Utdanning for voksne 2012 - Voksenopplæring i Hordaland fylkeskommune

252 views

Published on

Årsrapport for voksenopplæringen i Hordaland fylkeskommune 2012

Published in: Education
0 Comments
0 Likes
Statistics
Notes
  • Be the first to comment

  • Be the first to like this

No Downloads
Views
Total views
252
On SlideShare
0
From Embeds
0
Number of Embeds
2
Actions
Shares
0
Downloads
2
Comments
0
Likes
0
Embeds 0
No embeds

No notes for slide

Utdanning for voksne 2012 - Voksenopplæring i Hordaland fylkeskommune

  1. 1. Utdanning for vaksneÅrsrapport 2012Tema: Helseutdanning
  2. 2. FøreordUtdanning for vaksne - årsrapport 2012 1Svein HeggheimopplæringsdirektørPer-Willy Mørk Karlsengruppeleiar vaksenopplæringaI denne årsrapporten har vi valt helsefaga som hovudtema. Samhandlingsreforma har gjeve kom-munane utvida pleie- og omsorgsoppgåver. Kvalifisert personell er ein føresetnad for at reformaskal lukkast, men i røynda er kvalifisert personell mangelvare. Løysinga for mange kommunar er åleggja til rette for at ufaglærte medarbeidarar kan ta fagbrev som helsefagarbeidar, og helse­faglegspesialisering på helsefagskulane. Skal opplæringa få eit omfang som monnar, krev dette eitsystematisk arbeid med kompetanseutvikling og praktisk tilrettelegging for opplæring. Oppgåva erkrevjande og utfordrar kommunane til m.a. samordning av opplæringsbehov mellom institusjonar,stramme vaktplanar og knapp økonomi.Hordalandskommunane er like fullt i siget. Helse- og oppvekstfaga utgjer om lag 40 % av nyekursplassar for vaksne i vidaregåande utdanning hausten 2012 og er soleis det største utdan-ningsprogrammet. Fylkeskommunen gjer dessutan nybrotsarbeid med å prøva ut ein ny modell foropplæring på arbeidsplassen i VOPA-prosjektet, saman med fire andre fylkeskommunar.Etterspurnaden etter dei helsefaglege tilboda i fylkeskommunen sine fagskular har løsna detteåret. Det samla talet på helsefaglege studentar var i haust 73 studentar, ein vekst på 58 % saman-likna med 2011.Utdanning for vaksne er ei sak med berre vinnarar: Den einskilde veks gjennom utdanning, og pri-vate og offentlege verksemder får tilført etterspurt fagkompetanse. Hordaland fylkeskommune kandå også rosa seg av å vera størst på fagskule og vidaregåande opplæring for vaksne. Samstundesviser statistikken at fylket hadde om lag 36.800 vaksne mellom 20 og 49 år utan fullført vidare­gåande skule / fagbrev i 2011 (SSB 2011). Tala viser ein svak nedgang over tid, men understrekarat vi framleis har mykje ugjort. Som skuleeigar vert det ei utfordring for fylkeskommunen å haldaoppe kvaliteten i utdanninga og samstundes utvikla tilstrekkeleg fleksibilitet i tilboda til å møta einsamansett etterspurnad frå heile fylket.Utdanning for vaksne Årsrapport 2012, er den 3. årsrapporten i rekkja. I perioden frå 2010 har fag-skulane va­kse med 23 % og vidaregåande utdanning for vaksne med 72 %. Vi registrerer dessutanei dobling av personar som kontakta vaksenopplæringssentra med spørsmål om informasjon ogkarriererettleiing, i alt 11 750 i løpet av 2012.
  3. 3. | Utdanning for vaksne - årsrapport 20122
  4. 4. Utdanning for vaksne - årsrapport 2012 3INNHALD..................................................FøreordFagskuleVidaregåande utdanning for vaksneLærling med full opplæring i bedriftUtfordringarTema: HelsefagutdanningNøgd med lokal tilretteleggjingFagskulane - eit stort pluss for kommunaneKontaktinformasjonUtdannar eigne tilsette Morgondagens metodeTar fagbrev på arbeidsplassen1468911141516171820
  5. 5. | Utdanning for vaksne - årsrapport 20124FagskuleHordaland fylkeskommune har 7 fagskular med tilbod innan tekniske fag, helse- og oppvekst-fag, maritime fag, grøne og marine fag. Fagskulane er samla under eit driftsstyre som er øvsteansvarlege styringsorgan, medan fylkeskommunen er skuleeigar.• I 2012 gjekk det 1092 studentar på fagskulen, ei auke på om lag 23 % frå 2011• 546 av desse var nye studentar innan tekniske og maritime fag og 59 var nye studentar innan helsefag.• 1012 søkte fagskule i Hordaland i 2012, noko som utgjer 25 % av søknadsmassen på landsbasis.Nøkkeltal for 2012Oversyn over fagfordelinga for kursplassar på fagskulen 2011 og 2012• I mars arrangerte Hordaland fylkeskommune ein helse- og omsorgskonferanse for å spreia informasjon omhelsefagskuletilboda i Hordaland. Målgruppa for konferansen var kommunane i Hordaland. Kon­feransenvart arrangert i samarbeid med Bergen kommune, Fusa fagskule, Fitjar fagskule og AOF Hordaland. Omlag 60 personar frå ulike kommunar deltok på konferansen. Konferansen bidrog til stor auke i talet pås­økjarar til helsefagskulane i 2012.• 2012 var fyrste året Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD) henta inn data om fagskular for eitheilt skuleår. Det er Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) som registrerar data om fagskule­studentar i heile landet, både frå private og offentlege fagskular. Dette vil bidra til at sentrale myndigheitervil få auka kjennskap til fagskulesektoren.Nytt i 2012
