SlideShare a Scribd company logo
1 of 114
Introduksjon til / repetisjon av
grammatikk
LVUT8119, 28. august 2019
Andre Midtskogseter Reite
Grammatikk – Kvifor kan ikkje gaupe ekorn jerv i
verdalsfjella?
Innherred, 18. juni 2019
Dette skal vi prate om:
Kva er grammatikk? Sånn eigentleg. Og kva skal vi med det?
Kva er grammatikk? Sånn konkret. I norsk.
Kva er grammatikk?
• Studiet av reglane som styrer eit språk, t.d.
- oppbygginga av setningar
- oppbygginga av ord
- oppbygginga av tekster
• Grammatikken består av:
Semantikk: tydinga, innhaldet til språklege uttrykk
Syntaks: korleis (to eller fleire) ord er sette saman i større
einingar (t.d. setningar)
Morfologi: læra om dei minste tydingsberande einingane i
ordet (t.d. bøyingar og avleiingar)
Fonologi: læra om kva funksjonar språklydane har i eit språk
(korleis vi brukar taleorgana t.d. til å
produsere tydingsskiljande lydar i eit språk vs.
eit anna)
Pragmatikk: korleis kontekst verkar på meiningsinnhaldet i ei ytring
Tekstlingvistikk: korleis tekstar er sette saman
(Ortografi rettskriving)
Grammatikk = glamour
Kvifor grammatikk?
• Kvifor skal elevar lære grammatikk?
• Kvifor skal lærarar og lærarstudentar
kunne grammatikk?
Grammatikk for å trene tanken?
Grammatikk, og især den latinske eller græske, er en Slags
Sprogphilosophie, der maaske fremfor mange andre
Kundskaper er skikket til at skjærpe Forstanden, til at bringe
lys og orden i Begreberne, og den hele Tankemaade.
(Christen Pram (frå Lesja!) 1795, s.31)
Andre syn som finst
• Hjelpedisiplin til framandspråkopplæringa
• Viktig i ulike emne i norskfaget (talemål, andrespråk, sidemål etc.)
• Metaspråkleg medvit
• Grammatikken beskriv korleis språket vårt er – det har ein eigenverdi
• Språket er noko særeige menneskeleg – å studere språk = å sjå kva det vil
seie å vere menneske
Kvifor skal lærarar og lærarstudentar kunne
grammatikk?
• Lese- og skriveopplæring – rettleiing og vurdering (?)
• Norsk som andrespråk (?)
• Ei utforsking i elevane sitt eige språk (?)
• Sidemålsopplæring (?)
• Framandspråk (?)
• Eige emne i norskfaget (?)
Frå Kunnskapsløftet, læreplanen for norsk 7. trinn (bokmål)
• mestre sentrale regler i formverk og ortografi og skrive tekster med variert
setningsbygning og funksjonell tegnsetting
• skrive tekster med klart uttrykt tema og skape sammenheng mellom
setninger og avsnitt
• utføre grunnleggende setningsanalyse og vise hvordan tekster er bygd opp
ved hjelp av begreper fra grammatikk og tekstkunnskap
• sammenligne språk og språkbruk i tekster på bokmål og nynorsk
• vurdere tekster med utgangspunkt i egne opplevelser og med forståelse
for språk og innhold
Er det understreka ordet adjektiv eller adverb? (bokmål)
1) Skilpadda går sakte.
2) Bor du i det grønne huset?
3) Vi gikk til et høyt fjell.
4) Hun kom aldri.
5) Grøten er for varm til å spises.
6) Buksa satt fint.
7) For en fin bil!
8) Jordskjelvet rammet hardt.
Kva setningar er heilsetningar med leddsetning?
(bokmål)
a) Mislykka redningsaksjon.
b) Katten har øyne som reflekterer lyset.
c) Frederica plukker sopp når det er høst.
d) Diamanten glitret i sola.
e) Felix, som er en grei gutt, kan sjonglere.
f) Aldri vært der.
g) Vi så at helikopteret lettet.
h) Mannen med hatten og jeg fant en paraply i hagen.
Og dette var frå norskboka på 7. trinn!
Frå ei norskbok for 10. trinn:
1) Hva heter de fire bøyingsformene til substantivet?
2) Forklar hva som er forskjellen mellom 1. person, 2. person og 3. person.
3) Hva er samsvarsbøying?
4) Hva er parverb?
Korleis bli ein god grammatikklærar?
Kva kan vi?
Kva skal til for å forklare?
Eigentleg kan både de OG elevane all
grammatikken!
«Norske barn lærer norsk grammatikk på skolen; å påstå noe slikt er
like meningsløst som å si at de lærer å løpe i gymmen. Alle normalt
utrustede barn i skolealder med norsk som morsmål kan
norsk grammatikk. (…) Det man skal lære på skolen, er (…) et
begrepsapparat for å kunne sette ord på denne kunnskapen, for å
kunne snakke om språk og grammatikk»
Åshild Næss og Atle Næss i Aftenposten (2007).
Kva slags kunnskap har då elevane?
19
Odd Iversen vesst
alljt om fotballj. Han
vesst berre itj ka det
heittj.
Grammatikk i norsk
• Først: Ordklassene. Semantiske, morfologiske og syntaktiske trekk
• Så: Syntaks
Eit relevant skilje: form og funksjon
 Form: beskriv dei enkelte elementa utan å ta omsyn til kva plassering dei har i
setninga
 Ordklassar og frasar (grupper av ord)
 Funksjon: kva funksjon har eit ord/ei gruppe av ord i setninga?
 Setningsledd
 Same element (form) kan fylle ulik funksjon i ei setning, og ulike
formelementer kan fylle same funksjon.
Ein kloss (form) – fleire funksjonar
Ordklasser
• Eigenskapane til ordet avgjer kva klasse det høyrer til.
• Det er umogleg å definere ei ordklasse berre ut frå eitt trekk (sjølv om
mange lærebøker forenklar og gjer det).
• Korleis dele ord inn i klassar?
• Semantiske kriterium: tydinga til ordet
• Morfologiske kriterium: korleis vi bøyer ordet
• Syntaktiske kriterium: kva plasseringar og funksjonar
orda kan ha i ei setning
Opne og lukka ordklasser
Opne
får stadig nye medlemmer, og gamle går ut:
Substantiv
Verb
Adjektiv
Adverb
Interjeksjon
• Er ofte leksikalske (innhaldsord)
Lukka
har (nesten) ikkje tilførsel av nye ord, og
(nesten) ingen går ut:
Konjunksjon
Subjunksjon
Preposisjon
Pronomen
Determinativ
• Er grammatiske (oppgir relasjonar
innanfor språket) eller pro-ord (får tyding
frå konteksten)
25
Ubøygde
Konjunksjon
Subjunksjon
Preposisjon
Interjeksjon
Adverb*
26
Bøygde
Substantiv
Verb
Adjektiv
Pronomen
Determinativ
Ei anna viktig inndeling
Substantiv
• Semantiske eigenskapar:
Namn på klassar av personar (menn), stader (dalar,
byar), gjenstandar (hammar, kopp), abstrakte idear
(fantasi, tillit), eller individuelle medlemmer av sine
klassar (Kongen, Eiffeltårnet).
• Morfologiske eigenskapar:
Har bøyingsformer som uttrykkjer tal og
bestemtheit. Har grammatisk kjønn.
• Syntaktiske eigenskapar:
Kan opptre åleine som subjekt, objekt eller
predikativ. Dannar kjerne i substantivfrasar.
27
Semantiske eigenskapar ved substantiv
• Inndeling etter tyding
• Vi skil mellom eigennamn (Ola, Trondheim, altså individuelle
fenomen) og fellesnamn (bil, brett – alle fenomen som høyrer til same
art)
• Konkrete (eit hus) vs. abstrakte (ein tanke)
28
Morfologiske eigenskapar ved substantivet
• Kjønn:
Substantiv i norsk har ulike kjønn.
Vanskeleg å gje reglar for dette.
Standardmønsteret i nynorsk
• Hankjønnsbøying: ein bil, bilen, bilar, bilane
• Hokjønnsbøying: ei jente, jenta, jenter, jentene
• Inkjekjønnsbøying eit hus, huset, hus, husa
29
Morfologiske eigenskapar ved substantivet
• Dei fleste fellesnamna blir bøygde i
• Eintal og fleirtal, ubestemt og bestemt form
eintal fleirtal
ubestemt form bestemt form ubestemt form bestemt form
ein student den studenten fleire studentar alle studentane
30
Ordbok.uib.no
31
Dialektane
• I dialektane våre er det mykje variasjon både i kjønn og bøying på substantiva.
• Det kan vere greitt å vite litt om elevane sin dialekt når ein skal lære dei å skrive.
• Ein kan ikkje stø seg på eigen dialekt 100 % i nokon av skriftmålformene!
• Døme:
• i-endinga i sognemålet som i elvi og husi forsvann ut av nynorskrettskrivinga frå
2012.
• Trøndersk og sørlandsk har felleskjønn på alle substantiv i fleirtal.
• Trøndersk: folkan, husan, bilan, eplan, jentan
• Sørlandsk: husane, bilane, eplane, jentane, lammane
• Kva kjønn har bær i din dialekt? Kva med appelsin? Eple? Katt?
• Korleis seier du knea/knærne (bestemt form fleirtal)?
32
Korleis seier du KNEA
(bestemt form fleirtal)?
33
Pronomen
• Pronomen tyder «i staden for nomen», altså «i staden for substantiv
eller adjektiv».
• Typar pronomen:
• Personleg pronomen: ho, han
• Refleksivt pronomen: seg
• Resiprokt pronomen: kvarandre
• Spørjande pronomen: Innleier spørjesetningar: kven, kva
• Ubestemt pronomen: ein, man
34
Personleg pronomen
• Desse skil seg ut morfologisk fordi det er den einaste ordgruppa i (skriftleg) norsk
som blir bøygd etter både person og kasus.
• Person: 1. person (refererer til sendaren), 2. person (refererer til den sendaren
