Telemark Politidistrikt
  Samlokalisering av Tokke/Vinje og
  Kviteseid/Seljord lensmannskontor
Telemark Politidistrikt




                          2
Innhald
 1.        Innleiing.................................................................................................
1. Innleiing
Telemark politidistrikt er i ein strategiprosess for å utvikle polititenesta. Politimeister Anne Rygh
Pederse...
1.2.    Arbeidsmetode
Gruppa har valt å bygge rapporten på ei SWOT-analyse, som er ei skildring av
Strenghts (styrker) Wea...
2. Demografi
Demografi, eller befolkningslære, er studiet av menneskelege befolkningar, deira storleik,
sammenseting og ve...
Seljord kommune ligg midt mellom aust og vest; 17 mil frå Oslo, 28 mil frå Haugesund og 2,8 mil frå
Bø. Kommunesenteret li...
Vinje kommune ligg øvst i Telemark og sentralt i Sør-Noreg. E-134 går tvers gjennom kommunen og
er eit hovudsamband mellom...
Det blei sett på som nødvendig å endre dåtidas
                                                organisering, mellom anna p...
Telemark politidistrikt før politireform 2000 – fem         Telemark politidistrikt etter politireform 2000 – eit
politidi...
Organisasjonskart for Telemark politidistrikt pr. 01.01.10




                                                  Politimes...
Misferd                    Brotsverk               Straffesaker totalt
                2007 2008           2009   2007 200...
Tala for dødsfall er henta frå lensmannskontora sine dødsfallprotokollar, medan tala for
våpensøknadar er henta frå politi...
5. Overordna mål – eit tryggare Telemark for alle
I ei pressemelding datert 02.07.09 uttrykte politimeisteren at ”politiet...
Pr. 01.01.10    Politi                               Sivil
                Heimlar    Tilsette   Prosent        Heimlar   ...
Vinje lensmannskontor har eit samla areal på ca. 315 m2 og er lokalisert i Åmot sentrum på
Åmothaugen. I same bygning har ...
8. Fagmiljø og arbeidsmiljø
Erfaring tilseier at mange små tenesteeiningar har rekrutteringsproblem og ustabil bemanning m...
I 1992 blei politihøgskulen akkreditert som høgskule. Det krev at utdanningsinstitusjonen tilfredsstill
krava til fagleg k...
Departementet kommenterte også at politiet si integrering i lokalsamfunn var med på å skape
grunnlaget for et godt samspil...
§ 4-2. Krav til tilrettelegging, medvirkning og utvikling
           (1) Arbeidstakerne og deres tillitsvalgte skal holdes...
Gruppa går ut frå at det ikkje vil komme nye, eller andre element, inn i ei vurdering enn dei
argumenta som ligg til grunn...
Sosialøkonomi
Kommunane som mister kontor vil ikkje få den befolkningsveksten arbeidsplassar fører med seg.
Andre arbeidsp...
14. Anbefaling
 Som omhandla tidlegare i rapporten er Telemark politidistrikt inne i omfattande
organisasjonsendringar. De...
•   ”Vurdering av og forslag om sammenslåing av Bø og Sauherad lensmannsdistrikter” (2009),
    rapport ved Ljosland

•   ...
Upcoming SlideShare
Loading in …5
×

Prosjektrapport Vest-Telemark

1,393 views

Published on

Rapport fra prosjektgruppe med ansatte i politiet i Vest-Telemark, overlevert 15.1.2010.

