2. Kjeveortopedi
• Behandlinga blir utført av spesialistar i kjeveortopedi, i
offentleg eller privat praksis.
• Tannhelsesekretærar får ofte delegert kliniske oppgåver på
pasient frå spesialisten.
• Dette gjer det spennande å arbeide med dette fagområdet.
3. Oppgåvene til tannhelsesekretæren i samband
med kjeveortopedisk behandling
• Ta avtrykk
• Slipe studiemodellar
• Ta kliniske foto og røntgenbilde
• Motivere og vise praktisk hygieneinstruksjon på pasienten
• Instruere i bruk av strikk
• Fjerne ligaturar (løkke som festar bogen til brackets) slik at arbeidet
går raskare når spesialisten skal utføre bogestramming
• Byte reguleringsbogar
• Fjerne apparatur, pusse bort sement osv.
• Lage retensjonsplater (stabiliserer/forhindrar tilbakegliding av
tannstillinga) når pasienten er ferdig med den aktive behandlinga
• Dette medfører at det kjeveordtopediske arbeidet er interessant og
utfordrande
4. Screening (første møte)
• På bakgrunn av tilvising frå tannlege/tannpleiar
• Ei kort undersøking der kjeveortopeden registrerer korleis
tenner og kjevar er i forhold til kvarandre.
• Eventuelle avvik blir registrerte. Pasient og pårørande får
informasjon om problem og risiko og kva som eventuelt kan
gjerast med problemet. Som regel skjer denne screeninga på
eit tidspunkt som er for tidleg for ei aktiv apparaturbehandling,
men bruk av laus apparatur, ekstraksjon av tenner e.l. kan vere
førebuande behandling.
• I nokre tilfelle blir pasienten sett på recall, slik at han får
innkalling til ny screeningkontroll for å følge utviklinga eller for
å få time til oppstart av behandlinga.
5. Nødvendig utstyr:
• spegel
• pinsett
• ulike måleinstrument (som også blir brukte fortløpande i løpet
av heile behandlingsperioden)
• røntgenbilde: OPG, og tannbilde ved behov
9. Records (andre møte: Undersøking)
• Om tannregulering kan vere aktuelt gjer tannlegen alltid ei meir
omfattande undersøking før behandlinga startar opp og blir
gjennomført.
• Grad av funksjonell bitfeil blir diagnostisert
• Aktuell behandling blir beskrive og akseptert av pasient og
føresette
10. Prosedyre ved records:
• anamnese
• undersøking, avtrykk og indeks til studiemodellar
• kliniske foto, 9 stk.
• røntgenstatus: 2 stk. BW (kvar side)
• 4 stk. intraorale bilde:
• 3 av overkjevefronten
• 1 av underkjevefronten
• Ortopantomogram (OPG)
• Cephalogram (Ceph)
12. Nødvendig utstyr:
• spegel
• pinsettar: vinkla pinsett og anatomisk pinsett, som blir brukt
som plukkepinsett
• avtrykksskeier
• alginat
• voks til indeks
• fotoapparat, leppe-/kinnhaldar, fotospegel
14. Avtrykk, røntgen og tracing
• Ved hjelp av avtrykket blir det framstilt gipsmodellar som
fungerer som grunnlag for planlegginga, eller det blir framstilt
digitale avtrykk og modellar.
• For å sjå forholda mellom kjevebein, tenner og ansiktsskjelett
bruker tannlegen også røntgen.
• Ansiktsprofilen blir teikna opp. På teikninga blir det no ført
verdiar frå bl.a. røntgen. Metoden kallast tracing.
• Røntgen blir tatt (framanfrå OPG og i profil Ceph)
15. Behandlingsplan(tredje møte)
• Det blir gitt ei individuell vurdering av behandlingsbehovet frå
kjeveortoped – basert på røntgenbilde, bilde og resultatet av
undersøkinga (andre møte).
• Før behandlingsstart blir det utarbeidd ein skriftleg
behandlingsplan med kostnadsoverslag på bakgrunn av analyse
av røntgenbilde, gipsmodellar og fotografi.
16. Behandlingsplan:
• Kjeveortopeden foreslår behandlingsmåte og gir estimat over
kor lang tid behandlinga vil ta. Målet er at tennene i overkjeven
og tennene i underkjeven skal passe som hand i hanske eller
som tenner i eit tannhjul. Berre slik kan ein sikre eit stabilt og
varig godt resultat!
• Behandling med apparatur kan ta frå eitt til fleire år. Tida det
tar, er avhengig av kor alvorleg bitfeilen er, og samarbeidsevna
til pasienten (god hygiene, skyl med fluor, bruker bøyel eller
strikk som avtalt, møter til timane, unngår seige/harde ting
som kan få klossane til å losne og dermed forlenge
behandlinga).
• Ei gjennomsnittleg aktiv behandling tar ca. 2 år.
17. Utlevering av apparatur (fjerde møte)
• Aktuell apparatur som blei avtalt førre time, skal no utleverast
til pasienten.
• Påsetting av streng/band (fast apparatur) eller utlevering av
plate/bøyel (avtakbar apparatur).