=7ef62859-4846-4697-9285- 6bde99d976f5&groupId=10605 xv http://www.nb.no/nmff/