vender seg til) og 3. person (refererer til den/det som vi snakkar om).
• Kasus: Subjektsform og objektsform.
Subjektsform Objektsform
Eintal
1.person eg meg
2.person du deg
3.person
Hankjønn han han
Hokjønn ho ho/henne
Inkjekjønn det det
Fleirtall
1.person vi oss
2.person de/dokker dykk/dokker
3.person dei dei
35
… har systemet blitt
litt enklare enn i
gammalnorsk
Sjølv om vi
nyttar kasus i
dag
36
Fleire typar pronomen
Refleksivt pronomen: seg
• Peikar tilbake på (reflekterer) subjektet
• Per vaska seg.
Resiprokt pronomen: kvarandre
• Peikar også tilbake på subjektet, som må ha fleirtalsform.
• Resiprokt betyr gjensidig – det må vere eit gjensidig forhold mellom dei som
blir omtala samla i «kvarandre».
• Dei smilte til kvarandre.
• *Eg smilte til kvarandre.
37
Endå fleire pronomentypar
• Spørjande pronomen: Innleier spørjesetninger: kven, kva
• Ubestemt pronomen: ein, man (bm.)
• Ganske allment innhald, bind seg ikkje så sterkt til konteksten.
• Ein kan stå både som subjekt og objekt:
• Ein må ta ein i beste meining.
• Man kan berre stå som subjekt
• Man må ta folk i beste mening.
• *Folk må ta man i beste mening.
38
Verb
• Semantiske eigenskapar: Verb uttrykkjer ein tilstand (bu), ei hending
(snuble) eller ei handling (førelese)  GJERNINGSORD/GJEREORD.
• Morfologiske eigenskapar: Bøyingsformene uttrykkjer TID.
• Syntaktiske eigenskapar: Verb i bøygde former kan stå som VERBAL åleine i
setninga. Dei andre verba i setninga er delar av sammensette verbal.
Verb fungerer altså som verbal i setningsanalysen, og verbalet er
obligatorisk i alle norske setningar og er sjølve hjartet i setninga!
39
Sterke og svake verb
• Sterke verb har gjerne
ulike rotvokalar i dei
ulike formene.
• Gå – gjekk
• Ete – åt
• Dei har einstava form i
presens (i nynorsk) og i
preteritum
• Kjem – kom
• Går – gjekk
• Et – åt
•Svake verb har som
oftast lik rotvokal
gjennom heile bøyinga.
•Kastar – kasta
•Hoppar – hoppa
•Dei har preteritumsform
på fleire stavingar
•Kast-a, teikn-a, nåd-de
•To store grupper på
nynorsk
•e- og a-verb
40
Typar svake verb – to hovudklasser
• 1. klasse: a-verb – har -a-ending i preteritum.
• Dette er den største klassen med verb. Dei fleste nye verb som kjem inn i språket, blir
innlemma i denne gruppa (https://www.nrk.no/kultur/vet-du-hva-disse-_hippe_-ordene-
betyr_-1.13963109). Dette er dermed den mest produktive klassen for verb (produktiv klasse
= det kjem nye ord inn i han).
• Å sykle, syklar, sykla, sykla
• Å hoppe, hoppar, hoppa, hoppa
• 2. klasse: e-verb – verb med -te, -de, eller -dde i preteritum:
• -te i preteritum: irritere, irriterer, irriterte, irritert
• -de i preteritum: høyre, høyrer, høyrde, høyrt
• -dde i preteritum: bu, bur, budde, budd/butt
Barn lærer ofte svak bøying først.
• «Eg gådde til barnehagen.»
• «Eg skrivde i boka mi.»
41
Òg her er ordboka lugom å ha
• v1 = svak a-bøying
• v2 = svak e-bøying
• Ein finn òg v3 og v4 = blanda bøying av v1 og v2
• Derfor: SLÅ OPP! SLÅ OPP! SLÅ OPP!
• Klassane har liknande – men ikkje heilt lik – inndeling og bøying for
bokmål.
• Derfor: SLÅ OPP! SLÅ OPP! SLÅ OPP!
42
43
Bøyings-
opplysningar
44
Bøyings-
opplysningar
45
Sterke verb
• Vi kan sjå nokre mønster også med sterke verb.
• Sterke verb har inga ending i presens i nynorsk og trøndersk!
1. Infinitiv med i, preteritum med e/ei og
perfektum med i (bm. e):
–stige, stig, steig, stige (steget)
2. Infinitiv med y, preteritum med au (bm. òg
ø), perfektum med o (bm. òg ø):
–krype, kryp, kraup (krøp), krope (krøpet)
3. Infinitiv med i eller æ, preteritum med a,
perfektum med u eller å
–drikke, drikk, drakk, drukke
–finne, finn, fann, funne
4. Infinitiv med e, preteritum med a, perfektum med o
–bere, ber, bar, bore
–Skjere, skjer, skar, skore
5. Infinitiv med e, preteritum med a, perfektum med e
–Lese, les, las, lese
–Gjeve, gjev, gav, gjeve
6. Infinitiv med a, preteritum med o, perfektum med a
–Fare, fer, fór, fare
–Dra, dreg, drog, drege (òg svakt!)
7. Infinitiv med å, preteritum med e, perfektum med å
eller a
–Blåse, blæs, bles, blåse
–Gråte, græt, gret, gråte 46
Svake og sterke verb om einannan
• Nokre verb er svake i nynorsk og sterke i bokmål.
• Hjelpe, hjelper, hjelpte, hjelpt – hjelpe, hjelper, hjalp, hjulpet
• Treffe, treffer, trefte, treft – treffe, treffer, traff, truffet
• … og motsett!
• Blåse, blæs, bles, blåse – blåse, blåser, blåste, blåst
• Lese, les, las, lese – lese, leser, leste, lest
• Derfor: SLÅ OPP! SLÅ OPP! SLÅ OPP!
47
48
Og stol heller på ordboka enn t.d. Word
49
Her finn
Word nokre
nynorskfeil,
men langt
frå alle.
Hjelpeverb og hovudverb
• Hjelpeverb uttrykkjer grammatisk informasjon
• ha, bli, vere, skulle, ville, kunne, måtte, burde
• Hovudverbet uttrykkjer tydingsinnhaldet
Kari har ete.
Kari hadde ete.
Kari vil ete.
Kari måtte ete.
Kari kunne ete.
Kari vart eten. (PASSIV)
50
Adjektiv
• Semantiske eigenskapar: skildrar ein eller annan eigenskap
• Morfologiske eigenskapar: kan gradbøyast og samsvarsbøyast
• Syntaktiske eigenskapar: kan fungere som underordna ledd i
substantivfrasar (attributiv bruk)
kan fungere som predikativ (predikativ
bruk)
51
Samsvarsbøying av adjektiv
• Eit adjektiv blir bøygd i kjønn og tal etter substantivet det står til
Ubestemt Bestemt
Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal
Hankjønn stor gut store gutar store guten store gutane
Hokjønn stor jente store jenter store jenta store jentene
Inkjekjønn stort hus store hus store huset store husa
52
Gradbøying av adjektiv
Positiv Komparativ Superlativ
god
stor
betre
større
best
størst
interessant meir interessant mest interessant
brei breiare breiast
53
Bestemt/ubestemt form
Sauen er søt. Eg likar den søte sauen.
Er det ho som er størst? Ja, det er den største jenta i klassen.
54
Adverb
• Beskriv som oftast eit verb (‘til verbet’)
• Gymlærar Larsen spring fort og hoppar høgt.
• Adverbet kan òg stå til eit adjektiv eller eit anna verb
• Rektor Rolfsen har kjøpt seg ein svært stor Golf.
• Dei fleste adverba blir ikkje bøygde, men nokon kan gradbøyast
• Larsen spring fort. Rolfsen køyrer fortare.
55
Ulike typar adverb
Type adverb Funksjon Døme
Tidsadverb Gir svar på når Alltid, aldri, ofte, sjeldan, då, når
Stadadverb Gir svar på kor Her, der, ute, inne, tilbake, heim
Måtesadverb Gir svar på korleis Bra, dårleg, annleis, stygt, fint
(Desse orda kan òg stå som
adjektiv)
Gradsadverb Gir svar på i kva grad Mykje, lite, ganske, veldig
Setningsadverb Kan endre innhaldet i heile
setninga
Kanskje, ikkje, berre
56
Preposisjonar
• Semantiske eigenskapar: småord som fortel korleis noko er
plassert i eit forhold til noko anna
• Morfologiske eigenskapar: ubøyelege
• Syntaktiske eigenskapar: står vanlegvis framfor ledd eller delar
av ledd i setninga og oppgjev forholdet
mellom desse og noko anna i setninga.
stad: Vi bur i Trondheim
tid: Rosenborg tapte i går
Preposisjonar
• Lukka ordklasse
• «Preposisjonar er alt som kan gjerast med eit fuglebur»
• (oppå, inni, gjennom sprinklane, under, over, nedi etc.)
58
Ev. alt du kan gjere
med det norske
fotball-landslaget
(VG
etter
Tyskland–Noreg 6–0)
59
Lukka ordklasse, men …
• … bruken endrar seg.
• Ein brukar t.d. mykje meir PÅ no enn før.
La oss få ein god diskusjon på dette!
Ta ei avgjerd på noko.
Ha ein debatt på noko.
Ha ein avtale på noko.
Vi kan ta ein kaffi på det.
Guiden vår er veldig god på språk.
Det er viktig med eit breitt fokus rundt denne saka.
60
På og rundt
nrk.no, 22.09.17
61
Interjeksjonar
62
Interjeksjonar
• Semantiske eigenskapar: Ord som uttrykkjer helsingar eller
kjensler. utropsord, svarord,
helsingsord eller lydhermande ord.
• Morfologiske eigenskapar: ubøyelege
• Syntaktiske eigenskapar: Har vanlegvis ingen syntaktisk funksjon.
Hei, kor skal du?
Huff, så kaldt det var i dag!
Nei, eg må lese meir i dag.
Tass, tass, tass, sa det då bikkja kom inn.
Ei veldig open ordklasse! (http://www.apollon.uio.no/artikler/2015/banneord.html)
Determinativ (bestemmarord)
• Semantiske eigenskapar: Bestemmarord som avgrensar
referansen til substantivet dei står til
