SlideShare a Scribd company logo
1 of 11
KÅSERI
INNHALD
• Kva er eit kåseri
• Språklege verkemiddel
• Skrivetips
• Eksempel
• Oppsummering/kommentar
KVA ER EIT KÅSERI
• Med samtalen som forbilde
• Muntleg og samtalande preg på teksta
• Kåseri og petit
• I skulesamanheng bruker vi kåseri, men petit er ein kort skriftlig tekst
• Saklig innhald- leikande språk
• Kvardagsleg og dagsaktuelt tema
• Humor og ironi
• Eit av dei viktigaste verkemiddel i eit kåseri
• Munleg tone
• Ikkje formelt, men som ein vanleg samtale. Gjerne korte setningar og bevisste pauser ved bruk av avsnitt.
• Personleg og subjektivt
• Forfattaren skal gi sine meiningar om dei ulike emna i teksten
• Litt meir enn underhaldning
• Teksten skal gi ettertanke og ikkje bere underhaldning
Kåseriet: http//ndla.no/nb/node/13413?fag=116784
SPRÅKLEGE VERKEMIDDEL
-Dette er verkemiddel ein kan bruke i ulike sjangarar som eksempelvis kåseri
• Allegori (bruk av symbol)
• Allusjon (lån av tekst fra en kjent tekst)
• Besjeling (døde ting blir levande)
• Eufemisme og dysfemisme (pakker inn sanninga og nedsetjande ord)
• Gjentaking
• Ironi og sarkasme
• Kontrast (motsetningar)
• Metonymi (ny, men beslekta betydning)
• Personifikatsjon( når abstrakte begrep blir tillagt menneskelige egenskaper)
• Rim og rytme
• Samanlikning, metafor og klisje
• Symbol
Språklege verkemiddel: http//ndla.no/nb/node/2845?fag=116784
SKRIVETIPS• Forstå målgruppa
• Ha ei god innleiing, ein hoveddel og ei avslutning som gir ettertanke
• Vinklinga er overraskande (måten du skriver på er overraskande)
• Språket er kreativt og friskt (slanguttryk for eksempel)
• Små kvardagshendingar i eit større perspektiv
• Allmengyldig og tidlaus (dei fleste kan setje seg godt inn i og forstå emna)
• Gåtefyll tittel skaper nysjerrigheit
• Detaljert skildring
• Gjer lesaren nyskjerrig
• Morosamt og underhaldande
• Overdriv, bruk ironi/sarkasme og korte setningar
• Bruk avsnitt som pause
• Du kan fremvise gode setninger og poeng
• Sirkelkomposisjon (Gjentakelse, eksempelvis i start og slutt)
• Underhalde, ikkje belærande
• Ein raud tråd, men kan ha fleire ulike historier innanfor same emne, både personleg opplevde og
nasjonale/globale historier som alle kjenner seg igjen i
• Ettertanke (gi lesaren noko å tenkje på)
Skrivetips til kåseriet: http//ndla.no/nb/node/58327?fag=116784
EKSEMPEL
«Eg har ein draum. Ein draum om ei øy langt vekk. Det må gjerne vere
varmt der. Frodig og vakkert. Kvite strender og blått vatn. Palmar.
Paradis. Det kan godt vere paradis. Det er greitt det. Dei skal få såpass.
Det kunne sjølvsagt vore fristande å tenke seg at det var ei kald og
ugjestmild øy full av bresprekker og isbjørnar. Men eg skal vere litt raus,
denne eine gongen. Fordi det er den siste.
På denne øya skal dei bu, alle dei religiøse leiarane. Det er berre dei
som skal bu der. Ingen andre. Det er umulig å komme seg til øya og det
er umulig å reise frå øya.
Paradis
Eit drøymande kåseri om langsam død.
EKSEMPEL
Når eg seier alle dei religiøse leiarane, så meiner er naturligvis ikkje det. Ikkje alle.
Ikkje dei hyggelige og greie. Berre alle desse ikkje heilt unge mennene som synest
at den vestlige verda har gått av hengslane, at umoralen og verdiløysa rår og at vi
lever i ei verd der familiar går i oppløysing og folk horar og drikk og menn ligg med
menn og ingen har respekt for religion og alt handlar om pengar og sex og suksess.
Det er alle dei som meiner alt dette eg snakkar om. Uansett kva religion dei
tilhøyrer. Imamar og mullaer og biskopar. Dei må få sleppe no. Dei liker seg ikkje her
i denne verda likevel. Derfor synest eg dei skal få sleppe. At vi skal vere litt
