SlideShare a Scribd company logo
1 of 23
SMITTEVERN
Smittevernrutinar
• Som tannhelsesekretær er gode
smittevernrutinar i det daglege
arbeidet sentralt.
• Det handlar om å førebygge
smitteoverføring til og mellom
pasientar og beskytte
tannhelsepersonellet mot smitte.
Smitteberarar
• Smittevern gjeld ved arbeid med alle
pasientar, uavhengig av om ein
diagnose/infeksjon er bekrefta eller
ikkje.
• Dette bygger på prinsippet om at alle
kroppsvæsker, som blod, sekret,
slimhinner og ikkje-intakt hud, kan
innehalde smittestoff.
• Kan du sjå kva for pasientar som er
smitteberarar?
Gode smittevernrutinar omfattar blantanna
• handhygiene
• bruk av beskyttelsesutstyr (hanskar,
klinikktøy, munnbind og
augebeskyttelse)
• beskyttelse mot stikkskadar
• å skilje reint frå ureint (barriereteknikk)
• hostehygiene
• reinhald, desinfeksjon og sterilisering
• avfallshandtering
Handhygiene
• God handhygiene er ein viktig del av
smitteverntiltaket for å førebygge
infeksjonar. Dette kan ein oppnå med
handvask eller handdesinfeksjon.
• Handhygiene bidrar til å fjerne
sjukdomsframkallande smittestoff frå
hendene.
• Les meir om handhygiene i
Håndhygiene – nasjonal veileder
Handpleie
• God handpleie skal bidra til å halde ved
like ei intakt hudoverflate utan
sprekker, sår eller eksem.
• Heil hud beskyttar mot smitte og
reduserer smittespreiing via hender.
• Hudpleieprodukt gjer huda mjuk og
elastisk og kan motverke uttørking og
sprekkdanningar.
Beskyttelsesutstyr
• Som tannhelsesekretær må du kjenne
til rett bruk av hanskar, munnbind,
augebeskyttelse og klinikktøy.
• Beskyttelsesutstyret må vere lett
tilgjengeleg i arbeidssituasjonar.
Munnbind
• Dersom det er risiko for sprut/aerosol
under behandling, skal det brukast
munnbind, dette skal skiftast mellom
kvar pasient og ved tilsøling.
• Gå ikkje ut av behandlingsrommet med
munnbind, og la det ikkje henge rundt
halsen til seinare bruk.
Briller
• Også auga må beskyttast ved
sprut/aerosol og for fragment, for
eksempel tannstein ved
depurering/scaling.
• Beskyttelsesbriller eller visir er godt
eigna.
• Merk at desse blir tilsølte under
behandling eller ved berøring og blir
dermed kontaminerte.
Klinikktøy
Alle som er i kontakt med pasientar, skal
bruke reint klinikktøy. Dette skal bytast
dagleg og dersom det blir skitna til. Det
skal kunne vaskast på 85 grader Celcius.
Vi forlèt ikkje klinikken med arbeidstøy
på.
Tenk over om plastforkle/eingongsfrakk
bør brukast i situasjonar med fare for
kontaktsmitte.
Hanskar
• Vi bruker hanskar i alle prosedyrar der
det er ein risiko for å kome i kontakt
med organisk materiale.
• Det finst mange forskjellige typar
hanskar, og vi vel type etter kvalitet,
elastisitet, storleik, form og materiale.
• Hugs at hanskane ikkje gir ein absolutt
beskyttelse. Det er ein viss fare for at
mikrobar og kjemikalium skal kunne
trenge gjennom
(komposittmateriale/akrylat).
Hanskane kan også bli skadde. Varme
og fukt som oppstår når vi bruker tette
hanskar ved pasientbehandling, kan
bidra til ei oppblomstring av
mikroorganismar.
• Les meir om hanskar her.
• Vask eller desinfiser hendene både før
og etter hanskebruk!
Hostehygiene
• Hostehygiene går ut på å unngå å
nyse eller hoste direkte mot andre.
Du bør helst bruke papir og kaste det