• Morfologiske eigenskapar: Blir bøygde i kjønn og tal
• Syntaktiske eigenskapar: Opptrer saman med substantiv for å
danne eit ledd.
Min bil
Hans hest
Denne hesten
Dette treet
Tre tre
Ein gauk
• Tidlegare kategoriserte som artiklar, pronomen og talord
Determinativ
• Determinativa bestemmer kva substantivet refererer/viser til
• stolen min, den stolen, ein stol, tre stolar, nokon stolar, Jørgens eigen stol
• Det finst tre grupper av determinativ:
• eigedomsord, peikeord og mengdeord
65
Eigedomsord (possessivar)
• Uttrykkjer at noko høyrer til nokon, eit eigedomsforhold
Eksempel: Boka mi, hans penn, huset vårt, mine og dine barn
Eigedomsorda blir bøygde i både kjønn og tal
66
Peikeord (demonstrativar eller påpeikande ord)
• Den, dei, denne, dette, desse, slik osv.
Denne boka er mi.
Slike studentar vil gamle Noreg ha.
Vi har kjøpt det huset.
Eg tar dei raude skoa i kveld.
67
Mengdeord
• Ein, nokon, ingen, annan, alt, alle, kvar osv.
• Ein, to, tre, fire (talord)
• Ein, ei, eit (artiklar)
Han er 13 år
Ei jente, ein gut, to tenåringar, ein stav …
Alle lærarar brukar raudpennen.
Han åt nokre druer til kvelds.
«Determinativene bestemmer hva substantivet refererer til (stolen min,
den stolen, en stol, tre stoler, noen stoler, Noras egen stol). Elevene bør
lære at ordklassen heter determinativer (som «determinatives» på
engelsk), men begrepet «bestemmerord» gir sannsynligvis minst like
mye forståelse og kan benyttes når ordklassen skal forklares.»
Språkrådet – om grammatiske termer for skoleverket
Konjunksjonar (sideordningsord)
• Semantiske eigenskapar: Bind saman likeverdige element
• Morfologiske eigenskapar: Ubøyelege
• Syntaktiske eigenskapar: Dannar eit likeverdig forhold
mellom ledda
Og. Eller. Men. For.
Subjunksjonar (underordningsord)
• Semantiske eigenskapar: Bind saman element som ikkje er
likeverdige
• Morfologiske eigenskapar: Ubøyelege
• Syntaktiske eigenskapar: Innleier leddsetningar
at, viss, når, dersom, å (infinitivsmerket), som (innleier som-setninger)
Eg forstår ikkje [at nokon kan like den mora].
[At nokon kan like den mora], forstår eg ikkje.
Du kan sove [viss du et først].
[Viss du et først], kan du sove.
Du kan sove [når du har ete].
[Når du har ete], kan du sove.
Eg ser fram til [å vaske badet].
Badet [som du vaska i går], er skite igjen.
Syntaks
Dette skiljet igjen: form og funksjon
 Form: beskriv dei enkelte elementa utan å ta omsyn til kva plassering dei har i
setninga
 Ordklassar og frasar (grupper av ord)
 Funksjon: kva funksjon har eit ord/ei gruppe av ord i setninga?
 Setningsledd
 Same element (form) kan fylle ulik funksjon i ei setning, og ulike
formelementer kan fylle same funksjon.
Kva er ei setning?
• Krav til setningar: subjekt og (finitt) verbal
• Finitt verb (form):
• Bøygd i TID (presens, preteritum), ev. imperativ.
• Verbform som åleine kan fungere som verbal i ei setning.
• Unntak frå setningskravet: Imperativsetningar treng ikkje subjekt.
• «Drikk mjølka di!»
• To typar setningar: Heilsetningar og leddsetningar
76
Frasar
• Ei gruppe av ord som høyrer saman som ei eining.
• Særleg viktige frasar å kjenne til: substantivfrasar og
preposisjonsfrasar
Den gamle dama åt fire fyrstekaker på ein blunk.
77
Substantivfrasar
Bestemmarord Beskrivarord Kjerne Bestemmarord
Ei gamal dame
Den gamle dama vår
Fire gamle damer
Våre damer
78
• Kjernefeltet bestemmer namnet på frasen
• Bestemmarfelta og beskrivarfeltet kan fint utelatast
• Kjernen må som oftast stå, men kan utelatast
• Funksjonskategoriane SU, DO og IO er alltid noko substantivisk – og består
dermed svært ofte av ein substantivfrase (kompleks eller enkel)
Preposisjonsfrasar
Kjerne Utfylling
i Berlin
på jobb
ved sjøen
med deg
79
• Preposisjonen er kjerne  derfor namnet preposisjonsfrase
• Verken kjerne eller utfylling kan utelatast her
• Prep. styrer utfyllinga (jf. at pronomenet får objektsform)
• Funksjonskategorien adverbial er ofte ein preposisjonsfrase.
• Preposisjonsfrasar kan ikkje vere SU, DO eller IO*
Setningsledd (funksjonskategoriar)
• Setningsledd: Ein del av ei setning med ein sjølvstendig syntaktisk
funksjon.
• Dei sentrale funksjonane i ei setning:
• verbal
• subjekt  ofte substantivfrasar
• direkte og indirekte objekt  ofte substantivfrasar
• adverbial  ofte preposisjonsfrasar
• predikativ
80
Form og funksjon – morfologi og syntaks
(1) Johan likar karbonadekaker.
• Morfologi: Johan er substantiv, eigennamn  FORM
• Syntaks: Johan fungerer som subjekt  FUNKSJON
• Strengt tilhøve mellom form og funksjon
Kvar funksjonskategori i setninga (subjekt, direkte objekt osv.) kan berre
fyllast av bestemte formkategoriar (ordklassar)
Døme:
• Berre substantiviske ord og leddsetningar (substantiv(frasar), pronomen og at-
setningar) kan fungere som subjekt og direkte objekt.
• Berre ord med form som verb kan fungere som verbal.
81
Form og funksjon (jf. Språkboka, s. 118)
FORM (morfologi) FUNKSJON (syntaks) Døme
Substantiv(frase), pronomen Subjekt (SU) Johan likar karbonadekaker
Han likar karbonadekaker
Substantiv(frase), pronomen Direkte objekt (DO) Johan likar karbonadekaker.
Johan likar det.
Substantiv(frase), pronomen Indirekte objekt (IO) Johan unner Marit mat.
Johan unner henne mat.
Verb Verbal (VBL) Johan likar Marit.
Adverb Adverbial (ADVBL) Johan kjem straks. (tid)
Johan et alltid karbonadekaker.
(tid)
Preposisjonfrase (prep. +
utfylling)
Adverbial (ADVBL) Johan kjem på flekken. (tid)
Johan et med eit merkeleg
uttrykk. (måte)
Johan et karbonadekakene sine
i klasserommet. (stad)
82
Syntaktisk analyse
Rekkjefølgja vi skal finne ledda på:
Finn …
1. det finitte verbalet (finn ev. infinitte verbal)
2. subjektet
3. det direkte objektet (og ev. indirekte obj. (ev. ev. predikativ))
4. eventuelle adverbial
5. FERDIG!
83
Verbalet
• Utrykkjer handlinga (ev. hending, tilstand, overgang
...) i setninga
• Obligatorisk i alle setningar.
• Alltid laga av minst eitt verb (ordklassen verb)
• Enkelt verbal  ei av de finitte formene:
• Klaus noterer alt.
• Samansett verbal  finitt pluss infinitt(e) form(er).
• Geir har notert noko.
 Finn (alle) verb i setninga!
Finn verbet som har finitt form!
Lær å skilje mellom
finitte verb (som er
bøygde i presens,
preteritum eller
imperativ) og infinitte
verb (infinitiv og
perfektum).
84
Korleis finne fram til det finitte verbalet?
85
DISTRIBUSJON: Finn det FØRSTE verbet i setninga!
FORM: Det verbet har finitt form (bøygd i TID – pres. eller pret.)!
 Dersom du er usikker: Gjer setninga om til eit ja/nei-spørsmål. Det finitte
verbalet må då plasserast først:
Gamle Geir har kjøpt ei avis.  Har gamle Geir kjøpt ei avis?
Finitt verbal – DISTRIBUSJON
• Det finitte verbalet står som andre ledd i forteljande setningar.
(1) Snart kjem Johan heim.
(2) Han skal på trening først.
• Dersom det er fleire verbal i setninga, står det finitte verbalet først:
(3) Johan harPRES lesePERF tusen bøker.
(4) Johan skullePRET villeINF haINF lesePERF tusen bøker.
86
V2-regelen
• I forteljande heilsetningar står det finitte verbalet (det som har
presens- eller preteritumsform) alltid på andreplass, dvs. som
setningsledd nr. 2.
•  Dette kallar vi V2-regelen, og den gjeld m.a. for dei nordiske
språka.
• (Men gjeld det for alle talemål?)
Kva verb finst her, og kva form har dei?
(1) Johan likar gamal mat.
(2) Han burde interessere seg for andre ting.
(3) Tidlegare har han likt både bilar og jenter.
(4) I år har han berre villa snakke om matretter frå eldre tider.
88
Finitt verbal i raudt, infinitt i blått
(1) Johan likar gamal mat.
(2) Han burde interessere seg for andre ting.
(3) Tidlegare har han likt både bilar og jenter.
(4) I år har han berre villa snakke om matretter frå eldre tider.
89
Subjektet
• Er òg eit obligatorisk ledd i fullstendige (skriftlege) setningar
• Ofte det leddet som utfører handlinga
Geir lyg.
Jenta tek bilen.
• (Ev. hjelpespørsmål: Kven + verbalet)
• Har heilt bestemte grammatiske krav (FORM og DISTRIBUSJON)
90
To grammatiske krav til subjektet
1) FORM: Det er noko substantivisk (substantiv(frase), pronomen eller
at-setning)
2) DISTRIBUSJON: Det står inntil det finitte verbalet (rett framfor eller