barmhjertige. Og leige ein kjempediger båt og gi dei ein sjanse: ”Bli med no. Berre
bli med til ei vakker øy. Eg kan love dykk at den vestlige verda kjem ikkje til å bli
betre. Folk kjem ikkje til å slutte å drikke og hore og menn kjem kjem til å halde
fram med å ligge med menn og folk kjem til å le av profetar og halde på, og folk
kjem til å finne på nye ting, stadig vekk, der har du folk, og de kjem ikkje til å like
ein einaste av dei tinga folk finn på. De veit det sjølv. Så bli med no. Det er ikkje
meir å hente her. Det er nok no. Kom. Kom no.”
Paradis
Eit drøymande kåseri om langsam død.
EKSEMPEL
Og så skal dei krype om bord, i svarte kjolar og i lilla kjolar, og skjegg, og så skal dei legge
frå kai, og så skal vi aldri sjå dei igjen, dei reiser til øya si. Og der skal dei leve. Uforstyrra av
verda. Og verda skal leve uforstyrra av dei.
Dei kjem til å få det fint der. Der kan dei leve saman og vere lykkelige. Dei kan sitte i
strandkanten og snakke om familieverdiar og respekt for dei eldre og kvinnens plass og
unaturlig sex og alltid vere einige, samla på tvers av religionane, samla i felles motstand
mot alt som ikkje er på denne øya. På denne øya vil dei berre vere omgitt av folk som
oppfører seg. Mullaene slepp å vere med i TV-program for å snakke stygt om land som tillet
folk å snakke stygt om dei i TV-program. Biskopar slepp å få ikkje kjeft om dei seier kva dei
meiner om homofili. For på denne øya finst ikkje homofili. Akkurat som imamane alltid har
sagt. Det finst ikkje, seier dei. Her får dei rett. Og vi skal unne dei det. Det er heilt greitt. På
denne øya får dei rett i alt. Dette er ei øy utan umoral, utan verdslige verdiar, utan unaturlig
sex. Utan sex i det heile tatt, faktisk. For det er jo berre menn der, det er jo menn som er
religiøse leiarar, og homofili finst jo ikkje, og der sit dei og ikkje har sex med kvarandre og
er enige om alt og blir færre og færre og kåtare og kåtare.
Paradis
Eit drøymande kåseri om langsam død.
EKSEMPEL
Til slutt så er det berre ein igjen, ein gammal skral mann som sit og ser på
solnedgangen heilt åleine langt frå den verkelige verda, og han tenker: Eg
hadde rett. Utan ekteskapet mellom kvinne og mann, utan sunne
familieverdiar og kvinner som prioriterer heimen, så dør menneskeslekta ut.
Eg hadde rett, tenker han, mens sola går ned.
Og den sigeren skal han få. Det er heilt greitt.
Are Kalvø - 05.04.2006»
http://www.arekalvo.no/ymse-tekstar/533/paradis
Paradis
Eit drøymande kåseri om langsam død.
KOMMENTAR/OPPSUMERING
• Overskrifta paradis – vi drøymer om paradis, men med motsetning langsam død? Skapar
nyskjerrigheit
• Verkelig verden/ kvardagslig eller dagsaktuelt? Vart skriven i 2006 og det er fortsatt store
hendingar både i Norge med homofilidebatt og ikkje minst terroren mot Jesue Charlie
• Leikande og utforkande språk? Bruker mange språklege verkemiddel. Munnleg, korte setningar,
allegori, ironi, motsetningar, kontrastar og sarkasme med fleire
• Lett og humoristisk – eit alvorleg emne, men skrive humoristisk og lett
• Ironi, generaliseringer, overdrivelser, underdrivelser – det er veldig mykje sarkasme i teksten
• Lett og muntleg språktone, enkel setnings oppbygning, kvardagslege ord og uttrykk, slang og fine
pauser
• Personleg tone i teksten, synleg forfattar, «eg» form
• Formål: underhalde, men like mykje ein tekst til ettertanke
• Strek gjerne under i sjølve teksten og henvis til dei ulike språklege verkemidlane
KJELDEHENVISNING
• Kåseriet: http//ndla.no/nb/node/13413?fag=116784
• Språklege verkemiddel: http//ndla.no/nb/node/2845?fag=116784
• Skrivetips til kåseriet: http//ndla.no/nb/node/58327?fag=116784
• http://www.arekalvo.no/ymse-tekstar/533/paradis