i søpla etterpå. Deretter utfører du
handhygiene.
• Sjå på bilda. Kva bør du gjere om du
ikkje har papir tilgjengeleg:
hoste/nyse inn i armhola eller i
handa?
Oppgåve – finn feil
Dette bildet illustrerer klare brot på
smitteverntiltak og personleg hygiene.
Finn feila og tenk over om dei kan bidra
til smitterisiko på klinikken.
Oppgåve
Samanlikn dette bildet med det førre.
Kva har forbetra seg her?
Munnbind
Skal vi ta på munnbind før eller etter
handhygiene?
Spisse gjenstandar
• Spisse eller skarpe gjenstandar
utgjer ein fare for stikk- og
skjereskadar.
• Den 18. juni 2013 tredde det i
kraft ei forskriftsendring som
skal hindre stikkskadar og
infeksjonar.
• Les meir om dette frå
Arbeidstilsynet her
• Les om stikkuhell på sprøyter og
andre blodeksponeringar –
posteksponeringsprofylakse her
• Kva for eit av desse to bilda
viser rett handtering av sprøyter
etter bruk?
Avfall
• Det blir produsert fleire ulike typar
avfall på ein tannklinikk, både restavfall
og farleg avfall. Dette må handterast på
ein trygg og sikker måte slik at det ikkje
skader nokon.
• Her er nokre eksempel:
• Glasavfall: hetteglas og karpylar
• Restavfall: serviettar, bomullsrullar,
tupferar og hanskar kan kastast i
plastpose i avfallsbøtte
• Risiko-/smitteavfall: skalpellar,
kanylar, suturnåler, matriseband,
knust glas og stålbor skal leggast i
kanyleboks/eigen avfallsbehaldar
Barriereteknikk
• Å skilje reint frå ureint blir også
kalla barriereteknikk. Det
handlar om å skape eit skilje
mellom to område og dermed
hindre smitteoverføring.
• Eksempel på ein fysisk barriere
er innpakking av sterile
instrument, tildekking av pc-
tastatur med plast eller bruk av
hanskar.
• Vi kan også skape ein barriere
ved å unngå å ta på reint utstyr
med kontaminerte hender, lage
ei skiten og ei rein sone på ein
benk eller ta på noko med
nyvaska hender.
Kan vi sitje med hendene slik under
behandling?
Hender
Korleis skal vi halde hendene etter
handhygiene?
Korleis skal vi halde hendene med
hanskar på?
Mobiltelefon
Er det greitt å bruke mobiltelefonen
mens vi jobbar på tannklinikken, eller
skal han ligge i garderoben i arbeidstida?
Reingjering, desinfisering og sterilisering
Med reingjering fjernar vi skit og substansar.
Til dette bruker vi vatn og såpe, og på denne
måten fjernar vi mikroorganismar mekanisk.
Vi reingjer utstyr som berre kjem i kontakt
med heil hud og ikkje slimhinner.
Med desinfisering meiner vi tiltak som
øydelegg dei fleste mikroorganismane. Vi
desinfiserer anten med varme eller med
kjemikalium.
Vi desinfiserer utstyr som kjem i kontakt med
slimhinner, men ikkje penetrerer dei.
Reingjering, desinfisering og sterilisering forts.
Med sterilisering meiner vi tiltak som
drep alle mikroorganismar, også sporar.
Vi steriliserer vanlegvis ved autoklavering
(varm damp under trykk).
Vi steriliserer utstyr som skal brukast i
behandling der det penetrerer hud eller
slimhinner (bindevev, bein, pulpa).
Instrumenta skal vere reingjorde,
desinfiserte og pakka før sterilisering.
© Forlaget Vett & Viten 2017
Forfatter: Hanne Ernstsen
Det må ikke kopieres fra denne presentasjonen i strid med åndsverkloven eller avtaler
inngått med KOPINOR, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk.

