IT-forum OU2015 Digital praksisfortelling -Eivind Rogne, HiSF
årsmøtereferat nestangen ll 2011
1. Årsmøtereferat Nestangen Laugarlag 12.mars 2011 cccp
Frammøte: Godt! 20 lemmar møtte på klasserom 108 og på Kinahuset. Arr.komitéleiar møtte seint.
I Forfall: Generalsekretær med gyldig skadeforfall, Hallsjef Knut Idar har forklaringsvanskar.
Årsmøte vart i år gjennomført helga etter ski-VM laurdag 12. mars kl 1830 sjølvsagt i
Klubblokalet (Kulturhuset). I årets program la ein til grunn prestasjonspress på utøvarane.
Men det aller viktigaste: I år søkte talarane attende til det enkle, grunnleggande og vesentlege.
Kl. 18.30 Frammøte i klubbhuset
Velkomstdrykken var sterk og klar. Saltstengene var og på plass.
Kl. 19.00 Årsmøte i klasserom 108
Sak 1 Årsmelding ”Folket elsker meg” v/Presidenten
- Presidenten sette standard og la vekk gamle foilar, førte så opp dagens
møteagenda i krittkvitt på tavla, helsa på møtelyden og tala manuslaust.
- Presidenten skisserte verdenssituasjonen og sette skapet på plass. Svake,
vaklande diktatur fekk passa påskrivne. Her vert det neppe regimeskifte
- Ein so fyldig og fullendt tale kan ikkje oppsummast i setningar. Nokre
positivt og negativt lada stikkord:
2. Sak 2 Rekneskap og budsjett v/økonomisjefen
- Full kontroll på lagsøknomi er revisorbekrefta.
- Eit arbeidskrevjande år då presidenten
o rekrutterte medlemmar
o lanserte nestangen.wordpress.com
o arrangerte ny cupfinaletur,
o skaffa laget historisk generalsponsoravtale (Sparebank1MSN) og
o disponerte titusenar frå lagskonto til damer, terpentin og Oslo
Tolldistrikt med justeringstiltak.
- økonomisjef tok lærdom av asfalteringsbransjen og nytta varsamt overhead
Sak 3 Sportsleg satsing og strategiar for 2011-12 v/trenaren
- Trenaren gjekk grundig til verks, nytta overhead mykje og analyserte laget.
- Trenaren stilte så plassen til disposisjon i eige skriv delt ut på årsmøtet.
- Årsmøtet debatterte og var forferda
Sak 4 Eg vi nøgd med trenaren? Strategi/lag? Høg nok tenning?
- Presidenten tok sjølv ordet då Almås var i forfall. Han innleia, diskuterte
og førebudde sak om å sparke trenaren for ein historisk 6.gong! Dette vart
oppfølgingstema utover kvelden før Presidenten til slutt konkluderte.
o PS: Presidenten er no i forhandling med rett mann for framtida.
Sak 5 Kulturinnslag ved Dag Skram
- Kultursjefen følgde opp Presidentens gode eksempel og gjekk attende til
grunnleggande kulturell forteljarstil inspirert av Knausgård.
- Dette kom han god i frå. Dag sette ikkje seg sjølv i sentrum, men dialogen
og kommunikasjonen i laget. Føredraget la særleg vekt på korleis dialog
mellom Presidenten og høgrehanda symboliserer suksess.
Sak 6 Er vi nøgd med kulturell utvikling og nivå?
- Billa var sopass imponert over Kultursjefen sin innsats at han heller
fokuserte på rolla til høgrehand Ellingsen og om det unge talentet verkeleg
var klar for større oppgåver. Åberge med fleire bidrog godt i diskusjonen
Sak 7 Val av styre og trenar. Presidenten tek på seg å skrive under møteboka.
- Styre var ikkje på val i år. TRENAREN FEKK SPARKEN!!! for 6. gong.
Sak 8 Ymse. Dekoreringar og prisar.
- Johannesen deltok ikkje i år. Difor ingen Tangopris
- Presidenten dekorerte. Han både gav og mottok pins. Til ovasjonar.
Bjelde, Kultursjefen, Økonomisjefen var føre og på podiet.
Legendarisk.
- Laget rydda lokalet etter seg. Kultursjefen slepp i år å leite etter mobilen.
3. Kl. 21.00 Middag på Kinahuset
Årsmøtemiddag var i gamal tradisjon på lukka avdeling i kjellaren, med trerettar og vinflaske.
- Høgrehand Ellingsen handterte alt nye ansvar : Innkrevjinga gjekk godt! Dette vervet held
han fram i. Han held og i år ”takk for maten tale” som Hallstein- standinn. Hallstein er trygg.
- ”Tømmekvarteret” måtte i år ha ny vert etter forfall frå visepresident Rolf Salveson.
- Gisle Solheim fekk oppdraget, tok ordet og meinheldt det sjølv i over halve taletida.
- Presidenten vedtok benkeforslag på staden om oppstart av gamal tradisjon med
ekstraordinært årsmøte. Dette finn stad i Presidentens sin private sfære i mai. Ca 15.
- Festmåltidet vart avslutta i 23-tida. Etter dette tek gjekk nattelivet vidare