rett bakom)
91
Formelt subjekt
• Mange setningar har subjekt utan eit klart innhald:
• Det regnar.
• Det gir ikkje meining å spørje: Kven regnar?
• Det rasla i lauvet
• Vi veit ikke kven som rasla.
• Det er her innhaldstomt (og trykksvakt), men må stå (subjektskrav i norsk)
92
Ver obs på «meteorologiske» verb
• Verb som uttrykkjer vêrtilhøve, har ingen «handlar» som står bak.
• Dei må likevel ha eit subjekt, men kan ikkje ha eit innhaldssubjekt.
•  formelt SU – eit (trykksvakt) ord utan tyding, men med ein syntaktisk funksjon
å skulle fylle subjektskravet.
(1) Det regnar.
(2) Det snør.
(3) *Johan regnar.
• I t.d. islandsk har ein ikkje dette formelle SU-kravet:
(4) (það) rignir
(5) (það) snjóar
93
94
Meteorologiske verb
gjer mykje rart!
Direkte objekt
• Seier noko om kva/kven verbalhandlinga er retta mot eller går ut over
• Substantivisk ledd som kjem rett etter verbalet.
• Hjelpespørsmål: Kven/kva + verbal + subjekt
• Besteforeldra kjøpte ei avis.
• «Kva kjøpte besteforeldra?»
• Eg kjende denne hissige gamlingen.
• «Kven kjende eg?»
95
Direkte objekt
• SU og DO har dei same formkrava, men distribusjonen er ulik!
• Dersom vi har eit samansett verbal, står DO etter heile verbsekvensen
• SU står oftast framfor verbsekvensen, men kan òg stå inni
96
SU og DO
1) Johan likte Margit. ELLER???
2) Johan likte Margit.
3) Johan har likt Margit før.
4) Margit har Johan likt før.
97
Indirekte objekt
• Den/dei som blir ramma av handlinga, ofte personar.
• Den som verbalhandlinga skjer til beste (eller verste) for, eller den som tek
imot noko frå den handlande.
• Nominalt ledd som står mellom verbalet og det direkte objektet
• Gamle Geir gav Gunnlaug ein haug med aviser.
• OBS! Opptrer ikkje åleine, men saman med det direkte objektet.
98
Indirekte objekt
• Hjelpespørsmål: Til/frå kven/kva + verbal + subjekt + direkte objekt
Gamle Geir gav Steinar avisa.
 «Til kven gav gamle Geir avisa?»
• Førekjem oftast (men ikkje alltid) ved verb som gje, skjenke, overbringe
(bm.), fortelje, meddele (bm.)
Steinar gav gamle Geir ei sur mine.
Geir skjenkte han ingen fleire aviser etter dette.
99
IO og DO
• DO = Kva/kven + verbal + subjekt
• IO = kven + verbal + subjekt + DO
(1) Johan sender pengar.
(2) Johan sender Margit pengar.
(3) *Johan sender pengar Margit.
(4) Johan sender Margit
• Kva reglar kan vi lage av dette mønsteret?
100
Generaliseringar
• IO må stå framfor DO.
• IO kan ikkje stå åleine utan DO.
• IO er parasittisk på DO.
• Når personobjektet (Margit) står åleine (i 4), blir det tolka
som DO. Det er ho som blir sendt då, og ikkje den det blir
sendt noko til.
• IO er den (oftast person) som handlinga går til fordel eller
ulempe for.
101
Adverbial
• Vi treng ikkje adverbiala ei setning – dei er til «pynt»
• Står til verbalet. Gjev utfyllande opplysningar om forhold som tid, stad, årsak,
måte og grad
• Ofte svar på spørsmål som: når, kor, korleis, kvifor …
• Har svært ofte form som preposisjonsfrasar eller adverb (OBS! Ulikt SU, DO og IO!)
• Hjelpespørsmål:
Kor/når/korleis/kvifor + verbal + subjekt + objekt
Kari les kvar dag. > Når les Kari?
Kari les veldig fort. > Korleis les Kari?
Kari les fordi ho likar det. > Kvifor les Kari?
Kari les på senga. > Kor les Kari?
102
Igjen: Verbalet er hjartet i setninga
• Verbalet har ein bestemt verdi og dikterer mykje av det som kan og
ikkje kan stå i setninga elles.
 Adverbiala er frie og
uavhengige av verbalet  dei
er VALENSFRIE ledd
 Vi kan ha så mange adverbial
vi vil, og vi han ha NULL!
 Adverbiala «pyntar opp»
setninga, men setninga klarar
seg fint utan.
 Adverbiala er festdeltakarar
 Det er berre SU, DO og IO (dei nominale
ledda) som er bundne til verdien av
verbalet  dei er VALENSBUNDNE ledd
som vi berre kan ha eitt av kvar av.
 Dei står der viss verbalet krev det, men
ikkje elles.
 Om dei skulle ha vore der, men ikkje er
der, blir setninga øydelagt!
 SU må alltid vere der, DO er der veldig
ofte og IO berre av og til.
 SU, DO og IO er skiftarbeidarar
103
To typar adverbial
 omstendeadverbial
 står heilt til slutt i setninga, etter direkte objekt
 gjev info om verbalet eller om tid/stad/årsak …
 Vi et graut på laurdagar.
 Vi et graut på verandaen.
 Vi et graut fordi det er så uimotståeleg godt.
 Setningsadverbial
 består av eit adverb, som regel plassert midt i setninga.
 står rett etter det finitte verbet i heilsetningar
 modifiserer heile setningsinnhaldet. Beskriv innhaldet, dempar eller forsterkar.
 «Steinar har alltid med seg ei billeg avis på senga.»
 «Han klarer ikke å sovne utan.»
 «Han burde kanskje slutte med sengelesinga.»
104
 Kor mange adverbial? 105
Predikativ
• Ledd som beskriv eller er identisk med subjektet (subjektspredikativ – SUP) eller objektet
(objektspredikativ – DOP)
• Det er IDENTITET mellom SU og SUP – dei ER eller BESKRIV den same tingen.
• Clark Kent er Supermann  Clark Kent = Supemann
• Det er IKKJE IDENTITET mellom SU og DO – dei ER eller BESKRIV to ulike ting.
• Lois Lane ser Supermann  Lois Lane ≠ Supermann
• SUP finst ofte etter usjølvstendige verb som vere, bli, heite, kallast m.fl.
• Naboane mine heiter Arne og Olbjørg.
• Arne er streng.
• Han blir kalla jarn-Arne.
• Olbjørg blir snart 70.
• Men ho er mykje eldre til sinns.
106
Predikativ og samsvarsbøying
• Dersom predikativet er eit adjektiv, så er det bøygd i samsvar med det det har identitet
med.
• Subjektspredikativ (SUP)
Besteforeldra var gnitne.
• Besteforeldra = gnitne
• Samsvarsbøying i fleirtal viser at subjektet og predikativet høyrer saman
• Objektspredikativ (DOP):
 Geir måla huset gult
 Klaus slo han flat for dette.
Geir måla huset gult
• Huset = gult
• Samsvarsbøying i inkjekjønn viser at objektet og predikativet høyrer saman
107
Reprise: syntaktisk analyse
Rekkjefølgja vi skal finne ledda på:
Finn …
1. det finitte verbalet (finn ev. infinitte verbal)
2. subjektet
3. det direkte objektet (og ev. indirekte (ev. ev. predikativ)
4. eventuelle adverbial
5. FERDIG!
108
Kva er ei leddsetning?
• Ei leddsetning er ei setning som i sin heilskap fungerer som eit
setningsledd i den overordna heilsetninga.
• Ei leddsetning kan t.d. vere SU, DO eller ei form for adverbial
(t.d. tid, årsak, måte) i heilsetninga.
• Ei leddsetning som fungerer som SU eller DO, er substantivisk
(eller nominal) – dvs. typisk ei at-setning.
• Test: ei at-setning kan erstattast av eit substantiv eller pronomen.
• OBS! Ei leddsetning blir nesten alltid innleidd av ein
subjunksjon.
109
Nominale leddsetningar (SU og DO)
1. At Johan åt gamalmannsmat i så store mengder, overraska
meg stort.
• Det overraska meg stort.
2. Eg tenkte at det kunne vore betre for han med litt meir
moderne mat.
• Eg tenkte det.
3. Likevel spurde han om ikkje eg ville smake.
• Likevel spurde han det.
110
Bjørn Eidsvåg-syntaks
1. Eg ser at du e trøtt,
men eg kan ikkje gå alle skrittå for deg.
Du må gå de sjøl,
men eg vil gå de med deg,
eg vil gå de med deg.
2. Eg ser du har det vondt,
men eg kan ikkje grina alle tårene for deg.
Du må grina de sjøl,
men eg vil grina med deg.
eg vil grina med deg.
111
3. Eg ser du vil gi opp,
men eg kan ikkje leva livet for deg.
Du må leva det sjøl,
men eg vil leva med deg,
eg vil leva med deg.
4. Eg ser at du e redd,
men eg kan ikkje gå i døden for deg.
Du må smaka han sjøl,
men eg gjer død til liv for deg,
eg gjer død til liv for deg
Eg har gjort død til liv for deg.
•Nominale leddsetningar som DO
Adverbiale leddsetningar
• Dei ulike adverbiala (t.d. tid – når og årsak – kvifor) kan realiserast
som leddsetningar.
• Dei blir typisk innleidde av subjunksjonar:
• TID: då, når, innan, etter at, før, mens, medan …
• ÅRSAK: fordi, då, av di …
112
Korleis veit vi kva som er ledd- og heilsetning?
Når vi trudde at Johan var matlei, åt han alt.
113
Korleis veit vi …
• Test: Set inn ein negasjon (t.d. ikkje eller aldri)!
• I heilsetningar: Finitt verbal + ikkje
• I leddsetningar: ikkje + finitt verbal
Når vi ikkje trudde at Johan ikkje var matlei, åt han ikkje alt.
• V2-regelen gjeld berre for forteljande heilsetningar (ikkje for
leddsetningar).
114

