SlideShare a Scribd company logo
1 of 148
Download to read offline
1
������������
���������
�������������������������������������������
���������������
Fylkesarkivet
2
Den digitale teknologien gir store muligheiter når det gjeld nettbasert tilgjengeleggjering
og formidling av kulturhistorisk fotografi. Fylkesarkivet var tidleg ute med å utnytte desse
muligheitene, men også vi har store utfordringar i fotobevaringsarbeidet. Utfordringane er både
knytt til: (1) Fotovern (her i tydinga innsamling, ordning, konservering) av dei store mengdene
potensielt bevaringsverdige fotografi frå og i fylket; (2) Nettbasert tilgjengleggjering og
formidling av fotosamlingane vi forvaltar på vegne av fellesskapet og komande generasjonar.
• 89 % av det originale fotomaterialet deponert på magasin er udigitalisert og uregistrert.
Dermed er det også utilgjengeleg for ålmenta.
• Kring 32 % av fotografia lasta opp i fotobasen er uregistrert og dermed lite tilgjengleg
for publikum.
• I tillegg kjem ukjente, men truleg store, mengder potensielt bevaringsverdige fotografi
hos ulike private og offentlege eigarar som bør kartleggjast og bevarast for ettertida.
Utfordringa knytt til mengde er formidabel.
Eit viktig aspekt ved fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane har vore og er
utviklingsoppgåver: Fylkesarkivet nyttar ein eigenutvikla fotobase til registrering og nettbasert
tilgjengeleggjering av samlingane vi forvaltar. I denne rapporten vert det peikt på behov for
vidareutvikling av dagens database både når det gjeld registreringsløysingar og betre søke- og
brukartenester.
Formidling er meir enn tilgjengeleggjering og heng nøye saman med kunnskapsutvikling og
forsking. Kunnskapsutvikling om og formidling av kulturhistorisk fotografi i Sogn og Fjordane
har lenge vore eit neglisjert område. Systematisk og forskingsbasert kunnskap om den regionale
fotohistoria manglar, og kunnskap om historiske fotografar frå og i Sogn og Fjordane har i liten
grad blitt formidla til publikum. Rapporten peikar på at systematisk kunnskap om den regionale
fotohistoria er ein føresetnad for å kunne prioritere arbeidsinnsatsen innafor eit fagfelt der
mengde er den største utfordringa. Det vert også peika på behovet for nettbasert formidling av
den regionale fotohistoria.
For å møte både utfordringane og muligheitene fotobevaringsarbeidet står ovanfor, vil det
viktigaste enkelttiltaket vere ein auka ressurstilførsel til fagfeltet foto ved Fylkesarkivet. Den
auka ressurstilførselen må sjåast i samanheng med både mengdeproblematikken og behovet for
utviklingsarbeid, men er også sentralt knytt til behovet for ei profesjonalisering av fagfeltet.
Fotobevaringsarbeidet fordrar fagkunnskap på eit høgare nivå innafor to vidt forskjellige fagfelt
– fototeknikk og kulturhistorie. Kompetanse på fototeknikk finst allereie i dagens organisasjon.
Kulturhistorisk kompetanse på eit høgare nivå bør tilførast.
Samandrag
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Askedalen 2
6863 Leikanger
Telefon: 57 65 61 00
Faks: 57 65 61 01
Epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no
Framside: Utsnitt av negativsamlinga etter fotograf Hamre frå Vågsøy.
Fotograf: Arild Reppen.
ISBN 978-82-92211-09-0
© Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 2008.
3
Innhald
Føreord 4
1. Innleiing 5
2. Datagrunnlag og metodiske vurderingar 7
3. Fototenester på Internett 10
Kort om registrering 10
Søketenester 10
Brukarkommentarar 19
Handlekorga 21
Andre nettstader 22
4. Fotosamlingane: Status og prioriteringar
i eit kommuneperspektiv 24
1400 Sogn og Fjordane 24
1401 Flora 27
1411 Gulen 30
1412 Solund 32
1413 Hyllestad 34
1416 Høyanger 36
1417 Vik 38
1418 Balestrand 40
1419 Leikanger 42
1420 Sogndal 44
1421 Aurland 46
1422 Lærdal 48
1424 Årdal 50
1426 Luster 52
1428 Askvoll 54
1429 Fjaler 56
1430 Gaular 58
1431 Jølster 60
1432 Førde 62
1433 Naustdal 64
1438 Bremanger 66
1439 Vågsøy 68
1441 Selje 70
1443 Eid 72
1444 Hornindal 76
1445 Gloppen 78
1449 Stryn 80
5. Oppsummering: Status og utfordringar
i fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane 84
Status – sentrale nøkkeltal 84
Planstyrt arbeid 84
Kvar skal vi starte? – konkrete bevaringsmessige prioriteringar 88
Registrering – ein føresetnad for tilgang 90
Formidling – meir enn tilgjengeleggjering 94
Profesjonalisering og regionale fellestenester 99
Litteraturliste 102
Vedlegg 103
4
Denne rapporten er ein gjennomgang av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sine
fotosamlingar og fototenester. Vi har lenge hatt ønskje om å ha ein slik grundig
gjennomgang av fotodatabasen og samlingane våre. Vi meiner det er viktig å ha
eit kritisk blikk på eiga verksemd, og prøve å sjå framover for å gjere innsatsen
enda meir målretta, og forbetre alle sider ved arbeidet. Det er hovudtanken bak
denne rapporten.
Elin Østevik, som har vore tilsett som fotoarkivar på Fylkesarkivet, har
analysert talmaterialet og skrive rapporten. Elin har utført eit viktig arbeid, med
analytisk tilnærming, stor entusiasme og fagleg grundigheit.
No er altså tida mogen for å gjere opp status og sjå framover: Kva er samla
inn? Korleis er samlingane fordelt geografisk, tematisk og kronologisk? Og
ikkje minst: Kva er det som manglar, og kor skal vi setje inn innsatsen i åra
framover?
Fotoarbeid er ei krevjande oppgåve. Det krevst målretta og metodisk innsats
over mange år. Og ikkje minst er det ressurskrevjande. Denne rapporten syner
kva som er gjort, og peikar på naudsynte prioriteringar for åra som kjem.
Det er viktig at vi framleis har ambisjonar innan fotovernet i fylket. Historiske
foto skaper unike band til fortida. Bileta talar til oss, unge og gamle. Som
formidlingsverktøy innan kulturfeltet er foto uvurderleg.
Nettbasert tilgjengeleggjering av fotosamlingane er eitt av kjennemerka
ved fotoarbeidet i Sogn og Fjordane. Det inneber særlege utfordringar knytt
til digitalisering, tenesteutvikling og formidling. Dei siste års fokus på
digitalisering og brukartenester, og ikkje minst publikums forventningar, gjer
arbeidet med fotovern mykje meir ressurskrevjande enn det har vore tidlegare.
Skal vi kunne vi forbetre innsatsen på fagfeltet og utvikle gode fototenester i
åra som kjem, er det heilt naudsynt med større ressursar.
Snorre D. Øverbø
Fylkesarkivar
Eit arbeid som dette er aldri berre innsatsen til ein person: Eg vil takke Snorre
Øverbø og Arild Reppen for gode innspel og diskusjonar undervegs i arbeidet.
Arild skal dessutan ha ei stor takk for å ha skrive avsnittet ”Levetid og
prioriteringar” i kapittel 5.
Elin Østevik
Fotoarkivar
Leikanger, 08.09.2008
Føreord
5
Fylkesarkivet si fotovernteneste har som
føremål å bevare og tilgjengeleggjere
kulturhistoriske fotografi frå Sogn og
Fjordane. Etter 22 år med aktivitet er tida
moden for ein systematisk gjennomgang
av samlingane våre – digitale som analoge.
Rapporten søkjer å finne status for det som
er gjort og å avdekke utfordringar for det
vidare arbeidet.
Arbeidsmetodar og teknologi har endra
seg mykje sidan starten i 1986. Biletopplysningar
har vorte registrert i ulike databasesystem,
og seinare importert inn i det per tida nyaste
systemet. Likeeins vart fotografia tidlegare
reprodusert på film, medan ein i dag nyttar
digital reproteknologi. Samstundes har også
stillingsressursane tilknytt fotobevaringsarbeidet
variert i denne perioden. I periodar med
ekstra løyvingar til kortare engasjement eller
prosjektstillingar har ein kunna jobbe intensivt med
innsamlings- og registreringsarbeid, og/eller gi
digitaliseringsarbeidet eit ekstra løft, i tillegg til å
handsame dei mange førespurnadane og tingingane
fotoavdelinga får frå publikum.
Etter 22 år med aktivitet er tida no altså
moden for ein systematisk gjennomgang av
samlingane våre: Kor mange bilete har vi, og
korleis fordeler dei seg på tema/motiv, datering
og geografiske lokalitetar? Kor mange av bileta
er digitaliserte og publiserte på Internett, og kva
er omfanget av udigitalisert materiale deponert på
fotomagasinet? Kan ein identifisere klare ”hol”
(tematiske, geografiske eller dateringsmessige) i
det bevarte materialet?
Hovudføremålet med denne rapporten er
nettopp å analysere kva vi har av fotohistorisk
materiale frå fylket vårt, og med utgangspunkt
i denne analysen gi peikarar fram mot kva
tema, kommunar, samlingar og materialtypar
som bør prioriterast i innsamlingsarbeidet og
samlingsforvaltninga. Først med ei detaljert
oversikt over kva vi har og ikkje har av bevart
fotomateriale er det mogleg å gjere velfunderte
prioriteringar innafor eit arbeidsfelt der dei enorme
mengdene potensielt bevaringsverdige fotografi er
den største utfordringa vi står ovanfor.
Samstundes har det vore eit ønske å
synleggjere også andre svært viktige utfordringar
i fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane; først
og fremst utfordringar knytt til kunnskap om
og formidling av fotosoga til Sogn og Fjordane
og utfordringar knytt til vidareutvikling av
databasetenestene våre – både når det gjeld
registrerings- og formidlingsløysingar.
Det er likevel fotosamlingane
Fylkesarkivet forvaltar som står i hovudfokus
i rapporten. Utfordringar knytt til fotohistorisk
kunnskap, formidling og databasetenester veks ut
frå det innhaldet vi forvaltar på vegne av ålmenta
og komande generasjonar. Rapporten er dermed
organisert som følgjer:
Kapittel 2 inneheld ein kort gjennomgang
av metodiske avvegingar som har vore styrande
for arbeidet, samt informasjon om datagrunnlaget
rapporten er basert på.
Kapittel 3 gir ein kort presentasjon av
dei nettbaserte fototenestene Fylkesarkivet tilbyr,
det vere seg både ulike søkefunksjonar og andre
brukartenester. Fototenestene som vert presentert
her er grunnlag for dei vidareutviklingane som vert
føreslått i kapittel 5.
Kapittel 4 inneheld ein systematisk
gjennomgang av fotosamlingane Fylkesarkivet
forvaltar. Kapittelet er organisert etter kommune,
ettersom geografisk representativitet har vore eit
viktig prinsipp i fotobevaringsarbeidet i Sogn og
Fjordane. For kvar kommune vert det presentert
sentrale data om fotografi registrert i fotobasen,
motiv og udigitalisert originalmateriale deponert
på magasin. Kvar kommunedel vert avslutta
med eit avsnitt om anbefalte prioriteringar for
fotobevaringsarbeidet i den gjeldande kommunen.
1. Innleiing
6
Kapittel 5 vert innleia med ei
oppsummering av hovudtrekka frå kapittel fire,
før dei overgripande utfordringane som kan
identifiserast i fotobevaringsarbeidet i Sogn og
Fjordane både når det gjeld utvalskriterium,
innsamling, konservering, digitalisering,
registrering, formidling, kunnskapsutvikling/
forsking og databaseutvikling vert presentert.
Det er eit misforhold mellom utfordringar og
ressursane som er avsett til fotobevaringsarbeidet i
Sogn og Fjordane.
7
Analysen i denne rapporten er i all
hovudsak basert på metadata eksportert
frå fotobasen 2. august 2007. Dataeksporten
vart handsama og analysert i Access
og Excel. I tillegg er opplysningar om
udigitalisert originalmateriale deponert på
magasin nytta i arbeidet. I det følgjande
vil eg gi ei kort orientering om metodiske
vurderingar og datagrunnlaget for
rapporten.
Metodiske vurderingar
I fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane har det
blitt lagt stor vekt på geografisk representativitet.
Det har vore, og er, ei sentral målsetjing å ta vare
på kulturhistorisk fotografi frå alle kommunar
i fylket. Bevaringsprosjekt vert ofte utført med
kommunane som sentrale partnarar, både når
det gjeld finansiering av arbeidet og praktisk
gjennomføring av dokumentasjonsarbeidet
(innsamling og registrering av biletopplysningar).
Eg har difor valt å analysere og organisere
informasjonen om fotosamlingane Fylkesarkivet
forvaltar ut frå eit kommuneperspektiv (kapittel 4).
For kvar kommune har eg sett på følgjande
nøkkeltal:
i) Det totale talet fotografi frå kommunen
i fotobasen, samt storleiken på og
arkivskaparane bak dei fem største
samlingane med materiale frå
kommunen.
ii) Udigitalisert deponert
originalmateriale frå kommunen.
iii) Dei fem mest nytta stikkorda nytta for
å skildre motivinnhald1
i fotografia
frå kommunen.
Sett i samanheng vil desse tre faktorane
kunne seie noko om samlingsstrukturen
i kvar enkelt kommune og synleggjere
potensielle innsatsområde i det framtidige
fotobevaringsarbeidet – både på kommune- og
fylkesnivå.
I tillegg er utfyllande motivstatistikkar
inkludert som vedlegg til rapporten (sjå vedlegg
1). Motivstatistikkane i vedlegget er laga med
utgangspunktet i utvalskriteria våre, (sjå vedlegg
2). Grunngjevinga for dette valet er at eit vesentleg
poeng med ein rapport som denne er å få fram
kva vi har og ikkje har av motivtypar vi ut frå
utvalskriteria har ei målsetjing om å bevare.
Utvalskriteria våre vart utarbeidde
på 1990-talet, og har sidan vore styrande for
innsamlingsarbeidet ved fotoavdelinga. Lista er
delt i to hovudkategoriar ”(A) Frå arbeidsliv og
samfunnsliv” og ”(B) Portrett, familiebilete, andre
gruppebilete”, som båe har fleire underkategoriar.
Med utgangspunkt i lista over utvalskriterium har
eg identifisert følgjande motiv som sentrale:
• landskap (A1)
• bygningar (A2)
• tettstad og busetnad (A2)
• fabrikk (A3)
• veg (A4, A5, A9)
• båt (A4, A6, A8)
• støl (A5, A7)
• naust (A2, A6)
• 17.mai (A7)
• julefeiring (A7)
• livssyklusritual (A8)
• skule (A13, A8)
• personbilete (B1, B3, B2, B5)
Statistikk over desse motivområda finn lesaren i
vedlegg 1.2
2. Datagrunnlag og metodiske vurderingar
1) Gjeld stikkord i posisjon 1 i motivfeltet. Posisjon 1 vil
seie stikkordet heilt til venstre i motivfeltet. Stikkorda
vert registrert i tråd med ein logikk der det viktigaste
stikkordet skal stå lengst til venstre, deretter det nest
viktigaste, osb.
2) Statistikkane i vedlegget er laga utan å ta omsyn til
kvar i motivfeltet stikkordet står.
8
Merk at det er ein etablert praksis å nytte
stikkorda ”portrett” (maks to avbilda personar)
og ”gruppe” (tre eller fleire avbilda personar)
om personbilete. I tillegg vert markøren ”U”
nytta for å signalisere at biletet er teke utandørs,
medan ein nyttar tal for å signalisere kor mange
avbilda personar som er på biletet. Til dømes er
då ”portrett2” eit portrett av to personar utandørs,
medan ”gruppe30” er eit gruppebilete av 30
personar innandørs.
Denne motivstatistikken har i mindre
grad blitt trekt inn i analysen i kapittel 4, på grunn
av vanskar med å trekke klare slutningar frå
dette grunnlagsmaterialet all den tid motivfeltet
i fotobasen er eit fritekstfelt. Dette poenget vert
utdjupa nærare i kapittel 5.
Om talmaterialet frå fotobasen
Fotografia i fotobasen kan vere meir eller mindre
utfyllande registrert. Talmaterialet som vert
presentert, gjeld såleis alltid berre dei fotografia
som det er registrert informasjon til i det aktuelle
feltet i fotobasen. Til dømes vil fotografi som enno
ikkje er daterte (registrert på til dømes år ”0” i
dateringsfelta), bli haldt utanfor all statistikk der
datering er eit av analysekriteria, medan fotografi
som enno ikkje er registrert på kommunenummer
(verdi ”0” i feltet for kommunenummer) vil bli
halde utanfor all statistikk der kommune er eit av
analysekriteria. Variasjonen i kva metadata som er
registrert til dei enkelte fotografia, er bakgrunnen
for dei i nokre tilfelle relativt store forskjellane
i tal fotografi frå einskilde kommunar i dei ulike
statistiske diagramma. Til dømes syner figur
10 i vedlegg 1 at det er over 8000 fotografi frå
Høyanger registrert i fotobasen, medan figur 11,
der også datering er ein faktor, berre gir kring
3500 fotografi frå Høyanger. Altså er vel 4500 av
fotografia frå Høyanger førebels udaterte.
Lesaren må også vere merksam på at ikkje
alle biletpostane i fotobasen har digital biletfil
tilknytt. For nokre kommunar er det slik at store
delar av fotomaterialet som er registrert i fotobasen
berre finst analogt/på reprofilm. Som oftast vil
biletpostar utan digital biletfil tilknytt, ikkje vere
publisert på Internett, slik at tal bilete brukarar kan
søke fram frå ein gitt kommune på Internett og tal
bilete som vert presentert i denne rapporten, vil
avvike frå kvarandre.
Udigitalisert originalmateriale
Hovudvekta av fotosamlingane Fylkesarkivet
forvaltar er ikkje digitalisert og registrert i
fotobasen. Tal fotografi i desse samlingane,
presentert i kapittel 4, vedlegg 1 og vedlegg
3, må oppfattast som overslag. Når det
gjeld udigitaliserte samlingar utan klar
kommunetilknyting, vert desse presentert under
kommunenummer 1400 Sogn og Fjordane.
9
Landskap frå Bygstad. Fotograf: Ukjend.
10
Eit viktig prinsipp i fotobevaringsarbeidet
i Sogn og Fjordane er å gi publikum
nettbasert tilgang til dei kulturhistoriske
fotografia vi forvaltar. I det følgjande vil
eg gi ein kort presentasjon av dei ulike
søkeinngangane og brukartenestene knytt
til fotobasen. Presentasjonen her vil peike
fram mot kapittel 5, der vidareutviklingar
av dagens databasetenester vert drøfta.
Kort om registrering
Digitalisering og elektronisk registrering av
biletopplysningar til fotografia er ein føresetnad for
å kunne gi nettbasert tilgang.
For kvart fotografi vert omfattande
opplysningar om mellom anna stad, datering,
motiv og fotograf registrert i tillegg til ein
utfyllande bilettekst (fig. 1). Namn på avbilda
personar vert i tillegg registrert i ein eigen tabell i
registreringsskjemaet for foto (fig. 2). Det er denne
tabellen som ligg til grunn for søketenesta ”søk i
avbilda personar” (sjå nedanfor).
Søketenester
Per 2. august 2007 var nær 79 000 fotografi
frå Fylkesarkivet og musea i Sogn og Fjordane
registrert i fotobasen – kring 59 000 av desse
fotografia var publisert på Internett (sjå vedlegg
1). Brukarane har tre hovudinngangar inn
i dei digitaliserte og publiserte delane av
fotosamlingane: 1) Søk i fotoarkiv; 2) Søk i
flyfoto; og 3) Søk i avbilda personar. I tillegg kjem
3. Fototenester på internett
Fig. 1. Registreringsskjema for foto.
11
Fig. 2. Tabell for
registrering av
avbilda personar.
Fig. 3. (Under).
Brukarar har tre
hovudinngangar
til dei digitaliserte
og publiserte
delane av
fotosamlingane:
1) Søk i fotoarkiv;
2) Søk i flyfoto;
og 3) Søk etter
avbilda personar.
12
ABM-samsøk, som er ei nyutvikla søketeneste, der
brukarane kan søke på tvers av ulike former for
kulturhistorisk kjeldemateriale (foto, kommunale
arkiv, stadnamn, musikk osb).
Søk i fotoarkiv
”Søk i fotoarkiv” kan seiast å vere den
viktigaste søkeinngangen til det kulturhistoriske
fotomaterialet på Internett. Brukarane kan ved å
velje dette alternativet gå vidare å velje mellom eit
enkelt eller eit avansert søk. Ved å velje enkelt søk
kan brukarane søke fram bileta etter kommune og/
eller gardsnummer, og dei kan skrive søkeomgrep i
eit fritekstfelt (fig. 4). Ved å velje avansert søk kan
brukarane søke fram fotografia dei er på jakt etter
ved å kombinere ei rekkje ulike kriterium, mellom
anna datering, stad, motiv, omtale og fotograf
(fig. 5).
For engelskspråkelege brukarar finst eit
søkeskjema på engelsk som er ein mellomting
mellom enkelt og avansert søk (fig. 6). Innhalds-
data finst framleis berre på norsk, men med eit
søkeskjema på engelsk vert det likevel lettare for
dei engelskspråklege brukarane å søke i materialet.
Anten brukarane vel enkelt søk, avansert
søk eller den engelskspråklege versjonen av
søkeskjemaet, kan ho/han velje å få presentert
søkeresultatet anten som liste (fig. 7), album (fig. 8)
eller fotoark (fig. 9).
Fig. 4. Søkebilete for enkelt søk.
13
Fig. 5. Søkebilete
for avansert søk.
Fig. 6. (Under).
Engelskspråkleg
søkeskjema.
14
Fig. 8. (Under).
Søkeresultat
presentert som
album.
Fig. 7. Søke-
resultat
presentert som
liste.
15
Fig. 9. Søke-
resultat
presentert som
fotoark.
Fig. 10. (Under).
Fotoarkvisning
av flyfoto
frå Gloppen
kommune.
16
Søk i flyfoto
Denne søkeinngangen gir tilgang til flyfoto som
er gjort tilgjengeleg for publikum i samarbeid
med Johan Ottesen. Johan Ottesen driv Historisk
fotoarkiv og forlag, og eig originalane og rettane til
bileta som er tilgjengeleg i denne søketenesta. Per
i dag er flyfoto teke av Telemark flyfoto på 1950-
talet frå kommunane Balestrand, Sogndal, Gloppen
og Flora gjort tilgjengeleg her (fig. 10)..
Søk i avbilda personar
Store delar av det bevarte fotomateriale frå
Sogn og Fjordane er personbilete. Gjennom
søkeinngangen ”søk i avbilda personar” får
brukaren ein enkel inngang til alle desse
personbileta (fig. 11). Per 2. august 2007 var det
registert nær 121 800 avbilda personar i fotobasen.
Fig. 11. Brukarar kan søke fram avbilda personar
ved søke på førenamn og/eller etternamn.
17
Fig. 13. (Under).
Namn på avbilda
personar står
i utheva skrift
nedst på visninga
av enkeltbilete:
Brukarane kan
ved å klikke på
eit gitt namn, få
fram ei treffliste
over alle bileta
akkurat denne
personen er
avbilda på.
Fig. 12. Treffliste
for søk på
avbilda personar,
frå venstre:
Fotonummer,
etternamn og
førenamn.
18
Fig. 14. Søkeskjema
ABM-samsøk.
Fig. 15. (Under).
Treffliste ABM-
samsøk.
19
ABM-samsøk
Søketenesta ABM-samsøk vart utvikla i
samband med prosjektet ”Nettbasert kultur- og
kunnskapsformidling i Sogn og Fjordane” (fig. 14).
Ved å søke i ABM-samsøk kan brukarane søke i
fleire databasar samstundes, og få treff på ei rekke
ulike typar kulturhistorisk kjeldemateriale (fig. 15).
Brukarkommentarar
Brukarane av fotobasen har ikkje berre høve
til å sjå på bileta og lese opplysningane som
er registrert til dei, dei kan også sjølv leggje
inn utfyllande opplysningar til bileta i eit eige
brukarkommentarfelt (fig. 16).
Brukarane kan gjennom å vere aktive
bidragsytarar slik sjølv vere med på å berike dei
bevarte samlingane av kulturhistoriske fotografi frå
fylket.
Desse brukarkommentarane er
ikkje berre ein ressurs for brukarane sjølve,
men også for fotoarkivarane og lokale
samarbeidspartnarar i dokumentasjonsprosjekt.
I samband med digitalisering av og eit planlagt
dokumentasjonsprosjekt for samlingane Døsen
og Brathole (sjå kapittel 4, avsnittet 1426 Luster),
vart båe samlingane publisert på Internett før
vi hadde fått samla inn og registrert utfyllande
opplysningar til bileta. Lokalt i Luster var det
stor interesse for desse to samlingane, og vi
fekk inn fleire brukarkommentarar til bileta.
Desse brukarkommentarane innehaldt mange
opplysningar som dei lokale samarbeidspartnarane
Fig. 16. For å leggje inn brukarkommentarar til
bileta i fotobasen må brukarane også opplyse om
namn, adresse og e-post.
20
fekk god nytte av i arbeidet med å samle inn og
registrere opplysningar til bileta. Faktisk vart også
Kari Johanna Yttri, som på frivillig basis tok seg av
den elektroniske registreringa av biletopplysningar
til desse to samlingane, rekruttert av fotoarkivarane
på grunnlag av at ho hadde lagt inn mange og gode
brukarkommentarar til dei gjeldande samlingane.
Brukarkommentartenesta er såleis eit viktig
kontaktpunkt mellom fotoarkivarane og brukarane,
og ein ressurs i arbeidet ved fotoavdelinga.
Fig. 17. Brukar-
kommentarane
vert publisert
under den
”offisielle”
kvalitetssikra
biletteksten.
Også namn på
brukaren som
har lagt inn
kommentaren
og datoen
kommentaren
vart lagt inn er
synleg.
21
Fig. 18. Handlekorga.
Handlekorga
Sist men ikkje minst tilbyr Fylkesarkivet
brukarane våre å tinge kopiar av bileta ved å
nytte handlekorgfunksjonen på heimesidene
våre (fig. 18). Fylkesarkivet leverer bilete
til ei heil rekke ulike formål: Forsking,
lokalhistoriske publikasjonar, utstillingar,
kalendrar, dekor i private heimar osb.
Diverre er det slik at systemet ikkje
har loggført tingingar sidan midten av 2001
og det er difor ikkje mogleg å få ut data om
sal av fotografi over Internett for dei siste 7
åra. Denne systemfeilen vart retta opp i juli
2008. Det som i alle høve er sikkert er at
foto er det fagområdet ved arkivet som får
flest førespurnader frå publikum, og at sal
av fotografi utgjer ein vesentleg del av den totale
mengda førespurnader som fagområdet får.
22
Andre nettstader
Fylkesarkivet gjer ikkje berre kulturhistoriske
fotografi tilgjengeleg på eigen nettstad, men er
også ein ressurs for andre fylkeskommunale
nettstader som til dømes skulestova.no og
fylkesatlas.no (fig. 19). Fotografia er, saman
med andre søketenester frå ABM-sektoren, også
tilgjenglege via portalen kulturnettsognogfjord
ane.no. Fleire kommunar har dessutan integrert
ABM-samsøk i sine eigne nettsider (fig. 20), slik
at innbyggjarane i på ein enkel måte kan søke fram
foto og anna kulturhistorisk kjeldemateriale frå sin
eigen kommune.
Fig. 19. Foto er eit av temalaga i fylkesatlas.no
23
Fig. 20. Fleire kommunar har integrert ABM-
samsøk i sine eigne heimesider.
24
4. Fotosamlingane: Status og prioriteringar
i eit kommuneperspektiv
Fylkesarkivet forvaltar omfattande
mengder kulturhistoriske fotografi frå
Sogn og Fjordane. I dette kapitelet ønskjer
eg å gi ei samla framstilling av kva vi har
av bevart fotomateriale frå dei einskilde
kommunane, samt å identifisere prioriterte
bevaringsoppgåver.
1400 Sogn og Fjordane
Samlingsoversyn
Tabell 1.
Fotosamlingar registrert på kommunenummer 1400
Sogn og Fjordane inneheld hovudsakleg fotografi
frå fleire kommunar. Med ei utførleg registrering
av dei enkelte fotografia i slike samlingar, vil
materialet fordele seg på fleire kommunar. Per 2.
august 2007 var over 54 000 fotografi registrert
på kommunenummer 1400 Sogn og Fjordane.
Ca. 50 000 av fotografia er originalt fotomateriale
deponert på magasin (udigitalisert), medan kring
4600 fotografi er innlånte eller eigenproduserte
bilete registrert i fotobasen.
Samlingar i fotobasen
51 samlingar inneheld totalt kring 4600 bilete
registrert på kommunenummer 1400 Sogn og
Fjordane.
I all hovudsak er det slik at bilete som
er registrert på kommunenummer 1400 ikkje
er tilstrekkelig registrerte, anten på grunn av
manglande opplysningar eller på grunn av at ein
ikkje har prioritert å bruke tid på ei fullstendig
registrering av bileta. Dette gjeld spesielt samlinga
”Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon” som
inneheld illustrasjonsfoto til artiklar publisert i
Fylkesarkivet si nettbaserte teneste Kulturhistorisk
Leksikon, sjå tabell
1. Her har det i ein
lengre periode vore
eit medvite val å
berre registrere
eit minimum av
opplysningar til
bileta. Ein har
dermed opparbeidd
seg eit etterslep
på ufullstendig
registrerte bilete
som ein eventuelt
må taka opp att på
eit seinare tidspunkt.
Udigitaliserte samlingar
Deponert hjå Fylkesarkivet er samlinga etter Sogn
Dagblad frå tidleg 80-tal og fram til nedlegginga
i 1997. Samlinga omfattar kring 40 000 bilete.
Biletarkivet etter Sogn Dagblad er førebels det
einaste biletarkivet etter ei avis som Fylkesarkivet
tek vare på. Samlinga skil seg også ut frå det
andre biletmaterialet som Fylkesarkivet har i sine
samlingar, gjennom at det dokumenterer delar av
fylket si nyare historie. Størsteparten av materialet
Fylkesarkivet har er frå før 1960. Materialet, som
er uordna, består av papirkopiar fordelt på 11 500
konvoluttar. Konvoluttane er berre nummererte,
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Sogn Dagblad 9 39 991 40 000
Norsk Hydro ASA 0 10 000 10 000
Fylkesarkivet, Kulturhistorisk
Leksikon
4242 0 4242
Sogn og Fjordane
fylkeskommune, fylkeskommunal
vassdragsplan
167 0 167
Arbeidararkivet i Sogn og
Fjordane
32 0 32
Andre samlingar 144 0 144
Totalt 4594 49 991 54 585
25
utan noka form for opplysningar om innhald/motiv.
Det er ikkje prioritert å digitalisere samlinga med
det første, då bileta ikkje vil kunne offentleggjerast
av opphavsrettsomsyn.
Ei samling på kring 10 000 bilete frå
Norsk Hydro ASA, Oslo, var per 2. august 2007
udigitalisert. Samlinga omfattar papirkopiar og
negativ med motiv frå Hydro sine verksemder
i Sogn og Fjordane. Sidan august 2007 har
kring 1360 bilete med motiv frå Høyanger blitt
digitalisert og lasta opp i fotobasen, (sjå avsnittet
om Høyanger nedanfor).
Sentrale motiv
Den største deponerte fotosamlinga frå Sogn
og Fjordane er samlinga etter Sogn Dagblad.
Samlinga er per i dag uordna og oppbevart i dei
originale konvoluttane. Fotograf: Arild Reppen.
Dei fem mest brukte stikkorda på materiale frå
1400 Sogn og Fjordane, speglar at det her til ein
stor del er snakk om uregistrert materiale. Fleire av
bileta i samlinga ”Fylkesarkivet, Kulturhistorisk
Leksikon” har ganske enkelt blitt gjeve stikkordet
”atlas” (”vegfoto” eller ”vegbilete” for bilete samla
inn i samband med boka ”På god veg”.) og lasta
opp i fotobasen utan at utfyllande biletinformasjon
er registrert. Informasjon til desse bileta vil finnast
i Kulturhistorisk Leksikon, men det er ein stor jobb
som må gjerast for å registrere desse bileta på ein
fullgod måte i fotobasen.
Bilete merka ”1905” er samla inn i
samband med prosjektet ”Året 1905”, og er del
av leksikonsamlinga. Her er det likeeins slik at
informasjon til bileta finst i tilknyting til artiklar
i Kulturhistorisk Leksikon, men at det er eit
behov for å registrere bileta på ein fullgod måte i
fotobasen.Tabell 2.
1) Tala her inkluderer også stikkorda “atlasleks” og
“Kulturhistorisk Leksikon” i tillegg til stikkordet “atlas”.
Motiv Tal bilete
Atlas1
3603
Vegfoto el. vegbilete 363
Flyfoto 167
1905 139
Faksimile 51
26
Anbefalte prioriteringar
• Registrering av bilete i samlinga
”Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon”:
Registrering av bileta vil redusere talet
bilete registrert på kommunenummer 1400
og tilsvarande auke talet bilete registrert
på kommunane i Sogn og Fjordane.
Arbeidet vil dermed betre brukartilgangen
til dette materialet, som absolutt har ein
kulturhistorisk kjeldeverdi, men som per i
dag er lite søkbart/tilgjengeleg.
���������������������� ���������
�������������������������
������������������������
����������������������
������������������������
�������������������������
����������������������
����������������������
�����������������������
������������������������
��������������������
������������������������
���������������������������
�����������������������
��������������
Til høgre: Då samlinga etter Sogn Dagblad kom
inn til Fylkesarkivet fekk ho fyldig omtale i Kjelda
nr. 1, 2001.
Under: ”Veien Sogndal – Leikanger”, eit av dei
mange ufullstendig registrerte bileta samla inn
i samband med boka ”På god veg”. Fotograf:
Normann.
27
1401 Flora
Samlingsoversyn
Tabell 3.
Flora er den kommunen vi har flest bevarte
fotografi i frå. Kring 50 000 fotografi er deponert
på magasin – vel 72003
av desse er digitalisert og
lasta opp i fotobasen.
Samlingar i fotobasen
Totalt er det kring 7300 bilete frå Flora registrert
i fotobasen. Bileta fordeler seg på 60 samlingar.
Flora kommune er dermed den kommunen som
har nest flest fotografi registrert i fotobasen.
Fotografia er i all hovudsak frå perioden 1940-
1959, og fleirtalet av dei kjem frå dei to største
samlingane i tabellen ovanfor. Frå Flora kommune
er det dermed slik at det bevarte fotomaterialet i all
hovudsak består av samlingar etter profesjonelle
fotografar. Vi har lite fotografi frå private heimar
og familiealbum bevart frå kommunen.
Udigitaliserte samlingar
Arbeidet med samlinga etter fotograf Malvin
Horne (1904-1962) er påbegynt, både på
digitaliserings- og registreringssida. Samlinga er
vurdert til å kunne innehalde over 25 000 bilete.
Fylkesarkivet vil prioritere å totalt digitalisere og
registrere eit utval på 5000 bilete frå samlinga.
Det står att å digitalisere i underkant av 3000
bilete frå Horne-samlinga for å nå målsetjinga på
5000. Heile samlinga på meir enn 25 000 einingar
skal dessutan pakkast om. Horne-samlinga er ei
viktig kjelde til livet på kysten, også i nasjonal
samanheng. I fotoregistrene kan vi mellom
anna lese at : ”Blant hans bilder finnes trolig
Norges største og viktigste arkiv med bilder fra
storsildfisket i 50-årene” (http://www.nb.no/nmff).
Samlinga etter Vest-Foto AS omfattar
kring 25 000 bilete, og er delvis flytt frå
Kystmuseet til Fylkesarkivet. Om lag 5600 bilete
er så langt pakka om og digitalisert, noko som gjer
samlinga til den største digitaliserte samlinga frå
Flora. Delar av samlinga er på acetatfilm i dårleg
forfatning, og difor bør ein digitalisere langt fleire
bilete enn det som er gjort så langt. Alt materiale
som er under nedbryting bør frysast ned for ikkje
å gå tapt. Samlinga må i sin heilskap pakkast om
og arkiverast i magasin på Sandane. Hovuddelen
av materialet er no lagra på fotomagasinet, men
det står enno att noko materiale på Kystmuseet.
Vest-Foto-samlinga inneheld i hovudsak materiale
frå åra 1952-1980, og er mellom anna ei viktig
kjelde til fiske og verftsindustrien i Flora. Samlinga
omfattar også bilete frå handel, idrett, fritid,
arkitektur og reine portrettbilete. Samlinga er
såleis også ei viktig kjelde til den nyare historia og
samfunnsutviklinga i fylket.
2) Her er også 388
digitaliserte Horne-
foto registrert på
Naustdal kommune
trekt frå det totale
samlingstalet på
25 000 fotografi.
3) 388 Horne-fotografi registrert på Naustdal kommune
er også rekna med her.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Fotograf Malvin Horne 1188 23 4242
25 000
Vest-Foto AS 5614 19 386 25 000
Endre og Alvhild Svanøe 107 0 107
Sogn og Fjordane
fylkeskommune, fylkeskommunal
vassdragsplan
83 0 83
Sylvia Svanøe 69 0 69
Andre samlingar 237 0 237
Totalt 7298 42810 50 496
28
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Samling frå Kystmuseet 4899
Båtar 519
Landskap 435
0 362
Bybilde 268
Tabell 4.
For Flora kommune sin del er det slik at
ufullstendig registrert materiale toppar lista over
stikkord nytta for å skildre motiv: Heile 4899
bilete er registrert på stikkordet ”Samling frå
Kystmuseet”, og i tillegg har 362 bilete stikkordet
”0”. Når det gjeld fotomaterialet frå Kystmuseet
er det slik at det er registrert noko informasjon til
materialet i Primus. Tanken var å importere denne
informasjonen inn i fotobasen. Diverre har det
vist seg å ikkje vere så lett som ein først trudde,
då ein post i Primus har blitt nytta til å registrere
informasjon om fleire bilete. Koplinga mellom
bileta i fotobasen og informasjonen i Primus
er bevart i form av bileta sin lokale signatur i
fotobasen. Biletinformasjonen er per i dag såleis
verken tilgjengeleg for publikum eller tilsette ved
Fylkesarkivet.
Det er elles verdt å merke seg at båtar er
eit primært motivelement for mange bilete frå
Flora kommune. Stikkordet
”båtar” er som tabellen syner
det andre mest brukte stikkordet
i posisjon 1 i motivlina, og som
vedlegg 1, Fig. 17. syner, er
båtar eit vesentleg motivelement
i nær 900 av bileta frå Flora
kommune.
I motsetning til mange
andre kommunar der stikkord
som skildrar personbilete
(ulike variantar av ”portrett” og
”gruppe”) dominerer, har Flora
kommune forholdsvis få bilete
der personar er det dominerande
motivelementet, noko som
også kjem tydleg til uttrykk i
statistikken i vedlegg 1. Frå
Flora kommune er det dessutan
bevart få bilete frå sentrale
sosiale hendingar som til dømes
bryllaup og 17. mai.
Anbefalte
prioriteringar
I fotobevaringsarbeidet for
Flora kommune står ein ovanfor
store og krevjande oppgåver
for å forhindre at materiale går
Horne-samlinga er ei rik kjelde
til sildefisket på 1950-talet.
Fotograf: Malvin N. Horne.
29
• Digitalisere og registrere kring 3000
fotografi til frå Horne-samlinga, for å nå
målsetjinga på 5000 tilgjengeleggjorte
fotografi.
• Starte opp eit dokumentasjonsprosjekt
på Vest-Foto-samlinga i samarbeid med
Kystmuseet.
Sildefeltet ved Kvittingane, 1955.
Fotograf: Kåre Botnmark, Vest-Foto.
tapt, og for å få registrert informasjon til sentrale
samlingar frå kommunen. Det står mykje arbeid
att på dei to største samlingane frå kommunen,
Horne og Vest-Foto, i alle arbeidstrinn (ordning,
digitalisering og registrering). Registrering
av opplysningar til desse to samlingane er ei
tidkrevjande oppgåve, men heilt sentralt for deira
verdi som kulturhistorisk kjeldemateriale, og for å
sikre brukartilgang til materialer.
Det bør prioriterast å:
• Fullføre flyttinga av Vest-Foto-samlinga
frå Kystmuseet til fotomagasinet på
Sandane.
• Pakke om samlingane Horne og Vest-Foto.
• Digitalisere og fryse ned dei delane av
Vest-Foto-samlingane som er på acetatfilm
under nedbryting.
30
1411 Gulen
Samlingsoversyn
Tabell 5.
Frå Gulen kommune er det bevart ca 2600
fotografi, i underkant av 2200 av desse er registrert
i fotobasen.
Samlingar i fotobasen
191 samlingar i fotobasen inneheld materiale
frå Gulen kommune; totalt gir det om lag 2200
registrerte bilete frå kommunen. Frå Gulen
kommune finst det ingen store samlingar etter til
dømes ein fotograf eller ei industriverksemd, men
relativt mange små samlingar med bilete lånt inn
frå private heimar. Vidare er det slik at kring 1/3 av
fotografia frå Gulen som er registrert i fotobasen,
verken er digitalisert eller publisert på Internett.
Gulen kommune er dermed blant dei kommunane
vi har minst tilgjengeleggjort fotomateriale i frå.
Udigitaliserte samlingar
Ei samling reprofilm produsert av Andreas Grinde
i samband med Prosjekt Fotovern er udigitalisert.
Reprosamlinga (”AGR repro”) omfattar 265
motiv frå ulike fotosamlingar. Det er registrert
biletopplysningar til alle dei 265 bileta.
Ei mindre samling på 150 bilete etter
Jorunn Haveland er delvis registrert i fotobasen
utan tilhøyrande digital biletfil. Opplysningane til
dei 54 registrerte bileta er mangelfulle. Samlinga
består av nitratfilm, og bør difor digitaliserast
og frysast ned. Nitratfilm er svært brannfarleg
og skil under nedbryting ut gassar som er
skadeleg for alt fotomateriale. Nedfrysing stoppar
nedbrytningsprosessar i materialet og er ein sikker
måte å oppbevare nitratfilm på.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Portrett 161
Portrett2 106
PortrettU2 88
GruppeU3 85
Bryllaup 74
Tabell 6.
Når det gjeld bilete frå Gulen kommune er det
stikkord som skildrar personbilete som dominerer
lista over dei mest nytta stikkorda. Ulike
variantar av stikkordet ”portrett” er aller mest
brukt. Faktisk er det også slik at dei neste fem
stikkorda på lista, frå sjette til tiande mest brukte
stikkord, også skildrar personbilete: ”PortrettU”,
”familie”, ”gruppeU5”, ”gruppeU4” og ”portrettb”.
Dominansen av stikkord som skildrar personbilete
reflekterer truleg både at det frå Gulen finst mange
små fotosamlingar beståande av utvalte bilete frå
private familiealbum, og det faktum at stikkord
som skildrar personbilete er den mest eintydige
stikkordstypen som vert nytta i fotobasen.
4) Alle bilete i Haveland-samlinga
er i realiteten udigitalisert,
sjølv om 54 bilete er registrert i
fotobasen.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Andreas Grinde 0 265 265
Jorunn Haveland4
54 96 150
Henrikke Knarvik 53 0 53
Hermod B. Tynning 53 0 53
Odd A. Midttun 47 0 47
Andre samlingar 1979 0 1979
Totalt 2186 361 2547
31
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Gulen
kommune bør det prioriterast å digitalisere
nitratfilmsamlinga etter Jorunn Haveland.
• I tillegg bør det prioriterast å vidareføre
den innsatsen som gjort i tida før
reproteknologien vart digital: Dei
udigitaliserte bileta som er registrert
i fotobasen bør digitaliserast og
publiserast på Internett (dette inkluderer
reprosamlinga etter Andreas Grinde).
Digitalisering av desse bileta vil vere
ein effektiv måte å betre den offentlege
tilgangen til det bevarte fotomaterialet frå
Gulen kommune.
Ein sommardag i tunet på Haveland: Einar og Ole
sit på folungen medan Elling og Elias passar på.
Biletet er datert til ca 1940-45. Fotograf: Ukjend.
32
1412 Solund
Samlingsoversyn
Tabell 7.
Solund kommune er med sine ca 640 fotografi, ein
av dei kommunane vi har absolutt minst bevart
fotomateriale i frå.
Samlingar i fotobasen
Alle dei fem førstnemnte samlingane i tabell 7
består av bilete innlånt frå private familiealbum.
Dei ca. 640 bileta frå Solund fordeler seg på
79 samlingar. Som for Gulen kommune er det
slik at kring 1/3 av fotomaterialet frå Solund
er udigitalisert og dermed ikkje tilgjengeleg på
Internett.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Bryllaup 32
Brudepar 25
PortrettU2 22
Fiskebåt 20
Slåttonn 20
Tabell 8.
Talet bilete for dei ulike motivtypane i tabellen
ovanfor er så små, at det vanskeleg let seg gjere
å seie noko om framtredande motivtypar i det
bevarte fotomaterialet frå Solund kommune: Frå
Solund kommune er det bevart ”litt av alt”, eller
kanskje rettare, ”lite av alt”.
Anbefalte prioriteringar
Solund kommune er blant dei kommunane vi har
absolutt minst bevart fotohistorisk materiale i frå.
Store delar av det bevarte materiale er dessutan per
i dag utilgjengeleg for publikum, ettersom at det
ikkje er digitalisert og publisert på Internett. For
Solund kommune bør det prioriterast å:
• Digitalisere og gjere tilgjengeleg dei per i
dag udigitaliserte bileta frå kommunen, for
slik å vidareføre det arbeidet som allereie
er gjort.
• Framfor alt bør det setjast i gang eit
fotobevaringsprosjekt i samarbeid med
lokale partnarar i kommunen for sikre at
verdifullt kulturhistorisk kjeldemateriale
vert tatt vare på for ettertida og gjort
offentleg tilgjengeleg.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Astrid Storøy 48 0 48
Mimi Trovåg 48 0 48
Johs. Mathiesen 43 0 43
Sverre Takle 35 0 35
Maria Athammer 34 0 34
Andre samlingar 433 0 433
Totalt 641 0 641
33
Stikkordet ”bryllaup” toppar statistikken over
sentrale motiv i det bevarte fotomaterialet frå
Gulen. Her eit bryllaupsfylgje på Leknessund, juli
1945. Fotograf: Ola Nesheim.
34
1413 Hyllestad
Samlingsoversyn
Tabell 9.
Samlingar i fotobasen
Frå Hyllestad kommune har vi kring 2900
fotografi. Den største enkeltsamlinga er som vi ser
eit resultat av bygdebokarbeidet i Hyllestad. Bileta
frå Hyllestad fordeler seg på 153 samlingar.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Portrett 302
Tun 265
PortrettU2 181
PortrettU 161
Portrett2 161
Tabell 10.
Som for fleire andre kommunar, ser vi at
portrettbilete er ein dominerande motivtype i
materialet frå Hyllestad kommune. Vidare ser vi at
stikkordet ”tun” er mykje nytta. Nesten alle dei 265
bileta med stikkordet ”tun” i posisjon 1 tilhøyrer
bygdeboksamlinga, og er flyfoto teke av Telemark
Flyselskap A/S i 1956. Desse flyfotoa er registrert
i fotobasen, utan tilhøyrande digital biletfil. Johan
Ottesen, som driv Historisk fotoarkiv og forlag, er
eigar av desse flyfotoa. Sjølv om dokumentasjonen
av gardstun i Hyllestad kommune på 1950-talet
tilsynelatande er rimeleg bra, så syner det seg
altså at stikkorda referer seg til flyfoto som vi per
i dag verken har i digital kopi eller som originalt
negativmateriale.
Anbefalte prioriteringar
• For Hyllestad kommune bør ein prioritere
å få i stand ein avtale med Johan Ottesen
om å få knytt digitale biletfiler til dei
registrerte flyfotoa frå Telemark Flyselskap
A/S. Fylkesarkivet har allereie avtalar
med Ottesen om tilgjengleggjering av
flyfoto han har rettane til frå kommunane
Balestrand, Flora, Gloppen og Sogndal.
Desse flyfotoa er gjort tilgjengeleg via ein
eigen søkeinngang på nettsidene våre, sjå
kapittel 1 (sjå kapittel 3). Flyfotoa ei er
ei viktig kjelde til utviklinga i landskap,
jordbruk og busetnad. Det representerer
såleis ein verdi i seg sjølv å få gjort dette
fotomaterialet tilgjengeleg for ålmenta.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Bygdeboka i Hyllestad (Einar Varli) 695 0 695
Hyllestad kommune, kulturkontoret 194 0 194
Bjarne Nordbø 84 0 84
Johannes Sørebø 76 0 76
Åse Tonning 41 0 41
Andre samlingar 1805 0 1805
Totalt 2895 0 2895
35
Handarbeidstime på Leirvik skule,
kring 1938. Fotograf: Bjarne Råsberg.
36
1416 Høyanger
Samlingsoversyn
Tabell 11.
Frå Høyanger kommune har vi bevart nær 8400
kulturhistoriske fotografi. Kring 8100 av desse
fotografia er registrert i fotobasen. Høyanger
kommune er dermed den kommunen som vi har
flest bilete frå i fotobasen. Bileta i fotobasen
fordelar seg på 113 samlingar.
Samlingar i fotobasen
Ut frå tabell 11 kan vi slå fast at industrien
i Høyanger kommune er godt dokumentert
fotografisk. Nær 7500 bilete relatert til Høyanger
Verk, er som vi ser av tabellen, bevart (samlingane
Høyanger Verk og boka ”Bluss”). Det er verdt
å merke seg at også store deler av det sosiale
livet i industristaden Høyanger er dokumentert
i materialet frå Høyanger Verk. Her finst bilete
frå organisasjonsliv, kulturarrangement, idrett,
familieliv og anna.
Ettersom dei bevarte bileta frå Høyanger
i all hovudsak er relatert til industriverksemdene
i bygda, er det perioden frå 1900 av som er
dokumentert i fotosamlingane. Dette tyder at det
er få bevarte bilete som syner landskap og gardar
i Høyanger kommune før industriutviklinga for
alvor kom i gang.
Kring 1600 av dei 8100 bileta i fotobasen
er ikkje digitalisert, dette gjeld mellom anna
samlinga med bilete til bokprosjektet ”Bluss” og
ei samling på nær 200 fotografi frå A/S Vadheim
Elektrochem. Fabriker.
Udigitaliserte samlingar
Ei samling på 300 flyfoto frå Fjellanger Widerøe
er påbegynt digitalisert. Så langt er 48 flyfoto
digitalisert. Det er ei nasjonal prioritering å
digitalisere alle flyfoto frå Fjellanger Widerøe.
Fylkesarkivet følgjer opp denne nasjonale
prioriteringa i arbeidet sitt. Det er såleis prioritert
å digitalisere heile samlinga med flyfoto frå
Høyanger kommune.
Sentrale motiv5
Motiv Tal bilete
0 8180
Flyfoto 93
Postkort 75
Landskap 71
Dam 50
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Høyanger Verk 4542 0 4542
Høyanger Verk 2173 0 2173
Høyanger Verk 530 0 530
Fjellanger Widerøe 48 252 300
- [Bilete til boka “Bluss”] 232 0 232
Andre samlingar 606 0 606
Totalt 8131 252 8383
5) Som nemnt innleiingsvis er motivdata henta ut
frå fotobasen på eit seinare tidspunkt enn data om
sentrale samlingar i kommunane. Avviket mellom
tal bilete i motivtabellen og avsnittet ”Samlingar i
fotobasen”, skuldast at Fylkesarkivet i perioden mellom
datauthentingane lasta opp fleire bilete frå Høyanger i
fotobasen.
Tabell 12.
37
Det store talet bilete med verdien ”0” er
hovudsakleg uregistrerte bilete frå dei tre
fotosamlingane frå Høyanger Verk. Eit
dokumentasjonsprosjekt for å registrere
biletopplysningar til desse samlingane vert
i skrivande stund gjennomført i samarbeid
med Høyanger kommune og Høyanger
Næringsutvikling. I tillegg inneheld den nyleg
digitaliserte samlinga SFFf-100324 (foto innlånt
av Norsk Hydro ASA, Oslo), over 1300 førebels
uregistrerte foto frå Høyanger som ikkje er
rekna med i tabell 11 og 12. Dei låge tala for
Høyanger kommune i motivstatistikken i vedlegg
1, må såleis sjåast i samanheng med dei store
mengdene digitalisert men uregistrert materiale frå
kommunen.
Erfaringane frå dokumentasjonsprosjektet
”Høyanger i endring” tilseier at ikkje alle dei
kring 8000 uregistrerte fotografia frå Høyanger
vil bli registrert. I samlingane frå Høyanger
Verk er det slik at det finst relativt mange foto
som dokumenterer eitt og same motivet Det er
til dømes heile 364 bilete som dokumenterer
bygginga av oksidfabrikken i Høyanger våren
1928. Med ein databasestruktur som ikkje tillett
serieregistrering av foto vert det ganske enkelt
for tidkrevjande for dei lokale registratorane å
registrere store mengder einsarta fotografi.
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Høyanger
kommune er det priortert å sluttføre
registrering av fotosamlingane frå
Høyanger Verk.
• Digitalisering av Fjellanger Widerøe-
samlinga frå kommunen bør også
prioriterast.
Jonsokbryllaup i Villabyen, ca 1930-35.
Fotosamlinga frå Høyanger Verk inneheld også
ei stor mengde bilete som dokumenterer små
og store sosiale hendingar i tettstaden. Fotoraf:
Eugen Nordahl-Olsen.
38
1417 Vik
Samlingsoversyn
Tabell 13.
Vik er med sine nær 8700 bilete ein av dei
kommunane vi har mest bevart fotomateriale frå.
Samlingar i fotobasen
Totalt er over 5700 bilete frå Vik registrert
i fotobasen. Bileta høyrer til 385 ulike
fotosamlingar, og dokumenterer perioden
1860-2000. Første halvdel av 1900-talet er den
tidsperioden hovuddelen av materialet daterer seg
til. Vik blant dei tre kommunane i fylket som det er
flest fotografi frå i fotobasen. For Vik, som for alle
kommunar, er det slik at ein del av dette materialet
ikkje er digitalisert og publisert på Internett: Nær
700 av bileta er udigitalisert og ca. 900 er ikkje
publisert på Internett.
Udigitaliserte samlingar
Fosse-samlinga, som inneheld kring 2900 bilete
etter fotograf Ole Pedersen Fosse (1872-1945),
er påbegynt digitalisert. Det er registrert noko
opplysningar til denne samlinga i ein gamal
versjon av fotobasen. I tillegg er kring 60
registrerte Fosse-fotografi i samlinga etter Bjørg
Fosse Holstad udigitalisert. Fotograf Fosse var frå
Leikanger, men busette seg i Vik og jobba som
fotograf frå kring 1900 til 1945. Han fotograferte
mange viktige lokale hendingar.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Fotograf Ole Pedersen Fosse 0 2933 2933
Pridlao/Vik Lokalhistoriske Arkiv 1367 0 1367
Lagssoge Vik IL 166 0 166
Evelyn Hjortland 150 0 150
Bjørg Fosse Holstad (Fotograf Ole
Pedersen Fosse)
133 0 133
Andre samlingar 3939 10 3939
Totalt 5755 2943 8698
To mindre glasplatesamlingar frå Vik
på høvesvis 10 og 14 negativ er deponert på
magasinet, men førebels ikkje digitalisert.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Portrett 744
Portrett2 312
0 269
PortrettU2 239
PortrettU 234
Tabell 14.
Ulike variantar av stikkordet ”portrett” er dei mest
nytta stikkorda i motivfeltet når det gjeld fotografi
med motiv frå Vik. I fotomaterialet frå Vik er det
då også registrert over 22 000 avbilda personar,
fleire enn for nokon annan kommune. 269 bilete
er uregistrerte, og har difor verdien ”0”. Det store
fleirtalet av dei uregistrerte bileta tilhøyrer Fosse-
samlinga.
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Vik kommune
bør det prioriterast å digitalisere bileta
etter fotograf Ole Pedersen Fosse.
39
Biletopplysningane registrert i den gamle
versjonen av fotobasen bør importerast
og eventuelt redigerast og supplerast.
I arbeidet med samlinga bør ein søke
samarbeid med Vik kommune / Vik
Lokalhistorisk Arkiv.
Eit landemerke: Fridtjov-statuen på Vangsnes.
Fotograf: Ole Pedersen Fosse.
40
1418 Balestrand
Samlingsoversyn
Samlingar i fotobasen
Totalt har Fylkesarkivet i underkant av 4000
fotografi frå Balestrand registrert i fotobasen.
Bileta er del av 367 ulike samlingar. Kring 1100 av
dei 4000 fotografia er ikkje publisert på Internett,
medan kring 700 ikkje er digitalisert. Når det gjeld
fotomaterialet frå Balestrand i fotobasen er det
også slik at kring 250 bilete som er digitalisert ligg
lagra i ein separat katalog på serveren, og ikkje er
lasta opp i fotobasen (sjå vedlegg 1, fig. 3).
Udigitaliserte samlingar
Samlingane etter Lars Bolstad og John Nesse,
sjå tabell 15, er udigitalisert. Samlinga etter
John Nesse er nitratfilm. Nitratfilm er svært
brannfarleg og skil ut gassar som er svært farleg
for alt fotomateriale. Per i dag er samlinga lagra
på kjølelager. Nitratfilm kan deponerast ved
Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, men bør då
digitaliserast før deponering. Alternativt bør
Fylkesarkivet kjøpe inn eigna fryseskåp for
sikker oppbevaring av nitratfilm på magasinet
på Sandane. Med slike fryseskåp bremsar ein
nedbrytinga av materialet, og står fritt til å
digitalisere det ved høve.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
0 eller ingen verdi 254
Album 200
Hus 194
Portrett 191
Landskap 160
Tabell 16.
200 bilete er som vi ser registrert på stikkordet
”album”. Desse bileta tilhøyrer alle den tidlegare
omtala Kure-samlinga, sjå tabell 15, som inneheld
bilete relaterte til keisar Wilhelm. Ein har her
valt å fotografere heile albumsidene i tillegg
til utvalte enkeltbilete frå dei innlånte albuma.
Den indre samanhengen mellom fotografia,
med originale bilettekstar, er dermed bevart.
Albuma som materielle objekt og kulturhistoriske
gjenstandar, trer dermed klarare fram for brukarane
våre som får høve til å ”bla” seg gjennom dei
på Internett. Digitalisering av heile album og
utvalte enkeltbilete slik som her ivaretek difor
fotomaterialet sin verdi som råmateriale for kultur-
og fotohistorisk forsking på ein betre måte enn
berre digitalisering av utvalte enkeltbilete gjer.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Bent Kure 434 0 434
Sverre Eitungjerde 400 0 400
John Nesse 0 216 216
Randi Lønne 138 0 138
Lars Bolstad6
79 21 100
Andre samlingar 2900 0 2900
Totalt 3951 237 4188
Tabell 15.
6) Alle bileta i Bolstad-
samlinga er i realiteten
udigitalisert, sjølv om
79 av dei er registrert i
fotobasen.
41
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet
for Balestrand kommune
bør ein først prioritere
å digitalisere samlinga
med nitratfilm etter
Johan Nesse, då ut frå
omsyn til nedbryting
av samlinga og den
tryggleiksrisikoen
oppbevaring av
nitratfilm representerer
for andre deponerte
samlingar.
• Det bør
gjennomførast eit
dokumentasjonsprosjekt
på samlinga med bilete
frå keisar Wilhelm sine reiser i Sogn og
Fjordane (Kure-samlinga) i samarbeid med
lokale partnarar.
Album datert til kring 1900-1920, eigar Bent
Kure.
Ei side frå albumet: ”Stolt som en norske Pige”
og ”Herr Hansen, di er en doven Pels”. Fotograf:
Ukjend.
42
1419 Leikanger
Samlingsoversyn
Tabell 17.
Dei bevarte samlingane frå Leikanger kommune er
alle digitalisert og registrert i fotobasen.
Samlingar i fotobasen
Totalt inneheld fotobasen kring 1700 fotografi frå
Leikanger kommune fordelt på 93 samlingar. Berre
kring 700 av desse fotografia er gjort tilgjengeleg
på Internett.
Den største samlinga frå Leikanger
kommune inneheld bilete etter fotograf Håkon
Njøs (1902-1937). Samlinga inneheld mellom
anna fotografi av tettstad, industri, vegbygging
og personar på Hermansverk først på 1900-
talet. Samlinga er per i dag ikkje tilgjengeleg for
brukarane våre på Internett, og det er heller ikkje
registrert utfyllande opplysningar til samlinga i
fotobasen. Systrond sogelag registrerte for nokre
år sidan opplysningar til bileta på papirskjema, og
det står att å få registrert desse opplysningane inn i
fotobasen.
Njøs-samlinga er ikkje berre den største
fotosamlinga frå Leikanger kommune, men av dei
5 største samlingane frå kommunen er ho også den
eldste.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
PortrettU 269
PortrettU2 203
GruppeU3 122
Stølar 99
GruppeU4 75
Tabell 18.
Som for mange andre kommunar, er det slik at
stikkord som skildrar personbilete dominerer i
statistikken over sentrale motiv.
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Leikanger
kommune bør samlinga etter Håkon Njøs
prioriterast. Her er det allereie gjort eit
omfattande arbeid på dokumentasjonssida
som bør sluttførast ved at dei innsamla
biletopplysningane blir registrert i
fotobasen. Samlinga må også publiserast
på Internett, slik at ho vert tilgjengeleg for
ålmenta. Publisering kan gjerne skje straks,
slik at publikum kan utforske samlinga
og vonleg bidra med brukarkommentarar
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Tore N. Njøs (Fotograf Håkon Njøs) 856 0 856
Bjørn Normann Sørensen 99 0 99
Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon 69 0 69
Sogn og Fjordane Fylkeskommune,
fylkeskommunal vassdragsplan
33 0 33
Bjørn Henning Hov 31 0 31
Andre samlingar 624 0 624
Totalt 1712 0 1712
43
til bileta. Publisering og elektronisk
registrering av Njøs-samlinga vil doble
talet fotografi frå Leikanger tilgjengeleg
for publikum på Internett.
Til høgre: Fleirtalet av portrettbileta frå Leikanger
kommune kjem frå samlinga etter Håkon Njøs.
Fotograf: Håkon Njøs.
Under: Njøs-samlinga er den viktigaste
fotosamlinga Fylkesarkivet har frå Leikanger
kommune. Å legge inn opplysningar til bileta i
fotobasen bør vere ei priortert oppgåve. Her ser
vi gamlehusa på ”Snikkargarden” (Gjerdet).
Fotograf: Håkon Njøs.
44
1420 Sogndal
Samlingsoversyn
Tabell 19.
Samlingar i fotobasen
Totalt inneheld 157 samlingar kring 3900 bilete frå
Sogndal. Over 1⁄4 av bileta er daterte til før 1900,
og Sogndal er dermed den kommunen som har
flest bilete frå før 1900 registrert i fotobasen.
Når det gjeld samlinga frå Fjærland
sogelag, sjå tabell 19, vil denne samlinga truleg
vekse i omfang, då sogelaget driv eit aktivt
innsamlingsarbeid i samband med planlagde
bygdebøker og andre lokale skrifter. Det er
sogelaget sjølv som digitaliserer biletmaterialet.
Verdt å nemne er også samlinga etter
fotograf Leiv Bergum. Fylkesarkivet samarbeider
med Bergum om vern og tilgjengeleggjering
av negativarkivet hans. Det totale omfanget
av arkivet etter Bergum er ukjent, men det
dreier seg truleg om over 20 000 bilete.
Fylkesarkivet ønskjer i første rekke å sikre
at materialet er trygt oppbevart, dernest å
halde fram med å digitalisere og registrere
eit utval kulturhistorisk interessante
fotografi frå denne samlinga.
Udigitaliserte samlingar
Samlinga etter fotograf Nils O. Reppen (1865-
1925), som var fotograf i Sogndal i perioden
kring 1888-1895, omfattar 360 bilete. Samlinga er
udigitalisert, men 11 bilete er delvis registrert og
informasjonen er importert i fotobasen. Samlinga
etter Reppen er ei glasplatesamling som er i god
teknisk stand.
Fotograf Elen Loftesnes var verksam i
Sogndal i perioden ca. 1935-1965. I 1988 mottok
Fylkesarkivet negativarkivet, samt ei mindre
samling papirpositiv etter Loftesnes. Samlinga
er uordna, og inneheld hovudsakeleg portrett-
og gruppebilete teke i studio, men her er også
prospekt og bilete frå hendingar i lokalmiljøet.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Fjærland Sogelag 1138 0 1138
Sogndal Sogelag 857 0 857
Fotograf Nils O. Reppen 0 360 360
Fotograf Leiv Bergum 163 0 163
Ivar Falck Husum 124 0 124
Andre samlingar 1577 Ukjent7
1577
Totalt 3859 360 4219
7) Samlinga etter
fotograf Elen
Loftesnes er nyleg
flytta frå Hermansverk
til fotomagasinet på
Sandane. Tal bilete
i denne samlinga er
førebels ukjent.
Fotomaterialet samla inn av Fjærland
sogelag har stort spenn i motiv. Her er eit
bilete frå bakeriet som Kåre Reinen dreiv
i kjellaren av bustadhuset sitt i Mundal.
Fotograf: Ukjend.
45
Det finst opplysningar om tingar/avbilda personar
påført konvoluttane som negativa ligg i. Samlinga
etter Loftesnes vart nyleg flytta frå magasin på
Hermansverk til fotomagasinet på Sandane.
Samlinga må pakkast om. Tal bilete er ukjent.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Foto Fjærland sogelag8
1138
Portrett 118
Landskap 109
PortrettU2 107
PortrettU 105
Den største enkeltsamlinga frå Sogndal kommune
er samlinga frå Fjærland sogelag. Som tabellen
ovanfor synleggjer står det att mykje arbeid når det
gjeld registrering av biletopplysningar til denne
samlinga. Det er lagt inn ein del opplysningar
til kring 400 av bileta i samlinga. Stikkord som
skildrar motiv manglar for alle bileta, og det står
att å kvalitetssikre dei andre biletopplysningane
som så langt er lagt inn.
Blant dei bevarte papirpositiva etter fotograf Elen
Loftesnes finn vi desse to kolorerte portretta
Fotograf: Elen Loftesnes.
Tabell 20.
8) Omfattar verdiane ”foto samla inn og skanna av
Fjærland sogelag” (537 bilete), ”foto frå fjærland
sogelag” (445 bilete), ”foto innsamla av fjærland
sogelag” (100 bilete), og ”foto frå fjærland sogelag.”
(56 bilete).
Anbefalte prioriteringar
I fotobevaringsarbeidet for Sogndal kommune
kan ein identifisere tre hovudutfordringar som bør
prioriterast:
• Samarbeidet med fotograf Leiv
Bergum bør halde fram. Det originale
fotomaterialet bør sikrast, og eit utval
fotografi bør digitaliserast og registrerast i
fotobasen.
• Ein bør prioritere å følgje opp arbeidet
Fjærland sogelag gjer med fotoa dei
samlar inn og digitaliserer. Her bør ein
både sørgje for at det tekniske nivået på
digitaliseringsarbeidet som vert gjort lokalt
blir heva, og at det er god arbeidsflyt og
kvalitet i registreringsarbeidet.
• Loftesnes-samlinga må ordnast og
omemballerast.
46
1421 Aurland
Samlingsoversyn
Tabell 21.
Aurland kommune er med sine 1067 bevarte
fotografi blant dei kommunane vi har minst bevart
fotomateriale frå. Dei bevarte samlingane består
alle av innlånte eller eigenproduserte fotografi.
Samlingar i fotobasen
Det er talande for statusen til fotobevaringsarbeidet
i kommunen at dei to største fotosamlingane,
er samlingar som ikkje er eit resultat av lokalt
innsamlingsarbeid, sjå tabell 21. Det same er det
faktum at berre kring 450 av dei totalt 1067 bileta
frå Aurland kommune er publisert på Internett.
Totalt inneheld 79 samlingar bilete frå Aurland.
Aurland kommune er dermed, som nemnt,
i botnsjiktet av kommunane i Sogn og Fjordane
når det gjeld omfanget av både mengda bevarte
og mengda tilgjengeleggjorde kulturhistoriske
fotografi.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Flyfoto 139
Landskap 101
Portrett 50
Portrett2 37
PortrettU2 35
Tabell 22.
Tabell 22 stadfester at Fylkesarkivet har få bevarte
foto frå kommunen. Sjølv sentrale motiv som
portrett er det få av.
Anbefalte prioriteringar
I fotobevaringsarbeidet for Aurland kommune bør
ein prioritere å:
• Digitalisere dei bileta som per i dag
berre finst på reprofilm og å gjere dette
fotomaterialet tilgjengeleg for publikum på
Internett.
• Publisere alt upublisert materiale som
det ikkje er personvernmessige eller
opphavsrettslege årsaker til at ikkje kan
publisert.
• Setje i gang kartlegging og innsamling
av kulturhistoriske fotografi i samarbeid
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Sogn og Fjordane fylkeskommune,
fylkeskommunal vassdragsplan
139 0 139
Fylkesarkivet, Kulturhistorisk
Leksikon
86 0 86
Eilert Vikesland 79 0 79
Eilert Vikesland9
79 0 79
Aurland Lokalhistoriske Arkiv 64 0 64
Andre samlingar 620 0 620
Totalt 1067 0 1067
9) Her har det mest
truleg skjedd ei
dobbelregistrering
av samlinga etter
Eilert Vikesland,
noko som påverkar
all statistikk for
Aurland kommune.
47
med lokale partnarar. Aurland kommune
sjølv ønskjer å løfte fotobevaringsarbeidet
i kommunen og har nyleg teke kontakt
med Fylkesarkivet for å få i stand eit
samarbeid.
Interiør frå stølshus. Biletet er teke kring 1900-
1920. Fotograf: Ukjend.
48
1422 Lærdal
Samlingsoversyn
Tabell 23.
Lærdal er den kommunen vi har nest minst bevart
fotomateriale i frå. Som vi ser er to av dei største
fotosamlingane frå Lærdal fotografi som Sogn
og Fjordane fylkeskommunen og Fylkesarkivet
sjølv har produsert, og ikkje eldre kulturhistoriske
fotografi samla inn lokalt i kommunen.
Samlingar i fotobasen
Som vi ser av tabell 23 er talet bilete i alle
samlingane låge. Totalt inneheld 63 samlingar ca.
370 bilete frå Lærdal.
Det er svært viktig at fotografiske kjelder
til historia og samfunnsutviklinga til Lærdal
kommune – med Lærdalsøyri, Borgund stavkyrkje,
sjukehus, og fleire sentrale ferdslevegar og
gjestgjevarstadar – blir kartlagt og bevart for
ettertida. Det finst utvilsamt fotomateriale av
kulturhistorisk verdi i Lærdal kommune, men det
vil truleg også finnast mykje bilete frå Lærdal i
fotosamlingar utanfor fylke. Som turistdestinasjon
vart Lærdal vitja og fotografert av ei rekke
profesjonelle fotografar frå ulike delar av landet.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Flyfoto 76
Postkort 39
Portrett 20
GruppeU3 11
PortrettU2 11
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Lærdal
kommune bør Fylkesarkivet, i samarbeid
med lokale partnarar, søke å kartlegge
kva som finst av eldre fotomateriale i
kommunen. Kartlegginga bør vere første
trinn i eit fotobevaringsprosjekt som også
omfattar trinna innsamling, digitalisering
og registrering.
• Vidare bør ein kartlegge omfanget
av materiale med motiv frå Lærdal
kommune i samlingar utanfor fylket.
I første rekkje kan ein tenke seg ei
kartlegging av fotomateriale med motiv
frå Lærdal i samlingane etter kjende
landskaps- og prospektfotografar som
Knud Knudsen (1832-1915), Axel
Lindahl (1841-1906) og Anders Beer
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Sogn og Fjordane fylkeskommune,
fylkeskommunal vassdragsplan
75 0 75
Arvid Årethun 50 0 50
Per Vetti 32 0 32
Ivar M. Nefstad 18 0 18
Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon 17 0 17
Andre samlingar 180 0 180
Totalt 372 0 372
Tabell 24.
49
Flyfoto over Lærdal teke ca. 1985. Lærdal er
ein av kommunane i fylket vi har minst bevart
fotohistorisk materiale frå. Det er talande at
den største samlinga med bilete frå kommunen
er samlinga med bilete skapt i samband med
fylkeskommunal vassdragsplan på 1980-talet.
Fotograf: Ukjend.
Wilse (1865-1949). Materialet etter
Knudsen er bevart av Billedsamlingen
ved Universitetsbiblioteket i Bergen,
medan samlingane etter Lindahl og Wilse
er oppbevart ved Norsk Folkemuseum.
Det er viktig at Fylkesarkivet som
regional fotobevaringsinstitusjon og
kompetansesenter også byggjer seg
opp kunnskap om kva som finst av
fotosamlingar med motiv frå fylket i andre
delar av landet.
50
1424 Årdal
Samlingsoversyn
Tabell 25.
Årdal kommune er blant dei kommunane i fylket
som vi har bevart flest fotografi i frå. Det bevarte
fotomaterialet frå kommunen omfattar både
amatørbilete frå private heimar og album, og
profesjonelle fotografi frå aluminiumsindustrien i
kommunen.
Samlingar i fotobasen
Totalt inneheld 49 samlingar kring 3200 bilete
frå Årdal kommune. Fleirtalet av bileta er daterte
til perioden 1940-1959. Samlinga etter Aase
Udberg er den største enkeltsamlinga med motiv
frå Årdal i fotobasen. Samlinga inneheld fotografi
frå både arbeid og fritid – spesielt friluftsliv er eit
framtredande motiv i samlinga.
Udigitaliserte samlingar
I 2007 mottok Fylkesarkivet kring 18 500 fotografi
og tekniske teikningar frå Hydro Aluminium
Årdal. Vi ønskjer å prioritere digitalisering av eit
utval på 5000 fotografi, i tillegg til å pakke om
og ordne alt materialet. Samlinga er ei sentral
kjelde til industri- og samfunnsutviklinga i Årdal.
Samlinga inneheld dessutan både bilete og levande
film produsert av den tyske okkupasjonsmakta i
åra 1940-45, og er såleis også ei verdfull kjelde
til tyskarane sine aktivitetar i Noreg under andre
verdskrigen.
Ei samling flyfoto frå Fjellanger
Widerøe med motiv frå Årdal kommune er delvis
digitalisert. Negativa i denne samlinga var sterkt
skadd og til dels heilt øydelagd. Fleire negativ
måtte difor kasserast. Truleg finst ein del av motiva
frå dei øydelagde negativa som papirkopiar på
fotokort. Ca. 20 negativ er digitalisert så langt; det
står att å digitalisere ca. 20 fargenegativ og kring
30 fotokort.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Folk 662
Utsikt 298
Mann 193
0 eller ingen verdi 176
Dame 149
Tabell 26.
Stikkorda ”folk”, ”utsikt”, ”mann”, ”dame” er alle
nytta i omtalen av Udberg-samlinga. Stikkorda til
denne samlinga stammar frå ei grovregistrering
utført lokalt i Årdal. Motiv/stikkordsinformasjonen
vil etterkvart bli redigert av tilsette ved
fotoavdelinga; mellom anna vil personbilete få
stikkord i tråd med dei etablerte kategoriane for
portrett- og gruppebilete.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Hydro Aluminium Årdal 0 18 500 18 500
Aase Udberg 2175 0 2175
Per Vetti 355 0 355
Bergen Museum 73 0 73
Erna Skogli 72 0 72
Andre samlingar 578 50 628
Totalt 3253 18 550 21 803
51
Anbefalte prioriteringar
I fotobevaringsarbeidet for Årdal kommune er tre
samlingar prioritert:
• Udberg: Det pågåande arbeidet med å
registrere informasjon til samlinga må
ferdigstillast.
• Hydro Aluminium Årdal: Heile samlinga
må pakkast om og ordnast. Eit utval på
5000 bilete skal digitaliserast. I samarbeid
med lokale partnarar skal ein samle inn og
registrere informasjon til desse 5000 bileta.
• Fjellanger Widerøe: Digitalisering av
flyfotosamlinga frå Årdal bør fullførast.
”Utsikt” – eit av fleire friluftsrelaterte bilete frå
Udberg-samlinga. Fotograf: Aase Udberg.
52
1426 Luster
Samlingsoversyn
Tabell 27.
Samlingar i fotobasen
Den største samlinga frå Luster inneheld bilete
fotografert av Valborg Heløy i samband med
prosjektet ”Kultur og natur Feigum-Kroken-
Ornes”, som vart starta opp i 2005. Frå Luster
kommune er det altså bevart ei relativt stor
samling digitalt fødde fotografi som dokumenterer
naturlandskap og bygningsmiljø i kommunen i
nyare tid (2000-talet).
Når det gjeld samlingane etter
amatørfotograf Johan R. Døsen (1869-1906)
og fotograf Samson Brathole (1884-1960),
vart arbeidet med å registrere informasjon til
desse to samlingane ferdigstilt i januar 2008.
Begge samlingane inneheld portrett-, gruppe- og
landskapsbilete frå Luster.
Verdt å nemne er også samlinga ”Luster
sogelag” som inneheld bilete med tilknyting til
Lyster sanatorium samla inn frå ulike private
eigarar av Luster sogelag. Samlinga ”Per Tang”
inneheld fotomateriale frå privatarkivet etter
Per Tang, major, topograf og slektsgranskar og
lokalhistorikar.
Totalt inneheld 145 samlingar 3061 bilete
frå Luster kommune. Kring 800 av desse bileta er
upublisert.
Udigitaliserte samlingar
Fylkesarkivet har lånt inn kring 1150 fotografi,
datert til ca 1900-1970, frå Dagfinn Drægni.
Digitalisering og registrering av dette
fotomaterialet vert vurdert. Materialet skal tilbake
til eigar etter vurdering og eventuell digitalisering/
registrering.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Landskap 395
011
229
Flyfoto 198
PortrettU 191
Personar 144
Tabell 28.
Frå Luster kommune er det landskap som er den
hyppigast førekommande motivtypen – og det
er landskapsbilete frå nyare tid som dominerer:
Heile 225 av landskapsbileta er daterte til 2006, 61
er frå 2005. Sett saman med dei 198 flyfotoa frå
Luster, er landskap og busetnad i Luster kommune
relativt bra dokumentert, i alle fall i nyare tid.
Flyfotoa er nemleg frå 1960- (Fjellanger Widerøe)
og 1980-talet (Sogn og Fjordane fylkeskommune,
fylkeskommunal vassdragsplan).
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Valborg Heløy 384 0 384
Johan Rumohr Døsen 333 0 333
Fotograf Samson Brathole10
218 0 218
Luster Sogelag 157 0 157
Per Tang 141 0 141
Andre samlingar 1828 0 1828
Totalt 3061 0 3061
11) Inkluderer også
bilete registret på
stikkordet ”ikkje
registrert”, samt bilete
utan informasjon i
motivlina.
10) Brathole-samlinga
inneheld totalt 456
bilete med motiv frå
Luster. Per 2. august
2007 var det ikkje
registrert informasjon om
kommunetilknyting til alle
bileta.
53
Dei uregistrerte bileta (”0” i motivfeltet)
kjem frå den tidlegare nemnte samlinga etter Per
Tang, samt frå ei mindre samling bilete med motiv
frå Turtagrø.
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Luster
kommune bør det prioriterast å samle inn
og registrere biletopplysningar til Tang-
samlinga og Turtagrø-samlinga. Ein må
søke samarbeid med lokale krefter i dette
dokumentasjonsarbeidet.
• Vidare bør det prioriterast å sikre
originalane til flyfotoa frå Fjellanger
Widerøe, som per i dag er oppbevart lokalt
i kommunen, (sjå vedlegg 4).
Blant dei uregistrerte bileta frå Luster er ei
samling på 90 bilete frå Turtagrø, datert til kring
1920-1940. Samlinga har motiv frå fjellklatring
og friluftsliv. Fotograf: Ukjend.
54
1428 Askvoll
Samlingsoversyn
Tabell 29.
Samlingar i fotobasen
Den største samlinga frå Askvoll kommune
inneheld bilete etter Paul Stang (-1923), som
fotograferte mykje i lokalmiljøet i Stongfjorden.
Det er førebels ikkje registrert biletopplysningar
til denne samlinga som er ei sentral kjelde
til industriutviklinga i Sogn og Fjordane.
Stongfjorden var ein av dei første industristadene i
fylket, og her vart den første aluminiumsfabrikken
i Skandinavia bygd.
Totalt inneheld 100 samlingar kring 1800
bilete frå Askvoll.
Udigitaliserte samlingar
Samlinga etter fotograf Sigvald Vårdal i Holmedal
er udigitalisert. Storleiken på samlinga er ikkje
kjent. Materialet er truleg frå perioden ca 1952-
1980 (usikker datering). Fylkesarkivet har så langt
lånt inn kring 200 dias til digitalisering frå Vårdal
Foto. Eigar ønskjer samarbeid med Fylkesarkivet
når det gjeld bevaring av samlinga, og dette er no
under planlegging.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
0 eller ingen verdi 829
Portrett 97
PortrettU2 54
Portrett2 48
Teglverk 33
Tabell 30.
Når det gjeld fotomateriale frå Askvoll, syner
tabellen at det mest nytta stikkordet i posisjon
1 i motivlina er ”0” eller ingen verdi. Fleirtalet
av dei uregistrerte bileta kjem frå samlinga etter
Paul Stang på 705 bilete som vart digitalisert i
2007. Elles ser vi at det er stikkord som skildrar
personbilete som er dei mest nytta stikkorda i
posisjon 1 i motivlina, i tillegg til ”teglverk”.
Anbefalte prioriteringar
• Arbeidet med Stang-samlinga bør
sluttførast: Ein bør søke samarbeid
med Askvoll kommune og andre lokale
krefter, for å få samla inn og registrert
opplysningar til bileta.
• Det bør lagast ein plan for arbeidet
med samlinga etter fotograf Vårdal.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Stang sine etterkommarar
(Fotograf Paul Stang)
705 0 705
Fotograf Sigvald Vårdal 0 200 200
Fylkesarkivet,
Kulturhistorisk Leksikon
128 0 128
Marie Follevåg 96 0 96
Johan Furstenberg Tveit 77 0 77
Andre samlingar 780 0 780
Totalt 1786 200 1986
55
Førsteprioritet er å
få samlinga deponert
i fotomagasinet på
Sandane.
• Det vart starta
opp eit lokalt
innsamlingsprosjekt
i Askvoll i 2006.
Prosjektet stoppa
opp i fjor grunna
manglande lokal
finansiering. Bileta
som vart samla
inn er digitaliserte
og lasta opp i
fotobasen, men
biletinformasjonen
er mangelfull. Det
bør difor også
prioriterast å fullføre
registreringsarbeidet
og få avslutta dette prosjektet på ein god
måte.
Stang-samlinga vart digitalisert i 2007 i samband
med eit bokprosjekt. Det står att å samle inn og
registrere opplysningar til bileta.
Fotograf: Paul Stang.
Arbeidarar på Vårdal Teglverk A/S tar ferdig
brend murstein ut frå omnen, kring 1950-55.
Fotograf: Ukjend.
56
1429 Fjaler
Samlingsoversyn
Tabell 31.
Samlingar i fotobasen
Som tabell 31 syner er den største samlinga i
fotobasen med materiale frå Fjaler, samlinga etter
A/S Jarl Skofabrikk. Med unntak av samlinga etter
Fjellanger Widerøe, inneheld dei andre spesifikt
omtala samlingane i tabellen foto lånt inn frå
private heimar og album. Totalt inneheld 144
samlingar ca. 2460 bilete frå Fjaler.
Udigitaliserte samlingar
Ei samling på 118 flyfoto frå Fjellanger Widerøe
er påbegynt digitalisert – av dei totalt 118 bileta er
eit utval på 10 digitalisert. Samlinga er uordna. I
tillegg er ei samling på 5 glasplatenegativ frå Dale
prestegard også udigitalisert.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Portrett 390
PortrettU 175
PortrettU2 154
Portrett2 140
GruppeU3 116
Tabell 32.
Av dei fem mest nytta sikkorda i posisjon 1 i
motivlina for fotografi frå Fjaler, er det slik at alle
skildrar personbilete – 4 skildrar portrettbilete og
1 skildrar gruppebilete. Dersom vi også ser på dei
nest fem stikkorda i posisjon 1 er det slik at det
niande mest nytta stikkordet er ”flyfoto” medan
dei fire andre er variantar av stikkordet ”gruppe”.
Sidan stikkorda nytta for å skildre portrett- og
gruppebilete er gjensidig ekskluderande, kan vi
gi eit minimumsoverslag over kor mange bilete
frå Fjaler som har personar som det viktigaste
motivelementet ved å summere tal bilete for
desse kategoriane. Vi finn då ut at minimum
1233 av totalt 2458 fotografi frå kommunen har
personar som sitt viktigaste motivelement. Det
er då også registert over 7800 avbilda personar i
fotomaterialet frå Fjaler.
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Fjaler
kommune bør det prioriterast å ordne
og digitalisere samlinga med flyfoto frå
Fjellanger Widerøe.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
A/S Jarl Skofabrikk 167 0 167
Solveig Åsnes 160 0 160
Fjellanger Widerøe 10 108 118
Johannes Falch 63 0 63
Magne Bjergene 60 0 60
Andre samlingar 1998 5 2003
Totalt 2458 113 2571
57
Som for fleire andre kommunar er det
personbileta som dominerer i fotomaterialet frå
Fjaler kommune. Til høgre ser vi eit portrett av
Marie Therine Hestenes frå ca. 1850 (Fotograf:
Ukjend), og over eit konfirmasjonsbilete av Ruth
Tundal teke i underkant av eitt hundreår seinare.
(Fotograf: Thora Nitter).
58
1430 Gaular
Samlingsoversyn
Tabell 33.
Kring halvparten av dei bevarte fotografia frå
Gaular er udigitalisert – nemleg den største
fotosamlinga frå kommunen som inneheld
fotografi etter fotograf Albert Fureli.
Samlingar i fotobasen
Dei fire største samlingane med fotomateriale
frå Gaular i fotobasen inneheld alle bilete
frå private familiealbum, med unntak av den
fylkeskommunale samlinga. Totalt inneheld
238 samlingar ca. 1870 bilete frå kommunen.
Samlingsstrukturen er altså slik at det er mange,
men små fotosamlingar bevart frå kommunen,
dersom vi ser spesifikt på materialet i fotobasen.
Dei bevarte samlingane er i all hovudsak resultat
av bygdebokarbeidet i Gaular. I motsetning til
andre bygdebokprosjekt som har samla alle
innlånte foto i ei ”bygdeboksamling” er materialet
her grundig registrert på dei enkelte eigarane.
Udigitaliserte samlingar
Samlinga etter fotograf Albert Fureli på kring 2000
bilete frå 1950-talet er uordna og udigitalisert.
Fureli skal ha jobba som fotograf på Sande i
Sunnfjord, men vi veit elles lite om han. Det
er ikkje registrert opplysningar om Fureli i
fotoregisteret.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Landskap 91
Slåttonn 81
Tun 74
PortrettU2 71
PortrettU 71
Tabell 34.
Tabellen over dei mest brukte stikkorda for å
skildre motiv indikerer at gardsbruka i Gaular
kommune, inkludert arbeid på gardane, er relativt
godt dokumentert i det bevarte fotomaterialet frå
kommunen.
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Gaular
kommune bør det prioriterast å ordne
samlinga etter fotograf Fureli.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Fotograf Albert Fureli 0 2000 2000
Hans Kleppe 71 0 71
Eva Vatle 69 0 69
Sogn og Fjordane fylkeskommune,
fylkeskommunal vassdragsplan
60 0 60
Eva Fidjestøl 47 0 47
Andre samlingar 1625 0 1625
Totalt 1872 2000 3872
59
Gardstunet på Eldal i Viksdalen fotografert kring
1920-1935. Fotograf: Ukjend.
60
1431 Jølster
Samlingsoversyn
Tabell 35.
Samlingar i fotobasen
Totalt inneheld 217 samlingar om lag 1900
bilete frå Jølster. Vi ser at tre av dei største
samlingane frå kommunen inneheld bilete etter
profesjonelle fotografar, sjå tabell 35. Alle desse
tre fotografsamlingane er udigitalisert.
Faktisk er heile 1327 av dei kring 1900
bileta frå Jølster i fotobasen udigitalisert. 560
bilete er publisert på Internett, dei resterande bileta
er ikkje publisert. Årsaka til dette skulle vere
klar – det store fleirtalet av upubliserte bilete er
ikkje digitalisert. Dei udigitaliserte bileta finst på
reprofilm.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
GruppeU 200
Landskap 136
Tun 66
Portrett 59
PortrettU2 56
Tabell 36.
Sentrale motiv i det bevarte fotomaterialet frå
Jølster kommune er person- og landskapsbilete.
Anbefalte prioriteringar
• For Jølster kommune er situasjonen slik at
kring 1300 av totalt 1900 bevarte fotografi
er udigitalisert. Det er allereie samla inn
og registrert biletopplysningar til desse
bileta, og opplysningane er importert inn
i fotobasen frå eldre registreringssystem.
Digitalisering av bileta er relativt fort
gjort, og ein får dermed på ein enkel og
effektiv måte vidareført det omfattande
arbeidet som allereie er gjort. Ein bør
difor prioritere digitalisering av desse
bileta. Digitalisering av bileta vil gi både
eksterne og interne brukarar betre tilgang
til det bevarte fotomaterialet frå Jølster
kommune.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Arne Sandnes 233 0 233
Fjellanger Widerøe 179 0 179
Knut A. Øygard (Fotograf Anton
Øygard, 1866-1965)
133 0 133
Reiakvam Foto A/S (Fotograf
Nicolai Berg, 1875-1955)
97 0 97
Eva Sandal Flaten (Fotograf
Tollef Sandal, 1866-1977)
85 0 85
Andre samlingar 1182 0 1182
Totalt 1909 0 1909
61
Vassenden, flyfoto frå 1961. Flyfotoa frå Jølster
kommune er digitalisert og det er registrert
innhaldsrike tekstar til bileta. Ein viktig del av
den nyare historia, mellom anna landskaps- og
busetnadsutvikling, til kommunen er dermed
dokumentert og bevart for ettertida. Fotograf:
Fjellanger Widerøe.
62
1432 Førde
Samlingsoversyn
Tabell 37.
Førde er blant dei kommunane vi har mest bevart
fotomateriale i frå, men per 2. august 2007
var berre ein liten brøkdel av dette materialet
digitalisert.
Samlingar i fotobasen
Tala i tabell 37 ovanfor skildrar statusen per 2.
august 2007. Då inneheldt totalt 87 samlingar i
fotodatabasen ca. 440 bilete frå Førde. Kring 150
av dei kring 440 bileta var udigitaliserte, og berre
244 av fotografia var publiserte på Internett. Sidan
den gong har tala foto frå Førde i fotobasen auka,
ettersom samlinga etter fotograf Olai Fauske er
påbegynt digitalisert (sjå nedanfor).
Udigitaliserte samlingar
Ei samling på 8000 bilete etter fotograf Olai
Fauske (1887-1943) vart i 2007 flytta frå
Sunnfjord Museum til fotomagasinet på Sandane.
Fauske jobba som fotograf i Førde i åra 1905-
1943, og skal også ha fotografert i Naustdal kring
1912. Størsteparten av produksjonen til Fauske er
prospektkort, og samlinga er såleis ei rik kjelde til
samfunnsutviklinga i Førde og omkringliggande
stader. Fauske-samlinga kan dessutan seiast å
vere ei sentral fotosamling nasjonalt: I etnologen
Oddlaug Reiakvam si doktoravhandling
Bilderøyndom Røyndomsbilde: Fotografi som
kulturelle tidsuttrykk (1997) er samlinga ei av
tre som dannar grunnlag for hennar analyse.
Reiakvam si doktoavhandling er ein sentral tekst i
den norske fotohistoriske forskingslitteraturen. Det
er prioritert å digitalisere heile samlinga.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
0 720
Postkort 98
Portrett 48
Flyfoto 19
Landskap 17
Tabell 38.
Dei uregistrerte bileta (motiv = ”0”) kjem i all
hovudsak frå Fauske-samlinga. Vi ser at tala for
dei andre motivtypane i tabellen er låge, noko
som reflekterer at Fylkesarkivet før oppstarten
av arbeidet med Fauske-samlinga hadde svært få
fotografi frå Førde registrert i fotobasen.
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Førde
kommune bør det prioriterast å fullføre
digitalisering av Fauske-samlinga.
• Det bør startast opp eit
dokumentasjonsprosjekt på Fauske-
samlinga i samarbeid med Sunnfjord
Museum (eigar av materialet) og Førde
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Fotograf Olai Fauske 0 8000 8000
Ivar Soleide 99 0 99
Johannes Hjelmeland 74 0 74
Arild Reppen / Fylkesarkivet 44 0 44
Johan Furstenberg Tveit 27 0 27
Andre samlingar 199 0 199
Totalt 443 8000 8443
63
historielag. Sunnfjord Museum bør som
eigar av materialet ha hovudansvar for å
utføre dokumentasjonsarbeidet. Museet
har i tillegg til bileta, også fotoutstyret
til Fauske (bakteppe, kamera, med meir).
Formidlingspotensialet er dermed stort
– både med tanke på fysiske utstillingar på
museet og Internettpresentasjonar.
Prospektkort med motiv frå Mo jordbruksskule,
kring 1920-30. Fotograf: Olai Fauske.
Fauske-samlinga inneheld også ein stor del
personbilete i tillegg til dei mange prospekta.
Fotograf: Olai Fauske.
64
1433 Naustdal
Samlingsoversyn
Tabell 39.
Som tabell 39 synleggjer er talet bevarte
kulturhistoriske fotografi frå Naustdal svært lågt.
Med unnatak av Helgaas-samlinga er alt bevart
fotomateriale digitalisert og registrert i fotobasen.
Samlingar i fotobasen
Den største samlinga med materiale frå Naustdal
kommune er samlinga etter fotograf Malvin Horne
(1904-1962), (sjå også 1401 Flora ovanfor).
Totalt inneheld 24 samlingar kring 600 bilete frå
Naustdal.
Udigitaliserte samlingar
Ei samling på 170 glasplater etter fotograf Ola/
Olav (?) Helgaas (?-?) er udigitalisert. Stikkprøver
tyder på at samlinga inneheld mykje portrett-
og bryllaupsbilete. Vi veit lite om Helgaas. I
fotoregistrene er følgjande alt som står: ”Petter
Eide ved Nordfjord Folkemuseum opplyser
at Helgaas drev endel som fotograf omkring
århundreskiftet” (http://www.nb.no/nmff/). Det er
eit behov for meir kunnskap om fotograf Helgaas.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Landskap 137
Portrett 100
PortrettU 57
PortrettU2 23
Flyfoto 23
Tabell 40.
Anbefalte prioriteringar
Naustdal kommune er blant dei fem kommunane i
fylket som vi har minst bevart fotomateriale frå, og
bør såleis prioriterast i arbeidet til fotoavdelinga:
• Ut frå reint geografiske kriterium kan ein
difor prioritere å digitalisere Helgaas-
samlinga, og slik gjere meir materiale frå
Naustdal tilgjengeleg for publikum. Som
ein del av arbeidet med Helgaas-samlinga,
bør det også prioriterast å utvikle kunnskap
om fotograf Helgaas.
• Det fotobevaringsarbeidet i Naustdal
kommune treng er likevel eit meir
omfattande løft. For Naustdal kommune
bør ein prioritere å kartleggje kva som
finst av fotomateriale (fotografsamlingar,
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Fotograf Malvin Horne 388 -12
388
Fotograf Ola/Olav (?) Helgaas 0 170 170
Naustdal Bibliotek 60 0 60
Sogn og Fjordane
fylkeskommune, fylkeskommunal
vassdragsplan
23 0 23
- 22 0 22
Andre samlingar 116 0 116
Totalt 609 170 779
12) Sjå tabell 3,
samlingsoversyn Flora
kommune.
65
fotosamlingar etter verksemder, private
album), og setje i gang med innsamling av
materiale.
Naustdal kommune er ein kommune vi har lite
bevart fotohistorisk materiale frå. Samlinga etter
fotografmeister Malvin N. Horne er den samlinga
som inneheld mest materiale frå kommunen. Her
ser vi eit bilete frå hundreårsjubileet for Vevring
kyrkje i 1950. Horne var fødd i Vevring. Fotograf:
Malvin N. Horne.
66
1438 Bremanger
Samlingsoversyn
Tabell 40.
Samlingar i fotobasen
Totalt inneheld 161 samlingar om lag 6300 foto
frå Bremanger. Bremanger kommune er dermed
blant dei tre kommunane i fylket som har flest
fotografi registrert i fotobasen og tilgjengeleggjort
på Internett.
Udigitaliserte samlingar
Ei uordna samling på 250 flyfoto etter Fjellanger
Widerøe er udigitalisert.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Portrett 611
Flyfoto 387
PortrettU2 320
PortrettU 279
GruppeU3 250
Tabell 41.
Som for fleire andre kommunar er personbilete
den dominerande motivtypen i materialet frå
Bremanger kommune. Det store talet personbilete
speglar at det i arbeidet med bygdeboka for
Bremanger vart samla inn ei stor mengde
personbilete. Det er registrert over 11 200 avbilda
personar i fotomaterialet frå Bremanger.
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Bremanger
kommune bør det prioriterast å ordne
og digitalisere dei kring 250 flyfotoa frå
Fjellanger Widerøe.
• Arbeidet med bygdeboksamlinga er heller
ikkje ferdig – her må det prioriterast å
fullføre registrering av biletopplysningar
til bileta, samt å kvalitetssikre desse
opplysningane. Bremanger kommune bør
ha ansvar for registreringsarbeidet, medan
Fylkesarkivet kvalitetssikrar arbeidet som
vert gjort.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Bremanger kommune, bygdebokarbeidet 2577 0 2577
Andreas Martin Riise 555 0 555
Telemark Flyselskap 373 0 373
Katarina J. Kjelkenes Jensen 297 0 297
Fjellanger Widerøe 0 250 250
Andre samlingar 2500 0 2500
Totalt 6302 250 6852
67
Ungdomslaget i Kalvåg på tur; eit av dei mange
personbileta som vart samla inn i samband
med bygdebokarbeidet i Bremanger kommune.
Fotograf: Ukjend.
68
1439 Vågsøy
Samlingsoversyn
Tabell 42.
Samlingar i fotobasen
Totalt inneheld 150 samlingar i underkant av 1850
bilete frå Vågsøy. Som vi ser i tabell 42 inneheld
dei enkelte samlingane i fotobasen relativt få
fotografi kvar.
Udigitaliserte samlingar
Den største fotosamlinga frå Vågsøy, ei samling
på kring 5000 bilete etter fotograf Henrik Hamre
(1921-), er udigitalisert. Bileta etter Hamre er
i hovudsak portrettbilete frå 1950-, 1960-, og
1970-talet. Materialet er uordna og ligg i gamle
konvoluttar. Det er gode opplysningar til bileta på
konvoluttane.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Portrett 184
PortrettU2 101
Portrett2 97
PortrettU 82
GruppeU3 75
Tabell 43.
Stikkord som skildrar personbilete dominerer
i posisjon 1 i motivlina også for fotomaterialet
frå Vågsøy. Statistikken speglar truleg både at
mengda personbilete er framtredande i materialet
frå Vågsøy, og det faktum at stikkorda som
skildrar personbilete er dei mest regelbundne,
eintydige og kategoriske stikkorda som vert nytta i
fotoregistreringa.
Anbefalte prioriteringar
• I fotobevaringsarbeidet for Vågsøy
kommune bør ein i første rekke prioritere
å reingjere, ordne og pakke om samlinga
etter fotograf Henrik Hamre. Reingjering,
ordning og ompakking er vesentleg
for bevaring av samlinga. Vidare bør
ein gjere eit utval frå samlinga, med
tanke på digitalisering, registrering og
tilgjengeleggjering.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Fotograf Henrik
Hamre
0 5000 5000
Roald Bøe 60 0 60
Odd Fellow 57 0 57
Vågsøy kommune 54 0 54
Johannes Refvik 50 0 50
Andre samlingar 1624 0 1624
Totalt 1845 5000 6845
69
Over: Frå ”Måløy-raidet” i 1941.
Fotograf: Ukjend.
Under: Kråkenes fyr under bygging, 1906.
Fotograf: Anders Folkestadås.
70
1441 Selje
Samlingsoversyn
Tabell 44.
Selje er den kommunen vi har absolutt færrast
fotografi frå.
Samlingar i fotobasen
Totalt inneheld 26 samlingar om lag 200 bilete frå
Selje.
Udigitalisert materiale
Ei samling flyfoto frå Selje etter selskapet Norfly
A/S er udigitalisert. Samlinga er frå 1950/60-talet
og inneheld kring 100 bilete.
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
0 54
Flyfoto 14
Krigsminne 9
Portrett 6
Landskap 6
Tabell 45.
Fotografia registert på stikkordet ”0” tilhøyrer
alle den største digitaliserte samlinga frå Selje
kommune, nemleg samlinga etter Ragnvald
Berge. Dei digitaliserte flyfotoa er frå den
fylkeskommunale samlinga med bilete tekne i
samband med fylkeskommunal vassdragsplan, sjå
tabell 44.
Anbefalte prioriteringar
Tabellane over sentrale motiv og samlingar i
fotobasen, syner at det er eit stort behov for å
samle inn kulturhistoriske foto frå Selje kommune.
Selje bør såleis vere ein prioritert kommune i
arbeidet til fotoavdelinga.
• Det bør gjennomførast ei aktiv kartlegging
og innsamling av fotomateriale frå
kommunen.
• Samlinga med flyfoto etter Norfly A/S bør
digitaliserast.
• Samlinga etter Ragnvald Berge, som per
i dag er den største digitaliserte samlinga
frå Selje, bør registrerast og publiserast på
Internett.
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Norfly A/S 0 100 100
Ragnvald Berge 54 0 54
Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon 52 0 52
Bernt Stokkevåg 42 0 42
Sogn og Fjordane fylkeskommune,
fylkeskommunal vassdragsplan
14 0 14
Andre samlingar 43 0 43
Totalt 205 100 305
71
Selje kommune er ein liten kommune, og
vi vil ikkje finne så mykje fotomateriale
her som i meir folkerike kommunar. Det
låge talet bilete frå kommunen talar
likevel sterkt om at fotobevaringsarbeidet
i kommunen sårt treng eit løft. Dei to
fotografia her er lånt inn frå ein privat eigar,
og eksemplifiserer kva som kan finnast gøymt i
private album rundt om i kommunen. Fotograf
biletet ovanfor: Ukjend. Under: Normann.
72
1443 Eid
Samlingsoversyn
Tabell 46.
Frå Eid kommune har vi bevart store samlingar
med fotografi etter profesjonelle fotografar. Dette
materialet er i all hovudsak udigitalisert, sjå
tabell 46.
Samlingar i fotobasen
Totalt inneheld 160 samlingar ca. 1950 bilete frå
Eid. Det er lite bevart fotomateriale frå private
heimar og fotoalbum frå Eid. Også hovuddelen
av det digitaliserte fotomaterialet er produsert av
profesjonelle fotografar. Materialet er hovudsakleg
frå perioden 1880-1939; perioden frå 1940 og fram
til i dag er dårleg dokumentert.
Udigitaliserte samlingar
Ei samling på kring 400 fotografi etter fotograf
Isak I. Hellebust (1868-1932) er digitalisert
og registrert i fotobasen, men den største av
samlingane etter fotograf Hellebust er som vi ser
av tabell 46 udigitalisert. Totalt omfattar denne
samlinga kring 4000 glasplatenegativ, hovudsakleg
portrett. Fotoavdelinga ønskjer å digitalisere,
registrere og gjere tilgjengeleg også desse 4000
fotografia, men ressurssituasjonen har så langt
ikkje gjort dette mogleg. Hellebust var aktiv som
fotograf både på Nordfjordeid og i Selje i perioden
1895-1932, og digitalisering av materialet kan
såleis også innebere eit løft for Selje kommune.
Likeins er samlinga etter dei tre
fotografane Bakke, langt større enn dei 183 bileta
som er digitalisert. Truleg omfattar samlinga kring
20 000 fotografi frå perioden 1920-2000. Samlinga
inneheld først og fremst portrett- og gruppebilete.
Det er ikkje prioritert å digitalisere fleire bilete
enn utvalet som allereie er digitalisert, men alt
materialet bør av bevaringsomsyn reingjerast,
ordnast og pakkast om. Det digitaliserte utvalet
skal registrerast, men konkrete planar for utføring
av dette dokumentasjonsarbeidet er per i dag ikkje
på plass.
Samlinga etter fotograf Sivert Sefland
(1839-1972) omfattar ca. 6700 fotografi, og er
i sin heilskap udigitalisert. Sefland var aktiv
som fotograf både i Måløy (1910-26) og på
Nordfjordeid (1930-64), samt i Ålesund (1939-
1940). Samlinga etter Sefland er på nitratfilm,
og det er, ut frå tryggleiks- og bevaringsomsyn,
prioritert å digitalisere og fryse ned samlinga.
Digitalisering og nedfrysing kan anten bli gjort på
fotoavdelinga på Sandane, under føresetnad at det
vert kjøpt fryseskåp til oppbevaring av samlinga,
eller av Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Som
eit tredje alternativ kan Fylkesarkivet digitalisere
materialet før deponering i Mo.
Ei samling på kring 1100 bilete på
reprofilm produsert av Lars R. Lunde på Eid er
Arkivskapar Tal foto i
fotobasen
Tal udigitaliserte
deponerte foto
Totalt
Fotografane Bakke 183 19 817 20 000
Fotograf Sivert Sefland 0 6700 6700
Fotograf Isak I. Hellebust
(portrettsamlinga)
0 4000 4000
Fotograf Lars R. Lunde (reprofilmsamlinga) 0 1100 1100
Hans C. Wennevold 0 1000 1000
Andre samlingar 1763 375 2138
Totalt 1946 32 992 34 938
73
også udigitalisert. Lunde dreiv som fotograf på
1970- og delar av 1980-talet, og bygde også opp
ei omfattande samling med historisk fotomateriale
frå Nordfjordområdet. Lunde si samling, som
han seinare deponerte på Nordfjord museum
i samband med oppretting av Fylkesarkivet
si fotoverneteneste der, er kjent som Eid
fotohistoriske arkiv. Reprosamlinga på kring 1100
bilete er del av Lunde si samling. Opplysningar til
reprosamlinga er registrert i den gamle fotobasen
(Dataflex) som Fylkesarkivet nytta tidlegare.
Biletopplysningane bør importerast frå Dataflex,
og ein bør pakke om repronegativa i syrefri
emballasje. Digitalisering er ikkje prioritert.
Etter lege og hobbyfotograf Hans C.
Wennevold frå Eid har vi ei samling på kring
1000 fotografi. Materialet er frå 1920/30/40-
talet, og omfattar både bilete som Wennevold har
teke sjølv og dias som han har kjøpt i utlandet.
Spennet i motiv er stort: Frå bilete av pasientar
til landskaps- og portrettbilete. Det vil berre vere
Fotograf Isak I. Hellebust fotograferte mellom
anna militæraktivitetane på Nordfjordeid.
Fotograf: Isak I. Hellebust.
aktuelt å digitalisere og publisere ein liten del av
dette materialet både ut av personvernomsyn og ut
av prioriteringar grunna i utvalskriteria våre.
Når det gjeld udigitaliserte fotosamlingar
frå Eid, har vi også ei samling på kring 100 bilete
med ulike opphavsfotografar (arkivskapar Geir
Lefdal), der berre 7 bilete få langt er digitalisert. I
tillegg kjem ei mindre samling glasplater (50 stk)
etter fotograf Ole Hansson Bjørlo (1873-1957) frå
Nordfjordeid. Også samlinga etter fotograf Knut K.
Leivdal (1904-?) er udigitalisert. Det er knytt lite
dokumentasjon til denne sistnemnte samlinga, som
inneheld 232 bilete på nitratfilm. Nitratfilm krev
som tidlegare nemnt særskilt handsaming. Fotoa er
frå perioden 1920-1940.
74
Sentrale motiv
Motiv Tal bilete
Portrett 604
0 191
Portrett2 123
Militære 85
GruppeU100 51
Tabell 47.
Dei uregistrerte bileta (stikkord ”0”)
kjem hovudsakeleg frå samlinga
etter fotografane Bakke.
Personbilete er elles eit
dominerande motiv i fotomaterialet
frå Eid kommune, og vi ser at
også dei militære aktivitetane på
Nordfjordeid er dokumentert i det
bevarte fotomaterialet.
Anbefalte prioriteringar
Fylkesarkivet har heile 8 samlingar,
eller kring 33 000 udigitaliserte
fotografi, frå Eid kommune deponert
i fotomagasina på Sandane. I
fotobevaringsarbeidet bør det
prioriterast å:
• Digitalisere og registrere
biletopplysningar til
samlingane Hellebust og
Sefland. Fylkesarkivet
bør søke samarbeid
med eksterne partnarar
når det gjeld finansiering og praktisk
gjennomføring av arbeidet med desse to
samlingane. Digitalisering og registrering
av opplysningar til samlingane vil krevje
ein vesentleg arbeidstidsressurs utover
dagens kapasitet ved fotoavdelinga.
• Ein bør vurdere å kjøpe inn fryseskåp for
sikker oppbevaring av Sefland-samlinga og
andre nitratfilmsamlingar.
Sjølvportrett av fotograf Sivert Sefland (1839-
1972). Fotograf: Sivert Sefland.
75
I samlinga etter fotografane Bakke på Eid finn vi
desse to damene. Fotograf: Bakke.
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon
Eksponert_REDUSERT_versjon

More Related Content

Featured

2024 State of Marketing Report – by Hubspot
2024 State of Marketing Report – by Hubspot2024 State of Marketing Report – by Hubspot
2024 State of Marketing Report – by HubspotMarius Sescu
 
Everything You Need To Know About ChatGPT
Everything You Need To Know About ChatGPTEverything You Need To Know About ChatGPT
Everything You Need To Know About ChatGPTExpeed Software
 
Product Design Trends in 2024 | Teenage Engineerings
Product Design Trends in 2024 | Teenage EngineeringsProduct Design Trends in 2024 | Teenage Engineerings
Product Design Trends in 2024 | Teenage EngineeringsPixeldarts
 
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental HealthHow Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental HealthThinkNow
 
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdfAI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdfmarketingartwork
 
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024Neil Kimberley
 
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)contently
 
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024Albert Qian
 
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsKurio // The Social Media Age(ncy)
 
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Search Engine Journal
 
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summarySpeakerHub
 
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd Clark Boyd
 
Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Tessa Mero
 
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentGoogle's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentLily Ray
 
Time Management & Productivity - Best Practices
Time Management & Productivity -  Best PracticesTime Management & Productivity -  Best Practices
Time Management & Productivity - Best PracticesVit Horky
 
The six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementThe six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementMindGenius
 
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...RachelPearson36
 

Featured (20)

2024 State of Marketing Report – by Hubspot
2024 State of Marketing Report – by Hubspot2024 State of Marketing Report – by Hubspot
2024 State of Marketing Report – by Hubspot
 
Everything You Need To Know About ChatGPT
Everything You Need To Know About ChatGPTEverything You Need To Know About ChatGPT
Everything You Need To Know About ChatGPT
 
Product Design Trends in 2024 | Teenage Engineerings
Product Design Trends in 2024 | Teenage EngineeringsProduct Design Trends in 2024 | Teenage Engineerings
Product Design Trends in 2024 | Teenage Engineerings
 
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental HealthHow Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
How Race, Age and Gender Shape Attitudes Towards Mental Health
 
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdfAI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
 
Skeleton Culture Code
Skeleton Culture CodeSkeleton Culture Code
Skeleton Culture Code
 
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
 
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
 
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
 
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
 
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
 
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
 
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
 
Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next
 
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentGoogle's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
 
How to have difficult conversations
How to have difficult conversations How to have difficult conversations
How to have difficult conversations
 
Introduction to Data Science
Introduction to Data ScienceIntroduction to Data Science
Introduction to Data Science
 
Time Management & Productivity - Best Practices
Time Management & Productivity -  Best PracticesTime Management & Productivity -  Best Practices
Time Management & Productivity - Best Practices
 
The six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementThe six step guide to practical project management
The six step guide to practical project management
 
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
 

Eksponert_REDUSERT_versjon

  • 2. 2 Den digitale teknologien gir store muligheiter når det gjeld nettbasert tilgjengeleggjering og formidling av kulturhistorisk fotografi. Fylkesarkivet var tidleg ute med å utnytte desse muligheitene, men også vi har store utfordringar i fotobevaringsarbeidet. Utfordringane er både knytt til: (1) Fotovern (her i tydinga innsamling, ordning, konservering) av dei store mengdene potensielt bevaringsverdige fotografi frå og i fylket; (2) Nettbasert tilgjengleggjering og formidling av fotosamlingane vi forvaltar på vegne av fellesskapet og komande generasjonar. • 89 % av det originale fotomaterialet deponert på magasin er udigitalisert og uregistrert. Dermed er det også utilgjengeleg for ålmenta. • Kring 32 % av fotografia lasta opp i fotobasen er uregistrert og dermed lite tilgjengleg for publikum. • I tillegg kjem ukjente, men truleg store, mengder potensielt bevaringsverdige fotografi hos ulike private og offentlege eigarar som bør kartleggjast og bevarast for ettertida. Utfordringa knytt til mengde er formidabel. Eit viktig aspekt ved fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane har vore og er utviklingsoppgåver: Fylkesarkivet nyttar ein eigenutvikla fotobase til registrering og nettbasert tilgjengeleggjering av samlingane vi forvaltar. I denne rapporten vert det peikt på behov for vidareutvikling av dagens database både når det gjeld registreringsløysingar og betre søke- og brukartenester. Formidling er meir enn tilgjengeleggjering og heng nøye saman med kunnskapsutvikling og forsking. Kunnskapsutvikling om og formidling av kulturhistorisk fotografi i Sogn og Fjordane har lenge vore eit neglisjert område. Systematisk og forskingsbasert kunnskap om den regionale fotohistoria manglar, og kunnskap om historiske fotografar frå og i Sogn og Fjordane har i liten grad blitt formidla til publikum. Rapporten peikar på at systematisk kunnskap om den regionale fotohistoria er ein føresetnad for å kunne prioritere arbeidsinnsatsen innafor eit fagfelt der mengde er den største utfordringa. Det vert også peika på behovet for nettbasert formidling av den regionale fotohistoria. For å møte både utfordringane og muligheitene fotobevaringsarbeidet står ovanfor, vil det viktigaste enkelttiltaket vere ein auka ressurstilførsel til fagfeltet foto ved Fylkesarkivet. Den auka ressurstilførselen må sjåast i samanheng med både mengdeproblematikken og behovet for utviklingsarbeid, men er også sentralt knytt til behovet for ei profesjonalisering av fagfeltet. Fotobevaringsarbeidet fordrar fagkunnskap på eit høgare nivå innafor to vidt forskjellige fagfelt – fototeknikk og kulturhistorie. Kompetanse på fototeknikk finst allereie i dagens organisasjon. Kulturhistorisk kompetanse på eit høgare nivå bør tilførast. Samandrag Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon: 57 65 61 00 Faks: 57 65 61 01 Epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no Framside: Utsnitt av negativsamlinga etter fotograf Hamre frå Vågsøy. Fotograf: Arild Reppen. ISBN 978-82-92211-09-0 © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 2008.
  • 3. 3 Innhald Føreord 4 1. Innleiing 5 2. Datagrunnlag og metodiske vurderingar 7 3. Fototenester på Internett 10 Kort om registrering 10 Søketenester 10 Brukarkommentarar 19 Handlekorga 21 Andre nettstader 22 4. Fotosamlingane: Status og prioriteringar i eit kommuneperspektiv 24 1400 Sogn og Fjordane 24 1401 Flora 27 1411 Gulen 30 1412 Solund 32 1413 Hyllestad 34 1416 Høyanger 36 1417 Vik 38 1418 Balestrand 40 1419 Leikanger 42 1420 Sogndal 44 1421 Aurland 46 1422 Lærdal 48 1424 Årdal 50 1426 Luster 52 1428 Askvoll 54 1429 Fjaler 56 1430 Gaular 58 1431 Jølster 60 1432 Førde 62 1433 Naustdal 64 1438 Bremanger 66 1439 Vågsøy 68 1441 Selje 70 1443 Eid 72 1444 Hornindal 76 1445 Gloppen 78 1449 Stryn 80 5. Oppsummering: Status og utfordringar i fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane 84 Status – sentrale nøkkeltal 84 Planstyrt arbeid 84 Kvar skal vi starte? – konkrete bevaringsmessige prioriteringar 88 Registrering – ein føresetnad for tilgang 90 Formidling – meir enn tilgjengeleggjering 94 Profesjonalisering og regionale fellestenester 99 Litteraturliste 102 Vedlegg 103
  • 4. 4 Denne rapporten er ein gjennomgang av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sine fotosamlingar og fototenester. Vi har lenge hatt ønskje om å ha ein slik grundig gjennomgang av fotodatabasen og samlingane våre. Vi meiner det er viktig å ha eit kritisk blikk på eiga verksemd, og prøve å sjå framover for å gjere innsatsen enda meir målretta, og forbetre alle sider ved arbeidet. Det er hovudtanken bak denne rapporten. Elin Østevik, som har vore tilsett som fotoarkivar på Fylkesarkivet, har analysert talmaterialet og skrive rapporten. Elin har utført eit viktig arbeid, med analytisk tilnærming, stor entusiasme og fagleg grundigheit. No er altså tida mogen for å gjere opp status og sjå framover: Kva er samla inn? Korleis er samlingane fordelt geografisk, tematisk og kronologisk? Og ikkje minst: Kva er det som manglar, og kor skal vi setje inn innsatsen i åra framover? Fotoarbeid er ei krevjande oppgåve. Det krevst målretta og metodisk innsats over mange år. Og ikkje minst er det ressurskrevjande. Denne rapporten syner kva som er gjort, og peikar på naudsynte prioriteringar for åra som kjem. Det er viktig at vi framleis har ambisjonar innan fotovernet i fylket. Historiske foto skaper unike band til fortida. Bileta talar til oss, unge og gamle. Som formidlingsverktøy innan kulturfeltet er foto uvurderleg. Nettbasert tilgjengeleggjering av fotosamlingane er eitt av kjennemerka ved fotoarbeidet i Sogn og Fjordane. Det inneber særlege utfordringar knytt til digitalisering, tenesteutvikling og formidling. Dei siste års fokus på digitalisering og brukartenester, og ikkje minst publikums forventningar, gjer arbeidet med fotovern mykje meir ressurskrevjande enn det har vore tidlegare. Skal vi kunne vi forbetre innsatsen på fagfeltet og utvikle gode fototenester i åra som kjem, er det heilt naudsynt med større ressursar. Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar Eit arbeid som dette er aldri berre innsatsen til ein person: Eg vil takke Snorre Øverbø og Arild Reppen for gode innspel og diskusjonar undervegs i arbeidet. Arild skal dessutan ha ei stor takk for å ha skrive avsnittet ”Levetid og prioriteringar” i kapittel 5. Elin Østevik Fotoarkivar Leikanger, 08.09.2008 Føreord
  • 5. 5 Fylkesarkivet si fotovernteneste har som føremål å bevare og tilgjengeleggjere kulturhistoriske fotografi frå Sogn og Fjordane. Etter 22 år med aktivitet er tida moden for ein systematisk gjennomgang av samlingane våre – digitale som analoge. Rapporten søkjer å finne status for det som er gjort og å avdekke utfordringar for det vidare arbeidet. Arbeidsmetodar og teknologi har endra seg mykje sidan starten i 1986. Biletopplysningar har vorte registrert i ulike databasesystem, og seinare importert inn i det per tida nyaste systemet. Likeeins vart fotografia tidlegare reprodusert på film, medan ein i dag nyttar digital reproteknologi. Samstundes har også stillingsressursane tilknytt fotobevaringsarbeidet variert i denne perioden. I periodar med ekstra løyvingar til kortare engasjement eller prosjektstillingar har ein kunna jobbe intensivt med innsamlings- og registreringsarbeid, og/eller gi digitaliseringsarbeidet eit ekstra løft, i tillegg til å handsame dei mange førespurnadane og tingingane fotoavdelinga får frå publikum. Etter 22 år med aktivitet er tida no altså moden for ein systematisk gjennomgang av samlingane våre: Kor mange bilete har vi, og korleis fordeler dei seg på tema/motiv, datering og geografiske lokalitetar? Kor mange av bileta er digitaliserte og publiserte på Internett, og kva er omfanget av udigitalisert materiale deponert på fotomagasinet? Kan ein identifisere klare ”hol” (tematiske, geografiske eller dateringsmessige) i det bevarte materialet? Hovudføremålet med denne rapporten er nettopp å analysere kva vi har av fotohistorisk materiale frå fylket vårt, og med utgangspunkt i denne analysen gi peikarar fram mot kva tema, kommunar, samlingar og materialtypar som bør prioriterast i innsamlingsarbeidet og samlingsforvaltninga. Først med ei detaljert oversikt over kva vi har og ikkje har av bevart fotomateriale er det mogleg å gjere velfunderte prioriteringar innafor eit arbeidsfelt der dei enorme mengdene potensielt bevaringsverdige fotografi er den største utfordringa vi står ovanfor. Samstundes har det vore eit ønske å synleggjere også andre svært viktige utfordringar i fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane; først og fremst utfordringar knytt til kunnskap om og formidling av fotosoga til Sogn og Fjordane og utfordringar knytt til vidareutvikling av databasetenestene våre – både når det gjeld registrerings- og formidlingsløysingar. Det er likevel fotosamlingane Fylkesarkivet forvaltar som står i hovudfokus i rapporten. Utfordringar knytt til fotohistorisk kunnskap, formidling og databasetenester veks ut frå det innhaldet vi forvaltar på vegne av ålmenta og komande generasjonar. Rapporten er dermed organisert som følgjer: Kapittel 2 inneheld ein kort gjennomgang av metodiske avvegingar som har vore styrande for arbeidet, samt informasjon om datagrunnlaget rapporten er basert på. Kapittel 3 gir ein kort presentasjon av dei nettbaserte fototenestene Fylkesarkivet tilbyr, det vere seg både ulike søkefunksjonar og andre brukartenester. Fototenestene som vert presentert her er grunnlag for dei vidareutviklingane som vert føreslått i kapittel 5. Kapittel 4 inneheld ein systematisk gjennomgang av fotosamlingane Fylkesarkivet forvaltar. Kapittelet er organisert etter kommune, ettersom geografisk representativitet har vore eit viktig prinsipp i fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane. For kvar kommune vert det presentert sentrale data om fotografi registrert i fotobasen, motiv og udigitalisert originalmateriale deponert på magasin. Kvar kommunedel vert avslutta med eit avsnitt om anbefalte prioriteringar for fotobevaringsarbeidet i den gjeldande kommunen. 1. Innleiing
  • 6. 6 Kapittel 5 vert innleia med ei oppsummering av hovudtrekka frå kapittel fire, før dei overgripande utfordringane som kan identifiserast i fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane både når det gjeld utvalskriterium, innsamling, konservering, digitalisering, registrering, formidling, kunnskapsutvikling/ forsking og databaseutvikling vert presentert. Det er eit misforhold mellom utfordringar og ressursane som er avsett til fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane.
  • 7. 7 Analysen i denne rapporten er i all hovudsak basert på metadata eksportert frå fotobasen 2. august 2007. Dataeksporten vart handsama og analysert i Access og Excel. I tillegg er opplysningar om udigitalisert originalmateriale deponert på magasin nytta i arbeidet. I det følgjande vil eg gi ei kort orientering om metodiske vurderingar og datagrunnlaget for rapporten. Metodiske vurderingar I fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane har det blitt lagt stor vekt på geografisk representativitet. Det har vore, og er, ei sentral målsetjing å ta vare på kulturhistorisk fotografi frå alle kommunar i fylket. Bevaringsprosjekt vert ofte utført med kommunane som sentrale partnarar, både når det gjeld finansiering av arbeidet og praktisk gjennomføring av dokumentasjonsarbeidet (innsamling og registrering av biletopplysningar). Eg har difor valt å analysere og organisere informasjonen om fotosamlingane Fylkesarkivet forvaltar ut frå eit kommuneperspektiv (kapittel 4). For kvar kommune har eg sett på følgjande nøkkeltal: i) Det totale talet fotografi frå kommunen i fotobasen, samt storleiken på og arkivskaparane bak dei fem største samlingane med materiale frå kommunen. ii) Udigitalisert deponert originalmateriale frå kommunen. iii) Dei fem mest nytta stikkorda nytta for å skildre motivinnhald1 i fotografia frå kommunen. Sett i samanheng vil desse tre faktorane kunne seie noko om samlingsstrukturen i kvar enkelt kommune og synleggjere potensielle innsatsområde i det framtidige fotobevaringsarbeidet – både på kommune- og fylkesnivå. I tillegg er utfyllande motivstatistikkar inkludert som vedlegg til rapporten (sjå vedlegg 1). Motivstatistikkane i vedlegget er laga med utgangspunktet i utvalskriteria våre, (sjå vedlegg 2). Grunngjevinga for dette valet er at eit vesentleg poeng med ein rapport som denne er å få fram kva vi har og ikkje har av motivtypar vi ut frå utvalskriteria har ei målsetjing om å bevare. Utvalskriteria våre vart utarbeidde på 1990-talet, og har sidan vore styrande for innsamlingsarbeidet ved fotoavdelinga. Lista er delt i to hovudkategoriar ”(A) Frå arbeidsliv og samfunnsliv” og ”(B) Portrett, familiebilete, andre gruppebilete”, som båe har fleire underkategoriar. Med utgangspunkt i lista over utvalskriterium har eg identifisert følgjande motiv som sentrale: • landskap (A1) • bygningar (A2) • tettstad og busetnad (A2) • fabrikk (A3) • veg (A4, A5, A9) • båt (A4, A6, A8) • støl (A5, A7) • naust (A2, A6) • 17.mai (A7) • julefeiring (A7) • livssyklusritual (A8) • skule (A13, A8) • personbilete (B1, B3, B2, B5) Statistikk over desse motivområda finn lesaren i vedlegg 1.2 2. Datagrunnlag og metodiske vurderingar 1) Gjeld stikkord i posisjon 1 i motivfeltet. Posisjon 1 vil seie stikkordet heilt til venstre i motivfeltet. Stikkorda vert registrert i tråd med ein logikk der det viktigaste stikkordet skal stå lengst til venstre, deretter det nest viktigaste, osb. 2) Statistikkane i vedlegget er laga utan å ta omsyn til kvar i motivfeltet stikkordet står.
  • 8. 8 Merk at det er ein etablert praksis å nytte stikkorda ”portrett” (maks to avbilda personar) og ”gruppe” (tre eller fleire avbilda personar) om personbilete. I tillegg vert markøren ”U” nytta for å signalisere at biletet er teke utandørs, medan ein nyttar tal for å signalisere kor mange avbilda personar som er på biletet. Til dømes er då ”portrett2” eit portrett av to personar utandørs, medan ”gruppe30” er eit gruppebilete av 30 personar innandørs. Denne motivstatistikken har i mindre grad blitt trekt inn i analysen i kapittel 4, på grunn av vanskar med å trekke klare slutningar frå dette grunnlagsmaterialet all den tid motivfeltet i fotobasen er eit fritekstfelt. Dette poenget vert utdjupa nærare i kapittel 5. Om talmaterialet frå fotobasen Fotografia i fotobasen kan vere meir eller mindre utfyllande registrert. Talmaterialet som vert presentert, gjeld såleis alltid berre dei fotografia som det er registrert informasjon til i det aktuelle feltet i fotobasen. Til dømes vil fotografi som enno ikkje er daterte (registrert på til dømes år ”0” i dateringsfelta), bli haldt utanfor all statistikk der datering er eit av analysekriteria, medan fotografi som enno ikkje er registrert på kommunenummer (verdi ”0” i feltet for kommunenummer) vil bli halde utanfor all statistikk der kommune er eit av analysekriteria. Variasjonen i kva metadata som er registrert til dei enkelte fotografia, er bakgrunnen for dei i nokre tilfelle relativt store forskjellane i tal fotografi frå einskilde kommunar i dei ulike statistiske diagramma. Til dømes syner figur 10 i vedlegg 1 at det er over 8000 fotografi frå Høyanger registrert i fotobasen, medan figur 11, der også datering er ein faktor, berre gir kring 3500 fotografi frå Høyanger. Altså er vel 4500 av fotografia frå Høyanger førebels udaterte. Lesaren må også vere merksam på at ikkje alle biletpostane i fotobasen har digital biletfil tilknytt. For nokre kommunar er det slik at store delar av fotomaterialet som er registrert i fotobasen berre finst analogt/på reprofilm. Som oftast vil biletpostar utan digital biletfil tilknytt, ikkje vere publisert på Internett, slik at tal bilete brukarar kan søke fram frå ein gitt kommune på Internett og tal bilete som vert presentert i denne rapporten, vil avvike frå kvarandre. Udigitalisert originalmateriale Hovudvekta av fotosamlingane Fylkesarkivet forvaltar er ikkje digitalisert og registrert i fotobasen. Tal fotografi i desse samlingane, presentert i kapittel 4, vedlegg 1 og vedlegg 3, må oppfattast som overslag. Når det gjeld udigitaliserte samlingar utan klar kommunetilknyting, vert desse presentert under kommunenummer 1400 Sogn og Fjordane.
  • 9. 9 Landskap frå Bygstad. Fotograf: Ukjend.
  • 10. 10 Eit viktig prinsipp i fotobevaringsarbeidet i Sogn og Fjordane er å gi publikum nettbasert tilgang til dei kulturhistoriske fotografia vi forvaltar. I det følgjande vil eg gi ein kort presentasjon av dei ulike søkeinngangane og brukartenestene knytt til fotobasen. Presentasjonen her vil peike fram mot kapittel 5, der vidareutviklingar av dagens databasetenester vert drøfta. Kort om registrering Digitalisering og elektronisk registrering av biletopplysningar til fotografia er ein føresetnad for å kunne gi nettbasert tilgang. For kvart fotografi vert omfattande opplysningar om mellom anna stad, datering, motiv og fotograf registrert i tillegg til ein utfyllande bilettekst (fig. 1). Namn på avbilda personar vert i tillegg registrert i ein eigen tabell i registreringsskjemaet for foto (fig. 2). Det er denne tabellen som ligg til grunn for søketenesta ”søk i avbilda personar” (sjå nedanfor). Søketenester Per 2. august 2007 var nær 79 000 fotografi frå Fylkesarkivet og musea i Sogn og Fjordane registrert i fotobasen – kring 59 000 av desse fotografia var publisert på Internett (sjå vedlegg 1). Brukarane har tre hovudinngangar inn i dei digitaliserte og publiserte delane av fotosamlingane: 1) Søk i fotoarkiv; 2) Søk i flyfoto; og 3) Søk i avbilda personar. I tillegg kjem 3. Fototenester på internett Fig. 1. Registreringsskjema for foto.
  • 11. 11 Fig. 2. Tabell for registrering av avbilda personar. Fig. 3. (Under). Brukarar har tre hovudinngangar til dei digitaliserte og publiserte delane av fotosamlingane: 1) Søk i fotoarkiv; 2) Søk i flyfoto; og 3) Søk etter avbilda personar.
  • 12. 12 ABM-samsøk, som er ei nyutvikla søketeneste, der brukarane kan søke på tvers av ulike former for kulturhistorisk kjeldemateriale (foto, kommunale arkiv, stadnamn, musikk osb). Søk i fotoarkiv ”Søk i fotoarkiv” kan seiast å vere den viktigaste søkeinngangen til det kulturhistoriske fotomaterialet på Internett. Brukarane kan ved å velje dette alternativet gå vidare å velje mellom eit enkelt eller eit avansert søk. Ved å velje enkelt søk kan brukarane søke fram bileta etter kommune og/ eller gardsnummer, og dei kan skrive søkeomgrep i eit fritekstfelt (fig. 4). Ved å velje avansert søk kan brukarane søke fram fotografia dei er på jakt etter ved å kombinere ei rekkje ulike kriterium, mellom anna datering, stad, motiv, omtale og fotograf (fig. 5). For engelskspråkelege brukarar finst eit søkeskjema på engelsk som er ein mellomting mellom enkelt og avansert søk (fig. 6). Innhalds- data finst framleis berre på norsk, men med eit søkeskjema på engelsk vert det likevel lettare for dei engelskspråklege brukarane å søke i materialet. Anten brukarane vel enkelt søk, avansert søk eller den engelskspråklege versjonen av søkeskjemaet, kan ho/han velje å få presentert søkeresultatet anten som liste (fig. 7), album (fig. 8) eller fotoark (fig. 9). Fig. 4. Søkebilete for enkelt søk.
  • 13. 13 Fig. 5. Søkebilete for avansert søk. Fig. 6. (Under). Engelskspråkleg søkeskjema.
  • 14. 14 Fig. 8. (Under). Søkeresultat presentert som album. Fig. 7. Søke- resultat presentert som liste.
  • 15. 15 Fig. 9. Søke- resultat presentert som fotoark. Fig. 10. (Under). Fotoarkvisning av flyfoto frå Gloppen kommune.
  • 16. 16 Søk i flyfoto Denne søkeinngangen gir tilgang til flyfoto som er gjort tilgjengeleg for publikum i samarbeid med Johan Ottesen. Johan Ottesen driv Historisk fotoarkiv og forlag, og eig originalane og rettane til bileta som er tilgjengeleg i denne søketenesta. Per i dag er flyfoto teke av Telemark flyfoto på 1950- talet frå kommunane Balestrand, Sogndal, Gloppen og Flora gjort tilgjengeleg her (fig. 10).. Søk i avbilda personar Store delar av det bevarte fotomateriale frå Sogn og Fjordane er personbilete. Gjennom søkeinngangen ”søk i avbilda personar” får brukaren ein enkel inngang til alle desse personbileta (fig. 11). Per 2. august 2007 var det registert nær 121 800 avbilda personar i fotobasen. Fig. 11. Brukarar kan søke fram avbilda personar ved søke på førenamn og/eller etternamn.
  • 17. 17 Fig. 13. (Under). Namn på avbilda personar står i utheva skrift nedst på visninga av enkeltbilete: Brukarane kan ved å klikke på eit gitt namn, få fram ei treffliste over alle bileta akkurat denne personen er avbilda på. Fig. 12. Treffliste for søk på avbilda personar, frå venstre: Fotonummer, etternamn og førenamn.
  • 18. 18 Fig. 14. Søkeskjema ABM-samsøk. Fig. 15. (Under). Treffliste ABM- samsøk.
  • 19. 19 ABM-samsøk Søketenesta ABM-samsøk vart utvikla i samband med prosjektet ”Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling i Sogn og Fjordane” (fig. 14). Ved å søke i ABM-samsøk kan brukarane søke i fleire databasar samstundes, og få treff på ei rekke ulike typar kulturhistorisk kjeldemateriale (fig. 15). Brukarkommentarar Brukarane av fotobasen har ikkje berre høve til å sjå på bileta og lese opplysningane som er registrert til dei, dei kan også sjølv leggje inn utfyllande opplysningar til bileta i eit eige brukarkommentarfelt (fig. 16). Brukarane kan gjennom å vere aktive bidragsytarar slik sjølv vere med på å berike dei bevarte samlingane av kulturhistoriske fotografi frå fylket. Desse brukarkommentarane er ikkje berre ein ressurs for brukarane sjølve, men også for fotoarkivarane og lokale samarbeidspartnarar i dokumentasjonsprosjekt. I samband med digitalisering av og eit planlagt dokumentasjonsprosjekt for samlingane Døsen og Brathole (sjå kapittel 4, avsnittet 1426 Luster), vart båe samlingane publisert på Internett før vi hadde fått samla inn og registrert utfyllande opplysningar til bileta. Lokalt i Luster var det stor interesse for desse to samlingane, og vi fekk inn fleire brukarkommentarar til bileta. Desse brukarkommentarane innehaldt mange opplysningar som dei lokale samarbeidspartnarane Fig. 16. For å leggje inn brukarkommentarar til bileta i fotobasen må brukarane også opplyse om namn, adresse og e-post.
  • 20. 20 fekk god nytte av i arbeidet med å samle inn og registrere opplysningar til bileta. Faktisk vart også Kari Johanna Yttri, som på frivillig basis tok seg av den elektroniske registreringa av biletopplysningar til desse to samlingane, rekruttert av fotoarkivarane på grunnlag av at ho hadde lagt inn mange og gode brukarkommentarar til dei gjeldande samlingane. Brukarkommentartenesta er såleis eit viktig kontaktpunkt mellom fotoarkivarane og brukarane, og ein ressurs i arbeidet ved fotoavdelinga. Fig. 17. Brukar- kommentarane vert publisert under den ”offisielle” kvalitetssikra biletteksten. Også namn på brukaren som har lagt inn kommentaren og datoen kommentaren vart lagt inn er synleg.
  • 21. 21 Fig. 18. Handlekorga. Handlekorga Sist men ikkje minst tilbyr Fylkesarkivet brukarane våre å tinge kopiar av bileta ved å nytte handlekorgfunksjonen på heimesidene våre (fig. 18). Fylkesarkivet leverer bilete til ei heil rekke ulike formål: Forsking, lokalhistoriske publikasjonar, utstillingar, kalendrar, dekor i private heimar osb. Diverre er det slik at systemet ikkje har loggført tingingar sidan midten av 2001 og det er difor ikkje mogleg å få ut data om sal av fotografi over Internett for dei siste 7 åra. Denne systemfeilen vart retta opp i juli 2008. Det som i alle høve er sikkert er at foto er det fagområdet ved arkivet som får flest førespurnader frå publikum, og at sal av fotografi utgjer ein vesentleg del av den totale mengda førespurnader som fagområdet får.
  • 22. 22 Andre nettstader Fylkesarkivet gjer ikkje berre kulturhistoriske fotografi tilgjengeleg på eigen nettstad, men er også ein ressurs for andre fylkeskommunale nettstader som til dømes skulestova.no og fylkesatlas.no (fig. 19). Fotografia er, saman med andre søketenester frå ABM-sektoren, også tilgjenglege via portalen kulturnettsognogfjord ane.no. Fleire kommunar har dessutan integrert ABM-samsøk i sine eigne nettsider (fig. 20), slik at innbyggjarane i på ein enkel måte kan søke fram foto og anna kulturhistorisk kjeldemateriale frå sin eigen kommune. Fig. 19. Foto er eit av temalaga i fylkesatlas.no
  • 23. 23 Fig. 20. Fleire kommunar har integrert ABM- samsøk i sine eigne heimesider.
  • 24. 24 4. Fotosamlingane: Status og prioriteringar i eit kommuneperspektiv Fylkesarkivet forvaltar omfattande mengder kulturhistoriske fotografi frå Sogn og Fjordane. I dette kapitelet ønskjer eg å gi ei samla framstilling av kva vi har av bevart fotomateriale frå dei einskilde kommunane, samt å identifisere prioriterte bevaringsoppgåver. 1400 Sogn og Fjordane Samlingsoversyn Tabell 1. Fotosamlingar registrert på kommunenummer 1400 Sogn og Fjordane inneheld hovudsakleg fotografi frå fleire kommunar. Med ei utførleg registrering av dei enkelte fotografia i slike samlingar, vil materialet fordele seg på fleire kommunar. Per 2. august 2007 var over 54 000 fotografi registrert på kommunenummer 1400 Sogn og Fjordane. Ca. 50 000 av fotografia er originalt fotomateriale deponert på magasin (udigitalisert), medan kring 4600 fotografi er innlånte eller eigenproduserte bilete registrert i fotobasen. Samlingar i fotobasen 51 samlingar inneheld totalt kring 4600 bilete registrert på kommunenummer 1400 Sogn og Fjordane. I all hovudsak er det slik at bilete som er registrert på kommunenummer 1400 ikkje er tilstrekkelig registrerte, anten på grunn av manglande opplysningar eller på grunn av at ein ikkje har prioritert å bruke tid på ei fullstendig registrering av bileta. Dette gjeld spesielt samlinga ”Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon” som inneheld illustrasjonsfoto til artiklar publisert i Fylkesarkivet si nettbaserte teneste Kulturhistorisk Leksikon, sjå tabell 1. Her har det i ein lengre periode vore eit medvite val å berre registrere eit minimum av opplysningar til bileta. Ein har dermed opparbeidd seg eit etterslep på ufullstendig registrerte bilete som ein eventuelt må taka opp att på eit seinare tidspunkt. Udigitaliserte samlingar Deponert hjå Fylkesarkivet er samlinga etter Sogn Dagblad frå tidleg 80-tal og fram til nedlegginga i 1997. Samlinga omfattar kring 40 000 bilete. Biletarkivet etter Sogn Dagblad er førebels det einaste biletarkivet etter ei avis som Fylkesarkivet tek vare på. Samlinga skil seg også ut frå det andre biletmaterialet som Fylkesarkivet har i sine samlingar, gjennom at det dokumenterer delar av fylket si nyare historie. Størsteparten av materialet Fylkesarkivet har er frå før 1960. Materialet, som er uordna, består av papirkopiar fordelt på 11 500 konvoluttar. Konvoluttane er berre nummererte, Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Sogn Dagblad 9 39 991 40 000 Norsk Hydro ASA 0 10 000 10 000 Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon 4242 0 4242 Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeskommunal vassdragsplan 167 0 167 Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane 32 0 32 Andre samlingar 144 0 144 Totalt 4594 49 991 54 585
  • 25. 25 utan noka form for opplysningar om innhald/motiv. Det er ikkje prioritert å digitalisere samlinga med det første, då bileta ikkje vil kunne offentleggjerast av opphavsrettsomsyn. Ei samling på kring 10 000 bilete frå Norsk Hydro ASA, Oslo, var per 2. august 2007 udigitalisert. Samlinga omfattar papirkopiar og negativ med motiv frå Hydro sine verksemder i Sogn og Fjordane. Sidan august 2007 har kring 1360 bilete med motiv frå Høyanger blitt digitalisert og lasta opp i fotobasen, (sjå avsnittet om Høyanger nedanfor). Sentrale motiv Den største deponerte fotosamlinga frå Sogn og Fjordane er samlinga etter Sogn Dagblad. Samlinga er per i dag uordna og oppbevart i dei originale konvoluttane. Fotograf: Arild Reppen. Dei fem mest brukte stikkorda på materiale frå 1400 Sogn og Fjordane, speglar at det her til ein stor del er snakk om uregistrert materiale. Fleire av bileta i samlinga ”Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon” har ganske enkelt blitt gjeve stikkordet ”atlas” (”vegfoto” eller ”vegbilete” for bilete samla inn i samband med boka ”På god veg”.) og lasta opp i fotobasen utan at utfyllande biletinformasjon er registrert. Informasjon til desse bileta vil finnast i Kulturhistorisk Leksikon, men det er ein stor jobb som må gjerast for å registrere desse bileta på ein fullgod måte i fotobasen. Bilete merka ”1905” er samla inn i samband med prosjektet ”Året 1905”, og er del av leksikonsamlinga. Her er det likeeins slik at informasjon til bileta finst i tilknyting til artiklar i Kulturhistorisk Leksikon, men at det er eit behov for å registrere bileta på ein fullgod måte i fotobasen.Tabell 2. 1) Tala her inkluderer også stikkorda “atlasleks” og “Kulturhistorisk Leksikon” i tillegg til stikkordet “atlas”. Motiv Tal bilete Atlas1 3603 Vegfoto el. vegbilete 363 Flyfoto 167 1905 139 Faksimile 51
  • 26. 26 Anbefalte prioriteringar • Registrering av bilete i samlinga ”Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon”: Registrering av bileta vil redusere talet bilete registrert på kommunenummer 1400 og tilsvarande auke talet bilete registrert på kommunane i Sogn og Fjordane. Arbeidet vil dermed betre brukartilgangen til dette materialet, som absolutt har ein kulturhistorisk kjeldeverdi, men som per i dag er lite søkbart/tilgjengeleg. ���������������������� ��������� ������������������������� ������������������������ ���������������������� ������������������������ ������������������������� ���������������������� ���������������������� ����������������������� ������������������������ �������������������� ������������������������ ��������������������������� ����������������������� �������������� Til høgre: Då samlinga etter Sogn Dagblad kom inn til Fylkesarkivet fekk ho fyldig omtale i Kjelda nr. 1, 2001. Under: ”Veien Sogndal – Leikanger”, eit av dei mange ufullstendig registrerte bileta samla inn i samband med boka ”På god veg”. Fotograf: Normann.
  • 27. 27 1401 Flora Samlingsoversyn Tabell 3. Flora er den kommunen vi har flest bevarte fotografi i frå. Kring 50 000 fotografi er deponert på magasin – vel 72003 av desse er digitalisert og lasta opp i fotobasen. Samlingar i fotobasen Totalt er det kring 7300 bilete frå Flora registrert i fotobasen. Bileta fordeler seg på 60 samlingar. Flora kommune er dermed den kommunen som har nest flest fotografi registrert i fotobasen. Fotografia er i all hovudsak frå perioden 1940- 1959, og fleirtalet av dei kjem frå dei to største samlingane i tabellen ovanfor. Frå Flora kommune er det dermed slik at det bevarte fotomaterialet i all hovudsak består av samlingar etter profesjonelle fotografar. Vi har lite fotografi frå private heimar og familiealbum bevart frå kommunen. Udigitaliserte samlingar Arbeidet med samlinga etter fotograf Malvin Horne (1904-1962) er påbegynt, både på digitaliserings- og registreringssida. Samlinga er vurdert til å kunne innehalde over 25 000 bilete. Fylkesarkivet vil prioritere å totalt digitalisere og registrere eit utval på 5000 bilete frå samlinga. Det står att å digitalisere i underkant av 3000 bilete frå Horne-samlinga for å nå målsetjinga på 5000. Heile samlinga på meir enn 25 000 einingar skal dessutan pakkast om. Horne-samlinga er ei viktig kjelde til livet på kysten, også i nasjonal samanheng. I fotoregistrene kan vi mellom anna lese at : ”Blant hans bilder finnes trolig Norges største og viktigste arkiv med bilder fra storsildfisket i 50-årene” (http://www.nb.no/nmff). Samlinga etter Vest-Foto AS omfattar kring 25 000 bilete, og er delvis flytt frå Kystmuseet til Fylkesarkivet. Om lag 5600 bilete er så langt pakka om og digitalisert, noko som gjer samlinga til den største digitaliserte samlinga frå Flora. Delar av samlinga er på acetatfilm i dårleg forfatning, og difor bør ein digitalisere langt fleire bilete enn det som er gjort så langt. Alt materiale som er under nedbryting bør frysast ned for ikkje å gå tapt. Samlinga må i sin heilskap pakkast om og arkiverast i magasin på Sandane. Hovuddelen av materialet er no lagra på fotomagasinet, men det står enno att noko materiale på Kystmuseet. Vest-Foto-samlinga inneheld i hovudsak materiale frå åra 1952-1980, og er mellom anna ei viktig kjelde til fiske og verftsindustrien i Flora. Samlinga omfattar også bilete frå handel, idrett, fritid, arkitektur og reine portrettbilete. Samlinga er såleis også ei viktig kjelde til den nyare historia og samfunnsutviklinga i fylket. 2) Her er også 388 digitaliserte Horne- foto registrert på Naustdal kommune trekt frå det totale samlingstalet på 25 000 fotografi. 3) 388 Horne-fotografi registrert på Naustdal kommune er også rekna med her. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Fotograf Malvin Horne 1188 23 4242 25 000 Vest-Foto AS 5614 19 386 25 000 Endre og Alvhild Svanøe 107 0 107 Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeskommunal vassdragsplan 83 0 83 Sylvia Svanøe 69 0 69 Andre samlingar 237 0 237 Totalt 7298 42810 50 496
  • 28. 28 Sentrale motiv Motiv Tal bilete Samling frå Kystmuseet 4899 Båtar 519 Landskap 435 0 362 Bybilde 268 Tabell 4. For Flora kommune sin del er det slik at ufullstendig registrert materiale toppar lista over stikkord nytta for å skildre motiv: Heile 4899 bilete er registrert på stikkordet ”Samling frå Kystmuseet”, og i tillegg har 362 bilete stikkordet ”0”. Når det gjeld fotomaterialet frå Kystmuseet er det slik at det er registrert noko informasjon til materialet i Primus. Tanken var å importere denne informasjonen inn i fotobasen. Diverre har det vist seg å ikkje vere så lett som ein først trudde, då ein post i Primus har blitt nytta til å registrere informasjon om fleire bilete. Koplinga mellom bileta i fotobasen og informasjonen i Primus er bevart i form av bileta sin lokale signatur i fotobasen. Biletinformasjonen er per i dag såleis verken tilgjengeleg for publikum eller tilsette ved Fylkesarkivet. Det er elles verdt å merke seg at båtar er eit primært motivelement for mange bilete frå Flora kommune. Stikkordet ”båtar” er som tabellen syner det andre mest brukte stikkordet i posisjon 1 i motivlina, og som vedlegg 1, Fig. 17. syner, er båtar eit vesentleg motivelement i nær 900 av bileta frå Flora kommune. I motsetning til mange andre kommunar der stikkord som skildrar personbilete (ulike variantar av ”portrett” og ”gruppe”) dominerer, har Flora kommune forholdsvis få bilete der personar er det dominerande motivelementet, noko som også kjem tydleg til uttrykk i statistikken i vedlegg 1. Frå Flora kommune er det dessutan bevart få bilete frå sentrale sosiale hendingar som til dømes bryllaup og 17. mai. Anbefalte prioriteringar I fotobevaringsarbeidet for Flora kommune står ein ovanfor store og krevjande oppgåver for å forhindre at materiale går Horne-samlinga er ei rik kjelde til sildefisket på 1950-talet. Fotograf: Malvin N. Horne.
  • 29. 29 • Digitalisere og registrere kring 3000 fotografi til frå Horne-samlinga, for å nå målsetjinga på 5000 tilgjengeleggjorte fotografi. • Starte opp eit dokumentasjonsprosjekt på Vest-Foto-samlinga i samarbeid med Kystmuseet. Sildefeltet ved Kvittingane, 1955. Fotograf: Kåre Botnmark, Vest-Foto. tapt, og for å få registrert informasjon til sentrale samlingar frå kommunen. Det står mykje arbeid att på dei to største samlingane frå kommunen, Horne og Vest-Foto, i alle arbeidstrinn (ordning, digitalisering og registrering). Registrering av opplysningar til desse to samlingane er ei tidkrevjande oppgåve, men heilt sentralt for deira verdi som kulturhistorisk kjeldemateriale, og for å sikre brukartilgang til materialer. Det bør prioriterast å: • Fullføre flyttinga av Vest-Foto-samlinga frå Kystmuseet til fotomagasinet på Sandane. • Pakke om samlingane Horne og Vest-Foto. • Digitalisere og fryse ned dei delane av Vest-Foto-samlingane som er på acetatfilm under nedbryting.
  • 30. 30 1411 Gulen Samlingsoversyn Tabell 5. Frå Gulen kommune er det bevart ca 2600 fotografi, i underkant av 2200 av desse er registrert i fotobasen. Samlingar i fotobasen 191 samlingar i fotobasen inneheld materiale frå Gulen kommune; totalt gir det om lag 2200 registrerte bilete frå kommunen. Frå Gulen kommune finst det ingen store samlingar etter til dømes ein fotograf eller ei industriverksemd, men relativt mange små samlingar med bilete lånt inn frå private heimar. Vidare er det slik at kring 1/3 av fotografia frå Gulen som er registrert i fotobasen, verken er digitalisert eller publisert på Internett. Gulen kommune er dermed blant dei kommunane vi har minst tilgjengeleggjort fotomateriale i frå. Udigitaliserte samlingar Ei samling reprofilm produsert av Andreas Grinde i samband med Prosjekt Fotovern er udigitalisert. Reprosamlinga (”AGR repro”) omfattar 265 motiv frå ulike fotosamlingar. Det er registrert biletopplysningar til alle dei 265 bileta. Ei mindre samling på 150 bilete etter Jorunn Haveland er delvis registrert i fotobasen utan tilhøyrande digital biletfil. Opplysningane til dei 54 registrerte bileta er mangelfulle. Samlinga består av nitratfilm, og bør difor digitaliserast og frysast ned. Nitratfilm er svært brannfarleg og skil under nedbryting ut gassar som er skadeleg for alt fotomateriale. Nedfrysing stoppar nedbrytningsprosessar i materialet og er ein sikker måte å oppbevare nitratfilm på. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Portrett 161 Portrett2 106 PortrettU2 88 GruppeU3 85 Bryllaup 74 Tabell 6. Når det gjeld bilete frå Gulen kommune er det stikkord som skildrar personbilete som dominerer lista over dei mest nytta stikkorda. Ulike variantar av stikkordet ”portrett” er aller mest brukt. Faktisk er det også slik at dei neste fem stikkorda på lista, frå sjette til tiande mest brukte stikkord, også skildrar personbilete: ”PortrettU”, ”familie”, ”gruppeU5”, ”gruppeU4” og ”portrettb”. Dominansen av stikkord som skildrar personbilete reflekterer truleg både at det frå Gulen finst mange små fotosamlingar beståande av utvalte bilete frå private familiealbum, og det faktum at stikkord som skildrar personbilete er den mest eintydige stikkordstypen som vert nytta i fotobasen. 4) Alle bilete i Haveland-samlinga er i realiteten udigitalisert, sjølv om 54 bilete er registrert i fotobasen. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Andreas Grinde 0 265 265 Jorunn Haveland4 54 96 150 Henrikke Knarvik 53 0 53 Hermod B. Tynning 53 0 53 Odd A. Midttun 47 0 47 Andre samlingar 1979 0 1979 Totalt 2186 361 2547
  • 31. 31 Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Gulen kommune bør det prioriterast å digitalisere nitratfilmsamlinga etter Jorunn Haveland. • I tillegg bør det prioriterast å vidareføre den innsatsen som gjort i tida før reproteknologien vart digital: Dei udigitaliserte bileta som er registrert i fotobasen bør digitaliserast og publiserast på Internett (dette inkluderer reprosamlinga etter Andreas Grinde). Digitalisering av desse bileta vil vere ein effektiv måte å betre den offentlege tilgangen til det bevarte fotomaterialet frå Gulen kommune. Ein sommardag i tunet på Haveland: Einar og Ole sit på folungen medan Elling og Elias passar på. Biletet er datert til ca 1940-45. Fotograf: Ukjend.
  • 32. 32 1412 Solund Samlingsoversyn Tabell 7. Solund kommune er med sine ca 640 fotografi, ein av dei kommunane vi har absolutt minst bevart fotomateriale i frå. Samlingar i fotobasen Alle dei fem førstnemnte samlingane i tabell 7 består av bilete innlånt frå private familiealbum. Dei ca. 640 bileta frå Solund fordeler seg på 79 samlingar. Som for Gulen kommune er det slik at kring 1/3 av fotomaterialet frå Solund er udigitalisert og dermed ikkje tilgjengeleg på Internett. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Bryllaup 32 Brudepar 25 PortrettU2 22 Fiskebåt 20 Slåttonn 20 Tabell 8. Talet bilete for dei ulike motivtypane i tabellen ovanfor er så små, at det vanskeleg let seg gjere å seie noko om framtredande motivtypar i det bevarte fotomaterialet frå Solund kommune: Frå Solund kommune er det bevart ”litt av alt”, eller kanskje rettare, ”lite av alt”. Anbefalte prioriteringar Solund kommune er blant dei kommunane vi har absolutt minst bevart fotohistorisk materiale i frå. Store delar av det bevarte materiale er dessutan per i dag utilgjengeleg for publikum, ettersom at det ikkje er digitalisert og publisert på Internett. For Solund kommune bør det prioriterast å: • Digitalisere og gjere tilgjengeleg dei per i dag udigitaliserte bileta frå kommunen, for slik å vidareføre det arbeidet som allereie er gjort. • Framfor alt bør det setjast i gang eit fotobevaringsprosjekt i samarbeid med lokale partnarar i kommunen for sikre at verdifullt kulturhistorisk kjeldemateriale vert tatt vare på for ettertida og gjort offentleg tilgjengeleg. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Astrid Storøy 48 0 48 Mimi Trovåg 48 0 48 Johs. Mathiesen 43 0 43 Sverre Takle 35 0 35 Maria Athammer 34 0 34 Andre samlingar 433 0 433 Totalt 641 0 641
  • 33. 33 Stikkordet ”bryllaup” toppar statistikken over sentrale motiv i det bevarte fotomaterialet frå Gulen. Her eit bryllaupsfylgje på Leknessund, juli 1945. Fotograf: Ola Nesheim.
  • 34. 34 1413 Hyllestad Samlingsoversyn Tabell 9. Samlingar i fotobasen Frå Hyllestad kommune har vi kring 2900 fotografi. Den største enkeltsamlinga er som vi ser eit resultat av bygdebokarbeidet i Hyllestad. Bileta frå Hyllestad fordeler seg på 153 samlingar. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Portrett 302 Tun 265 PortrettU2 181 PortrettU 161 Portrett2 161 Tabell 10. Som for fleire andre kommunar, ser vi at portrettbilete er ein dominerande motivtype i materialet frå Hyllestad kommune. Vidare ser vi at stikkordet ”tun” er mykje nytta. Nesten alle dei 265 bileta med stikkordet ”tun” i posisjon 1 tilhøyrer bygdeboksamlinga, og er flyfoto teke av Telemark Flyselskap A/S i 1956. Desse flyfotoa er registrert i fotobasen, utan tilhøyrande digital biletfil. Johan Ottesen, som driv Historisk fotoarkiv og forlag, er eigar av desse flyfotoa. Sjølv om dokumentasjonen av gardstun i Hyllestad kommune på 1950-talet tilsynelatande er rimeleg bra, så syner det seg altså at stikkorda referer seg til flyfoto som vi per i dag verken har i digital kopi eller som originalt negativmateriale. Anbefalte prioriteringar • For Hyllestad kommune bør ein prioritere å få i stand ein avtale med Johan Ottesen om å få knytt digitale biletfiler til dei registrerte flyfotoa frå Telemark Flyselskap A/S. Fylkesarkivet har allereie avtalar med Ottesen om tilgjengleggjering av flyfoto han har rettane til frå kommunane Balestrand, Flora, Gloppen og Sogndal. Desse flyfotoa er gjort tilgjengeleg via ein eigen søkeinngang på nettsidene våre, sjå kapittel 1 (sjå kapittel 3). Flyfotoa ei er ei viktig kjelde til utviklinga i landskap, jordbruk og busetnad. Det representerer såleis ein verdi i seg sjølv å få gjort dette fotomaterialet tilgjengeleg for ålmenta. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Bygdeboka i Hyllestad (Einar Varli) 695 0 695 Hyllestad kommune, kulturkontoret 194 0 194 Bjarne Nordbø 84 0 84 Johannes Sørebø 76 0 76 Åse Tonning 41 0 41 Andre samlingar 1805 0 1805 Totalt 2895 0 2895
  • 35. 35 Handarbeidstime på Leirvik skule, kring 1938. Fotograf: Bjarne Råsberg.
  • 36. 36 1416 Høyanger Samlingsoversyn Tabell 11. Frå Høyanger kommune har vi bevart nær 8400 kulturhistoriske fotografi. Kring 8100 av desse fotografia er registrert i fotobasen. Høyanger kommune er dermed den kommunen som vi har flest bilete frå i fotobasen. Bileta i fotobasen fordelar seg på 113 samlingar. Samlingar i fotobasen Ut frå tabell 11 kan vi slå fast at industrien i Høyanger kommune er godt dokumentert fotografisk. Nær 7500 bilete relatert til Høyanger Verk, er som vi ser av tabellen, bevart (samlingane Høyanger Verk og boka ”Bluss”). Det er verdt å merke seg at også store deler av det sosiale livet i industristaden Høyanger er dokumentert i materialet frå Høyanger Verk. Her finst bilete frå organisasjonsliv, kulturarrangement, idrett, familieliv og anna. Ettersom dei bevarte bileta frå Høyanger i all hovudsak er relatert til industriverksemdene i bygda, er det perioden frå 1900 av som er dokumentert i fotosamlingane. Dette tyder at det er få bevarte bilete som syner landskap og gardar i Høyanger kommune før industriutviklinga for alvor kom i gang. Kring 1600 av dei 8100 bileta i fotobasen er ikkje digitalisert, dette gjeld mellom anna samlinga med bilete til bokprosjektet ”Bluss” og ei samling på nær 200 fotografi frå A/S Vadheim Elektrochem. Fabriker. Udigitaliserte samlingar Ei samling på 300 flyfoto frå Fjellanger Widerøe er påbegynt digitalisert. Så langt er 48 flyfoto digitalisert. Det er ei nasjonal prioritering å digitalisere alle flyfoto frå Fjellanger Widerøe. Fylkesarkivet følgjer opp denne nasjonale prioriteringa i arbeidet sitt. Det er såleis prioritert å digitalisere heile samlinga med flyfoto frå Høyanger kommune. Sentrale motiv5 Motiv Tal bilete 0 8180 Flyfoto 93 Postkort 75 Landskap 71 Dam 50 Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Høyanger Verk 4542 0 4542 Høyanger Verk 2173 0 2173 Høyanger Verk 530 0 530 Fjellanger Widerøe 48 252 300 - [Bilete til boka “Bluss”] 232 0 232 Andre samlingar 606 0 606 Totalt 8131 252 8383 5) Som nemnt innleiingsvis er motivdata henta ut frå fotobasen på eit seinare tidspunkt enn data om sentrale samlingar i kommunane. Avviket mellom tal bilete i motivtabellen og avsnittet ”Samlingar i fotobasen”, skuldast at Fylkesarkivet i perioden mellom datauthentingane lasta opp fleire bilete frå Høyanger i fotobasen. Tabell 12.
  • 37. 37 Det store talet bilete med verdien ”0” er hovudsakleg uregistrerte bilete frå dei tre fotosamlingane frå Høyanger Verk. Eit dokumentasjonsprosjekt for å registrere biletopplysningar til desse samlingane vert i skrivande stund gjennomført i samarbeid med Høyanger kommune og Høyanger Næringsutvikling. I tillegg inneheld den nyleg digitaliserte samlinga SFFf-100324 (foto innlånt av Norsk Hydro ASA, Oslo), over 1300 førebels uregistrerte foto frå Høyanger som ikkje er rekna med i tabell 11 og 12. Dei låge tala for Høyanger kommune i motivstatistikken i vedlegg 1, må såleis sjåast i samanheng med dei store mengdene digitalisert men uregistrert materiale frå kommunen. Erfaringane frå dokumentasjonsprosjektet ”Høyanger i endring” tilseier at ikkje alle dei kring 8000 uregistrerte fotografia frå Høyanger vil bli registrert. I samlingane frå Høyanger Verk er det slik at det finst relativt mange foto som dokumenterer eitt og same motivet Det er til dømes heile 364 bilete som dokumenterer bygginga av oksidfabrikken i Høyanger våren 1928. Med ein databasestruktur som ikkje tillett serieregistrering av foto vert det ganske enkelt for tidkrevjande for dei lokale registratorane å registrere store mengder einsarta fotografi. Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Høyanger kommune er det priortert å sluttføre registrering av fotosamlingane frå Høyanger Verk. • Digitalisering av Fjellanger Widerøe- samlinga frå kommunen bør også prioriterast. Jonsokbryllaup i Villabyen, ca 1930-35. Fotosamlinga frå Høyanger Verk inneheld også ei stor mengde bilete som dokumenterer små og store sosiale hendingar i tettstaden. Fotoraf: Eugen Nordahl-Olsen.
  • 38. 38 1417 Vik Samlingsoversyn Tabell 13. Vik er med sine nær 8700 bilete ein av dei kommunane vi har mest bevart fotomateriale frå. Samlingar i fotobasen Totalt er over 5700 bilete frå Vik registrert i fotobasen. Bileta høyrer til 385 ulike fotosamlingar, og dokumenterer perioden 1860-2000. Første halvdel av 1900-talet er den tidsperioden hovuddelen av materialet daterer seg til. Vik blant dei tre kommunane i fylket som det er flest fotografi frå i fotobasen. For Vik, som for alle kommunar, er det slik at ein del av dette materialet ikkje er digitalisert og publisert på Internett: Nær 700 av bileta er udigitalisert og ca. 900 er ikkje publisert på Internett. Udigitaliserte samlingar Fosse-samlinga, som inneheld kring 2900 bilete etter fotograf Ole Pedersen Fosse (1872-1945), er påbegynt digitalisert. Det er registrert noko opplysningar til denne samlinga i ein gamal versjon av fotobasen. I tillegg er kring 60 registrerte Fosse-fotografi i samlinga etter Bjørg Fosse Holstad udigitalisert. Fotograf Fosse var frå Leikanger, men busette seg i Vik og jobba som fotograf frå kring 1900 til 1945. Han fotograferte mange viktige lokale hendingar. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Fotograf Ole Pedersen Fosse 0 2933 2933 Pridlao/Vik Lokalhistoriske Arkiv 1367 0 1367 Lagssoge Vik IL 166 0 166 Evelyn Hjortland 150 0 150 Bjørg Fosse Holstad (Fotograf Ole Pedersen Fosse) 133 0 133 Andre samlingar 3939 10 3939 Totalt 5755 2943 8698 To mindre glasplatesamlingar frå Vik på høvesvis 10 og 14 negativ er deponert på magasinet, men førebels ikkje digitalisert. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Portrett 744 Portrett2 312 0 269 PortrettU2 239 PortrettU 234 Tabell 14. Ulike variantar av stikkordet ”portrett” er dei mest nytta stikkorda i motivfeltet når det gjeld fotografi med motiv frå Vik. I fotomaterialet frå Vik er det då også registrert over 22 000 avbilda personar, fleire enn for nokon annan kommune. 269 bilete er uregistrerte, og har difor verdien ”0”. Det store fleirtalet av dei uregistrerte bileta tilhøyrer Fosse- samlinga. Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Vik kommune bør det prioriterast å digitalisere bileta etter fotograf Ole Pedersen Fosse.
  • 39. 39 Biletopplysningane registrert i den gamle versjonen av fotobasen bør importerast og eventuelt redigerast og supplerast. I arbeidet med samlinga bør ein søke samarbeid med Vik kommune / Vik Lokalhistorisk Arkiv. Eit landemerke: Fridtjov-statuen på Vangsnes. Fotograf: Ole Pedersen Fosse.
  • 40. 40 1418 Balestrand Samlingsoversyn Samlingar i fotobasen Totalt har Fylkesarkivet i underkant av 4000 fotografi frå Balestrand registrert i fotobasen. Bileta er del av 367 ulike samlingar. Kring 1100 av dei 4000 fotografia er ikkje publisert på Internett, medan kring 700 ikkje er digitalisert. Når det gjeld fotomaterialet frå Balestrand i fotobasen er det også slik at kring 250 bilete som er digitalisert ligg lagra i ein separat katalog på serveren, og ikkje er lasta opp i fotobasen (sjå vedlegg 1, fig. 3). Udigitaliserte samlingar Samlingane etter Lars Bolstad og John Nesse, sjå tabell 15, er udigitalisert. Samlinga etter John Nesse er nitratfilm. Nitratfilm er svært brannfarleg og skil ut gassar som er svært farleg for alt fotomateriale. Per i dag er samlinga lagra på kjølelager. Nitratfilm kan deponerast ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, men bør då digitaliserast før deponering. Alternativt bør Fylkesarkivet kjøpe inn eigna fryseskåp for sikker oppbevaring av nitratfilm på magasinet på Sandane. Med slike fryseskåp bremsar ein nedbrytinga av materialet, og står fritt til å digitalisere det ved høve. Sentrale motiv Motiv Tal bilete 0 eller ingen verdi 254 Album 200 Hus 194 Portrett 191 Landskap 160 Tabell 16. 200 bilete er som vi ser registrert på stikkordet ”album”. Desse bileta tilhøyrer alle den tidlegare omtala Kure-samlinga, sjå tabell 15, som inneheld bilete relaterte til keisar Wilhelm. Ein har her valt å fotografere heile albumsidene i tillegg til utvalte enkeltbilete frå dei innlånte albuma. Den indre samanhengen mellom fotografia, med originale bilettekstar, er dermed bevart. Albuma som materielle objekt og kulturhistoriske gjenstandar, trer dermed klarare fram for brukarane våre som får høve til å ”bla” seg gjennom dei på Internett. Digitalisering av heile album og utvalte enkeltbilete slik som her ivaretek difor fotomaterialet sin verdi som råmateriale for kultur- og fotohistorisk forsking på ein betre måte enn berre digitalisering av utvalte enkeltbilete gjer. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Bent Kure 434 0 434 Sverre Eitungjerde 400 0 400 John Nesse 0 216 216 Randi Lønne 138 0 138 Lars Bolstad6 79 21 100 Andre samlingar 2900 0 2900 Totalt 3951 237 4188 Tabell 15. 6) Alle bileta i Bolstad- samlinga er i realiteten udigitalisert, sjølv om 79 av dei er registrert i fotobasen.
  • 41. 41 Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Balestrand kommune bør ein først prioritere å digitalisere samlinga med nitratfilm etter Johan Nesse, då ut frå omsyn til nedbryting av samlinga og den tryggleiksrisikoen oppbevaring av nitratfilm representerer for andre deponerte samlingar. • Det bør gjennomførast eit dokumentasjonsprosjekt på samlinga med bilete frå keisar Wilhelm sine reiser i Sogn og Fjordane (Kure-samlinga) i samarbeid med lokale partnarar. Album datert til kring 1900-1920, eigar Bent Kure. Ei side frå albumet: ”Stolt som en norske Pige” og ”Herr Hansen, di er en doven Pels”. Fotograf: Ukjend.
  • 42. 42 1419 Leikanger Samlingsoversyn Tabell 17. Dei bevarte samlingane frå Leikanger kommune er alle digitalisert og registrert i fotobasen. Samlingar i fotobasen Totalt inneheld fotobasen kring 1700 fotografi frå Leikanger kommune fordelt på 93 samlingar. Berre kring 700 av desse fotografia er gjort tilgjengeleg på Internett. Den største samlinga frå Leikanger kommune inneheld bilete etter fotograf Håkon Njøs (1902-1937). Samlinga inneheld mellom anna fotografi av tettstad, industri, vegbygging og personar på Hermansverk først på 1900- talet. Samlinga er per i dag ikkje tilgjengeleg for brukarane våre på Internett, og det er heller ikkje registrert utfyllande opplysningar til samlinga i fotobasen. Systrond sogelag registrerte for nokre år sidan opplysningar til bileta på papirskjema, og det står att å få registrert desse opplysningane inn i fotobasen. Njøs-samlinga er ikkje berre den største fotosamlinga frå Leikanger kommune, men av dei 5 største samlingane frå kommunen er ho også den eldste. Sentrale motiv Motiv Tal bilete PortrettU 269 PortrettU2 203 GruppeU3 122 Stølar 99 GruppeU4 75 Tabell 18. Som for mange andre kommunar, er det slik at stikkord som skildrar personbilete dominerer i statistikken over sentrale motiv. Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Leikanger kommune bør samlinga etter Håkon Njøs prioriterast. Her er det allereie gjort eit omfattande arbeid på dokumentasjonssida som bør sluttførast ved at dei innsamla biletopplysningane blir registrert i fotobasen. Samlinga må også publiserast på Internett, slik at ho vert tilgjengeleg for ålmenta. Publisering kan gjerne skje straks, slik at publikum kan utforske samlinga og vonleg bidra med brukarkommentarar Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Tore N. Njøs (Fotograf Håkon Njøs) 856 0 856 Bjørn Normann Sørensen 99 0 99 Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon 69 0 69 Sogn og Fjordane Fylkeskommune, fylkeskommunal vassdragsplan 33 0 33 Bjørn Henning Hov 31 0 31 Andre samlingar 624 0 624 Totalt 1712 0 1712
  • 43. 43 til bileta. Publisering og elektronisk registrering av Njøs-samlinga vil doble talet fotografi frå Leikanger tilgjengeleg for publikum på Internett. Til høgre: Fleirtalet av portrettbileta frå Leikanger kommune kjem frå samlinga etter Håkon Njøs. Fotograf: Håkon Njøs. Under: Njøs-samlinga er den viktigaste fotosamlinga Fylkesarkivet har frå Leikanger kommune. Å legge inn opplysningar til bileta i fotobasen bør vere ei priortert oppgåve. Her ser vi gamlehusa på ”Snikkargarden” (Gjerdet). Fotograf: Håkon Njøs.
  • 44. 44 1420 Sogndal Samlingsoversyn Tabell 19. Samlingar i fotobasen Totalt inneheld 157 samlingar kring 3900 bilete frå Sogndal. Over 1⁄4 av bileta er daterte til før 1900, og Sogndal er dermed den kommunen som har flest bilete frå før 1900 registrert i fotobasen. Når det gjeld samlinga frå Fjærland sogelag, sjå tabell 19, vil denne samlinga truleg vekse i omfang, då sogelaget driv eit aktivt innsamlingsarbeid i samband med planlagde bygdebøker og andre lokale skrifter. Det er sogelaget sjølv som digitaliserer biletmaterialet. Verdt å nemne er også samlinga etter fotograf Leiv Bergum. Fylkesarkivet samarbeider med Bergum om vern og tilgjengeleggjering av negativarkivet hans. Det totale omfanget av arkivet etter Bergum er ukjent, men det dreier seg truleg om over 20 000 bilete. Fylkesarkivet ønskjer i første rekke å sikre at materialet er trygt oppbevart, dernest å halde fram med å digitalisere og registrere eit utval kulturhistorisk interessante fotografi frå denne samlinga. Udigitaliserte samlingar Samlinga etter fotograf Nils O. Reppen (1865- 1925), som var fotograf i Sogndal i perioden kring 1888-1895, omfattar 360 bilete. Samlinga er udigitalisert, men 11 bilete er delvis registrert og informasjonen er importert i fotobasen. Samlinga etter Reppen er ei glasplatesamling som er i god teknisk stand. Fotograf Elen Loftesnes var verksam i Sogndal i perioden ca. 1935-1965. I 1988 mottok Fylkesarkivet negativarkivet, samt ei mindre samling papirpositiv etter Loftesnes. Samlinga er uordna, og inneheld hovudsakeleg portrett- og gruppebilete teke i studio, men her er også prospekt og bilete frå hendingar i lokalmiljøet. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Fjærland Sogelag 1138 0 1138 Sogndal Sogelag 857 0 857 Fotograf Nils O. Reppen 0 360 360 Fotograf Leiv Bergum 163 0 163 Ivar Falck Husum 124 0 124 Andre samlingar 1577 Ukjent7 1577 Totalt 3859 360 4219 7) Samlinga etter fotograf Elen Loftesnes er nyleg flytta frå Hermansverk til fotomagasinet på Sandane. Tal bilete i denne samlinga er førebels ukjent. Fotomaterialet samla inn av Fjærland sogelag har stort spenn i motiv. Her er eit bilete frå bakeriet som Kåre Reinen dreiv i kjellaren av bustadhuset sitt i Mundal. Fotograf: Ukjend.
  • 45. 45 Det finst opplysningar om tingar/avbilda personar påført konvoluttane som negativa ligg i. Samlinga etter Loftesnes vart nyleg flytta frå magasin på Hermansverk til fotomagasinet på Sandane. Samlinga må pakkast om. Tal bilete er ukjent. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Foto Fjærland sogelag8 1138 Portrett 118 Landskap 109 PortrettU2 107 PortrettU 105 Den største enkeltsamlinga frå Sogndal kommune er samlinga frå Fjærland sogelag. Som tabellen ovanfor synleggjer står det att mykje arbeid når det gjeld registrering av biletopplysningar til denne samlinga. Det er lagt inn ein del opplysningar til kring 400 av bileta i samlinga. Stikkord som skildrar motiv manglar for alle bileta, og det står att å kvalitetssikre dei andre biletopplysningane som så langt er lagt inn. Blant dei bevarte papirpositiva etter fotograf Elen Loftesnes finn vi desse to kolorerte portretta Fotograf: Elen Loftesnes. Tabell 20. 8) Omfattar verdiane ”foto samla inn og skanna av Fjærland sogelag” (537 bilete), ”foto frå fjærland sogelag” (445 bilete), ”foto innsamla av fjærland sogelag” (100 bilete), og ”foto frå fjærland sogelag.” (56 bilete). Anbefalte prioriteringar I fotobevaringsarbeidet for Sogndal kommune kan ein identifisere tre hovudutfordringar som bør prioriterast: • Samarbeidet med fotograf Leiv Bergum bør halde fram. Det originale fotomaterialet bør sikrast, og eit utval fotografi bør digitaliserast og registrerast i fotobasen. • Ein bør prioritere å følgje opp arbeidet Fjærland sogelag gjer med fotoa dei samlar inn og digitaliserer. Her bør ein både sørgje for at det tekniske nivået på digitaliseringsarbeidet som vert gjort lokalt blir heva, og at det er god arbeidsflyt og kvalitet i registreringsarbeidet. • Loftesnes-samlinga må ordnast og omemballerast.
  • 46. 46 1421 Aurland Samlingsoversyn Tabell 21. Aurland kommune er med sine 1067 bevarte fotografi blant dei kommunane vi har minst bevart fotomateriale frå. Dei bevarte samlingane består alle av innlånte eller eigenproduserte fotografi. Samlingar i fotobasen Det er talande for statusen til fotobevaringsarbeidet i kommunen at dei to største fotosamlingane, er samlingar som ikkje er eit resultat av lokalt innsamlingsarbeid, sjå tabell 21. Det same er det faktum at berre kring 450 av dei totalt 1067 bileta frå Aurland kommune er publisert på Internett. Totalt inneheld 79 samlingar bilete frå Aurland. Aurland kommune er dermed, som nemnt, i botnsjiktet av kommunane i Sogn og Fjordane når det gjeld omfanget av både mengda bevarte og mengda tilgjengeleggjorde kulturhistoriske fotografi. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Flyfoto 139 Landskap 101 Portrett 50 Portrett2 37 PortrettU2 35 Tabell 22. Tabell 22 stadfester at Fylkesarkivet har få bevarte foto frå kommunen. Sjølv sentrale motiv som portrett er det få av. Anbefalte prioriteringar I fotobevaringsarbeidet for Aurland kommune bør ein prioritere å: • Digitalisere dei bileta som per i dag berre finst på reprofilm og å gjere dette fotomaterialet tilgjengeleg for publikum på Internett. • Publisere alt upublisert materiale som det ikkje er personvernmessige eller opphavsrettslege årsaker til at ikkje kan publisert. • Setje i gang kartlegging og innsamling av kulturhistoriske fotografi i samarbeid Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeskommunal vassdragsplan 139 0 139 Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon 86 0 86 Eilert Vikesland 79 0 79 Eilert Vikesland9 79 0 79 Aurland Lokalhistoriske Arkiv 64 0 64 Andre samlingar 620 0 620 Totalt 1067 0 1067 9) Her har det mest truleg skjedd ei dobbelregistrering av samlinga etter Eilert Vikesland, noko som påverkar all statistikk for Aurland kommune.
  • 47. 47 med lokale partnarar. Aurland kommune sjølv ønskjer å løfte fotobevaringsarbeidet i kommunen og har nyleg teke kontakt med Fylkesarkivet for å få i stand eit samarbeid. Interiør frå stølshus. Biletet er teke kring 1900- 1920. Fotograf: Ukjend.
  • 48. 48 1422 Lærdal Samlingsoversyn Tabell 23. Lærdal er den kommunen vi har nest minst bevart fotomateriale i frå. Som vi ser er to av dei største fotosamlingane frå Lærdal fotografi som Sogn og Fjordane fylkeskommunen og Fylkesarkivet sjølv har produsert, og ikkje eldre kulturhistoriske fotografi samla inn lokalt i kommunen. Samlingar i fotobasen Som vi ser av tabell 23 er talet bilete i alle samlingane låge. Totalt inneheld 63 samlingar ca. 370 bilete frå Lærdal. Det er svært viktig at fotografiske kjelder til historia og samfunnsutviklinga til Lærdal kommune – med Lærdalsøyri, Borgund stavkyrkje, sjukehus, og fleire sentrale ferdslevegar og gjestgjevarstadar – blir kartlagt og bevart for ettertida. Det finst utvilsamt fotomateriale av kulturhistorisk verdi i Lærdal kommune, men det vil truleg også finnast mykje bilete frå Lærdal i fotosamlingar utanfor fylke. Som turistdestinasjon vart Lærdal vitja og fotografert av ei rekke profesjonelle fotografar frå ulike delar av landet. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Flyfoto 76 Postkort 39 Portrett 20 GruppeU3 11 PortrettU2 11 Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Lærdal kommune bør Fylkesarkivet, i samarbeid med lokale partnarar, søke å kartlegge kva som finst av eldre fotomateriale i kommunen. Kartlegginga bør vere første trinn i eit fotobevaringsprosjekt som også omfattar trinna innsamling, digitalisering og registrering. • Vidare bør ein kartlegge omfanget av materiale med motiv frå Lærdal kommune i samlingar utanfor fylket. I første rekkje kan ein tenke seg ei kartlegging av fotomateriale med motiv frå Lærdal i samlingane etter kjende landskaps- og prospektfotografar som Knud Knudsen (1832-1915), Axel Lindahl (1841-1906) og Anders Beer Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeskommunal vassdragsplan 75 0 75 Arvid Årethun 50 0 50 Per Vetti 32 0 32 Ivar M. Nefstad 18 0 18 Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon 17 0 17 Andre samlingar 180 0 180 Totalt 372 0 372 Tabell 24.
  • 49. 49 Flyfoto over Lærdal teke ca. 1985. Lærdal er ein av kommunane i fylket vi har minst bevart fotohistorisk materiale frå. Det er talande at den største samlinga med bilete frå kommunen er samlinga med bilete skapt i samband med fylkeskommunal vassdragsplan på 1980-talet. Fotograf: Ukjend. Wilse (1865-1949). Materialet etter Knudsen er bevart av Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen, medan samlingane etter Lindahl og Wilse er oppbevart ved Norsk Folkemuseum. Det er viktig at Fylkesarkivet som regional fotobevaringsinstitusjon og kompetansesenter også byggjer seg opp kunnskap om kva som finst av fotosamlingar med motiv frå fylket i andre delar av landet.
  • 50. 50 1424 Årdal Samlingsoversyn Tabell 25. Årdal kommune er blant dei kommunane i fylket som vi har bevart flest fotografi i frå. Det bevarte fotomaterialet frå kommunen omfattar både amatørbilete frå private heimar og album, og profesjonelle fotografi frå aluminiumsindustrien i kommunen. Samlingar i fotobasen Totalt inneheld 49 samlingar kring 3200 bilete frå Årdal kommune. Fleirtalet av bileta er daterte til perioden 1940-1959. Samlinga etter Aase Udberg er den største enkeltsamlinga med motiv frå Årdal i fotobasen. Samlinga inneheld fotografi frå både arbeid og fritid – spesielt friluftsliv er eit framtredande motiv i samlinga. Udigitaliserte samlingar I 2007 mottok Fylkesarkivet kring 18 500 fotografi og tekniske teikningar frå Hydro Aluminium Årdal. Vi ønskjer å prioritere digitalisering av eit utval på 5000 fotografi, i tillegg til å pakke om og ordne alt materialet. Samlinga er ei sentral kjelde til industri- og samfunnsutviklinga i Årdal. Samlinga inneheld dessutan både bilete og levande film produsert av den tyske okkupasjonsmakta i åra 1940-45, og er såleis også ei verdfull kjelde til tyskarane sine aktivitetar i Noreg under andre verdskrigen. Ei samling flyfoto frå Fjellanger Widerøe med motiv frå Årdal kommune er delvis digitalisert. Negativa i denne samlinga var sterkt skadd og til dels heilt øydelagd. Fleire negativ måtte difor kasserast. Truleg finst ein del av motiva frå dei øydelagde negativa som papirkopiar på fotokort. Ca. 20 negativ er digitalisert så langt; det står att å digitalisere ca. 20 fargenegativ og kring 30 fotokort. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Folk 662 Utsikt 298 Mann 193 0 eller ingen verdi 176 Dame 149 Tabell 26. Stikkorda ”folk”, ”utsikt”, ”mann”, ”dame” er alle nytta i omtalen av Udberg-samlinga. Stikkorda til denne samlinga stammar frå ei grovregistrering utført lokalt i Årdal. Motiv/stikkordsinformasjonen vil etterkvart bli redigert av tilsette ved fotoavdelinga; mellom anna vil personbilete få stikkord i tråd med dei etablerte kategoriane for portrett- og gruppebilete. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Hydro Aluminium Årdal 0 18 500 18 500 Aase Udberg 2175 0 2175 Per Vetti 355 0 355 Bergen Museum 73 0 73 Erna Skogli 72 0 72 Andre samlingar 578 50 628 Totalt 3253 18 550 21 803
  • 51. 51 Anbefalte prioriteringar I fotobevaringsarbeidet for Årdal kommune er tre samlingar prioritert: • Udberg: Det pågåande arbeidet med å registrere informasjon til samlinga må ferdigstillast. • Hydro Aluminium Årdal: Heile samlinga må pakkast om og ordnast. Eit utval på 5000 bilete skal digitaliserast. I samarbeid med lokale partnarar skal ein samle inn og registrere informasjon til desse 5000 bileta. • Fjellanger Widerøe: Digitalisering av flyfotosamlinga frå Årdal bør fullførast. ”Utsikt” – eit av fleire friluftsrelaterte bilete frå Udberg-samlinga. Fotograf: Aase Udberg.
  • 52. 52 1426 Luster Samlingsoversyn Tabell 27. Samlingar i fotobasen Den største samlinga frå Luster inneheld bilete fotografert av Valborg Heløy i samband med prosjektet ”Kultur og natur Feigum-Kroken- Ornes”, som vart starta opp i 2005. Frå Luster kommune er det altså bevart ei relativt stor samling digitalt fødde fotografi som dokumenterer naturlandskap og bygningsmiljø i kommunen i nyare tid (2000-talet). Når det gjeld samlingane etter amatørfotograf Johan R. Døsen (1869-1906) og fotograf Samson Brathole (1884-1960), vart arbeidet med å registrere informasjon til desse to samlingane ferdigstilt i januar 2008. Begge samlingane inneheld portrett-, gruppe- og landskapsbilete frå Luster. Verdt å nemne er også samlinga ”Luster sogelag” som inneheld bilete med tilknyting til Lyster sanatorium samla inn frå ulike private eigarar av Luster sogelag. Samlinga ”Per Tang” inneheld fotomateriale frå privatarkivet etter Per Tang, major, topograf og slektsgranskar og lokalhistorikar. Totalt inneheld 145 samlingar 3061 bilete frå Luster kommune. Kring 800 av desse bileta er upublisert. Udigitaliserte samlingar Fylkesarkivet har lånt inn kring 1150 fotografi, datert til ca 1900-1970, frå Dagfinn Drægni. Digitalisering og registrering av dette fotomaterialet vert vurdert. Materialet skal tilbake til eigar etter vurdering og eventuell digitalisering/ registrering. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Landskap 395 011 229 Flyfoto 198 PortrettU 191 Personar 144 Tabell 28. Frå Luster kommune er det landskap som er den hyppigast førekommande motivtypen – og det er landskapsbilete frå nyare tid som dominerer: Heile 225 av landskapsbileta er daterte til 2006, 61 er frå 2005. Sett saman med dei 198 flyfotoa frå Luster, er landskap og busetnad i Luster kommune relativt bra dokumentert, i alle fall i nyare tid. Flyfotoa er nemleg frå 1960- (Fjellanger Widerøe) og 1980-talet (Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeskommunal vassdragsplan). Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Valborg Heløy 384 0 384 Johan Rumohr Døsen 333 0 333 Fotograf Samson Brathole10 218 0 218 Luster Sogelag 157 0 157 Per Tang 141 0 141 Andre samlingar 1828 0 1828 Totalt 3061 0 3061 11) Inkluderer også bilete registret på stikkordet ”ikkje registrert”, samt bilete utan informasjon i motivlina. 10) Brathole-samlinga inneheld totalt 456 bilete med motiv frå Luster. Per 2. august 2007 var det ikkje registrert informasjon om kommunetilknyting til alle bileta.
  • 53. 53 Dei uregistrerte bileta (”0” i motivfeltet) kjem frå den tidlegare nemnte samlinga etter Per Tang, samt frå ei mindre samling bilete med motiv frå Turtagrø. Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Luster kommune bør det prioriterast å samle inn og registrere biletopplysningar til Tang- samlinga og Turtagrø-samlinga. Ein må søke samarbeid med lokale krefter i dette dokumentasjonsarbeidet. • Vidare bør det prioriterast å sikre originalane til flyfotoa frå Fjellanger Widerøe, som per i dag er oppbevart lokalt i kommunen, (sjå vedlegg 4). Blant dei uregistrerte bileta frå Luster er ei samling på 90 bilete frå Turtagrø, datert til kring 1920-1940. Samlinga har motiv frå fjellklatring og friluftsliv. Fotograf: Ukjend.
  • 54. 54 1428 Askvoll Samlingsoversyn Tabell 29. Samlingar i fotobasen Den største samlinga frå Askvoll kommune inneheld bilete etter Paul Stang (-1923), som fotograferte mykje i lokalmiljøet i Stongfjorden. Det er førebels ikkje registrert biletopplysningar til denne samlinga som er ei sentral kjelde til industriutviklinga i Sogn og Fjordane. Stongfjorden var ein av dei første industristadene i fylket, og her vart den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia bygd. Totalt inneheld 100 samlingar kring 1800 bilete frå Askvoll. Udigitaliserte samlingar Samlinga etter fotograf Sigvald Vårdal i Holmedal er udigitalisert. Storleiken på samlinga er ikkje kjent. Materialet er truleg frå perioden ca 1952- 1980 (usikker datering). Fylkesarkivet har så langt lånt inn kring 200 dias til digitalisering frå Vårdal Foto. Eigar ønskjer samarbeid med Fylkesarkivet når det gjeld bevaring av samlinga, og dette er no under planlegging. Sentrale motiv Motiv Tal bilete 0 eller ingen verdi 829 Portrett 97 PortrettU2 54 Portrett2 48 Teglverk 33 Tabell 30. Når det gjeld fotomateriale frå Askvoll, syner tabellen at det mest nytta stikkordet i posisjon 1 i motivlina er ”0” eller ingen verdi. Fleirtalet av dei uregistrerte bileta kjem frå samlinga etter Paul Stang på 705 bilete som vart digitalisert i 2007. Elles ser vi at det er stikkord som skildrar personbilete som er dei mest nytta stikkorda i posisjon 1 i motivlina, i tillegg til ”teglverk”. Anbefalte prioriteringar • Arbeidet med Stang-samlinga bør sluttførast: Ein bør søke samarbeid med Askvoll kommune og andre lokale krefter, for å få samla inn og registrert opplysningar til bileta. • Det bør lagast ein plan for arbeidet med samlinga etter fotograf Vårdal. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Stang sine etterkommarar (Fotograf Paul Stang) 705 0 705 Fotograf Sigvald Vårdal 0 200 200 Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon 128 0 128 Marie Follevåg 96 0 96 Johan Furstenberg Tveit 77 0 77 Andre samlingar 780 0 780 Totalt 1786 200 1986
  • 55. 55 Førsteprioritet er å få samlinga deponert i fotomagasinet på Sandane. • Det vart starta opp eit lokalt innsamlingsprosjekt i Askvoll i 2006. Prosjektet stoppa opp i fjor grunna manglande lokal finansiering. Bileta som vart samla inn er digitaliserte og lasta opp i fotobasen, men biletinformasjonen er mangelfull. Det bør difor også prioriterast å fullføre registreringsarbeidet og få avslutta dette prosjektet på ein god måte. Stang-samlinga vart digitalisert i 2007 i samband med eit bokprosjekt. Det står att å samle inn og registrere opplysningar til bileta. Fotograf: Paul Stang. Arbeidarar på Vårdal Teglverk A/S tar ferdig brend murstein ut frå omnen, kring 1950-55. Fotograf: Ukjend.
  • 56. 56 1429 Fjaler Samlingsoversyn Tabell 31. Samlingar i fotobasen Som tabell 31 syner er den største samlinga i fotobasen med materiale frå Fjaler, samlinga etter A/S Jarl Skofabrikk. Med unntak av samlinga etter Fjellanger Widerøe, inneheld dei andre spesifikt omtala samlingane i tabellen foto lånt inn frå private heimar og album. Totalt inneheld 144 samlingar ca. 2460 bilete frå Fjaler. Udigitaliserte samlingar Ei samling på 118 flyfoto frå Fjellanger Widerøe er påbegynt digitalisert – av dei totalt 118 bileta er eit utval på 10 digitalisert. Samlinga er uordna. I tillegg er ei samling på 5 glasplatenegativ frå Dale prestegard også udigitalisert. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Portrett 390 PortrettU 175 PortrettU2 154 Portrett2 140 GruppeU3 116 Tabell 32. Av dei fem mest nytta sikkorda i posisjon 1 i motivlina for fotografi frå Fjaler, er det slik at alle skildrar personbilete – 4 skildrar portrettbilete og 1 skildrar gruppebilete. Dersom vi også ser på dei nest fem stikkorda i posisjon 1 er det slik at det niande mest nytta stikkordet er ”flyfoto” medan dei fire andre er variantar av stikkordet ”gruppe”. Sidan stikkorda nytta for å skildre portrett- og gruppebilete er gjensidig ekskluderande, kan vi gi eit minimumsoverslag over kor mange bilete frå Fjaler som har personar som det viktigaste motivelementet ved å summere tal bilete for desse kategoriane. Vi finn då ut at minimum 1233 av totalt 2458 fotografi frå kommunen har personar som sitt viktigaste motivelement. Det er då også registert over 7800 avbilda personar i fotomaterialet frå Fjaler. Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Fjaler kommune bør det prioriterast å ordne og digitalisere samlinga med flyfoto frå Fjellanger Widerøe. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt A/S Jarl Skofabrikk 167 0 167 Solveig Åsnes 160 0 160 Fjellanger Widerøe 10 108 118 Johannes Falch 63 0 63 Magne Bjergene 60 0 60 Andre samlingar 1998 5 2003 Totalt 2458 113 2571
  • 57. 57 Som for fleire andre kommunar er det personbileta som dominerer i fotomaterialet frå Fjaler kommune. Til høgre ser vi eit portrett av Marie Therine Hestenes frå ca. 1850 (Fotograf: Ukjend), og over eit konfirmasjonsbilete av Ruth Tundal teke i underkant av eitt hundreår seinare. (Fotograf: Thora Nitter).
  • 58. 58 1430 Gaular Samlingsoversyn Tabell 33. Kring halvparten av dei bevarte fotografia frå Gaular er udigitalisert – nemleg den største fotosamlinga frå kommunen som inneheld fotografi etter fotograf Albert Fureli. Samlingar i fotobasen Dei fire største samlingane med fotomateriale frå Gaular i fotobasen inneheld alle bilete frå private familiealbum, med unntak av den fylkeskommunale samlinga. Totalt inneheld 238 samlingar ca. 1870 bilete frå kommunen. Samlingsstrukturen er altså slik at det er mange, men små fotosamlingar bevart frå kommunen, dersom vi ser spesifikt på materialet i fotobasen. Dei bevarte samlingane er i all hovudsak resultat av bygdebokarbeidet i Gaular. I motsetning til andre bygdebokprosjekt som har samla alle innlånte foto i ei ”bygdeboksamling” er materialet her grundig registrert på dei enkelte eigarane. Udigitaliserte samlingar Samlinga etter fotograf Albert Fureli på kring 2000 bilete frå 1950-talet er uordna og udigitalisert. Fureli skal ha jobba som fotograf på Sande i Sunnfjord, men vi veit elles lite om han. Det er ikkje registrert opplysningar om Fureli i fotoregisteret. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Landskap 91 Slåttonn 81 Tun 74 PortrettU2 71 PortrettU 71 Tabell 34. Tabellen over dei mest brukte stikkorda for å skildre motiv indikerer at gardsbruka i Gaular kommune, inkludert arbeid på gardane, er relativt godt dokumentert i det bevarte fotomaterialet frå kommunen. Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Gaular kommune bør det prioriterast å ordne samlinga etter fotograf Fureli. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Fotograf Albert Fureli 0 2000 2000 Hans Kleppe 71 0 71 Eva Vatle 69 0 69 Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeskommunal vassdragsplan 60 0 60 Eva Fidjestøl 47 0 47 Andre samlingar 1625 0 1625 Totalt 1872 2000 3872
  • 59. 59 Gardstunet på Eldal i Viksdalen fotografert kring 1920-1935. Fotograf: Ukjend.
  • 60. 60 1431 Jølster Samlingsoversyn Tabell 35. Samlingar i fotobasen Totalt inneheld 217 samlingar om lag 1900 bilete frå Jølster. Vi ser at tre av dei største samlingane frå kommunen inneheld bilete etter profesjonelle fotografar, sjå tabell 35. Alle desse tre fotografsamlingane er udigitalisert. Faktisk er heile 1327 av dei kring 1900 bileta frå Jølster i fotobasen udigitalisert. 560 bilete er publisert på Internett, dei resterande bileta er ikkje publisert. Årsaka til dette skulle vere klar – det store fleirtalet av upubliserte bilete er ikkje digitalisert. Dei udigitaliserte bileta finst på reprofilm. Sentrale motiv Motiv Tal bilete GruppeU 200 Landskap 136 Tun 66 Portrett 59 PortrettU2 56 Tabell 36. Sentrale motiv i det bevarte fotomaterialet frå Jølster kommune er person- og landskapsbilete. Anbefalte prioriteringar • For Jølster kommune er situasjonen slik at kring 1300 av totalt 1900 bevarte fotografi er udigitalisert. Det er allereie samla inn og registrert biletopplysningar til desse bileta, og opplysningane er importert inn i fotobasen frå eldre registreringssystem. Digitalisering av bileta er relativt fort gjort, og ein får dermed på ein enkel og effektiv måte vidareført det omfattande arbeidet som allereie er gjort. Ein bør difor prioritere digitalisering av desse bileta. Digitalisering av bileta vil gi både eksterne og interne brukarar betre tilgang til det bevarte fotomaterialet frå Jølster kommune. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Arne Sandnes 233 0 233 Fjellanger Widerøe 179 0 179 Knut A. Øygard (Fotograf Anton Øygard, 1866-1965) 133 0 133 Reiakvam Foto A/S (Fotograf Nicolai Berg, 1875-1955) 97 0 97 Eva Sandal Flaten (Fotograf Tollef Sandal, 1866-1977) 85 0 85 Andre samlingar 1182 0 1182 Totalt 1909 0 1909
  • 61. 61 Vassenden, flyfoto frå 1961. Flyfotoa frå Jølster kommune er digitalisert og det er registrert innhaldsrike tekstar til bileta. Ein viktig del av den nyare historia, mellom anna landskaps- og busetnadsutvikling, til kommunen er dermed dokumentert og bevart for ettertida. Fotograf: Fjellanger Widerøe.
  • 62. 62 1432 Førde Samlingsoversyn Tabell 37. Førde er blant dei kommunane vi har mest bevart fotomateriale i frå, men per 2. august 2007 var berre ein liten brøkdel av dette materialet digitalisert. Samlingar i fotobasen Tala i tabell 37 ovanfor skildrar statusen per 2. august 2007. Då inneheldt totalt 87 samlingar i fotodatabasen ca. 440 bilete frå Førde. Kring 150 av dei kring 440 bileta var udigitaliserte, og berre 244 av fotografia var publiserte på Internett. Sidan den gong har tala foto frå Førde i fotobasen auka, ettersom samlinga etter fotograf Olai Fauske er påbegynt digitalisert (sjå nedanfor). Udigitaliserte samlingar Ei samling på 8000 bilete etter fotograf Olai Fauske (1887-1943) vart i 2007 flytta frå Sunnfjord Museum til fotomagasinet på Sandane. Fauske jobba som fotograf i Førde i åra 1905- 1943, og skal også ha fotografert i Naustdal kring 1912. Størsteparten av produksjonen til Fauske er prospektkort, og samlinga er såleis ei rik kjelde til samfunnsutviklinga i Førde og omkringliggande stader. Fauske-samlinga kan dessutan seiast å vere ei sentral fotosamling nasjonalt: I etnologen Oddlaug Reiakvam si doktoravhandling Bilderøyndom Røyndomsbilde: Fotografi som kulturelle tidsuttrykk (1997) er samlinga ei av tre som dannar grunnlag for hennar analyse. Reiakvam si doktoavhandling er ein sentral tekst i den norske fotohistoriske forskingslitteraturen. Det er prioritert å digitalisere heile samlinga. Sentrale motiv Motiv Tal bilete 0 720 Postkort 98 Portrett 48 Flyfoto 19 Landskap 17 Tabell 38. Dei uregistrerte bileta (motiv = ”0”) kjem i all hovudsak frå Fauske-samlinga. Vi ser at tala for dei andre motivtypane i tabellen er låge, noko som reflekterer at Fylkesarkivet før oppstarten av arbeidet med Fauske-samlinga hadde svært få fotografi frå Førde registrert i fotobasen. Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Førde kommune bør det prioriterast å fullføre digitalisering av Fauske-samlinga. • Det bør startast opp eit dokumentasjonsprosjekt på Fauske- samlinga i samarbeid med Sunnfjord Museum (eigar av materialet) og Førde Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Fotograf Olai Fauske 0 8000 8000 Ivar Soleide 99 0 99 Johannes Hjelmeland 74 0 74 Arild Reppen / Fylkesarkivet 44 0 44 Johan Furstenberg Tveit 27 0 27 Andre samlingar 199 0 199 Totalt 443 8000 8443
  • 63. 63 historielag. Sunnfjord Museum bør som eigar av materialet ha hovudansvar for å utføre dokumentasjonsarbeidet. Museet har i tillegg til bileta, også fotoutstyret til Fauske (bakteppe, kamera, med meir). Formidlingspotensialet er dermed stort – både med tanke på fysiske utstillingar på museet og Internettpresentasjonar. Prospektkort med motiv frå Mo jordbruksskule, kring 1920-30. Fotograf: Olai Fauske. Fauske-samlinga inneheld også ein stor del personbilete i tillegg til dei mange prospekta. Fotograf: Olai Fauske.
  • 64. 64 1433 Naustdal Samlingsoversyn Tabell 39. Som tabell 39 synleggjer er talet bevarte kulturhistoriske fotografi frå Naustdal svært lågt. Med unnatak av Helgaas-samlinga er alt bevart fotomateriale digitalisert og registrert i fotobasen. Samlingar i fotobasen Den største samlinga med materiale frå Naustdal kommune er samlinga etter fotograf Malvin Horne (1904-1962), (sjå også 1401 Flora ovanfor). Totalt inneheld 24 samlingar kring 600 bilete frå Naustdal. Udigitaliserte samlingar Ei samling på 170 glasplater etter fotograf Ola/ Olav (?) Helgaas (?-?) er udigitalisert. Stikkprøver tyder på at samlinga inneheld mykje portrett- og bryllaupsbilete. Vi veit lite om Helgaas. I fotoregistrene er følgjande alt som står: ”Petter Eide ved Nordfjord Folkemuseum opplyser at Helgaas drev endel som fotograf omkring århundreskiftet” (http://www.nb.no/nmff/). Det er eit behov for meir kunnskap om fotograf Helgaas. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Landskap 137 Portrett 100 PortrettU 57 PortrettU2 23 Flyfoto 23 Tabell 40. Anbefalte prioriteringar Naustdal kommune er blant dei fem kommunane i fylket som vi har minst bevart fotomateriale frå, og bør såleis prioriterast i arbeidet til fotoavdelinga: • Ut frå reint geografiske kriterium kan ein difor prioritere å digitalisere Helgaas- samlinga, og slik gjere meir materiale frå Naustdal tilgjengeleg for publikum. Som ein del av arbeidet med Helgaas-samlinga, bør det også prioriterast å utvikle kunnskap om fotograf Helgaas. • Det fotobevaringsarbeidet i Naustdal kommune treng er likevel eit meir omfattande løft. For Naustdal kommune bør ein prioritere å kartleggje kva som finst av fotomateriale (fotografsamlingar, Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Fotograf Malvin Horne 388 -12 388 Fotograf Ola/Olav (?) Helgaas 0 170 170 Naustdal Bibliotek 60 0 60 Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeskommunal vassdragsplan 23 0 23 - 22 0 22 Andre samlingar 116 0 116 Totalt 609 170 779 12) Sjå tabell 3, samlingsoversyn Flora kommune.
  • 65. 65 fotosamlingar etter verksemder, private album), og setje i gang med innsamling av materiale. Naustdal kommune er ein kommune vi har lite bevart fotohistorisk materiale frå. Samlinga etter fotografmeister Malvin N. Horne er den samlinga som inneheld mest materiale frå kommunen. Her ser vi eit bilete frå hundreårsjubileet for Vevring kyrkje i 1950. Horne var fødd i Vevring. Fotograf: Malvin N. Horne.
  • 66. 66 1438 Bremanger Samlingsoversyn Tabell 40. Samlingar i fotobasen Totalt inneheld 161 samlingar om lag 6300 foto frå Bremanger. Bremanger kommune er dermed blant dei tre kommunane i fylket som har flest fotografi registrert i fotobasen og tilgjengeleggjort på Internett. Udigitaliserte samlingar Ei uordna samling på 250 flyfoto etter Fjellanger Widerøe er udigitalisert. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Portrett 611 Flyfoto 387 PortrettU2 320 PortrettU 279 GruppeU3 250 Tabell 41. Som for fleire andre kommunar er personbilete den dominerande motivtypen i materialet frå Bremanger kommune. Det store talet personbilete speglar at det i arbeidet med bygdeboka for Bremanger vart samla inn ei stor mengde personbilete. Det er registrert over 11 200 avbilda personar i fotomaterialet frå Bremanger. Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Bremanger kommune bør det prioriterast å ordne og digitalisere dei kring 250 flyfotoa frå Fjellanger Widerøe. • Arbeidet med bygdeboksamlinga er heller ikkje ferdig – her må det prioriterast å fullføre registrering av biletopplysningar til bileta, samt å kvalitetssikre desse opplysningane. Bremanger kommune bør ha ansvar for registreringsarbeidet, medan Fylkesarkivet kvalitetssikrar arbeidet som vert gjort. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Bremanger kommune, bygdebokarbeidet 2577 0 2577 Andreas Martin Riise 555 0 555 Telemark Flyselskap 373 0 373 Katarina J. Kjelkenes Jensen 297 0 297 Fjellanger Widerøe 0 250 250 Andre samlingar 2500 0 2500 Totalt 6302 250 6852
  • 67. 67 Ungdomslaget i Kalvåg på tur; eit av dei mange personbileta som vart samla inn i samband med bygdebokarbeidet i Bremanger kommune. Fotograf: Ukjend.
  • 68. 68 1439 Vågsøy Samlingsoversyn Tabell 42. Samlingar i fotobasen Totalt inneheld 150 samlingar i underkant av 1850 bilete frå Vågsøy. Som vi ser i tabell 42 inneheld dei enkelte samlingane i fotobasen relativt få fotografi kvar. Udigitaliserte samlingar Den største fotosamlinga frå Vågsøy, ei samling på kring 5000 bilete etter fotograf Henrik Hamre (1921-), er udigitalisert. Bileta etter Hamre er i hovudsak portrettbilete frå 1950-, 1960-, og 1970-talet. Materialet er uordna og ligg i gamle konvoluttar. Det er gode opplysningar til bileta på konvoluttane. Sentrale motiv Motiv Tal bilete Portrett 184 PortrettU2 101 Portrett2 97 PortrettU 82 GruppeU3 75 Tabell 43. Stikkord som skildrar personbilete dominerer i posisjon 1 i motivlina også for fotomaterialet frå Vågsøy. Statistikken speglar truleg både at mengda personbilete er framtredande i materialet frå Vågsøy, og det faktum at stikkorda som skildrar personbilete er dei mest regelbundne, eintydige og kategoriske stikkorda som vert nytta i fotoregistreringa. Anbefalte prioriteringar • I fotobevaringsarbeidet for Vågsøy kommune bør ein i første rekke prioritere å reingjere, ordne og pakke om samlinga etter fotograf Henrik Hamre. Reingjering, ordning og ompakking er vesentleg for bevaring av samlinga. Vidare bør ein gjere eit utval frå samlinga, med tanke på digitalisering, registrering og tilgjengeleggjering. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Fotograf Henrik Hamre 0 5000 5000 Roald Bøe 60 0 60 Odd Fellow 57 0 57 Vågsøy kommune 54 0 54 Johannes Refvik 50 0 50 Andre samlingar 1624 0 1624 Totalt 1845 5000 6845
  • 69. 69 Over: Frå ”Måløy-raidet” i 1941. Fotograf: Ukjend. Under: Kråkenes fyr under bygging, 1906. Fotograf: Anders Folkestadås.
  • 70. 70 1441 Selje Samlingsoversyn Tabell 44. Selje er den kommunen vi har absolutt færrast fotografi frå. Samlingar i fotobasen Totalt inneheld 26 samlingar om lag 200 bilete frå Selje. Udigitalisert materiale Ei samling flyfoto frå Selje etter selskapet Norfly A/S er udigitalisert. Samlinga er frå 1950/60-talet og inneheld kring 100 bilete. Sentrale motiv Motiv Tal bilete 0 54 Flyfoto 14 Krigsminne 9 Portrett 6 Landskap 6 Tabell 45. Fotografia registert på stikkordet ”0” tilhøyrer alle den største digitaliserte samlinga frå Selje kommune, nemleg samlinga etter Ragnvald Berge. Dei digitaliserte flyfotoa er frå den fylkeskommunale samlinga med bilete tekne i samband med fylkeskommunal vassdragsplan, sjå tabell 44. Anbefalte prioriteringar Tabellane over sentrale motiv og samlingar i fotobasen, syner at det er eit stort behov for å samle inn kulturhistoriske foto frå Selje kommune. Selje bør såleis vere ein prioritert kommune i arbeidet til fotoavdelinga. • Det bør gjennomførast ei aktiv kartlegging og innsamling av fotomateriale frå kommunen. • Samlinga med flyfoto etter Norfly A/S bør digitaliserast. • Samlinga etter Ragnvald Berge, som per i dag er den største digitaliserte samlinga frå Selje, bør registrerast og publiserast på Internett. Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Norfly A/S 0 100 100 Ragnvald Berge 54 0 54 Fylkesarkivet, Kulturhistorisk Leksikon 52 0 52 Bernt Stokkevåg 42 0 42 Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeskommunal vassdragsplan 14 0 14 Andre samlingar 43 0 43 Totalt 205 100 305
  • 71. 71 Selje kommune er ein liten kommune, og vi vil ikkje finne så mykje fotomateriale her som i meir folkerike kommunar. Det låge talet bilete frå kommunen talar likevel sterkt om at fotobevaringsarbeidet i kommunen sårt treng eit løft. Dei to fotografia her er lånt inn frå ein privat eigar, og eksemplifiserer kva som kan finnast gøymt i private album rundt om i kommunen. Fotograf biletet ovanfor: Ukjend. Under: Normann.
  • 72. 72 1443 Eid Samlingsoversyn Tabell 46. Frå Eid kommune har vi bevart store samlingar med fotografi etter profesjonelle fotografar. Dette materialet er i all hovudsak udigitalisert, sjå tabell 46. Samlingar i fotobasen Totalt inneheld 160 samlingar ca. 1950 bilete frå Eid. Det er lite bevart fotomateriale frå private heimar og fotoalbum frå Eid. Også hovuddelen av det digitaliserte fotomaterialet er produsert av profesjonelle fotografar. Materialet er hovudsakleg frå perioden 1880-1939; perioden frå 1940 og fram til i dag er dårleg dokumentert. Udigitaliserte samlingar Ei samling på kring 400 fotografi etter fotograf Isak I. Hellebust (1868-1932) er digitalisert og registrert i fotobasen, men den største av samlingane etter fotograf Hellebust er som vi ser av tabell 46 udigitalisert. Totalt omfattar denne samlinga kring 4000 glasplatenegativ, hovudsakleg portrett. Fotoavdelinga ønskjer å digitalisere, registrere og gjere tilgjengeleg også desse 4000 fotografia, men ressurssituasjonen har så langt ikkje gjort dette mogleg. Hellebust var aktiv som fotograf både på Nordfjordeid og i Selje i perioden 1895-1932, og digitalisering av materialet kan såleis også innebere eit løft for Selje kommune. Likeins er samlinga etter dei tre fotografane Bakke, langt større enn dei 183 bileta som er digitalisert. Truleg omfattar samlinga kring 20 000 fotografi frå perioden 1920-2000. Samlinga inneheld først og fremst portrett- og gruppebilete. Det er ikkje prioritert å digitalisere fleire bilete enn utvalet som allereie er digitalisert, men alt materialet bør av bevaringsomsyn reingjerast, ordnast og pakkast om. Det digitaliserte utvalet skal registrerast, men konkrete planar for utføring av dette dokumentasjonsarbeidet er per i dag ikkje på plass. Samlinga etter fotograf Sivert Sefland (1839-1972) omfattar ca. 6700 fotografi, og er i sin heilskap udigitalisert. Sefland var aktiv som fotograf både i Måløy (1910-26) og på Nordfjordeid (1930-64), samt i Ålesund (1939- 1940). Samlinga etter Sefland er på nitratfilm, og det er, ut frå tryggleiks- og bevaringsomsyn, prioritert å digitalisere og fryse ned samlinga. Digitalisering og nedfrysing kan anten bli gjort på fotoavdelinga på Sandane, under føresetnad at det vert kjøpt fryseskåp til oppbevaring av samlinga, eller av Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Som eit tredje alternativ kan Fylkesarkivet digitalisere materialet før deponering i Mo. Ei samling på kring 1100 bilete på reprofilm produsert av Lars R. Lunde på Eid er Arkivskapar Tal foto i fotobasen Tal udigitaliserte deponerte foto Totalt Fotografane Bakke 183 19 817 20 000 Fotograf Sivert Sefland 0 6700 6700 Fotograf Isak I. Hellebust (portrettsamlinga) 0 4000 4000 Fotograf Lars R. Lunde (reprofilmsamlinga) 0 1100 1100 Hans C. Wennevold 0 1000 1000 Andre samlingar 1763 375 2138 Totalt 1946 32 992 34 938
  • 73. 73 også udigitalisert. Lunde dreiv som fotograf på 1970- og delar av 1980-talet, og bygde også opp ei omfattande samling med historisk fotomateriale frå Nordfjordområdet. Lunde si samling, som han seinare deponerte på Nordfjord museum i samband med oppretting av Fylkesarkivet si fotoverneteneste der, er kjent som Eid fotohistoriske arkiv. Reprosamlinga på kring 1100 bilete er del av Lunde si samling. Opplysningar til reprosamlinga er registrert i den gamle fotobasen (Dataflex) som Fylkesarkivet nytta tidlegare. Biletopplysningane bør importerast frå Dataflex, og ein bør pakke om repronegativa i syrefri emballasje. Digitalisering er ikkje prioritert. Etter lege og hobbyfotograf Hans C. Wennevold frå Eid har vi ei samling på kring 1000 fotografi. Materialet er frå 1920/30/40- talet, og omfattar både bilete som Wennevold har teke sjølv og dias som han har kjøpt i utlandet. Spennet i motiv er stort: Frå bilete av pasientar til landskaps- og portrettbilete. Det vil berre vere Fotograf Isak I. Hellebust fotograferte mellom anna militæraktivitetane på Nordfjordeid. Fotograf: Isak I. Hellebust. aktuelt å digitalisere og publisere ein liten del av dette materialet både ut av personvernomsyn og ut av prioriteringar grunna i utvalskriteria våre. Når det gjeld udigitaliserte fotosamlingar frå Eid, har vi også ei samling på kring 100 bilete med ulike opphavsfotografar (arkivskapar Geir Lefdal), der berre 7 bilete få langt er digitalisert. I tillegg kjem ei mindre samling glasplater (50 stk) etter fotograf Ole Hansson Bjørlo (1873-1957) frå Nordfjordeid. Også samlinga etter fotograf Knut K. Leivdal (1904-?) er udigitalisert. Det er knytt lite dokumentasjon til denne sistnemnte samlinga, som inneheld 232 bilete på nitratfilm. Nitratfilm krev som tidlegare nemnt særskilt handsaming. Fotoa er frå perioden 1920-1940.
  • 74. 74 Sentrale motiv Motiv Tal bilete Portrett 604 0 191 Portrett2 123 Militære 85 GruppeU100 51 Tabell 47. Dei uregistrerte bileta (stikkord ”0”) kjem hovudsakeleg frå samlinga etter fotografane Bakke. Personbilete er elles eit dominerande motiv i fotomaterialet frå Eid kommune, og vi ser at også dei militære aktivitetane på Nordfjordeid er dokumentert i det bevarte fotomaterialet. Anbefalte prioriteringar Fylkesarkivet har heile 8 samlingar, eller kring 33 000 udigitaliserte fotografi, frå Eid kommune deponert i fotomagasina på Sandane. I fotobevaringsarbeidet bør det prioriterast å: • Digitalisere og registrere biletopplysningar til samlingane Hellebust og Sefland. Fylkesarkivet bør søke samarbeid med eksterne partnarar når det gjeld finansiering og praktisk gjennomføring av arbeidet med desse to samlingane. Digitalisering og registrering av opplysningar til samlingane vil krevje ein vesentleg arbeidstidsressurs utover dagens kapasitet ved fotoavdelinga. • Ein bør vurdere å kjøpe inn fryseskåp for sikker oppbevaring av Sefland-samlinga og andre nitratfilmsamlingar. Sjølvportrett av fotograf Sivert Sefland (1839- 1972). Fotograf: Sivert Sefland.
  • 75. 75 I samlinga etter fotografane Bakke på Eid finn vi desse to damene. Fotograf: Bakke.