  • Be the first to comment

  • Be the first to like this

Prosjektrapport Vest-Telemark

  1. 1. Telemark Politidistrikt Samlokalisering av Tokke/Vinje og Kviteseid/Seljord lensmannskontor
  2. 2. Telemark Politidistrikt 2
  3. 3. Innhald 1. Innleiing................................................................................................................. 4 1.1. Arbeidsgruppa og mandatet ................................................................................ 4 1.2. Arbeidsmetode ....................................................................................................... 5 1.3. Tidsfrist .................................................................................................................... 5 2. Demografi ............................................................................................................. 6 2.1. Kviteseid kommune .............................................................................................. 6 2.2. Seljord kommune................................................................................................... 6 2.3. Tokke kommune .................................................................................................... 7 2.4. Vinje kommune ...................................................................................................... 7 2.5 Felles ......................................................................................................................... 8 3. Dagens organisering ........................................................................................ 8 3.1. Politireform 2000................................................................................................... 8 3.2. Telemark politidistrikt etter politireform 2000 .............................................. 9 4. Arbeidsmengde og statistikk ..................................................................... 11 4.1. Politioppgåver ...................................................................................................... 11 4.1.1. Straffesakshandsaming......................................................................................... 11 4.1.2. Oppdrag i PolitiOperativt system (PO) ................................................................ 12 4.2. Sivile oppgåver .................................................................................................... 12 4.2.1. Pass....................................................................................................................... 13 4.2.2. Namsmannsoppgåver og sivil rettspleie på grunnplanet...................................... 13 5. Overordna mål – eit tryggare Telemark for alle.............................. 14 6. Organisasjonsstruktur og utvikling ........................................................ 14 7. Ressursar og handlingsrom ........................................................................ 14 7.1. Tilsette .................................................................................................................... 14 7.2. Lokale ..................................................................................................................... 15 7.3. Kjøretøy ................................................................................................................. 16 7.4. Opningstider og tenesteordningar ................................................................... 16 8. Fagmiljø og arbeidsmiljø ............................................................................ 17 8.1. Fagmiljø ................................................................................................................. 17 8.2. Arbeidsmiljø ......................................................................................................... 17 9. Rekruttering – studentar frå Politihøgskulen .................................... 17 10. Publikumsservice og nærpoliti................................................................. 18 10.1. Lokalt forankra politi – nærleik til publikum ........................................... 18 10.2. Tilbakemelding frå Tokke, Vinje, Kviteseid og Seljord kommunar .. 19 11. HMS – Helse, miljø og tryggleik. .......................................................... 19 12. Vest-Telemark med eit lensmannskontor ........................................... 20 13. Vurdering og oppsummering .................................................................... 21 14. Anbefaling .......................................................................................................... 23 15. Litteraturliste ..................................................................................................... 23 3
  4. 4. 1. Innleiing Telemark politidistrikt er i ein strategiprosess for å utvikle polititenesta. Politimeister Anne Rygh Pedersen har signalisert at distriktet må jobbe smartare og organisere seg betre for å utnytte ressursane best mogleg. Som ein del av strategiprosessen i Telemark politidistrikt, oppretta driftseiningsleiar Torodd Aase (oppdragsgjevar) ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å utgreie samlokalisering av enkelte lensmannskontor i Vest-Telemark. Arbeidsgruppa fekk eit mandat som skildra to klare mål for å styrke polititenesta i Vest-Telemark: 1. Få ei betre og meir fleksibel utnytting av ressursane 2. Etablere større einingar med godt og robust arbeidsmiljø Føremålet med denne utgreiinga er å vurdere på kva måte Telemark politidistrikt kan styrke polititenesta i Vest-Telemark, både operativt og i straffesak. Under arbeidet med rapporten fekk arbeidsgruppa ei ekstra oppgåve. Det var å utgreie samlokalisering av lensmannskontora Kviteseid, Tokke, Vinje og eventuelt Fyresdal og Nissedal til ei stor og robust tenesteeining. 1.1. Arbeidsgruppa og mandatet Arbeidsgruppa besto av fire personar: • Bjørn Håvard Olsen, Lensmann ved Tokke lensmannskontor – leiar • Gunn Heidi Aas, konsulent ved Vinje lensmannskontor • Erik Wahlberg, politibetjent ved Kviteseid lensmannskontor • Gry Djupedal, politibetjent ved Seljord lensmannskontor Mandatet til arbeidsgruppa: Mandatet blei overlevert arbeidsgruppa tysdag 19.09.09 i møte med oppdragsgivar. Det inneheldt to avgrensa føresetnader for kva arbeidsgruppa skulle vurdere: 1. Samanslåing av Tokke og Vinje lensmannskontor, med kontorstad Åmot 2. Samanslåing av Kviteseid og Seljord lensmannskontor, med kontorstad Seljord Arbeidsgruppa har såleis ikkje vurdert andre stadplasseringar for lensmannskontora ved ei eventuell samlokalisering. I mandatet var det gjeve ulike moment rapporten burde skildre. 4
  5. 5. 1.2. Arbeidsmetode Gruppa har valt å bygge rapporten på ei SWOT-analyse, som er ei skildring av Strenghts (styrker) Weaknesses (svakheiter) Opportunities (moglegheiter) Threaths (truslar). Ei SWOT-analyse skal brukast saman med andre arbeidsmetodar for å få best verknad. Derfor er arbeidet og bygd opp som ei etterretningssak ved bruk av etterretninga sine 5 trinn: 1. Innhenting 2. Evaluering 3. Bearbeiding 4. Analyse 5. Distribusjon I informasjonsinnhentingsfasen valte arbeidsgruppa å kontakte dei involverte kommunane og tilsette ved dei aktuelle lensmannskontora for å kartlegge deira synspunkt. Arbeidsgruppa sendte brev til dei involverte kommunane med førespurnad om å kommentere punkt frå mandatet som vi meinte ville vera viktige for kommunen, ved ei eventuell samlokalisering. Vi spurde derfor kva punkta i. og j., ville bety for kommunen, men poengterte at kommunane sto fritt til å kommentere alle punkta. Vi mottok svar frå ordføraren i Tokke og rådmannen i Seljord. Kviteseid kommunestyre svara etter fristen for tilbakemelding gjekk ut. Arbeidsgruppa mottok ikkje svar frå Vinje kommune. Svara blir omtala i eit eige punkt i rapporten. Arbeidsgruppa utarbeidde ei spørjeundersøking som blei sendt til alle tilsette ved kontora. Vi fekk 100 % oppslutning og enkelte punkt frå spørjeundersøkinga er fletta inn i rapporten. Arbeidet har vore open internt for politiet, og alle dokument vi har nytta ligg på serveren til Telemark politidistrikt. I mandatet er det gitt enkelte punkter arbeidsgruppa bør skildre. Arbeidsgruppa valte å basere rapporten på desse punkta og bygde rapporten i same rekkefølgje. 1.3. Tidsfrist Arbeidsgruppas rapport skal gjeras ferdig og overleverast oppdragsgivar innan 15.01.10. 5
  6. 6. 2. Demografi Demografi, eller befolkningslære, er studiet av menneskelege befolkningar, deira storleik, sammenseting og vekst. Ordet har sitt opphav i dei to greske orda demos (folk) og graphein (å teikne eller beskrive). Ein viktig del av faget er innhenting, bearbeiding og analyse av befolkningsstatistikk.1 Arbeidsgruppa har valt å avgrense demografi til kvar menneska bur i dei ulike kommunane, og om talet på fastbuande menneskje i kommunen aukar eller minkar. For å skildre demografien i kommunane valte gruppa å sende ein e-post til kvar av kommunane i tillegg til å gå igjennom kommunanes heimesider, samt kikka på statistikk frå Statistisk Sentralbyrå. 2.1. Kviteseid kommune Areal 709 km² Innbyggarar (pr. 01.01.09) 2 546 Befolkning per km2 4,1 Fordeling av innbyggarane i kommunen Brunkeberg 137 Fjågesund/Kilen 101 Kviteseid 951 Morgedal 483 Vrådal 542 Kviteseid kommune ligg sentralt i Vest-Telemark. Telemarksvassdraget (Telemarkskanalen) og Arendalsvassdraget set sitt preg på landskapet. Kommunesenteret, Kviteseid, ligg midt mellom turistbygdene Vrådal og Morgedal Kommunen har eit variert næringsliv bygd på reiseliv, småindustri, landbruk, handel og offentleg tenesteyting. 2.2. Seljord kommune Areal 711 km2 Innbyggarar underkant av 3000 Befolkning per km2 4,4 Fordeling av innbyggarane i kommunen2 Flatdal 582 Seljord 2078 Åmotsdal 284 1 www.demografi.no 2 Vedlegg frå Seljord kommune, side 22 i tabell 28 6
  7. 7. Seljord kommune ligg midt mellom aust og vest; 17 mil frå Oslo, 28 mil frå Haugesund og 2,8 mil frå Bø. Kommunesenteret ligg i Seljord og er eit trafikkuntepunkt for bussekspressar. Kommunen har eit variert næringsliv bygd på landbruk, handel, offentleg tenesteyting og småindustri. Seljord har fleire arrangement som trekker mange menneske, til dømes Dyrsku’n (66217 besøkande), Countryfestivalen (31450 besøkande), Dansebandfestivalen (21000 besøkande), Norsk Islandshest (12000 besøkande), landstreff Maran Ata (10000 besøkande).3 2.3. Tokke kommune Fakta om kommunen Areal 980 km2 Innbyggarar 2350 Befolkning per km2 2,6 Fordeling av innbyggarane i kommunen Dalen 950 Høydalsmo/Lårdal 550 Mo/Byrte 300 Skafså/Åmdals Verk/Austheii 550 Kommunen ligg i nordenden av Telemarkskanalen om lag midt mellom Oslo og Stavanger. Jordbruk og skogbruk har lange tradisjonar i kommunen. I dag er kommunen ein moderne industri og jordbrukskommune med veksande reiseliv. Kommunesenteret ligg i Dalen er prega av industri, handel og tenesteytingsverksemder. Tal på hytter: Ca. 1050. Hytteutbygging og turisme er eit viktig satsingsområde i Tokke med Skafsåheia/Hallbjønnsekken. Mogeleg nye hytter/leilegheiter/bueiningar som blir vurdert på strekninga Borsæ- Hallbjønnsekken er i storleiken 1000-1500 (Eit meir presist tal vil kome fram av arbeidet med kommunedelplanen frå det same området) Bustadfelt: Utbygging av nye bustadfelt skjer pr. dato på Dalen. Siste feltet på Huvestad er ikkje fullt (3 av 14 tomter er ledige), nytt felt på Åsland (7 tomter) er akkurat lagt ut. 2.4. Vinje kommune Areal 3117 km2 Innbyggjarar (pr. 01.09.09) 3675 Befolkning per km2 1,3 Fordeling av innbyggarane i kommunen Arabygdi/Vaa 114 Bøgrend 400 Edland 630 Rauland 1100 Øyfjell 331 Åmot 1100 3 Vedlegg frå Seljord kommune – basert på tall frå 2008 7
  8. 8. Vinje kommune ligg øvst i Telemark og sentralt i Sør-Noreg. E-134 går tvers gjennom kommunen og er eit hovudsamband mellom aust og vest. E-134 møter riksveg 9 til Kristiansand i Haukeli. I Åmot møtast riksveg 37 frå Kongsberg og Rjukan med riksveg 38 frå Vrådal og Dalen. Arealet i kommunen er større enn Vestfold fylke. Kommunen har lange tradisjonar innan reiseliv. Nye bustadfelt: Hovudsakleg i Edland, Rauland og Åmot, men kommunen er generelt positiv til spreidd bustadbygging. Kommunen vonar innbyggartalet er svakt stigande. Tal fritidseiningar: 4.000 (800 Vågsli, 2000 Rauland, 500 i Øyfjell og 700 resten av kommunen) Nye hyttefelt: hovudsakleg i Vågsli og Rauland, men kommunen tillet framleis spreidd hyttebygging. 2.5 Felles Planer i dei aktuelle kommunane viser ingen radikale endringar i demografi. Hytteutbygging vil halde fram, men det ser ut til at dette vil skje i områda som er lagt ut tidlegare. Det er ikkje planar i nær framtid som syner fleire hotell eller utbygging som vil medføre fleir overnattingsdøgn. Ingen spesielle planer om nye veger. Heller ingen radikal utviding av eksisterande veger. Folketalet i området minkar, men med ei lita auking i Seljord. 3. Dagens organisering Arbeidsgruppa har valt å trekkje frem hovudtrekka i Politireform 2000 for å synliggjere starten på organisasjonsendringane som går føre seg i politi- og lensmannsetaten. Politireform 2000 førte til store endringar i politi- og lensmannsetaten og er grunnpilaren for organisasjonsstrukturen. Vi har og skildra verknadene politireform 2000 hadde for Telemark politidistrikt og endringane som blei gjennomført under reforma. 3.1. Politireform 2000 Politiet har vore inne i ein organisasjonsutviklingsprosess (OU) etter at ”Politireform 2000 – et tryggere samfunn” 4 blei godkjent i januar 2001. Politireform 2000 bygde på utgreiinga gjennomført av politidistriktsutvalet5 som blei gjeve til Justis- og politidepartementet 4. mars 1999. Stortingsmeldinga har tre hovudformål: 1. ein politi- og lensmannsetat som meir effektivt førebyggjer og kjempar mot kriminaliteten 2. ein politi- og lensmannsetat som er meir tenesteytande og publikumsorientert 3. ein politi- og lensmannsetat som arbeider meir kostnadseffektivt 4 Stortingsmelding nr. 22 2000-2001 5 NOU 1999:10 – en bedre organisert politi- og lensmannsetat (Lande Hasle-utvalget) 8
  9. 9. Det blei sett på som nødvendig å endre dåtidas organisering, mellom anna på bakgrunn av nye kriminalpolitiske utfordringar og eit publikum med stigande krav til offentleg tenesteyting. I den sentrale leiinga vart opprettinga av nytt politidirektorat underlagt Justisdepartementet (tredde i kraft 1. januar 2001) og nye roller for Justisdepartementets Politiavdeling, to av dei større endringane. På lokalt nivå (politidistrikta) blei det gjennomført større strukturelle, organisatoriske, leiingsmessige og tekniske endringar, som blei sett i verk 1. januar 2002 under fase 1. Hovudtiltaket var endringa frå 54 til 27 politidistrikt. Fase 2 av politireforma blei sett i verk 1. januar 2005. I fylgje stortingsmelding nr. 42 2004-2005 (”Politiets roller og oppgaver”) omfattar fase 2 ei gjennomgåing og samordning av driftseiningsstruktur og tenesteordningar, meir aktiv patruljeverksemd, betre utnytting av fagkompetansen, effektivisering av administrasjonen og betre ressursutnytting. Hausten 2006 gjennomførte firmaet AGENDA ei evaluering av politireform 2000 på oppdrag frå Politidirektoratet. Firmaet konkluderte med at reforma hadde effekt på organisasjonsmessige og styringsmessige føresetnader som hadde verknad for måla i reforma. AGENDA trakk også fram positive effektar på måla i reforma i form av måloppnåing når det gjeld kostnadseffektivitet og kampen mot alvorleg kriminalitet. Derimot fant dei liten effekt på kampen mot kvardagskriminalitet. Reforma hadde liten eller ingen effekt på førebyggjande arbeid, og det kom fram at samarbeidspartnarar frå kommunal sektor forventa større innsats frå politiet enn det politiet var villig til å prioritere. I fylgje AGENDA hadde reforma ingen positiv effekt på publikumsorientering. Mange hevda at politiet lokalt vart mindre synlege og mindre tilgjengelege. AGENDA trakk også fram ei direkte negativ konsekvens av reforma. Dette var at reforma førte til sentralisering av ressursar – både gjennom samarbeid i større vaktregionar med aktiv patruljeverksemd og i nokon grad gjennom etablering av distriktsovergripande einingar. Konsekvensen gjekk ut over i kor stor grad politiet var synlege og graden av innsats på det lokale plan. Utan å utdjupe evalueringa frå AGENDA nærare, var to hovudkonklusjonar at politireforma var ei nødvendig og nyttig reform og at reforma sto fram som ufullstendig. 3.2. Telemark politidistrikt etter politireform 2000 Før Politireform 2000 var polititenesta i Telemark organisert i fem politidistrikt med 18 driftseiningar. Fleirtalet i politidistriktsutvalet tilrådde ei todeling av Telemark fylke med to politidistrikt: Nordre og Søndre Telemark politidistrikt. Departementet sitt forslag blei at dåverande Notodden, Rjukan, Skien, Telemark og Kragerø politidistrikt blei slått saman til Telemark politidistrikt. Dette blei også gjennomført. Telemark politidistrikt blei delt inn i fem driftseiningar, mens lokaliseringane på politistasjonar og lensmannskontor blei oppretthaldt. Leiinga av politidistriktet blei lokalisert til Skien og har i dag kontor i politihuset på Myren. 9
  10. 10. Telemark politidistrikt før politireform 2000 – fem Telemark politidistrikt etter politireform 2000 – eit politidistrikt politidistrikt, lokalisering av tenesteeiningar som før Telemark politidistrikt har i dag av fem driftseiningar: Grenland driftseining Grenland politistasjon, lensmannskontora i Bamble og Siljan Vestmar driftseining Kragerø politistasjon, lensmannskontora i Drangedal og Nissedal Øst-Telemark driftseining Notodden politistasjon, Rjukan politistasjon, Hjartdal lensmannskontor Midt-Telemark driftseining Lensmannskontora i Bø, Nome, Sauherad (blir flytt til Bø 01.01.09) og Seljord Vest-Telemark driftseining Lensmannskontora i Fyresdal, Kviteseid, Tokke og Vinje I dag er den operative tenesta basert på samarbeidsordningar både på driftseiningsnivå og mellom driftseiningane. Vest-Telemark har per november 2009 eigen vaktordning, medan Midt-Telemark har vaktsamarbeid saman med Øst-Telemark. Meir om dette under punkt 7.4 – ”opningstider og tenesteordningar ”. Arbeidsgruppa si oppgåve er å vurdere samlokalisering av Tokke og Vinje lensmannskontor med kontorstad Åmot, og samlokalisering av Kviteseid og Seljord lensmannskontor med kontorstad Seljord. Som organisasjonskartet nedanfor illustrerer, er kontora i Kviteseid og Seljord i dag organisert under to forskjellige driftseiningar. Ei eventuell samlokalisering vil derfor medføre endringar i høve til organisasjonsstrukturen i Telemark politidistrikt. Arbeidsgruppa finn det ikkje nødvendig å utdjupe endringar i organisasjonsstrukturen når det gjeld driftseiningsnivå. 10
  11. 11. Organisasjonskart for Telemark politidistrikt pr. 01.01.10 Politimester Adm. Enhet / HMS Retts- og påtale Felles operativ enhet PST Grenland Vestmar Midt-Telemark Vest-Telemark Øst-Telemark Grenland Kragerø Nome Fyresdal Notodden pst. pst lmk lmk pst Bamble Drangedal Bø og Kviteseid Rjukan lmk lmk Sauharad lmk pst lmk Siljan Nissedal Tokke Hjartdal lmk lmk Seljord lmk lmk lmk Vinje lmk 4. Arbeidsmengde og statistikk Lensmannskontora har fleire ulike oppgåver. Arbeidsgruppa har valt å trekke fram statistikk basert på politioppgåver og sivile oppgåver. Statistikken viser ein forholdsvis jamn arbeidsmengde dei siste åra. Det er ingen tilhøve som skulle tilseie endringar på dette området. Ein mogleg faktor, som kan ha innverknad, er eit stadig aukande problem med mobile kriminelle/ organiserte kriminelle. Ein ser at politidistrikt rundt oss har ei auking på desse områda, og det er grunn til å tru at det sama vil skje her. 4.1. Politioppgåver Politiet har ei rekke funksjonar, mellom anna ordensteneste, etterforsking, trafikkteneste, redningsteneste, førebyggjande arbeid, naturoppsyn, og publikumsservice. Ved større einingar er oppgåvene ofte fordelt under eigne seksjonar, som til dømes ordensseksjon og etterforskingsseksjon, der tilsette primært arbeider med seksjonsoppgåvene. Ved mindre einingar har ofte dei tilsette ansvaret for fleire oppgåver slik det er ved dei lensmannskontora rapporten omfattar. 4.1.1. Straffesakshandsaming Tabellen under viser ein oversikt over registrerte misferd og brotsverk for kvart kontor frå 2007 til 2009. Straffeloven § 2 forklarar forskjellen på misferd og brotsverk. Tala for 2007 og 2008 er henta 22.12.09, medan tala for 2009 er henta 06.01.10. Tala gjeld registrerte saker i kommunen. Feilkjelda for tabellen er saker som blir melde ved kontora og som har skjedd i andre kommunar, dvs. at tilsette ved kontoret gjer eit arbeid som ikkje kjem frem i tabellen. 11
  12. 12. Misferd Brotsverk Straffesaker totalt 2007 2008 2009 2007 2008 2009 2007 2008 2009 Kviteseid 71 53 49 104 80 67 175 133 116 Seljord 209 175 155 175 184 173 384 359 328 Tokke 49 47 46 60 82 85 109 129 131 Vinje 134 117 89 217 139 114 351 256 203 4.1.2. Oppdrag i PolitiOperativt system (PO) PO er eit dataprogram som politiet brukar til loggføring av hendingar som blir registrerte i heile distriktet. Statistikk frå kvar enkelt kommune blir henta ut ved hjelp av Politiet sitt Analyse- og Leiingsverktøy (PAL). Når det gjeld feilkjelder i høve til talet på oppdrag som skjer i distriktet, er det spesielt to punkt som peikar seg ut som nemneverdige: • hendingar som det ikkje blir gjeve melding om til politiet • hendingar som av ulike årsaker ikkje blir registrerte i PO Tala for 2007 og 2008 er henta 30.10.09, mens tala for 2009 er henta 06.01.10. Tala er henta frå kvart kontor i PAL for PO. 2007 2008 2009 Kviteseid 209 205 171 Seljord 607 522 491 Tokke 241 201 224 Vinje 521 496 396 Totalt 1578 1424 1282 4.2. Sivile oppgåver Arbeidsoppgåver for sivilt tilsette går blant anna ut på registrering av dødsfall, handsame søknader om politiattest, søknader om pass samt våpensøknader. I tillegg blir søknader om arbeids- og opphaldstillating og statsborgarskap tatt imot og vidaresendt. Det er og arbeid knytt til stemnevitnefunksjonen, som går ut på å registrere forkynningar og å forkynne desse. Tala er henta 07.12.09 2009 Politiattest Dødsfall Utlendingssakar Våpensøknadar Kviteseid 156 27 70 70 Seljord 144 30 81 59 Tokke 136 24 45 51 Vinje 155 32 97 76 2008 Politiattest Dødsfall Utlendingssakar Våpensøknadar Kviteseid 91 32 64 108 Seljord 96 34 102 144 Tokke 63 33 79 80 Vinje 126 37 158 140 2007 Politiattest Dødsfall Utlendingssakar Våpensøknadar Kviteseid 81 28 78 57 Seljord 73 40 51 Tokke 48 36 31 41 Vinje 85 48 166 93 12
  13. 13. Tala for dødsfall er henta frå lensmannskontora sine dødsfallprotokollar, medan tala for våpensøknadar er henta frå politiet sitt våpenregister. 4.2.1. Pass Politiet er ein av myndigheitene som har ansvar for utsteding av pass. Pass i Kviteseid og Tokke for 2009 gjekk fram til 01.06, fordi det gamle systemet ikkje lenger blei bruka då passboksane overtok. Frå 01.06.09 og framover blir pass utstedt i Seljord og Vinje. 2007 2008 2009 Kviteseid 185 287 73 Seljord 336 424 490 Tokke 209 147 90 Vinje 401 409 345 4.2.2. Namsmannsoppgåver og sivil rettspleie på grunnplanet Namsmannsoppgåver er praktisk gjennomføring av det meste i samband med tvangsfullbyrding som til dømes utlegg, tvangsdekking, fråviking og gjeldsordning. I alle dei fire kommunane har lensmannen namsmannsfunksjon. Lensmannen har etter tvistelova ansvar for oppgåva som sekretær for forliksrådet. SIAN er eit sakshandsamingsprogram for dei fleste namsmannsoppgåvene og den sivile rettspleia på grunnplanet. Saker registrera i SIAN 2007 2008 2009 Kviteseid 156 197 180 Seljord 212 204 255 Tokke 133 236 129 Vinje 272 241 225 13