  6. 6. Utdanning for vaksne - årsrapport 2012 5Tekniske og maritime fag (nye studentar) TALBygg og anlegg 124Elektrofag 131Teknikk og industriell produksjon 73Kjemi og prosess 23Petroleum 86Maritim 78Grøne fag 14SUM 546Hausten 2012 starta det opp 546 fyrsteårsstudentar ved dei tekniske og maritime fagskulane i Hordaland, til sa-man var det registrert 1019 studentar innan desse fagområda. Det vart oppretta to nye kull innan maskin­teknikkog elkraft på Stord kor Bergen tekniske er ansvarleg tilbydar for utdanningane. Desse kulla er delvist finansiertav kommunar i Sunnhordland og Hordaland fylkeskommune. Fleire av dei tekniske og maritime utdanninganehadde oversøking i 2012. Spesielt Elkraft og Borring.Helsefag (nye studentar) TALPsykisk helsearbeid 17Kreftomsorg og lindrande pleie 10Helse, aldring og aktiv omsorg (Eldreomsorg) 19Rus og avhengighetsproblematikk 13SUM 59Det er stor satsing på helsefagskuletilbod i høve til Kompetanseløftet 2015, og det er satt av årlege øyremerkamidlar for å stimulera til vekst i både tilboda og talet på studentar som tek helsefagskuleutdanning. Hordalandfylkeskommune får om lag 6 millionar årleg som både offentlege og private tilbydarar av helsefagskule­­utdan-ning kan søkje om. Tilskotet vert fordelt på faktiske studenttal etter ein fast sats. Dei to fylkeskommunale helse-fagskulane i Hordaland har tidlegare slitt med rekruttering, men fekk ei stor auke i søkjartalet i 2012. Dette er eitresultat av mykje marknadsføring av tilboda og skuleslaget i 2012. Hausten 2012 gjekk det totalt 73 studentarved helsefagskulane og av desse var det 59 nye fyrsteårsstudentar fordelt på fire tilbod.
  7. 7. Vidaregåande utdanning for vaksneStadig fleire tek vidaregåande utdanning som vaksen. Helsefagleg utdanningstilbod er mestetterspurd.| Utdanning for vaksne - årsrapport 20126• I 2012 var det 11756 vaksne og verksemder som tok kontakt for å få karriererettleiing eller informasjon hosvaksenopplæringssentra, ei auke på 19 % jamfør førre år.• SSB melder at det ved inngangen til 2012 var registrert 36 797 vaksne i Hordaland utan vidaregåandeutdanning (20-49 år)• Det var totalt 2373 kursplassar for vaksne i 2012• 1330 av desse var nye kursplassar. Dette er ei auke på nesten 10 % i forhold til året før.• 30 % nye kursplassar i helse- og oppvekstfaga.• Helse- og oppvekstfag (39 %) og studiespesialiserande (37 %) er dei to største utdanningsprogramma.Nøkkeltal for 2012Oversyn over fagfordelinga for nye kurs i vaksenopplæringa 2011 og 2012• Hordaland fylkeskommune er med i eit nytt opplæringsprosjekt med opplæring på arbeidsplassen (VOPA).Prosjektet er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Helse­direktoratet, Utdanningsdirektoratet og HFK• Auka etterspurnad i distrikta. Senter for vaksenopplæring på Stord har auka elevtalet med nær 100 pro-sent, og på Voss har talet på vaksne som tek vidaregåande opplæring auka med 50 prosent.• Vaksenopplæringa opna eiga side på Facebook og fekk i løpet av eit halvt år over 2000 tilhengjarar.Nytt i 2012Vidaregåande utdanning for vaksneOpplæringslova gjev vaksne rett til gratis vidaregåande utdanning frå det året dei fyller 25 år. Hordalandfylkeskommune gjennomfører vidaregåande opplæring ved 9 vaksenopplæringssenter og fleire andre skularknytte til sentra. Opplæringa kan variera frå individuell rettleiing til større og meir tradisjonell utdanning, ogskal så langt som mogleg vera tilpassa den einskilde sin arbeids- og livssituasjon.InformasjonsarbeidI tillegg til sjølve undervisningsdelen, har dei ni vaksenopplæringssentra ei omfattande og viktig rolle somservicesenter for vaksne og verksemder i spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne. I 2012 vardet 11756 vaksne og verksemder som tok kontakt for å få karriererettleiing eller informasjon hos vaksen­opplæringssentra, ei auke på 19 % jamfør førre år. Pågangen syner at det er stor interesse og eit stortbehov for informasjon om tilboda til fylkeskommunen, vaksenretten og vidaregåande skule for vaksne.