More Related Content

More from vettviten

Kommunikasjon og samhandling nyn
Kommunikasjon og samhandling nynKommunikasjon og samhandling nyn
Kommunikasjon og samhandling nynvettviten
 
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nynHygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nynvettviten
 
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nynArbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nynvettviten
 
Kommunikasjon og samhandling
Kommunikasjon og samhandlingKommunikasjon og samhandling
Kommunikasjon og samhandlingvettviten
 
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nynOversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nynvettviten
 
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2vettviten
 

More from vettviten (8)

Indeks nyn
Indeks nynIndeks nyn
Indeks nyn
 
Indeks
IndeksIndeks
Indeks
 
Kommunikasjon og samhandling nyn
Kommunikasjon og samhandling nynKommunikasjon og samhandling nyn
Kommunikasjon og samhandling nyn
 
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nynHygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
 
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nynArbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
 
Kommunikasjon og samhandling
Kommunikasjon og samhandlingKommunikasjon og samhandling
Kommunikasjon og samhandling
 
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nynOversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
 
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
 

Smittevern nyn

  • 2. Smittevernrutinar • Som tannhelsesekretær er gode smittevernrutinar i det daglege arbeidet sentralt. • Det handlar om å førebygge smitteoverføring til og mellom pasientar og beskytte tannhelsepersonellet mot smitte.
  • 3. Smitteberarar • Smittevern gjeld ved arbeid med alle pasientar, uavhengig av om ein diagnose/infeksjon er bekrefta eller ikkje. • Dette bygger på prinsippet om at alle kroppsvæsker, som blod, sekret, slimhinner og ikkje-intakt hud, kan innehalde smittestoff. • Kan du sjå kva for pasientar som er smitteberarar?
  • 4. Gode smittevernrutinar omfattar blantanna • handhygiene • bruk av beskyttelsesutstyr (hanskar, klinikktøy, munnbind og augebeskyttelse) • beskyttelse mot stikkskadar • å skilje reint frå ureint (barriereteknikk) • hostehygiene • reinhald, desinfeksjon og sterilisering • avfallshandtering
  • 5. Handhygiene • God handhygiene er ein viktig del av smitteverntiltaket for å førebygge infeksjonar. Dette kan ein oppnå med handvask eller handdesinfeksjon. • Handhygiene bidrar til å fjerne sjukdomsframkallande smittestoff frå hendene. • Les meir om handhygiene i Håndhygiene – nasjonal veileder
  • 6. Handpleie • God handpleie skal bidra til å halde ved like ei intakt hudoverflate utan sprekker, sår eller eksem. • Heil hud beskyttar mot smitte og reduserer smittespreiing via hender. • Hudpleieprodukt gjer huda mjuk og elastisk og kan motverke uttørking og sprekkdanningar.
  • 7. Beskyttelsesutstyr • Som tannhelsesekretær må du kjenne til rett bruk av hanskar, munnbind, augebeskyttelse og klinikktøy. • Beskyttelsesutstyret må vere lett tilgjengeleg i arbeidssituasjonar.
  • 8. Munnbind • Dersom det er risiko for sprut/aerosol under behandling, skal det brukast munnbind, dette skal skiftast mellom kvar pasient og ved tilsøling. • Gå ikkje ut av behandlingsrommet med munnbind, og la det ikkje henge rundt halsen til seinare bruk.
  • 9. Briller • Også auga må beskyttast ved sprut/aerosol og for fragment, for eksempel tannstein ved depurering/scaling. • Beskyttelsesbriller eller visir er godt eigna. • Merk at desse blir tilsølte under behandling eller ved berøring og blir dermed kontaminerte.
  • 10. Klinikktøy Alle som er i kontakt med pasientar, skal bruke reint klinikktøy. Dette skal bytast dagleg og dersom det blir skitna til. Det skal kunne vaskast på 85 grader Celcius. Vi forlèt ikkje klinikken med arbeidstøy på. Tenk over om plastforkle/eingongsfrakk bør brukast i situasjonar med fare for kontaktsmitte.