More Related Content

Featured

PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024Neil Kimberley
 
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)contently
 
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024Albert Qian
 
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsKurio // The Social Media Age(ncy)
 
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Search Engine Journal
 
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summarySpeakerHub
 
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd Clark Boyd
 
Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Tessa Mero
 
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentGoogle's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentLily Ray
 
Time Management & Productivity - Best Practices
Time Management & Productivity -  Best PracticesTime Management & Productivity -  Best Practices
Time Management & Productivity - Best PracticesVit Horky
 
The six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementThe six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementMindGenius
 
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...RachelPearson36
 
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...Applitools
 
12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at WorkGetSmarter
 
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...DevGAMM Conference
 

Featured (20)

Skeleton Culture Code
Skeleton Culture CodeSkeleton Culture Code
Skeleton Culture Code
 
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
 
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
 
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
 
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
 
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
 
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
 
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
 
Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next
 
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentGoogle's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
 
How to have difficult conversations
How to have difficult conversations How to have difficult conversations
How to have difficult conversations
 
Introduction to Data Science
Introduction to Data ScienceIntroduction to Data Science
Introduction to Data Science
 
Time Management & Productivity - Best Practices
Time Management & Productivity -  Best PracticesTime Management & Productivity -  Best Practices
Time Management & Productivity - Best Practices
 
The six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementThe six step guide to practical project management
The six step guide to practical project management
 
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
 
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
 
12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work
 
ChatGPT webinar slides
ChatGPT webinar slidesChatGPT webinar slides
ChatGPT webinar slides
 
More than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike Routes
More than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike RoutesMore than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike Routes
More than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike Routes
 