  8. 8. Utdanning for vaksne - årsrapport 2012 7Helsefag TALHelsearbeidar 228Barne- og ungdomsarbeidar 195Helseservice (helsesekretær, tannhelsesekretær) 76Ambulanse 15SUM 514Kurs i helsefag var også i 2012 det mest populære tilbodet i vaksenopplæringa. Av dei 1330 nye kursplassane i2012 var 514 av desse innan helsefaga, noko som utgjer 39 %. Det største faget er helsearbeidar, tett etterfølgtav barne- og ungdomsabeidar. Vaksenopplæringssentra ved Åsane vgs, Lønborg vgs, Odda vgs og Knarvikvgs har hatt undervisning i helsefaga i år. I tillegg har vaksenopplæringa organisert undervisning på Bjørgvinvgs, Fitjar vgs, Fusa vgs, Rogne vgs og Sotra vgs. Helsefaga er populære og ettertrakta og det blir difor organi-sert undervisning over heile fylket.Vaksne som tek studieførebuande fag er den nest største gruppa i vaksenopplæringa og hadde ved kursstart498 av 1330 kursdeltakarar i 2012. Bergen katedralskule er hovudsenteret når det gjeld desse faga, men detvar også undervisning ved vaksenopplæringssentra på Voss, Stord og i Knarvik. I tillegg tilbyr fylkeskommunenogså nettbasert undervisning. Ein del vaksne som tek vaksenopplæring som praksiskandidatar får også tilbodom undervisning i fellesfag.Studiespesialiserande og fellesfag TALStudiespesialiserande 498Fellesfag 47SUM 545Næringsfaga TALService og samferdsel 88Teknikk og industriell produksjon 65Bygg- og anleggsfag 53Restaurant- og matfag 40Elekrofag 13Naturbruk 12SUM 271Vaksenopplæringa opplevde ei markant auke i kursplassar for dei harde yrkesfaga i 2011 med over 400 % ogtalet på nye kursplassar auka også i 2012 og ligg på 271. Service og samferdsel, teknikk og industriell produk-sjon og bygg- og anleggsfaga var dei tre største utdanningsprogramma. Vaksenopplæringssentra ved Årstadvgs, Knarvik vgs, Kvinnherad vgs og Stord vgs er dei sentra som har halde kurs i næringsretta fag i 2012. Itillegg har vaksenopplæringa organisert opplæring ved Bømlo vgs,Hjeltnes vgs.og Stend vgs.
  9. 9. | Utdanning for vaksne - årsrapport 20128Lærling med full opplæring i bedrift• 361 lærlingar fekk teoriopplæring.• Opplæringa er organisert på 15 ulike skular i fylket.• Over halvparten (54 %) blei meldt opp til fellesfag.• Det blei inngått 365 nye kontraktar for lærlingar med full opplæring i bedrift, ei auke på 12 %.Opplæringslova opnar for å teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter grunnskulen eller ved avbroti den vidaregåande skulen. Fylkeskommunen tek ansvaret for teoriopplæringa, medan bedrifta står for denpraktiske opplæringa. Ordninga fungerer som eit alternativ for dei som av ulike årsaker ikkje ønskjer å gjen-nomføra eit ordinært opplæringsløp i skulen. Teoriopplæringa vert normalt organisert med eigne lærlinge-klassar med teori éin dag i veka, etter mønster frå den gamle lærlingskulen. Negative erfaringar frå skulenkan endrast til noko positivt med full opplæring i bedrift og gjer at fleire fullfører og kjem seg ut i arbeidTal på lærlingar som følgjer ordninga med full opplæring i bedrift held seg stabilt. Ordningafungerer som eit alternativ for dei som av ulike årsaker ikkje ønskjer å gjennomføra eit ordi-nært opplæringsløp i skulenNøkkeltal for 2012Oversyn over undervisning for lærlingar med fyll opplæring i bedrift 2011 og 2012
  10. 10. UtfordringarUtdanning for vaksne - årsrapport 2012 9Vidaregåande utdanning for vaksne og fagskulanei Hordaland har langt større etterspurnad enn detbudsjetta gjev rom for. Budsjettet frå fylkeskom­munendekker i hovudtrekk etterspurnaden til vidaregåandeopplæring for vaksne frå dei søkarane som harvaksen­rett. Men både den vidaregåande utdanningaog fagskulen har langt større søkjarmasse – ein etter­spurnad som representerer kompetanse arbeidsliv ogsamfunn sårt har behov for. Begge skuleslaga er eitoffentleg ansvar og fylkeskommunen har ikkje lov ånytta elevbetaling for vidaregåande utdanning. Fylkes-kommunen sit soleis att med ansvaret og utfordringa.Vidaregåande utdanning for vaksneDen vidaregåande utdanninga møter særskilt to mål-grupper som ikkje er omfatta av vaksenretten, og somikkje har større inntekter enn at kjøp av privat utdan-ning vert eit stort økonomisk løft.1. Vaksne som har ei tidlegare fullført vidaregåandeutdanning:a. Faglærte vaksne som treng ny fagutdanning fordinæringa dei arbeider i endrar segb. Vaksne som arbeider i eit yrke, der dei ikkje kannytta tildlegare vidaregåande utdanning, og som trengfagutdanning eller studiekompetanse for å komma segvidare2. Unge vaksne mellom 20 – 25 år:Denne gruppa har brukt opp ungdomsretten sin utanå fullføra vidaregåande. Dei er i jobb og er endelegmotiverte til å ta utdanning, som oftast fagutdanning ihøve til jobb, eventuelt studieførebuande. Dei er utanrettar og får skuletilbod om det er ledig plass. Nokrevender seg vaksenopplæringa når dei fyller vilkåra,andre fortsett som ufaglærte. Hordaland hadde i 2011om lag 9000 vaksne i alderen 20 – 24 år utan fullførtvidaregåande (SSB 2011).FagskulenStudenttalet ved Fagskolane i Hordaland har aukamonaleg dei siste åra. Den økonomiske ramma harderimot ikkje vekse i same grad. Resultatet vert at deifagskulane som opplever ein vekst, ikkje har tilstrek-kelig grad av overskotsmidlar til å finansiera naudsyntog kostbart utstyr til utdanningane. Samtidig er detikkje mogleg å gje små fagskular med små klassardistriktstilskot, og dette gjev fagskulane ein sværtanstrengt økonomi.Fagskulestudentar har ikkje dei same studentrettersom høgskule- og universitetsstudentane har gjen-nom studentsamskipnadene. Fagskulestudentanehar ikkje moglegheit til å vere medlem i studentsam-skipnadene av di lov om studentsamskipnader ikkjeomfattar fagskulestudentar. Samtidig får ikkje fag-sku-lestudentane studentrabatt på offentleg transport påsame måte som høgskule- og universitets­studentar.Fagskulane har mange studentar som studerer påheiltid, og desse kunne ha nytte godt av dei velferds-goda som andre studentar har tilgang til.