  • 11. Hanskar • Vi bruker hanskar i alle prosedyrar der det er ein risiko for å kome i kontakt med organisk materiale. • Det finst mange forskjellige typar hanskar, og vi vel type etter kvalitet, elastisitet, storleik, form og materiale. • Hugs at hanskane ikkje gir ein absolutt beskyttelse. Det er ein viss fare for at mikrobar og kjemikalium skal kunne trenge gjennom (komposittmateriale/akrylat). Hanskane kan også bli skadde. Varme og fukt som oppstår når vi bruker tette hanskar ved pasientbehandling, kan bidra til ei oppblomstring av mikroorganismar. • Les meir om hanskar her. • Vask eller desinfiser hendene både før og etter hanskebruk!
  • 12. Hostehygiene • Hostehygiene går ut på å unngå å nyse eller hoste direkte mot andre. Du bør helst bruke papir og kaste det i søpla etterpå. Deretter utfører du handhygiene. • Sjå på bilda. Kva bør du gjere om du ikkje har papir tilgjengeleg: hoste/nyse inn i armhola eller i handa?
  • 13. Oppgåve – finn feil Dette bildet illustrerer klare brot på smitteverntiltak og personleg hygiene. Finn feila og tenk over om dei kan bidra til smitterisiko på klinikken.
  • 14. Oppgåve Samanlikn dette bildet med det førre. Kva har forbetra seg her?
  • 15. Munnbind Skal vi ta på munnbind før eller etter handhygiene?
  • 16. Spisse gjenstandar • Spisse eller skarpe gjenstandar utgjer ein fare for stikk- og skjereskadar. • Den 18. juni 2013 tredde det i kraft ei forskriftsendring som skal hindre stikkskadar og infeksjonar. • Les meir om dette frå Arbeidstilsynet her • Les om stikkuhell på sprøyter og andre blodeksponeringar – posteksponeringsprofylakse her • Kva for eit av desse to bilda viser rett handtering av sprøyter etter bruk?
  • 17. Avfall • Det blir produsert fleire ulike typar avfall på ein tannklinikk, både restavfall og farleg avfall. Dette må handterast på ein trygg og sikker måte slik at det ikkje skader nokon. • Her er nokre eksempel: • Glasavfall: hetteglas og karpylar • Restavfall: serviettar, bomullsrullar, tupferar og hanskar kan kastast i plastpose i avfallsbøtte • Risiko-/smitteavfall: skalpellar, kanylar, suturnåler, matriseband, knust glas og stålbor skal leggast i kanyleboks/eigen avfallsbehaldar
  • 18. Barriereteknikk • Å skilje reint frå ureint blir også kalla barriereteknikk. Det handlar om å skape eit skilje mellom to område og dermed hindre smitteoverføring. • Eksempel på ein fysisk barriere er innpakking av sterile instrument, tildekking av pc- tastatur med plast eller bruk av hanskar. • Vi kan også skape ein barriere ved å unngå å ta på reint utstyr med kontaminerte hender, lage ei skiten og ei rein sone på ein benk eller ta på noko med nyvaska hender. Kan vi sitje med hendene slik under behandling?
  • 19. Hender Korleis skal vi halde hendene etter handhygiene? Korleis skal vi halde hendene med hanskar på?
  • 20. Mobiltelefon Er det greitt å bruke mobiltelefonen mens vi jobbar på tannklinikken, eller skal han ligge i garderoben i arbeidstida?
  • 21. Reingjering, desinfisering og sterilisering Med reingjering fjernar vi skit og substansar. Til dette bruker vi vatn og såpe, og på denne måten fjernar vi mikroorganismar mekanisk. Vi reingjer utstyr som berre kjem i kontakt med heil hud og ikkje slimhinner. Med desinfisering meiner vi tiltak som øydelegg dei fleste mikroorganismane. Vi desinfiserer anten med varme eller med kjemikalium. Vi desinfiserer utstyr som kjem i kontakt med slimhinner, men ikkje penetrerer dei.
  • 22. Reingjering, desinfisering og sterilisering forts. Med sterilisering meiner vi tiltak som drep alle mikroorganismar, også sporar. Vi steriliserer vanlegvis ved autoklavering (varm damp under trykk). Vi steriliserer utstyr som skal brukast i behandling der det penetrerer hud eller slimhinner (bindevev, bein, pulpa). Instrumenta skal vere reingjorde, desinfiserte og pakka før sterilisering.
  • 23. © Forlaget Vett & Viten 2017 Forfatter: Hanne Ernstsen Det må ikke kopieres fra denne presentasjonen i strid med åndsverkloven eller avtaler inngått med KOPINOR, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk.