Good Stuff Happens in 1:1 Meetings: Why you need them and how to do them well
2 - Førebuing til skriftleg eksamen i norsk
1. Norskfagleg kompetanse
I eksamensrettleiinga (2017) til skriftleg eksamen i norsk på Vg3 står det:
«Det overordnete formålet med eksamen er at elevene skal vise norskfaglig kompetanse. De skal lese ulike tekster
og kunne sette dem inn i en faglig sammenheng, og de skal skrive en kort og en lengre tekst.»
Ifølge eksamensrettleiinga består altså den norskfaglege kompetansen som skal vurderast av:
• Lesekompetanse: Elevane må kunne lese oppgåva og forstå ho, og dei må kunne lese på ein slik måte at dei
forstår tekstvedlegga.
• Fagleg kunnskap: Elevane må kunne sette tekstane dei les inn i ein fagleg samanheng, og dei må meistre eit
fagspråk.
• Skrivekompetanse: Elevane må ha strategiar for å planleggje, skrive, revidere og sluttføre tekstar som passar til
formålet med oppgåva.