  11. 11. | Utdanning for vaksne - årsrapport 201210
  12. 12. IllustrasjonsfotoUtdanning for vaksne - årsrapport 2012 11Tema: HelsefagutdanningVaksenopplæringa og fagskulen i Hordaland bidreg til at vaksne, kommunar og helse­institusjonar får viktig kompetanseheving til å oppfylla måla i Kompetanseløftet 2015.Med Samhandlingsreforma er kommunane plikta til åutforma ei kompetanseplan der dei blant anna kart-legg kva kommunen har av faglært helsepersonell,framtidas helse- og omsorgsutfordringar og kva behovfor helse- og omsorgspersonell dei har. Dette betyr atfleire kommunar har kartlagt eit behov for meir fag-lærte helsepersonell og helsepersonell med fagskule-utdanning.Auka press på kommunaneSamhandlingsreforma trådde i kraft 1. januar 2012 oger ei helsereform som inneber at kommunane overtareit større ansvar for innbyggjarens helse- og omsorgs-tenester. Kommunane skal behandla fleire pasientarsjølv, førebyggje meir og gi tidlegare hjelp enn før.Gjennom Kompetanseløftet 2015 har regjeringa satt eikompetanse- og rekrutteringsplan for dei kom­munaleomsorgstenestene. To av punkta i denne planen erå utdanna fleire helsefagarbeidarar og å utdannahelsepersonell med fagskuleutdanning. Dette har førttil auka medvit i kommunane når det gjeld faglærthelsepersonell i omsorgstenesta.Fokus på vaksneMange som jobbar i omsorgssektoren i dag er entenufaglærte eller ønskjer vidareutdanning via fagskulen.Dette er ofte vaksne mennesker med god fartstid i y­rk­et. Helsefagarbeidarutdanninga slit med rekrut­teringi ungdomskullet og det er naudsynt at stadig fleirevaksne tek utdanninga.I rapporten Helsefagarbeidarutdanning for vaksne(2010) skriv Håkon Høst at med dagens fråfall og ung-domsrekruttering, må heile 85-90 % av rekrutteringaskje via vaksne for å nå dagens rekrutteringsmål.Helse­fagskulen rettar seg mot dei med fagbrev innanhelsefaga og gjev etterutdanning innan til dømespsyk­isk helsearbeid, kreftomsorg og rusomsorg.Vaksenopplæringa har det siste året merka auka etter­spurnad frå kommunar og tilsette som ønskjer helse­fagleg utdanning. Helsefagskulen har også merkaauka etterspurnad.Meir samarbeidFor å få fleire vaksne til å ta helsefagleg utdanning hardet vore naudsynt å tenkja nytt. Vaksdal kommune ereit døme på dette. Etter å ha sett behovet for faglærthelsepersonell tok dei kontakt med vaksenopplærings-senteret på Voss vgs for å få til eit undervisningsopp-Framskrivingar av SSB fortel at det fram til 2030 vilbli eit underskot av helsefagarbeidarar på over40 000.
  13. 13. | Utdanning for vaksne - årsrapport 201212legg for eigne tilsette. I tillegg er vaksenopplærings-senteret ved Lønborg vgs. med på eit prøveprosjektder 36 vaksne får opplæring på arbeidsplassen. Pro-sjektet er eit samarbeid mellom Kunnskapsdeparte­mentet, Helse- og omsorgsdepartementet, Helse­direktoratet, Utdanningsdirektoratet, Bergen kommuneog Hordaland fylkeskommune. Dette er ulike døme pånye samarbeidsprosjekt og syner kor viktig det er forvaksne med lokale opplæringstilbod.FramoverI 2012 hadde 23 av 33 kommunar i Hordaland utar-beida ein kompetanseplan. Når fleire kommunar fårutforma kompetanseplan for helseomsorga, vil det bliauka etterspurnad etter utdanningstilbod i helsefagafor vaksne. Vaksenopplæringa og fagskulen vil leggjatil rette for fleire samarbeidsprosjekt og syta for atfleire får lågterskeltilbod og lokale opplæringstilbodder dei bur.Vidaregåande utdanning for vaksne• 514 nye kursplassar i helsefag• 9 ulike opplæringsstader underviste i helsefag i2012• 36 vaksne frå Hordaland er med i eit nasjonaltprøveprosjekt med opplæring på arbeidsplassen(VOPA)Kurs i helsefag var også i 2012 eit av dei mest popu-lære tilboda i vaksenopplæringa. Fagbrev og fag­utdanna personale er viktig for den einskilde vaksneog for helsetenesta.Undervisning i heile fylketHelsefaga utgjer kjernen i tilbodet for vaksne som tekutdanning. Av dei 1330 nye kursplassane i 2012 var514 av desse innan helsefaga, noko som utgjer 39%. Det største faget er helsearbeidar, tett etterfølgt avbarne- og ungdomsabeidar. Vaksenopplæringssentraved Åsane vgs, Lønborg vgs, Odda vgs og Knarvikvgs har hatt undervisning i helsefaga i år. I tillegg harvaksenopplæringa organisert undervisning på Bjørg-vin vgs, Fitjar vgs, Fusa vgs, Rogne vgs og Sotra vgs.Helsefaga er populære og ettertrakta og det blir difororganisert undervisning over heile fylket.Fagskule• 59 nye helsefagskulestudentar, ein auke på 195% frå året før• Nytt helsefagskuletilbod innan Rus og avhengig-heitsproblematikkDet er stor satsing på helsefagskuletilbod i høve tilKompetanseløftet 2015, og det er satt av årlege øyre­merka midlar for å stimulera til vekst i både tilboda ogtalet på studentar som tek helsefagskuleutdanning.Hordaland fylkeskommune får om lag 6 millionar årlegsom både offentlege og private tilbydarar av helse-fagskuleutdanning kan søkje om. Tilskotet vert fordeltpå faktiske studenttal etter ein fast sats. Dei to fylkes-kommunale helsefagskulane i Hordaland har tidlegareslitt med rekruttering, men fekk ein stor auke i søkjar-talet i 2012. Dette er eit resultat av mykje marknads-føring av tilboda og skuleslaget i 2012. Hausten 2012gjekk det totalt 73 studentar ved helsefagskulane ogav desse var det 59 nye fyrsteårsstudentar fordelt påfire tilbod.
  14. 14. Utdanning for vaksne - årsrapport 2012 13Rekruttering av vaksne«Rekruttering av lærlinger via videregående skole vil så langt denne analysen har vist heller ikke i framtidautgjøre hovedrekrutteringen av fagarbeidere for pleie- og omsorgssektoren. Rekruttering av voksne medvidere kvalifisering gjennom praksiskandidatordningen ser ut til å forbli en minst like viktig rekrutteringsveisom ordinær videregående utdanning i lang tid.»Frå rapporten Å bli helsefagarbeider (2013) utgitt av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning ogutdanningSamhandlingsreformaMålet med samhandlingsreformen er å forebygge mer, behandle tidligere og samhandle bedre.Pasienter og brukere skal få tidlig og god hjelp når de trenger det nærmest mulig der de bor. De skal få rettbehandling til rett tid på rett sted, gjennom et helhetlig og koordinert helse- og omsorgstjenestetilbud.Tjenestene skal ha god kvalitet, ha høy pasientsikkerhet, lav ventetid og være mest mulig tilpasset denenkelte bruker.En større del av veksten i helsebudsjettene fremover skal komme i kommunene. Denkommunale helse- og omsorgstjenesten og spesialisthelsetjenesten skal utvikles i tråd med målene medsamhandlingsreformen. Samhandlingsreformen startet offisielt 1. januar 2012 med to nye lover og en rekkeøkonomiske og faglige virkemidler. (Helsedirketoratet.no)Kompetanseløftet 2015Med bakgrunn i den kommunale helse- og omsorgstjenestens personellutfordringer er det utarbeidet en nykompetanse- og rekrutteringsplan, Kompetanseløftet. Planen er en del av Omsorgsplan 2015 i Stortings-melding 25 (2005-2006) "Mestring, muligheter og mening – Framtidens omsorgstjenester". Den skal gjeldefram til 2015 og inneholder strategier og tiltak som også skal møte de langsiktige demografiske utfordring­ene fram mot 2050. (Helse og omsorgsdepartementet)Nye kurs - vidaregåande utdanning for vaksne TALHelsearbeidar 228Barne- og ungdomsarbeidar 195Helseservice (helsesekretær, tannhelsesekretær) 76Ambulanse 15SUM 514Totale studenttal - fagskuletilbod TALPsykisk helsearbeid 24Kreftomsorg og lindrande pleie 12Helse, aldring og aktiv omsorg (Eldreomsorg) 24Rus og avhengighetsproblematikk 13SUM 73
  15. 15. | Utdanning for vaksne - årsrapport 201214Tar fagbrev på arbeidsplassenDei eldre på Søreide sjukeheim tenkjer aldri ein tanke på at Madeleine Sainsbury eigentlegheld på og utdannar seg. For dei er ho den reinaste engelen. Berre spør Randolf Wetås.90-åringen med 42 år bak seg i Vesta, forsi-krar på tru og ære at Madeleine er toppen avkranse­­kaka. Alltid smilande og hjelpsam. Ogikkje minst hyggeleg å prata med.- Det er alltid kjekt når Madeleine er på jobb,seier Wetås, og stiller meir enn gjerne opp påbilete saman med 29-åringen frå Fyllingsdalen.Før han legg til:- Vi har ikkje mykje å klage over. Her er detmange velmeinande folk som gjer det beste utav dagane våre.På eige initiativDet er mange år sidan unge Sainsbury gjekksine første vakter på Søreide sjukeheim. Påeige initiativ har ho også teke eit kurs i lege-middelhandtering.- Det gjer at eg får litt fleire og meir interes­santeoppgåver på jobben.Til liks med svært mange andre som arbeidardeltid i helse- og sosialverda, ønskjer ogsåMadeleine å ta fagbrev. Men kravet om 8700praksistimar før ein kan gå opp til fagprøve gjervegen lang.Mange oppgåver- Så dukka dette prosjektet opp, og eg varheldig som fekk tilbod om å vera med. Så langtteiknar det veldig bra. Kvar tredje veke er vi påskulen på Lønborg ein dag. Resten av tida handlar detom jobbing og oppgåveskriving. I løpet av to effektiveår skal vi oppnå 39 kompetansemål. Alt med relevansog utgangspunkt i problemstillingar knytt til jobben vår.Oppgåvene må vi svara på heime, fortel den travlestudenten.- Alt vert levert på It`s learning, og vi får fortløpandebestått eller ikkje bestått. Før eg set meg ned og skriv,har ein kombinert kontaktperson og instruktør påarbeidsplassen godkjent situasjonsbeskrivinga mi, for-klarar Madeleine. Instruktøren hennar heiter MaliwanGismarvik.- Ho er både til stor hjelp og inspirasjon.Vekselverknad- Eg har allereie fått fleire aha-opplevingar desseskuletorsdagane. Undervisinga er lagt opp på einmåte som får fram det beste i oss. Det viser seg jo atvi kan ganske mykje heile gjengen. Og når vi lærermeir om kvifor oppgåver skal løysast slik og slik, vertdet sjølvsagt også meir spennande å gå attende tilarbeidsplassen sin, forklarar ei som med sine 29 år, ermellom dei yngste i klassa.- Her finn du kvinner og menn, yngre og litt eldre. Einkjempefin gjeng, skryt ei som gler seg stort til å tafagbrev som helsearbeidar. Forhåpentleg klarar ho deti løpet av godt halvtanna år frå no.Tekst og foto: Vidar AlfarnesMadeleine Sainsbury stortrivest som deltakar i VOPA-prosjektet i regi avHordaland fylkeskommune. Randolf Wetåser glad kvar dag Madeline kjempå jobben på Søreide sjukeheim.
  16. 16. Utdanning for vaksne - årsrapport 2012 15Morgondagens metodeOpplæring på arbeidsplassen kan verta den nye opplæringsmodellen for vaksne som vil blihelsefag-, eller barne og ungdomsarbeidarar.- Veldig spennande. Etter å ha vore i sving eit litehalvår, er vi også svært godt nøgde med dei førebelseresultata og tilbakemeldingane, seier Sylvi YtrearneBorge. Saman med Mary Monsen har ho ansvaret forHordaland fylkeskommune sitt bidrag til å finna ut kvasom er framtida for vaksne på jakt etter fagbrev innanhelse- og sosialsektoren.- Fem fylkeskommunar er med på forsøket der kvartfylke prøver ut sine eigne modellar for opplæring. Herhar vi verkeleg ei kjensle av å vera med på nybrots­arbeid, seier Borge.KompetansemålDet nye i Hordaland fylke sitt prosjekt er eit mykjetettare samarbeid mellom arbeidsplass, skule ogkommune. Og ikkje minst snakkar vi om eit oppleggsom gjer det mogeleg for folk over 25 år og få seg eitfagbrev på to år. Kanskje endå kortare tid.- I staden for å krevja fem års full ansiennitet, handlardet no om å oppnå 39 læreplanfesta kompetanse­mål, forklarar Borge. Ho er sjølv ansvarleg forundervisings­opplegget. I tillegg har ho også ansvar foroppfølging og skulering av instruktørkorpset.Løyser oppgåver frå jobbkvardag- Eit viktig suksesskriterium har vore at vi legg vaksen­pedagogiske prinsipp til grunn for undervisinga vår.At all oppgåveløysing også tek utgangspunkt i eigenarbeidsplass, ser ut til å vera ein god måte å få påplass kunnskap. På den måten kan den vaksne let-tare sjå samanhengen mellom praksiskunnskap ogny teoretisk lærdom. Det gjev iallfall eit langt høgarerefleksjonsnivå, seier ei som brukar mykje av vekenepå å oppsøkja elevane sine på dei respektive arbeids-plassane.- Opplegget krev motivasjon og sjølvdisiplin. Difor harogså instruktørane på arbeidsplassane ei svært viktigoppgåve. Dei er med på å gjera prosjektet berekraftig.Saman klarar vi forhåpentleg å byggja den brua meønskjer mellom teori og praksis, seier Borge.Den rette vegen til fagbrevTil denne dag har elevar med vaksenrett hatt einsvært lang veg mot fagbrev. Dei må bestå ein sentral-gitt skriftleg eksamen. I tillegg må dei få godskrive omlag 8700 arbeidstimar, før dei kan gå opp til fagprøve,fem årsverk totalt. Når mange opererer med 13,7prosent stilling, skal ein ikkje vera rakettforskar for åskjøna at det tek lang tid å koma i mål.- Det har også Utdanningsdirektoratet oppdaga, og novil dei altså testa ut fem andre vegar til målet.- I prosjektet krev vi at kompetansemåla blir fullførteframfor å stille krav om tal på arbeidstimer. Vi satsarpå kvalitet framfor kvantitet, smiler Monsen.Dei har begge stor tru på at Hordalandsmodellen kanvera den rette vegen til fagbrev.Tekst og foto: Vidar AlfarnesForsøk med vidaregåande opplæring på arbeidsplassen – eit nasjonalt prosjekt:VOPA-prosjektet i Hordaland opnar for mykje tettare samarbeid mellom arbeidsgjevar og skule. Deltakaranefår opplæring på arbeidsplassen og jobbar for å oppnå kompetansemål framfor å ha eit fast krav om 8700praksistimer.I alt fem fylkeskommunar deltek i det nasjonale forsøksprosjektet med sjølvvalde modellar for vegen fram tilfagprøve og fagbrev. Prosjektleiar for VOPA-prosjektet i Hordaland er Mary Monsen som også leiar Senterfor voksenopplæring ved Lønborg videregående skole.- Vi er svært godt nøgde med dei førebelse resultata og tilbake-meldingane, seier pedagog/faglærar Sylvi Ytrearne Borge ogMaryMonsen (t.h.) prosjektleiar for VOPA-prosjektet (vidaregåandeopplæring på arbeidsplassen) i Hordaland.
  17. 17. | Utdanning for vaksne - årsrapport 201216Utdannar eigne tilsetteVaksdal har i dag om lag 4.150 innbyggarar og kring350 årsverk i helsesektoren fordelt på kring 500personar. Det er desse som no får tilbod om utdan-ning lokalt. Kvar tysdag set læreviljuge og engasjertelokale helsemedhjelparar seg på skulebenken for åta teoriutdanning som kan føre fram til fagbrev somhelsefagarbeidar.– Dette er ein vinn-vinn-situasjon for dei og oss. Vilegg til rette for at tilsette skal få ein fagkompetansesom gjer dei i stand til å ta steget frå ufaglærte assi­stentar til helsefagarbeidarar, gjerne i fulle stillingar,seier Stabs/HR-leiar Ingelin Sørås.-Veldig mange er både takknemlege og oppgløddeover denne unike sjansen på heimebane.Stor deltakingMonika Dahle Skjerveggen er avdelingssjukepleiarpå Daletunet omsorgssenter, eit steinkast frå Herads­huset. Ho har også vore sentral i utforminga av detdesentraliserte tilbodet, og ser tydeleg at dette ernoko som passar godt for mange av dei tilsette, ogsåpå hennar arbeidsplass.– Det er heller ikkje til å underslå at fleire vert medpå eit slikt opplegg, når det er initiert, tilrettelagt ogvelsigna frå kommunen si side, meiner Skjerveggen.Vellukka samarbeidOpplæringa skjer i samarbeid med Senter for voksen­opplæring ved Voss vidaregåande skule. Det var kom-munen som tok initiativet til samarbeidet.-Det er bra å sjå at fleire, både offentlege verk-semder og privatpersonar, gjer seg nytte avvaksenopplærings­sentra i fylket. Når arbeidsgjevartek initiativ eller støttar opplæring av dei tilsette, blirdet enklare for den enkelte å gjennomføra opplæ-ringa. Når opplæringa går føre seg på dagtid, må eingjerne få arbeidstid og vakter noko meir tilrettelagd hjåarbeidsgjevar, seier Tone Handegård, leiar for vaksen-opplæringssenteret på Voss.Tekst og foto: Vidar AlfarnesMed Samhandlingsreforma hengande over seg, treng Vaksdal til liks med dei fleste andrenorske kommunane stadig fleire fagutdanna til å løysa helse- og sosialrelaterte oppgåver.Det gjer kommunen noko med.– Dette er ein vinn-vinn-situasjon for dei og oss, seier Stabs/HR-leiar Ingelin Sørås i Vaksdal kommune.
  18. 18. Utdanning for vaksne - årsrapport 2012 17Nøgd med lokal tilretteleggingVaksdal kommune har henta inn undervisningskrefter frå Voss for å hjelpa flest mogeleg framtil fagbrev som helsefagarbeidarar. Marit Frotveit-Redicker er ei av mange som storkosar segmed helsefag på timeplanen kvar tysdag.Det osar tradisjon og industri­samfunn lang veg når einkjem til kommunesenteretDale­kvam. Heradshuset iKonsul Jebsensgate er hellerikkje nett av ny dato. Menoppe i kommunstyresalenskjer detframtidsretta saker. Lære-viljuge og engasjerte lokalehelsemedhjelparar fyller rom-met. Framfor dei står AnneBritt Vethe.Ein dag i veka tek ho turen fråRogne vidaregåande skulepå Voss, for å gje dei litt meirvaksne elevane ei grundiginnføring i helsefag. I daghandlar det om respirasjon oglungene våre.Siktar mot fagbrev– Ein fantastisk flink lærar, skryt Frotveit-Redicker,og noterer flittig i boka si. Ho tek meir enn gjerne deli diskusjonane som Vethe legg opp til, og går hellerikkje av vegen for å stilla eit spørsmål eller fem.- Du veit, i min alder tek det litt lenger tid, smilereleven på 65. Om alt går etter planen har ho fagbrevom ikkje så lenge.– Når dette tilbodet kom opp var eg veldig i stuss omeg ikkje rett og slett var for gamal. Men eg har fått fullstøtta frå alle kring meg, og då tenkte eg at dette skaleg rett og slett berre gjera. Eg angrar ikkje eitt sekund,seier den eldste i elevflokken.– Det har vore ei stor oppleving å få vera med påunder­visinga kvar tysdag. Det er mest som eg hargjeve meg sjølv ein ny sjanse i livet, seier 65-åringen.Tekst og foto: Vidar AlfarnesVaksdal kommune tilbyr teorieopplæring i helsearbeidarfaget for eigne tilsette. Opp­læringa skjer i samarbeidmed Senter for voksenopplæring, Voss vidaregåande skule. Deltak­arane får gratis opplæring ein dag i vekaover eitt år. Utdanninga blir avslutta med tverrfagleg eksamen som er naudsynt før kandidatane kan meldeseg opp til fagprøve.Vaksdal kommune har lagt til rette for at assistentar og andre ufaglærte i helsesektoren kan gjeraunna helsefagrelatert undervisning tilsvarande VG1, VG2
  19. 19. | Utdanning for vaksne - årsrapport 201218- Svært høg kvalitet i alle i ledd, seier AnnbjørgLaupsa, når vi ber ho vurdera fagskulane på Fitjarog i Fusa. Og ho burde vita. I 14 år var ho rektorved skulen i Fusa. Frå nyttår starta ho som ein avtre regionleiarar forvidaregåande skular iHordaland.- Desse fagskulane ersvært viktig av fleireårsaker. Ikkje minster dei til stor hjelp forkommunar som prøver å gjera ein best mogeleg jobbi det nye og svært så utfordrande lokale helseland-skapet. Skulane er også ein framifrå arena til å skapa«spesialistar» av folk som har ei grunnutdanning ibotn, og som sidan har jobba mykje. I tillegg er detsvært viktig at det finst eit slikt tilbod, når unge gutarog jenter skal vurdera ei framtid med helse- og opp-vekstfag, ivrar Laupsa.Viktig aktørLaupsa har meir ammunisjon på lager:- Skulane er rett og slett ein særs viktig regionalutviklings­aktør. Det skriv då også Helsedirektoratet iden ferske publikasjonen, «Nasjonale mål og priori-terte områder for 2013».