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
 

Grammatikk introduksjon eller-repetisjon

  • 1. Introduksjon til / repetisjon av grammatikk LVUT8119, 28. august 2019 Andre Midtskogseter Reite
  • 2.
  • 3. Grammatikk – Kvifor kan ikkje gaupe ekorn jerv i verdalsfjella? Innherred, 18. juni 2019
  • 4. Dette skal vi prate om: Kva er grammatikk? Sånn eigentleg. Og kva skal vi med det? Kva er grammatikk? Sånn konkret. I norsk.
  • 5. Kva er grammatikk? • Studiet av reglane som styrer eit språk, t.d. - oppbygginga av setningar - oppbygginga av ord - oppbygginga av tekster • Grammatikken består av: Semantikk: tydinga, innhaldet til språklege uttrykk Syntaks: korleis (to eller fleire) ord er sette saman i større einingar (t.d. setningar) Morfologi: læra om dei minste tydingsberande einingane i ordet (t.d. bøyingar og avleiingar) Fonologi: læra om kva funksjonar språklydane har i eit språk (korleis vi brukar taleorgana t.d. til å produsere tydingsskiljande lydar i eit språk vs. eit anna) Pragmatikk: korleis kontekst verkar på meiningsinnhaldet i ei ytring Tekstlingvistikk: korleis tekstar er sette saman (Ortografi rettskriving)
  • 7.
  • 8. Kvifor grammatikk? • Kvifor skal elevar lære grammatikk? • Kvifor skal lærarar og lærarstudentar kunne grammatikk?
  • 9. Grammatikk for å trene tanken? Grammatikk, og især den latinske eller græske, er en Slags Sprogphilosophie, der maaske fremfor mange andre Kundskaper er skikket til at skjærpe Forstanden, til at bringe lys og orden i Begreberne, og den hele Tankemaade. (Christen Pram (frå Lesja!) 1795, s.31)
  • 10. Andre syn som finst • Hjelpedisiplin til framandspråkopplæringa • Viktig i ulike emne i norskfaget (talemål, andrespråk, sidemål etc.) • Metaspråkleg medvit • Grammatikken beskriv korleis språket vårt er – det har ein eigenverdi • Språket er noko særeige menneskeleg – å studere språk = å sjå kva det vil seie å vere menneske
  • 11. Kvifor skal lærarar og lærarstudentar kunne grammatikk? • Lese- og skriveopplæring – rettleiing og vurdering (?) • Norsk som andrespråk (?) • Ei utforsking i elevane sitt eige språk (?) • Sidemålsopplæring (?) • Framandspråk (?) • Eige emne i norskfaget (?)
  • 12. Frå Kunnskapsløftet, læreplanen for norsk 7. trinn (bokmål) • mestre sentrale regler i formverk og ortografi og skrive tekster med variert setningsbygning og funksjonell tegnsetting • skrive tekster med klart uttrykt tema og skape sammenheng mellom setninger og avsnitt • utføre grunnleggende setningsanalyse og vise hvordan tekster er bygd opp ved hjelp av begreper fra grammatikk og tekstkunnskap • sammenligne språk og språkbruk i tekster på bokmål og nynorsk • vurdere tekster med utgangspunkt i egne opplevelser og med forståelse for språk og innhold
  • 13. Er det understreka ordet adjektiv eller adverb? (bokmål) 1) Skilpadda går sakte. 2) Bor du i det grønne huset? 3) Vi gikk til et høyt fjell. 4) Hun kom aldri. 5) Grøten er for varm til å spises. 6) Buksa satt fint. 7) For en fin bil! 8) Jordskjelvet rammet hardt.
  • 14. Kva setningar er heilsetningar med leddsetning? (bokmål) a) Mislykka redningsaksjon. b) Katten har øyne som reflekterer lyset. c) Frederica plukker sopp når det er høst. d) Diamanten glitret i sola. e) Felix, som er en grei gutt, kan sjonglere. f) Aldri vært der. g) Vi så at helikopteret lettet. h) Mannen med hatten og jeg fant en paraply i hagen.
  • 15. Og dette var frå norskboka på 7. trinn!
  • 16. Frå ei norskbok for 10. trinn: 1) Hva heter de fire bøyingsformene til substantivet? 2) Forklar hva som er forskjellen mellom 1. person, 2. person og 3. person. 3) Hva er samsvarsbøying? 4) Hva er parverb?
  • 17. Korleis bli ein god grammatikklærar? Kva kan vi? Kva skal til for å forklare?
  • 18. Eigentleg kan både de OG elevane all grammatikken! «Norske barn lærer norsk grammatikk på skolen; å påstå noe slikt er like meningsløst som å si at de lærer å løpe i gymmen. Alle normalt utrustede barn i skolealder med norsk som morsmål kan norsk grammatikk. (…) Det man skal lære på skolen, er (…) et begrepsapparat for å kunne sette ord på denne kunnskapen, for å kunne snakke om språk og grammatikk» Åshild Næss og Atle Næss i Aftenposten (2007).
  • 19. Kva slags kunnskap har då elevane? 19 Odd Iversen vesst alljt om fotballj. Han vesst berre itj ka det heittj.
  • 20.
  • 21. Grammatikk i norsk • Først: Ordklassene. Semantiske, morfologiske og syntaktiske trekk • Så: Syntaks
  • 22. Eit relevant skilje: form og funksjon  Form: beskriv dei enkelte elementa utan å ta omsyn til kva plassering dei har i setninga  Ordklassar og frasar (grupper av ord)  Funksjon: kva funksjon har eit ord/ei gruppe av ord i setninga?  Setningsledd  Same element (form) kan fylle ulik funksjon i ei setning, og ulike formelementer kan fylle same funksjon.
  • 23. Ein kloss (form) – fleire funksjonar
  • 24. Ordklasser • Eigenskapane til ordet avgjer kva klasse det høyrer til. • Det er umogleg å definere ei ordklasse berre ut frå eitt trekk (sjølv om mange lærebøker forenklar og gjer det). • Korleis dele ord inn i klassar? • Semantiske kriterium: tydinga til ordet • Morfologiske kriterium: korleis vi bøyer ordet • Syntaktiske kriterium: kva plasseringar og funksjonar orda kan ha i ei setning
  • 25. Opne og lukka ordklasser Opne får stadig nye medlemmer, og gamle går ut: Substantiv Verb Adjektiv Adverb Interjeksjon • Er ofte leksikalske (innhaldsord) Lukka har (nesten) ikkje tilførsel av nye ord, og (nesten) ingen går ut: Konjunksjon Subjunksjon Preposisjon Pronomen Determinativ • Er grammatiske (oppgir relasjonar innanfor språket) eller pro-ord (får tyding frå konteksten) 25
  • 27. Substantiv • Semantiske eigenskapar: Namn på klassar av personar (menn), stader (dalar, byar), gjenstandar (hammar, kopp), abstrakte idear (fantasi, tillit), eller individuelle medlemmer av sine klassar (Kongen, Eiffeltårnet). • Morfologiske eigenskapar: Har bøyingsformer som uttrykkjer tal og bestemtheit. Har grammatisk kjønn. • Syntaktiske eigenskapar: Kan opptre åleine som subjekt, objekt eller predikativ. Dannar kjerne i substantivfrasar. 27
  • 28. Semantiske eigenskapar ved substantiv • Inndeling etter tyding • Vi skil mellom eigennamn (Ola, Trondheim, altså individuelle fenomen) og fellesnamn (bil, brett – alle fenomen som høyrer til same art) • Konkrete (eit hus) vs. abstrakte (ein tanke) 28
  • 29. Morfologiske eigenskapar ved substantivet • Kjønn: Substantiv i norsk har ulike kjønn. Vanskeleg å gje reglar for dette. Standardmønsteret i nynorsk • Hankjønnsbøying: ein bil, bilen, bilar, bilane • Hokjønnsbøying: ei jente, jenta, jenter, jentene • Inkjekjønnsbøying eit hus, huset, hus, husa 29
  • 30. Morfologiske eigenskapar ved substantivet • Dei fleste fellesnamna blir bøygde i • Eintal og fleirtal, ubestemt og bestemt form eintal fleirtal ubestemt form bestemt form ubestemt form bestemt form ein student den studenten fleire studentar alle studentane 30
  • 32. Dialektane • I dialektane våre er det mykje variasjon både i kjønn og bøying på substantiva. • Det kan vere greitt å vite litt om elevane sin dialekt når ein skal lære dei å skrive. • Ein kan ikkje stø seg på eigen dialekt 100 % i nokon av skriftmålformene! • Døme: • i-endinga i sognemålet som i elvi og husi forsvann ut av nynorskrettskrivinga frå 2012. • Trøndersk og sørlandsk har felleskjønn på alle substantiv i fleirtal. • Trøndersk: folkan, husan, bilan, eplan, jentan • Sørlandsk: husane, bilane, eplane, jentane, lammane • Kva kjønn har bær i din dialekt? Kva med appelsin? Eple? Katt? • Korleis seier du knea/knærne (bestemt form fleirtal)? 32
  • 33. Korleis seier du KNEA (bestemt form fleirtal)? 33
  • 34. Pronomen • Pronomen tyder «i staden for nomen», altså «i staden for substantiv eller adjektiv». • Typar pronomen: • Personleg pronomen: ho, han • Refleksivt pronomen: seg • Resiprokt pronomen: kvarandre • Spørjande pronomen: Innleier spørjesetningar: kven, kva • Ubestemt pronomen: ein, man 34
  • 35. Personleg pronomen • Desse skil seg ut morfologisk fordi det er den einaste ordgruppa i (skriftleg) norsk som blir bøygd etter både person og kasus. • Person: 1. person (refererer til sendaren), 2. person (refererer til den sendaren vender seg til) og 3. person (refererer til den/det som vi snakkar om). • Kasus: Subjektsform og objektsform. Subjektsform Objektsform Eintal 1.person eg meg 2.person du deg 3.person Hankjønn han han Hokjønn ho ho/henne Inkjekjønn det det Fleirtall 1.person vi oss 2.person de/dokker dykk/dokker 3.person dei dei 35
  • 36. … har systemet blitt litt enklare enn i gammalnorsk Sjølv om vi nyttar kasus i dag 36
  • 37. Fleire typar pronomen Refleksivt pronomen: seg • Peikar tilbake på (reflekterer) subjektet • Per vaska seg. Resiprokt pronomen: kvarandre • Peikar også tilbake på subjektet, som må ha fleirtalsform. • Resiprokt betyr gjensidig – det må vere eit gjensidig forhold mellom dei som blir omtala samla i «kvarandre». • Dei smilte til kvarandre. • *Eg smilte til kvarandre. 37
  • 38. Endå fleire pronomentypar • Spørjande pronomen: Innleier spørjesetninger: kven, kva • Ubestemt pronomen: ein, man (bm.) • Ganske allment innhald, bind seg ikkje så sterkt til konteksten. • Ein kan stå både som subjekt og objekt: • Ein må ta ein i beste meining. • Man kan berre stå som subjekt • Man må ta folk i beste mening. • *Folk må ta man i beste mening. 38
  • 39. Verb • Semantiske eigenskapar: Verb uttrykkjer ein tilstand (bu), ei hending (snuble) eller ei handling (førelese)  GJERNINGSORD/GJEREORD. • Morfologiske eigenskapar: Bøyingsformene uttrykkjer TID. • Syntaktiske eigenskapar: Verb i bøygde former kan stå som VERBAL åleine i setninga. Dei andre verba i setninga er delar av sammensette verbal. Verb fungerer altså som verbal i setningsanalysen, og verbalet er obligatorisk i alle norske setningar og er sjølve hjartet i setninga! 39
  • 40. Sterke og svake verb • Sterke verb har gjerne ulike rotvokalar i dei ulike formene. • Gå – gjekk • Ete – åt • Dei har einstava form i presens (i nynorsk) og i preteritum • Kjem – kom • Går – gjekk • Et – åt •Svake verb har som oftast lik rotvokal gjennom heile bøyinga. •Kastar – kasta •Hoppar – hoppa •Dei har preteritumsform på fleire stavingar •Kast-a, teikn-a, nåd-de •To store grupper på nynorsk •e- og a-verb 40
  • 41. Typar svake verb – to hovudklasser • 1. klasse: a-verb – har -a-ending i preteritum. • Dette er den største klassen med verb. Dei fleste nye verb som kjem inn i språket, blir innlemma i denne gruppa (https://www.nrk.no/kultur/vet-du-hva-disse-_hippe_-ordene- betyr_-1.13963109). Dette er dermed den mest produktive klassen for verb (produktiv klasse = det kjem nye ord inn i han). • Å sykle, syklar, sykla, sykla • Å hoppe, hoppar, hoppa, hoppa • 2. klasse: e-verb – verb med -te, -de, eller -dde i preteritum: • -te i preteritum: irritere, irriterer, irriterte, irritert • -de i preteritum: høyre, høyrer, høyrde, høyrt • -dde i preteritum: bu, bur, budde, budd/butt Barn lærer ofte svak bøying først. • «Eg gådde til barnehagen.» • «Eg skrivde i boka mi.» 41
  • 42. Òg her er ordboka lugom å ha • v1 = svak a-bøying • v2 = svak e-bøying • Ein finn òg v3 og v4 = blanda bøying av v1 og v2 • Derfor: SLÅ OPP! SLÅ OPP! SLÅ OPP! • Klassane har liknande – men ikkje heilt lik – inndeling og bøying for bokmål. • Derfor: SLÅ OPP! SLÅ OPP! SLÅ OPP! 42
  • 45. 45
  • 46. Sterke verb • Vi kan sjå nokre mønster også med sterke verb. • Sterke verb har inga ending i presens i nynorsk og trøndersk! 1. Infinitiv med i, preteritum med e/ei og perfektum med i (bm. e): –stige, stig, steig, stige (steget) 2. Infinitiv med y, preteritum med au (bm. òg ø), perfektum med o (bm. òg ø): –krype, kryp, kraup (krøp), krope (krøpet) 3. Infinitiv med i eller æ, preteritum med a, perfektum med u eller å –drikke, drikk, drakk, drukke –finne, finn, fann, funne 4. Infinitiv med e, preteritum med a, perfektum med o –bere, ber, bar, bore –Skjere, skjer, skar, skore 5. Infinitiv med e, preteritum med a, perfektum med e –Lese, les, las, lese –Gjeve, gjev, gav, gjeve 6. Infinitiv med a, preteritum med o, perfektum med a –Fare, fer, fór, fare –Dra, dreg, drog, drege (òg svakt!) 7. Infinitiv med å, preteritum med e, perfektum med å eller a –Blåse, blæs, bles, blåse –Gråte, græt, gret, gråte 46
  • 47. Svake og sterke verb om einannan • Nokre verb er svake i nynorsk og sterke i bokmål. • Hjelpe, hjelper, hjelpte, hjelpt – hjelpe, hjelper, hjalp, hjulpet • Treffe, treffer, trefte, treft – treffe, treffer, traff, truffet • … og motsett! • Blåse, blæs, bles, blåse – blåse, blåser, blåste, blåst • Lese, les, las, lese – lese, leser, leste, lest • Derfor: SLÅ OPP! SLÅ OPP! SLÅ OPP! 47
  • 48. 48
  • 49. Og stol heller på ordboka enn t.d. Word 49 Her finn Word nokre nynorskfeil, men langt frå alle.
  • 50. Hjelpeverb og hovudverb • Hjelpeverb uttrykkjer grammatisk informasjon • ha, bli, vere, skulle, ville, kunne, måtte, burde • Hovudverbet uttrykkjer tydingsinnhaldet Kari har ete. Kari hadde ete. Kari vil ete. Kari måtte ete. Kari kunne ete. Kari vart eten. (PASSIV) 50
  • 51. Adjektiv • Semantiske eigenskapar: skildrar ein eller annan eigenskap • Morfologiske eigenskapar: kan gradbøyast og samsvarsbøyast • Syntaktiske eigenskapar: kan fungere som underordna ledd i substantivfrasar (attributiv bruk) kan fungere som predikativ (predikativ bruk) 51
  • 52. Samsvarsbøying av adjektiv • Eit adjektiv blir bøygd i kjønn og tal etter substantivet det står til Ubestemt Bestemt Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Hankjønn stor gut store gutar store guten store gutane Hokjønn stor jente store jenter store jenta store jentene Inkjekjønn stort hus store hus store huset store husa 52
  • 53. Gradbøying av adjektiv Positiv Komparativ Superlativ god stor betre større best størst interessant meir interessant mest interessant brei breiare breiast 53
  • 54. Bestemt/ubestemt form Sauen er søt. Eg likar den søte sauen. Er det ho som er størst? Ja, det er den største jenta i klassen. 54
  • 55. Adverb • Beskriv som oftast eit verb (‘til verbet’) • Gymlærar Larsen spring fort og hoppar høgt. • Adverbet kan òg stå til eit adjektiv eller eit anna verb • Rektor Rolfsen har kjøpt seg ein svært stor Golf. • Dei fleste adverba blir ikkje bøygde, men nokon kan gradbøyast • Larsen spring fort. Rolfsen køyrer fortare. 55
  • 56. Ulike typar adverb Type adverb Funksjon Døme Tidsadverb Gir svar på når Alltid, aldri, ofte, sjeldan, då, når Stadadverb Gir svar på kor Her, der, ute, inne, tilbake, heim Måtesadverb Gir svar på korleis Bra, dårleg, annleis, stygt, fint (Desse orda kan òg stå som adjektiv) Gradsadverb Gir svar på i kva grad Mykje, lite, ganske, veldig Setningsadverb Kan endre innhaldet i heile setninga Kanskje, ikkje, berre 56
  • 57. Preposisjonar • Semantiske eigenskapar: småord som fortel korleis noko er plassert i eit forhold til noko anna • Morfologiske eigenskapar: ubøyelege • Syntaktiske eigenskapar: står vanlegvis framfor ledd eller delar av ledd i setninga og oppgjev forholdet mellom desse og noko anna i setninga. stad: Vi bur i Trondheim tid: Rosenborg tapte i går
  • 58. Preposisjonar • Lukka ordklasse • «Preposisjonar er alt som kan gjerast med eit fuglebur» • (oppå, inni, gjennom sprinklane, under, over, nedi etc.) 58
  • 59. Ev. alt du kan gjere med det norske fotball-landslaget (VG etter Tyskland–Noreg 6–0) 59
  • 60. Lukka ordklasse, men … • … bruken endrar seg. • Ein brukar t.d. mykje meir PÅ no enn før. La oss få ein god diskusjon på dette! Ta ei avgjerd på noko. Ha ein debatt på noko. Ha ein avtale på noko. Vi kan ta ein kaffi på det. Guiden vår er veldig god på språk. Det er viktig med eit breitt fokus rundt denne saka. 60
  • 61. På og rundt nrk.no, 22.09.17 61
  • 63. Interjeksjonar • Semantiske eigenskapar: Ord som uttrykkjer helsingar eller kjensler. utropsord, svarord, helsingsord eller lydhermande ord. • Morfologiske eigenskapar: ubøyelege • Syntaktiske eigenskapar: Har vanlegvis ingen syntaktisk funksjon. Hei, kor skal du? Huff, så kaldt det var i dag! Nei, eg må lese meir i dag. Tass, tass, tass, sa det då bikkja kom inn. Ei veldig open ordklasse! (http://www.apollon.uio.no/artikler/2015/banneord.html)
  • 64. Determinativ (bestemmarord) • Semantiske eigenskapar: Bestemmarord som avgrensar referansen til substantivet dei står til • Morfologiske eigenskapar: Blir bøygde i kjønn og tal • Syntaktiske eigenskapar: Opptrer saman med substantiv for å danne eit ledd. Min bil Hans hest Denne hesten Dette treet Tre tre Ein gauk • Tidlegare kategoriserte som artiklar, pronomen og talord
  • 65. Determinativ • Determinativa bestemmer kva substantivet refererer/viser til • stolen min, den stolen, ein stol, tre stolar, nokon stolar, Jørgens eigen stol • Det finst tre grupper av determinativ: • eigedomsord, peikeord og mengdeord 65
  • 66. Eigedomsord (possessivar) • Uttrykkjer at noko høyrer til nokon, eit eigedomsforhold Eksempel: Boka mi, hans penn, huset vårt, mine og dine barn Eigedomsorda blir bøygde i både kjønn og tal 66
  • 67. Peikeord (demonstrativar eller påpeikande ord) • Den, dei, denne, dette, desse, slik osv. Denne boka er mi. Slike studentar vil gamle Noreg ha. Vi har kjøpt det huset. Eg tar dei raude skoa i kveld. 67
  • 68. Mengdeord • Ein, nokon, ingen, annan, alt, alle, kvar osv. • Ein, to, tre, fire (talord) • Ein, ei, eit (artiklar) Han er 13 år Ei jente, ein gut, to tenåringar, ein stav … Alle lærarar brukar raudpennen. Han åt nokre druer til kvelds.
  • 69. «Determinativene bestemmer hva substantivet refererer til (stolen min, den stolen, en stol, tre stoler, noen stoler, Noras egen stol). Elevene bør lære at ordklassen heter determinativer (som «determinatives» på engelsk), men begrepet «bestemmerord» gir sannsynligvis minst like mye forståelse og kan benyttes når ordklassen skal forklares.» Språkrådet – om grammatiske termer for skoleverket
  • 70. Konjunksjonar (sideordningsord) • Semantiske eigenskapar: Bind saman likeverdige element • Morfologiske eigenskapar: Ubøyelege • Syntaktiske eigenskapar: Dannar eit likeverdig forhold mellom ledda Og. Eller. Men. For.
  • 71. Subjunksjonar (underordningsord) • Semantiske eigenskapar: Bind saman element som ikkje er likeverdige • Morfologiske eigenskapar: Ubøyelege • Syntaktiske eigenskapar: Innleier leddsetningar at, viss, når, dersom, å (infinitivsmerket), som (innleier som-setninger)
  • 72. Eg forstår ikkje [at nokon kan like den mora]. [At nokon kan like den mora], forstår eg ikkje. Du kan sove [viss du et først]. [Viss du et først], kan du sove. Du kan sove [når du har ete]. [Når du har ete], kan du sove. Eg ser fram til [å vaske badet]. Badet [som du vaska i går], er skite igjen.
  • 73.
  • 75. Dette skiljet igjen: form og funksjon  Form: beskriv dei enkelte elementa utan å ta omsyn til kva plassering dei har i setninga  Ordklassar og frasar (grupper av ord)  Funksjon: kva funksjon har eit ord/ei gruppe av ord i setninga?  Setningsledd  Same element (form) kan fylle ulik funksjon i ei setning, og ulike formelementer kan fylle same funksjon.
  • 76. Kva er ei setning? • Krav til setningar: subjekt og (finitt) verbal • Finitt verb (form): • Bøygd i TID (presens, preteritum), ev. imperativ. • Verbform som åleine kan fungere som verbal i ei setning. • Unntak frå setningskravet: Imperativsetningar treng ikkje subjekt. • «Drikk mjølka di!» • To typar setningar: Heilsetningar og leddsetningar 76
  • 77. Frasar • Ei gruppe av ord som høyrer saman som ei eining. • Særleg viktige frasar å kjenne til: substantivfrasar og preposisjonsfrasar Den gamle dama åt fire fyrstekaker på ein blunk. 77
  • 78. Substantivfrasar Bestemmarord Beskrivarord Kjerne Bestemmarord Ei gamal dame Den gamle dama vår Fire gamle damer Våre damer 78 • Kjernefeltet bestemmer namnet på frasen • Bestemmarfelta og beskrivarfeltet kan fint utelatast • Kjernen må som oftast stå, men kan utelatast • Funksjonskategoriane SU, DO og IO er alltid noko substantivisk – og består dermed svært ofte av ein substantivfrase (kompleks eller enkel)
  • 79. Preposisjonsfrasar Kjerne Utfylling i Berlin på jobb ved sjøen med deg 79 • Preposisjonen er kjerne  derfor namnet preposisjonsfrase • Verken kjerne eller utfylling kan utelatast her • Prep. styrer utfyllinga (jf. at pronomenet får objektsform) • Funksjonskategorien adverbial er ofte ein preposisjonsfrase. • Preposisjonsfrasar kan ikkje vere SU, DO eller IO*
  • 80. Setningsledd (funksjonskategoriar) • Setningsledd: Ein del av ei setning med ein sjølvstendig syntaktisk funksjon. • Dei sentrale funksjonane i ei setning: • verbal • subjekt  ofte substantivfrasar • direkte og indirekte objekt  ofte substantivfrasar • adverbial  ofte preposisjonsfrasar • predikativ 80
  • 81. Form og funksjon – morfologi og syntaks (1) Johan likar karbonadekaker. • Morfologi: Johan er substantiv, eigennamn  FORM • Syntaks: Johan fungerer som subjekt  FUNKSJON • Strengt tilhøve mellom form og funksjon Kvar funksjonskategori i setninga (subjekt, direkte objekt osv.) kan berre fyllast av bestemte formkategoriar (ordklassar) Døme: • Berre substantiviske ord og leddsetningar (substantiv(frasar), pronomen og at- setningar) kan fungere som subjekt og direkte objekt. • Berre ord med form som verb kan fungere som verbal. 81
  • 82. Form og funksjon (jf. Språkboka, s. 118) FORM (morfologi) FUNKSJON (syntaks) Døme Substantiv(frase), pronomen Subjekt (SU) Johan likar karbonadekaker Han likar karbonadekaker Substantiv(frase), pronomen Direkte objekt (DO) Johan likar karbonadekaker. Johan likar det. Substantiv(frase), pronomen Indirekte objekt (IO) Johan unner Marit mat. Johan unner henne mat. Verb Verbal (VBL) Johan likar Marit. Adverb Adverbial (ADVBL) Johan kjem straks. (tid) Johan et alltid karbonadekaker. (tid) Preposisjonfrase (prep. + utfylling) Adverbial (ADVBL) Johan kjem på flekken. (tid) Johan et med eit merkeleg uttrykk. (måte) Johan et karbonadekakene sine i klasserommet. (stad) 82