More Related Content

Featured

How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental HealthHow Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
ThinkNow
 
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Kurio // The Social Media Age(ncy)
 

Featured (20)

Product Design Trends in 2024 | Teenage Engineerings
Product Design Trends in 2024 | Teenage EngineeringsProduct Design Trends in 2024 | Teenage Engineerings
Product Design Trends in 2024 | Teenage Engineerings
 
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental HealthHow Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
 
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdfAI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
 
Skeleton Culture Code
Skeleton Culture CodeSkeleton Culture Code
Skeleton Culture Code
 
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
 
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
 
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
 
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
 
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
 
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
 
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
 
Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next
 
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentGoogle's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
 
How to have difficult conversations
How to have difficult conversations How to have difficult conversations
How to have difficult conversations
 
Introduction to Data Science
Introduction to Data ScienceIntroduction to Data Science
Introduction to Data Science
 
Time Management & Productivity - Best Practices
Time Management & Productivity -  Best PracticesTime Management & Productivity -  Best Practices
Time Management & Productivity - Best Practices
 
The six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementThe six step guide to practical project management
The six step guide to practical project management
 
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
 
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
 
12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work
 

Kåseri

  • 2. INNHALD • Kva er eit kåseri • Språklege verkemiddel • Skrivetips • Eksempel • Oppsummering/kommentar
  • 3. KVA ER EIT KÅSERI • Med samtalen som forbilde • Muntleg og samtalande preg på teksta • Kåseri og petit • I skulesamanheng bruker vi kåseri, men petit er ein kort skriftlig tekst • Saklig innhald- leikande språk • Kvardagsleg og dagsaktuelt tema • Humor og ironi • Eit av dei viktigaste verkemiddel i eit kåseri • Munleg tone • Ikkje formelt, men som ein vanleg samtale. Gjerne korte setningar og bevisste pauser ved bruk av avsnitt. • Personleg og subjektivt • Forfattaren skal gi sine meiningar om dei ulike emna i teksten • Litt meir enn underhaldning • Teksten skal gi ettertanke og ikkje bere underhaldning Kåseriet: http//ndla.no/nb/node/13413?fag=116784
  • 4. SPRÅKLEGE VERKEMIDDEL -Dette er verkemiddel ein kan bruke i ulike sjangarar som eksempelvis kåseri • Allegori (bruk av symbol) • Allusjon (lån av tekst fra en kjent tekst) • Besjeling (døde ting blir levande) • Eufemisme og dysfemisme (pakker inn sanninga og nedsetjande ord) • Gjentaking • Ironi og sarkasme • Kontrast (motsetningar) • Metonymi (ny, men beslekta betydning) • Personifikatsjon( når abstrakte begrep blir tillagt menneskelige egenskaper) • Rim og rytme • Samanlikning, metafor og klisje • Symbol Språklege verkemiddel: http//ndla.no/nb/node/2845?fag=116784
  • 5. SKRIVETIPS• Forstå målgruppa • Ha ei god innleiing, ein hoveddel og ei avslutning som gir ettertanke • Vinklinga er overraskande (måten du skriver på er overraskande) • Språket er kreativt og friskt (slanguttryk for eksempel) • Små kvardagshendingar i eit større perspektiv • Allmengyldig og tidlaus (dei fleste kan setje seg godt inn i og forstå emna) • Gåtefyll tittel skaper nysjerrigheit • Detaljert skildring • Gjer lesaren nyskjerrig • Morosamt og underhaldande • Overdriv, bruk ironi/sarkasme og korte setningar • Bruk avsnitt som pause • Du kan fremvise gode setninger og poeng • Sirkelkomposisjon (Gjentakelse, eksempelvis i start og slutt) • Underhalde, ikkje belærande • Ein raud tråd, men kan ha fleire ulike historier innanfor same emne, både personleg opplevde og nasjonale/globale historier som alle kjenner seg igjen i • Ettertanke (gi lesaren noko å tenkje på) Skrivetips til kåseriet: http//ndla.no/nb/node/58327?fag=116784