- Det står svart på kvitt at fagskulane har eit ekstraansvar for å gjera kjent for kom-munane kva ordningar som gjeldfor kvalifisering av vaksne til helse-arbeidarfaget. Og som den viktigeaktøren desse skulene er, vert deioppmoda om å synleggjera detgode tilbodet som finst for vidare-utdanning i dette miljøet, referererLaupsa.- Det er mest som om eg skulle ha sagt det sjølv.Strenge kravI dag kan Fitjar tilby klassar for eldreomsorg ogmiljøarbeid innan rus. Dei ventar også på ei NOKUT-godkjenning for eit opplegg som er kalla: Miljøarbeidretta mot menneske med funksjonsnedsetting.I Fusa har dei følgjande på agendaen dette skuleåret:psykisk helsearbeid, kreftomsorg og lindrande pleie,rehabilitering.Fagskulane -eit stort pluss for kommunaneDen nye Samhandlingsreforma stiller større krav til spesialkompetanse i dei einskildekommunane. Godt då at Hordaland har to fagskular med helse og oppvekst på timeplanen.Annbjørg Laupda, tidlegare rektor ved Fusa fagskule og noverande regionleiar i Opplæringsavdelinga.”Skulane er rett og slett ein særsviktig regional utviklingsaktør. Detskriv då også Helsedirektoratet i denferske publikasjonen, «Nasjonalemål og prioriterte områder for 2013”
  20. 20. Utdanning for vaksne - årsrapport 2012 19- Livsstils- og kroniske lidingar, samt ein klasse forspesialreinhald og sterilforsyning er også til vurderinghjå NOKUT. Det er store krav til dokumentasjon ogkompetanse hjå lærarkreftene. Og slik må det vere.Då er ein også sikra at det endelege resultatet bliroptimalt, meiner den tidlegare rektoren.AmbulerandeSjølv om skulane er lokaliserte til Fusa ogF­i­tj­a­r, snakkar ein her om eit svært så ambulerandeundervisnings­opplegg.- Kort fortalt kan ein vel mest seia at skulane kjemdit studentane er. Vi har i fleire år hatt eit sværtgodt samarbeid med Bergen kommune, og mykjeundervisn­ing har skjedd i tilknyting til storbyen. Påsame måte som det stadig vekk er undervisning andrestader i Hordaland.Utdanningane som fagskulane tilbyr går over to år,med stort sett éin skuledag i veka. Det er i høg gradlagt opp til folk som alt er i arbeid, Opplæringa er dåogså svært praksisretta, og om lag ein fjerdedel avstudiet er knytt til ein eller fleire arbeidsstader. I tillegger det nettundervisning med individuell oppfølging.Oppgåveløysingar og refleksjonsnotat vert i stor gradlevert elektronisk.Ressurskamp- Dermed er det råd for studentane å vera i arbeid,og samstundes få denne attraktive fagutdanninga. Eiutdanning som normalt også medfører noko meir i løn.Tilbakemeldingane frå elevar som har fullført utdan-ningane er svært gode. Dei er også veldig motiverte iutgangspunktet. Mange har gjerne vore lenge i arbeid,og kjenner at dei no treng meir fagleg påfyll. Og dågjerne på heilt spesifikke område som skulane vårekan hjelpa dei med, fortel Laupsa.I ei tid der kommunane treng stadig meir arbeidskraftog betre kompetanse for å sikra den lokale velferda,seier det seg sjølv at det ikkje alltid er like lett å sendagode folk på skule. For at dei skal bli endå betre.- Det er lett å sjå at kampen står her. Dei fleste ser atdette er eit veldig godt tilbod, men veit også at det før­er med seg meir vikarbruk og organisering. Men midti dette er det iallfall godt å vita at fagskulane er gratis,sluttar ei særs oppglødd Annbjørg Laupsa.Tekst og foto: Vidar Alfarnes
  21. 21. | Utdanning for vaksne - årsrapport 201220Bergen katedralskole tlf. 55 33 82 40Knarvik vidaregåande skule tlf. 56 35 54 00Kvinnherad vidaregåande skule tlf. 53 47 57 00Lønborg videregående skole tlf. 55 25 49 00Odda vidaregåande skule tlf. 53 64 96 00Stord vidaregåande skule tlf. 53 45 20 00Voss vidaregåande skule tlf. 56 53 22 00Årstad videregående skole tlf. 55 59 50 00Åsane videregående skole tlf. 55 95 69 00Senter for voksenopplæringFagskulane i HordalandAustevoll maritime fagskule tlf. 56 18 20 00Bergen maritime fagskole tlf. 55 33 75 00Bergen tekniske fagskole tlf. 55 33 78 00Fitjar fagskule tlf. 53 45 78 00Fusa fagskule tlf. 56 58 09 00Hjeltnes fagskule tlf. 56 53 88 00Voss tekniske fagskule tlf. 56 53 22 00Vaksenopplæringsgruppa på fylkesbyggetFagskuleutdanning tlf. 55 23 92 30Opplæring innan kriminalomsorga tlf. 55 23 90 71Teoriopplæring for lærlingar tlf. 55 23 92 30Vaksenopplæring tlf. 55 23 92 30Vaksenopplæringa: www.hordaland.no/voFagskulen: www.hordaland.no/fagskuleNettsiderVaksenopplæringa: www.facebook.com/voksenopplaeringFacebookKontaktinformasjon
  22. 22. Utdanning for vaksne - årsrapport 2012 21
  23. 23. Agnes Mowinckels gate 5Postboks 79005020 BergenTelefon: 55 23 90 00e-post: hfk@hfk.nowww.hordaland.noHordaland fylkeskommune har ­ansvarfor å utvikle hordalands­samfunnet. Vi gir­vidaregåande opplæring, tannhelse­tenester ogkollektivtransport til ­inn­byggjarane i fylket. Vi har­ansvar for vegsamband og legg til rette for verdi­skaping, nærings­utvikling, fritid­s­opplevingar ogkultur.Som del av eit nasjonalt og globalt samfunnhar vi ansvar for å ta vare på fortida, notidaog framtida i ­Hordaland. Fylkestinget er øvstepolitiske organ i fylkeskommunen.Februar 2013. Opplæringsavdelinga.

×