  • 83. Syntaktisk analyse Rekkjefølgja vi skal finne ledda på: Finn … 1. det finitte verbalet (finn ev. infinitte verbal) 2. subjektet 3. det direkte objektet (og ev. indirekte obj. (ev. ev. predikativ)) 4. eventuelle adverbial 5. FERDIG! 83
  • 84. Verbalet • Utrykkjer handlinga (ev. hending, tilstand, overgang ...) i setninga • Obligatorisk i alle setningar. • Alltid laga av minst eitt verb (ordklassen verb) • Enkelt verbal  ei av de finitte formene: • Klaus noterer alt. • Samansett verbal  finitt pluss infinitt(e) form(er). • Geir har notert noko.  Finn (alle) verb i setninga! Finn verbet som har finitt form! Lær å skilje mellom finitte verb (som er bøygde i presens, preteritum eller imperativ) og infinitte verb (infinitiv og perfektum). 84
  • 85. Korleis finne fram til det finitte verbalet? 85 DISTRIBUSJON: Finn det FØRSTE verbet i setninga! FORM: Det verbet har finitt form (bøygd i TID – pres. eller pret.)!  Dersom du er usikker: Gjer setninga om til eit ja/nei-spørsmål. Det finitte verbalet må då plasserast først: Gamle Geir har kjøpt ei avis.  Har gamle Geir kjøpt ei avis?
  • 86. Finitt verbal – DISTRIBUSJON • Det finitte verbalet står som andre ledd i forteljande setningar. (1) Snart kjem Johan heim. (2) Han skal på trening først. • Dersom det er fleire verbal i setninga, står det finitte verbalet først: (3) Johan harPRES lesePERF tusen bøker. (4) Johan skullePRET villeINF haINF lesePERF tusen bøker. 86
  • 87. V2-regelen • I forteljande heilsetningar står det finitte verbalet (det som har presens- eller preteritumsform) alltid på andreplass, dvs. som setningsledd nr. 2. •  Dette kallar vi V2-regelen, og den gjeld m.a. for dei nordiske språka. • (Men gjeld det for alle talemål?)
  • 88. Kva verb finst her, og kva form har dei? (1) Johan likar gamal mat. (2) Han burde interessere seg for andre ting. (3) Tidlegare har han likt både bilar og jenter. (4) I år har han berre villa snakke om matretter frå eldre tider. 88
  • 89. Finitt verbal i raudt, infinitt i blått (1) Johan likar gamal mat. (2) Han burde interessere seg for andre ting. (3) Tidlegare har han likt både bilar og jenter. (4) I år har han berre villa snakke om matretter frå eldre tider. 89
  • 90. Subjektet • Er òg eit obligatorisk ledd i fullstendige (skriftlege) setningar • Ofte det leddet som utfører handlinga Geir lyg. Jenta tek bilen. • (Ev. hjelpespørsmål: Kven + verbalet) • Har heilt bestemte grammatiske krav (FORM og DISTRIBUSJON) 90
  • 91. To grammatiske krav til subjektet 1) FORM: Det er noko substantivisk (substantiv(frase), pronomen eller at-setning) 2) DISTRIBUSJON: Det står inntil det finitte verbalet (rett framfor eller rett bakom) 91
  • 92. Formelt subjekt • Mange setningar har subjekt utan eit klart innhald: • Det regnar. • Det gir ikkje meining å spørje: Kven regnar? • Det rasla i lauvet • Vi veit ikke kven som rasla. • Det er her innhaldstomt (og trykksvakt), men må stå (subjektskrav i norsk) 92
  • 93. Ver obs på «meteorologiske» verb • Verb som uttrykkjer vêrtilhøve, har ingen «handlar» som står bak. • Dei må likevel ha eit subjekt, men kan ikkje ha eit innhaldssubjekt. •  formelt SU – eit (trykksvakt) ord utan tyding, men med ein syntaktisk funksjon å skulle fylle subjektskravet. (1) Det regnar. (2) Det snør. (3) *Johan regnar. • I t.d. islandsk har ein ikkje dette formelle SU-kravet: (4) (það) rignir (5) (það) snjóar 93
  • 95. Direkte objekt • Seier noko om kva/kven verbalhandlinga er retta mot eller går ut over • Substantivisk ledd som kjem rett etter verbalet. • Hjelpespørsmål: Kven/kva + verbal + subjekt • Besteforeldra kjøpte ei avis. • «Kva kjøpte besteforeldra?» • Eg kjende denne hissige gamlingen. • «Kven kjende eg?» 95
  • 96. Direkte objekt • SU og DO har dei same formkrava, men distribusjonen er ulik! • Dersom vi har eit samansett verbal, står DO etter heile verbsekvensen • SU står oftast framfor verbsekvensen, men kan òg stå inni 96
  • 97. SU og DO 1) Johan likte Margit. ELLER??? 2) Johan likte Margit. 3) Johan har likt Margit før. 4) Margit har Johan likt før. 97
  • 98. Indirekte objekt • Den/dei som blir ramma av handlinga, ofte personar. • Den som verbalhandlinga skjer til beste (eller verste) for, eller den som tek imot noko frå den handlande. • Nominalt ledd som står mellom verbalet og det direkte objektet • Gamle Geir gav Gunnlaug ein haug med aviser. • OBS! Opptrer ikkje åleine, men saman med det direkte objektet. 98
  • 99. Indirekte objekt • Hjelpespørsmål: Til/frå kven/kva + verbal + subjekt + direkte objekt Gamle Geir gav Steinar avisa.  «Til kven gav gamle Geir avisa?» • Førekjem oftast (men ikkje alltid) ved verb som gje, skjenke, overbringe (bm.), fortelje, meddele (bm.) Steinar gav gamle Geir ei sur mine. Geir skjenkte han ingen fleire aviser etter dette. 99
  • 100. IO og DO • DO = Kva/kven + verbal + subjekt • IO = kven + verbal + subjekt + DO (1) Johan sender pengar. (2) Johan sender Margit pengar. (3) *Johan sender pengar Margit. (4) Johan sender Margit • Kva reglar kan vi lage av dette mønsteret? 100
  • 101. Generaliseringar • IO må stå framfor DO. • IO kan ikkje stå åleine utan DO. • IO er parasittisk på DO. • Når personobjektet (Margit) står åleine (i 4), blir det tolka som DO. Det er ho som blir sendt då, og ikkje den det blir sendt noko til. • IO er den (oftast person) som handlinga går til fordel eller ulempe for. 101
  • 102. Adverbial • Vi treng ikkje adverbiala ei setning – dei er til «pynt» • Står til verbalet. Gjev utfyllande opplysningar om forhold som tid, stad, årsak, måte og grad • Ofte svar på spørsmål som: når, kor, korleis, kvifor … • Har svært ofte form som preposisjonsfrasar eller adverb (OBS! Ulikt SU, DO og IO!) • Hjelpespørsmål: Kor/når/korleis/kvifor + verbal + subjekt + objekt Kari les kvar dag. > Når les Kari? Kari les veldig fort. > Korleis les Kari? Kari les fordi ho likar det. > Kvifor les Kari? Kari les på senga. > Kor les Kari? 102
  • 103. Igjen: Verbalet er hjartet i setninga • Verbalet har ein bestemt verdi og dikterer mykje av det som kan og ikkje kan stå i setninga elles.  Adverbiala er frie og uavhengige av verbalet  dei er VALENSFRIE ledd  Vi kan ha så mange adverbial vi vil, og vi han ha NULL!  Adverbiala «pyntar opp» setninga, men setninga klarar seg fint utan.  Adverbiala er festdeltakarar  Det er berre SU, DO og IO (dei nominale ledda) som er bundne til verdien av verbalet  dei er VALENSBUNDNE ledd som vi berre kan ha eitt av kvar av.  Dei står der viss verbalet krev det, men ikkje elles.  Om dei skulle ha vore der, men ikkje er der, blir setninga øydelagt!  SU må alltid vere der, DO er der veldig ofte og IO berre av og til.  SU, DO og IO er skiftarbeidarar 103
  • 104. To typar adverbial  omstendeadverbial  står heilt til slutt i setninga, etter direkte objekt  gjev info om verbalet eller om tid/stad/årsak …  Vi et graut på laurdagar.  Vi et graut på verandaen.  Vi et graut fordi det er så uimotståeleg godt.  Setningsadverbial  består av eit adverb, som regel plassert midt i setninga.  står rett etter det finitte verbet i heilsetningar  modifiserer heile setningsinnhaldet. Beskriv innhaldet, dempar eller forsterkar.  «Steinar har alltid med seg ei billeg avis på senga.»  «Han klarer ikke å sovne utan.»  «Han burde kanskje slutte med sengelesinga.» 104
  • 105.  Kor mange adverbial? 105
  • 106. Predikativ • Ledd som beskriv eller er identisk med subjektet (subjektspredikativ – SUP) eller objektet (objektspredikativ – DOP) • Det er IDENTITET mellom SU og SUP – dei ER eller BESKRIV den same tingen. • Clark Kent er Supermann  Clark Kent = Supemann • Det er IKKJE IDENTITET mellom SU og DO – dei ER eller BESKRIV to ulike ting. • Lois Lane ser Supermann  Lois Lane ≠ Supermann • SUP finst ofte etter usjølvstendige verb som vere, bli, heite, kallast m.fl. • Naboane mine heiter Arne og Olbjørg. • Arne er streng. • Han blir kalla jarn-Arne. • Olbjørg blir snart 70. • Men ho er mykje eldre til sinns. 106
  • 107. Predikativ og samsvarsbøying • Dersom predikativet er eit adjektiv, så er det bøygd i samsvar med det det har identitet med. • Subjektspredikativ (SUP) Besteforeldra var gnitne. • Besteforeldra = gnitne • Samsvarsbøying i fleirtal viser at subjektet og predikativet høyrer saman • Objektspredikativ (DOP):  Geir måla huset gult  Klaus slo han flat for dette. Geir måla huset gult • Huset = gult • Samsvarsbøying i inkjekjønn viser at objektet og predikativet høyrer saman 107
  • 108. Reprise: syntaktisk analyse Rekkjefølgja vi skal finne ledda på: Finn … 1. det finitte verbalet (finn ev. infinitte verbal) 2. subjektet 3. det direkte objektet (og ev. indirekte (ev. ev. predikativ) 4. eventuelle adverbial 5. FERDIG! 108
  • 109. Kva er ei leddsetning? • Ei leddsetning er ei setning som i sin heilskap fungerer som eit setningsledd i den overordna heilsetninga. • Ei leddsetning kan t.d. vere SU, DO eller ei form for adverbial (t.d. tid, årsak, måte) i heilsetninga. • Ei leddsetning som fungerer som SU eller DO, er substantivisk (eller nominal) – dvs. typisk ei at-setning. • Test: ei at-setning kan erstattast av eit substantiv eller pronomen. • OBS! Ei leddsetning blir nesten alltid innleidd av ein subjunksjon. 109
  • 110. Nominale leddsetningar (SU og DO) 1. At Johan åt gamalmannsmat i så store mengder, overraska meg stort. • Det overraska meg stort. 2. Eg tenkte at det kunne vore betre for han med litt meir moderne mat. • Eg tenkte det. 3. Likevel spurde han om ikkje eg ville smake. • Likevel spurde han det. 110
  • 111. Bjørn Eidsvåg-syntaks 1. Eg ser at du e trøtt, men eg kan ikkje gå alle skrittå for deg. Du må gå de sjøl, men eg vil gå de med deg, eg vil gå de med deg. 2. Eg ser du har det vondt, men eg kan ikkje grina alle tårene for deg. Du må grina de sjøl, men eg vil grina med deg. eg vil grina med deg. 111 3. Eg ser du vil gi opp, men eg kan ikkje leva livet for deg. Du må leva det sjøl, men eg vil leva med deg, eg vil leva med deg. 4. Eg ser at du e redd, men eg kan ikkje gå i døden for deg. Du må smaka han sjøl, men eg gjer død til liv for deg, eg gjer død til liv for deg Eg har gjort død til liv for deg. •Nominale leddsetningar som DO
  • 112. Adverbiale leddsetningar • Dei ulike adverbiala (t.d. tid – når og årsak – kvifor) kan realiserast som leddsetningar. • Dei blir typisk innleidde av subjunksjonar: • TID: då, når, innan, etter at, før, mens, medan … • ÅRSAK: fordi, då, av di … 112
  • 113. Korleis veit vi kva som er ledd- og heilsetning? Når vi trudde at Johan var matlei, åt han alt. 113
  • 114. Korleis veit vi … • Test: Set inn ein negasjon (t.d. ikkje eller aldri)! • I heilsetningar: Finitt verbal + ikkje • I leddsetningar: ikkje + finitt verbal Når vi ikkje trudde at Johan ikkje var matlei, åt han ikkje alt. • V2-regelen gjeld berre for forteljande heilsetningar (ikkje for leddsetningar). 114