SlideShare a Scribd company logo
1 of 1
>vekevridd
                                                      SURNE OVER SPILT MJØLK
                                                        NO HAR DEl FORBANNA idiotane bestemt at det ikkje lenger skal stå
                                                        Tine Mjølk på mjølkekartongane. Det skal stå Tine Melk på alle saman.
                                                              Denne absurde avgjersla kunne lett fått meg til å bli ufin, men eg
                                                        skal halde meg sakleg i resten av teksten også.

                                                        NOKON I TINE MÅ KLAKKAST på pottekanten. Her har eg gått og håpa
                                                        på at vi snart skulle få Den Nynorske Primen, gjerne med bilete av ein
                                                        smørblid lvar Aasen på loket. Eg har vore naiv og trudd at gulosten
                                                        skulle bli kvit. Eg har både håpa og trudd at Tine snart skulle lansere
                                                        Nynorsk Brie, Smyrjeost og Kvitlauksmør. At mjølka nokon gong skulle
                                                        forsvinne, har eg ikkje ofra ein tanke, sjølv ikkje i dei dystraste stunder
                                                        har eg tenkt på at dette kunne skje. Men no skjer det. Aldri meir
                                                        lettmjølk. Aldri meir heilmjølk. No skal alt bli melk.

                                                        EIN AV kommunikasjonssjefane i Tine, Olav Håland (truleg overbetalt),
                                                        hevdar at endringane vil gi meir nynorsk, fordi ein større del av
                                                        kartongane skal få nynorsk informasjonstekst. Informasjonstekst? Kva
                                                        skal vi med informasjonstekst? Det er mjølk vi snakkar om her, ikkje ei
                                                        flatpakke frå lkea. Kva skal det stå i den informasjonsteksten? ”Mjølk
                                                        (norr mjolk): gulkvit næringsrik væske frå mjølkekjertlane hjå
                                                        hopattedyr. Ha i degl”
                                                              Kommunikasjonssjef Olav Håland (han var truleg svak i skolen
                                                        også) trøystar oss med at 15 millionar kartongar med kulturmjølk og
                                                        skumma kulturmjølk skal få Tine Mjølk-logoen. Men vi kan då ikkje
                                                        overleve på surmjølk åleine.

                                                        DU LURAR KANSKJE NO. Er dette noko å hisse seg opp over? Er dette
                                                        viktig?
                                                              Nei, eigentleg ikkje. Men om det ikkje er viktig, kvifor er det då så
                                                        om å gjere å endre på det? Kunne ikkje mjølka fått vore som ho er?
                                                              Og om ikkje vi, Dei Nynorske Mjølkedrikkarane, skal få lov å ergre
                                                        oss over dette, kva skal vi då engasjere oss i? Problema i Nav? Boka til
                                                        Ingunn Yssen? Finanskrisa? Oljefondet? Den sympatiske Petter
                                                        Northug?

                                                        SKJERP DEG, Olav Hålland! (Legg merke til at eg skriv namnet hans feil,
                                                        for på den måten å vere endå meir hånande.)
                                                              Eg har ete ein banan no og fått opp blodsukkeret. Eg har lese
                                                        gjennom teksten min, og innser at eg kanskje går litt høgt ut mot Tine.
                                                        Det er mellom anna ikkje sikkert at kommunikasjonssjefen i Tine var
                                                        svak i skulen og at han er overbetalt. Og skal eg vere heilt ærleg, har eg
                                                        vel eigentleg ikkje tenkt så mykje på denne saka etter at eg fikk høyre
                                                        om ho. Men no må du ikkje dermed tru at eg skreiv dette for å
                                                        latterleggjere dei som kjempar for å behalde Mjølk på
                                                        mjølkekartongen. Det latterlege er ikkje at nokon ynskjer det. Det
                                                        latterlege er at dei faktisk må kjempe for dette. Det latterlege er at vi i
                                                        framtida må heilt til Sverige for å få tak i mjölk.