  • 6. EKSEMPEL «Eg har ein draum. Ein draum om ei øy langt vekk. Det må gjerne vere varmt der. Frodig og vakkert. Kvite strender og blått vatn. Palmar. Paradis. Det kan godt vere paradis. Det er greitt det. Dei skal få såpass. Det kunne sjølvsagt vore fristande å tenke seg at det var ei kald og ugjestmild øy full av bresprekker og isbjørnar. Men eg skal vere litt raus, denne eine gongen. Fordi det er den siste. På denne øya skal dei bu, alle dei religiøse leiarane. Det er berre dei som skal bu der. Ingen andre. Det er umulig å komme seg til øya og det er umulig å reise frå øya. Paradis Eit drøymande kåseri om langsam død.
  • 7. EKSEMPEL Når eg seier alle dei religiøse leiarane, så meiner er naturligvis ikkje det. Ikkje alle. Ikkje dei hyggelige og greie. Berre alle desse ikkje heilt unge mennene som synest at den vestlige verda har gått av hengslane, at umoralen og verdiløysa rår og at vi lever i ei verd der familiar går i oppløysing og folk horar og drikk og menn ligg med menn og ingen har respekt for religion og alt handlar om pengar og sex og suksess. Det er alle dei som meiner alt dette eg snakkar om. Uansett kva religion dei tilhøyrer. Imamar og mullaer og biskopar. Dei må få sleppe no. Dei liker seg ikkje her i denne verda likevel. Derfor synest eg dei skal få sleppe. At vi skal vere litt barmhjertige. Og leige ein kjempediger båt og gi dei ein sjanse: ”Bli med no. Berre bli med til ei vakker øy. Eg kan love dykk at den vestlige verda kjem ikkje til å bli betre. Folk kjem ikkje til å slutte å drikke og hore og menn kjem kjem til å halde fram med å ligge med menn og folk kjem til å le av profetar og halde på, og folk kjem til å finne på nye ting, stadig vekk, der har du folk, og de kjem ikkje til å like ein einaste av dei tinga folk finn på. De veit det sjølv. Så bli med no. Det er ikkje meir å hente her. Det er nok no. Kom. Kom no.” Paradis Eit drøymande kåseri om langsam død.
  • 8. EKSEMPEL Og så skal dei krype om bord, i svarte kjolar og i lilla kjolar, og skjegg, og så skal dei legge frå kai, og så skal vi aldri sjå dei igjen, dei reiser til øya si. Og der skal dei leve. Uforstyrra av verda. Og verda skal leve uforstyrra av dei. Dei kjem til å få det fint der. Der kan dei leve saman og vere lykkelige. Dei kan sitte i strandkanten og snakke om familieverdiar og respekt for dei eldre og kvinnens plass og unaturlig sex og alltid vere einige, samla på tvers av religionane, samla i felles motstand mot alt som ikkje er på denne øya. På denne øya vil dei berre vere omgitt av folk som oppfører seg. Mullaene slepp å vere med i TV-program for å snakke stygt om land som tillet folk å snakke stygt om dei i TV-program. Biskopar slepp å få ikkje kjeft om dei seier kva dei meiner om homofili. For på denne øya finst ikkje homofili. Akkurat som imamane alltid har sagt. Det finst ikkje, seier dei. Her får dei rett. Og vi skal unne dei det. Det er heilt greitt. På denne øya får dei rett i alt. Dette er ei øy utan umoral, utan verdslige verdiar, utan unaturlig sex. Utan sex i det heile tatt, faktisk. For det er jo berre menn der, det er jo menn som er religiøse leiarar, og homofili finst jo ikkje, og der sit dei og ikkje har sex med kvarandre og er enige om alt og blir færre og færre og kåtare og kåtare. Paradis Eit drøymande kåseri om langsam død.
  • 9. EKSEMPEL Til slutt så er det berre ein igjen, ein gammal skral mann som sit og ser på solnedgangen heilt åleine langt frå den verkelige verda, og han tenker: Eg hadde rett. Utan ekteskapet mellom kvinne og mann, utan sunne familieverdiar og kvinner som prioriterer heimen, så dør menneskeslekta ut. Eg hadde rett, tenker han, mens sola går ned. Og den sigeren skal han få. Det er heilt greitt. Are Kalvø - 05.04.2006» http://www.arekalvo.no/ymse-tekstar/533/paradis Paradis Eit drøymande kåseri om langsam død.
  • 10. KOMMENTAR/OPPSUMERING • Overskrifta paradis – vi drøymer om paradis, men med motsetning langsam død? Skapar nyskjerrigheit • Verkelig verden/ kvardagslig eller dagsaktuelt? Vart skriven i 2006 og det er fortsatt store hendingar både i Norge med homofilidebatt og ikkje minst terroren mot Jesue Charlie • Leikande og utforkande språk? Bruker mange språklege verkemiddel. Munnleg, korte setningar, allegori, ironi, motsetningar, kontrastar og sarkasme med fleire • Lett og humoristisk – eit alvorleg emne, men skrive humoristisk og lett • Ironi, generaliseringer, overdrivelser, underdrivelser – det er veldig mykje sarkasme i teksten • Lett og muntleg språktone, enkel setnings oppbygning, kvardagslege ord og uttrykk, slang og fine pauser • Personleg tone i teksten, synleg forfattar, «eg» form • Formål: underhalde, men like mykje ein tekst til ettertanke • Strek gjerne under i sjølve teksten og henvis til dei ulike språklege verkemidlane
  • 11. KJELDEHENVISNING • Kåseriet: http//ndla.no/nb/node/13413?fag=116784 • Språklege verkemiddel: http//ndla.no/nb/node/2845?fag=116784 • Skrivetips til kåseriet: http//ndla.no/nb/node/58327?fag=116784 • http://www.arekalvo.no/ymse-tekstar/533/paradis