BTMagasinet (helgebilag til Bergens Tidende) 21. mars 2009
Vekevridd: ei fast kåserispalte i BTMagasinet, oftast med eit “skrått blikk” på ulike tema

More Related Content

Viewers also liked

Assessing Human Resource Issues - A Microsoft Account
Assessing Human Resource Issues - A Microsoft AccountAssessing Human Resource Issues - A Microsoft Account
Assessing Human Resource Issues - A Microsoft AccountHolley Jacobs
 
New Cuffe Parade by Lodha Group in Wadala, Mumbai
New Cuffe Parade by Lodha Group in Wadala, MumbaiNew Cuffe Parade by Lodha Group in Wadala, Mumbai
New Cuffe Parade by Lodha Group in Wadala, MumbaiBig Move
 
Online business course program.2017.upper intermediate
Online business course program.2017.upper intermediateOnline business course program.2017.upper intermediate
Online business course program.2017.upper intermediateFlávia Uhlmann
 
Tbc blanca roque sosa
Tbc  blanca roque sosaTbc  blanca roque sosa
Tbc blanca roque sosaBlayurosa
 
Publication Dr. C.C. Tan, School of Management, Mae Fah Luang University, May...
Publication Dr. C.C. Tan, School of Management, Mae Fah Luang University, May...Publication Dr. C.C. Tan, School of Management, Mae Fah Luang University, May...
Publication Dr. C.C. Tan, School of Management, Mae Fah Luang University, May...C.C. Dr. Tan
 
тиждень МІФ
тиждень МІФтиждень МІФ
тиждень МІФprofessor140
 
Денис Береговий “Як юристи ламають ваші плани заробити мільйон?”
Денис Береговий “Як юристи ламають ваші плани заробити мільйон?”Денис Береговий “Як юристи ламають ваші плани заробити мільйон?”
Денис Береговий “Як юристи ламають ваші плани заробити мільйон?”Lviv Startup Club
 
Supply Chain Management and OM in business model cc tan (2015)
Supply Chain Management and OM in business model cc tan (2015)Supply Chain Management and OM in business model cc tan (2015)
Supply Chain Management and OM in business model cc tan (2015)C.C. Dr. Tan
 
1SS397 Standard Model PSpice Model (Free SPICE Model)
1SS397 Standard Model PSpice Model (Free SPICE Model)1SS397 Standard Model PSpice Model (Free SPICE Model)
1SS397 Standard Model PSpice Model (Free SPICE Model)Tsuyoshi Horigome
 

Viewers also liked (9)

Assessing Human Resource Issues - A Microsoft Account
Assessing Human Resource Issues - A Microsoft AccountAssessing Human Resource Issues - A Microsoft Account
Assessing Human Resource Issues - A Microsoft Account
 
New Cuffe Parade by Lodha Group in Wadala, Mumbai
New Cuffe Parade by Lodha Group in Wadala, MumbaiNew Cuffe Parade by Lodha Group in Wadala, Mumbai
New Cuffe Parade by Lodha Group in Wadala, Mumbai
 
Online business course program.2017.upper intermediate
Online business course program.2017.upper intermediateOnline business course program.2017.upper intermediate
Online business course program.2017.upper intermediate
 
Tbc blanca roque sosa
Tbc  blanca roque sosaTbc  blanca roque sosa
Tbc blanca roque sosa
 
Publication Dr. C.C. Tan, School of Management, Mae Fah Luang University, May...
Publication Dr. C.C. Tan, School of Management, Mae Fah Luang University, May...Publication Dr. C.C. Tan, School of Management, Mae Fah Luang University, May...
Publication Dr. C.C. Tan, School of Management, Mae Fah Luang University, May...
 
тиждень МІФ
тиждень МІФтиждень МІФ
тиждень МІФ
 
Денис Береговий “Як юристи ламають ваші плани заробити мільйон?”
Денис Береговий “Як юристи ламають ваші плани заробити мільйон?”Денис Береговий “Як юристи ламають ваші плани заробити мільйон?”
Денис Береговий “Як юристи ламають ваші плани заробити мільйон?”
 
Supply Chain Management and OM in business model cc tan (2015)
Supply Chain Management and OM in business model cc tan (2015)Supply Chain Management and OM in business model cc tan (2015)
Supply Chain Management and OM in business model cc tan (2015)
 
1SS397 Standard Model PSpice Model (Free SPICE Model)
1SS397 Standard Model PSpice Model (Free SPICE Model)1SS397 Standard Model PSpice Model (Free SPICE Model)
1SS397 Standard Model PSpice Model (Free SPICE Model)
 

More from Vågsbygd videregående skole (15)

Bildekunnskap (aj)
Bildekunnskap (aj)Bildekunnskap (aj)
Bildekunnskap (aj)
 
Märtha louise
Märtha louiseMärtha louise
Märtha louise
 
Mona høiness
Mona høinessMona høiness
Mona høiness
 
Miljøfartsgrense
MiljøfartsgrenseMiljøfartsgrense
Miljøfartsgrense
 
Innsats eller flaks
Innsats eller flaksInnsats eller flaks
Innsats eller flaks
 
Hoffnytt
HoffnyttHoffnytt
Hoffnytt
 
Gi meg litt substans, for pokker
Gi meg litt substans, for pokkerGi meg litt substans, for pokker
Gi meg litt substans, for pokker
 
Final fantasy av vetle lid larssen
Final fantasy av vetle lid larssenFinal fantasy av vetle lid larssen
Final fantasy av vetle lid larssen
 
En våt drøm
En våt drømEn våt drøm
En våt drøm
 
De unges pengebruk
De unges pengebrukDe unges pengebruk
De unges pengebruk
 
De rike
De rikeDe rike
De rike
 
Årets mann
Årets mannÅrets mann
Årets mann
 
Var valget deilig for deg også
Var valget deilig for deg ogsåVar valget deilig for deg også
Var valget deilig for deg også
 
Samfunnets støtter av shabana rehman
Samfunnets støtter av shabana rehmanSamfunnets støtter av shabana rehman
Samfunnets støtter av shabana rehman
 
Argumentasjonsanalyse
ArgumentasjonsanalyseArgumentasjonsanalyse
Argumentasjonsanalyse
 

Vekevridd

  • 1. >vekevridd SURNE OVER SPILT MJØLK NO HAR DEl FORBANNA idiotane bestemt at det ikkje lenger skal stå Tine Mjølk på mjølkekartongane. Det skal stå Tine Melk på alle saman. Denne absurde avgjersla kunne lett fått meg til å bli ufin, men eg skal halde meg sakleg i resten av teksten også. NOKON I TINE MÅ KLAKKAST på pottekanten. Her har eg gått og håpa på at vi snart skulle få Den Nynorske Primen, gjerne med bilete av ein smørblid lvar Aasen på loket. Eg har vore naiv og trudd at gulosten skulle bli kvit. Eg har både håpa og trudd at Tine snart skulle lansere Nynorsk Brie, Smyrjeost og Kvitlauksmør. At mjølka nokon gong skulle forsvinne, har eg ikkje ofra ein tanke, sjølv ikkje i dei dystraste stunder har eg tenkt på at dette kunne skje. Men no skjer det. Aldri meir lettmjølk. Aldri meir heilmjølk. No skal alt bli melk. EIN AV kommunikasjonssjefane i Tine, Olav Håland (truleg overbetalt), hevdar at endringane vil gi meir nynorsk, fordi ein større del av kartongane skal få nynorsk informasjonstekst. Informasjonstekst? Kva skal vi med informasjonstekst? Det er mjølk vi snakkar om her, ikkje ei flatpakke frå lkea. Kva skal det stå i den informasjonsteksten? ”Mjølk (norr mjolk): gulkvit næringsrik væske frå mjølkekjertlane hjå hopattedyr. Ha i degl” Kommunikasjonssjef Olav Håland (han var truleg svak i skolen også) trøystar oss med at 15 millionar kartongar med kulturmjølk og skumma kulturmjølk skal få Tine Mjølk-logoen. Men vi kan då ikkje overleve på surmjølk åleine. DU LURAR KANSKJE NO. Er dette noko å hisse seg opp over? Er dette viktig? Nei, eigentleg ikkje. Men om det ikkje er viktig, kvifor er det då så om å gjere å endre på det? Kunne ikkje mjølka fått vore som ho er? Og om ikkje vi, Dei Nynorske Mjølkedrikkarane, skal få lov å ergre oss over dette, kva skal vi då engasjere oss i? Problema i Nav? Boka til Ingunn Yssen? Finanskrisa? Oljefondet? Den sympatiske Petter Northug? SKJERP DEG, Olav Hålland! (Legg merke til at eg skriv namnet hans feil, for på den måten å vere endå meir hånande.) Eg har ete ein banan no og fått opp blodsukkeret. Eg har lese gjennom teksten min, og innser at eg kanskje går litt høgt ut mot Tine. Det er mellom anna ikkje sikkert at kommunikasjonssjefen i Tine var svak i skulen og at han er overbetalt. Og skal eg vere heilt ærleg, har eg vel eigentleg ikkje tenkt så mykje på denne saka etter at eg fikk høyre om ho. Men no må du ikkje dermed tru at eg skreiv dette for å latterleggjere dei som kjempar for å behalde Mjølk på mjølkekartongen. Det latterlege er ikkje at nokon ynskjer det. Det latterlege er at dei faktisk må kjempe for dette. Det latterlege er at vi i framtida må heilt til Sverige for å få tak i mjölk. BTMagasinet (helgebilag til Bergens Tidende) 21. mars 2009 Vekevridd: ei fast kåserispalte i BTMagasinet, oftast med eit “skrått blikk” på ulike tema