  14. 14. 5. Overordna mål – eit tryggare Telemark for alle I ei pressemelding datert 02.07.09 uttrykte politimeisteren at ”politiet i Telemark må jobbe smartare og organisere seg bedre slik at vi får utnyttet ressursene best mulig”. Politimeisteren gav utrykk for at politidistriktet må utviklast vidare og at ein må sjå etter best moglege løysningar på alle nivå i politidistriktet. Ho trekte også fram samlokaliseringa av Sauherad og Bø lensmannskontor, som ein viktig faktor for at politiet i Midt-Telemark skal bli meir tilgjengeleg og meir til stades for publikum. Som tidlegare nemnt, er politidistriktet inne i omfattande strukturelle endringar der det blant anna blir sett på ulike team- og gruppemodellar innan ulike arbeidsområde. Vi har valt å kort skildre kva strategiprosessen inneber under punkt ”organisasjonsstruktur og utvikling”. Arbeidsgruppa meiner det er spanande at politimeisteren er nytenkjande og ser på endringar innan ulike arbeidsområde for om mogleg å gje publikum ei betre teneste. ”Det er trygt i Telemark, og folk skal være trygge på at politiet kommer når liv og helse står på spill” utrykker politimeisteren i same pressemelding. 6. Organisasjonsstruktur og utvikling Som ein del av strategiprosessen, sette politimeisteren ned 6 arbeidsgrupper for å utvikle politidistriktet med mål om å bli betre rusta til å møte morgondagens utfordringar. Arbeidsgruppene som blei sett ned kikka på arbeidsfelt innan: • Analyse, etterretning, etterforsking • Familievald og SO-team • Straffesaksflyt i distriktet, organisering av juristgruppa • Kriminalteknikk og IKT-kriminalitet • Miljøetterforsking • Utlendingsfeltet Arbeidsgruppene har levert rapportar med forslag til endringar i strukturen innan dei ulike arbeidsfelta. Ettersom politidistriktet er i store omstillingar og det ikkje er fastsett kva omstillingar som blir gjennomført, finn arbeidsgruppa det vanskeleg å kommentere kvar distriktet står i framtida. Utfallet av desse arbeida vil ha innverknad på kva for gevinst ein vil få og på kva for område. 7. Ressursar og handlingsrom Politistillingane ved lensmannskontora i Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje er fordelt på éin lensmann, éin politifyrstebetjent og éin eller fleir politibetjentar på kvart lensmannskontor. I tillegg har lensmannskontora sivilt tilsette i konsulentstillingar som utfører sivilrettslege- og forvaltingsmessige oppgåver og skranketeneste. 7.1. Tilsette Tabellane viser ei oversikt over stillingsheimlar og utfylte heimlar ved kvart kontor. Politimeisteren har gjeve uttrykk for at stillingsheimlane blir verande i regionen ved ei eventuell samlokalisering av lensmannskontora. I Kviteseid er det ei ledig fyrstebetjentstilling som blir lyst ut før jol i 2009, tilsetting i stillinga skjer mogleg i 2010. Som det gjeng fram av tabellane har Tokke lensmannskontor ledig ein politistilling på 0,8, men denne er ikkje utlyst. 14
  15. 15. Pr. 01.01.10 Politi Sivil Heimlar Tilsette Prosent Heimlar Tilsette Prosent Kviteseid 3 2 66,67 1 1 100,00 Tokke 3 2,2 73,33 0,5 0,5 100,00 Seljord 4 4 100,00 2,1 2,1 100,00 Vinje 5 5 100,00 2 2 100,00 Totalt 15 12,2 85,00 5,1 5,1 100,00 7.2. Lokale Føremålet med dette punktet er å gjera greie for lensmannskontora sine lokale og kostnadene med desse slik det er i dag. Ein kan ut i frå dette sjå på den økonomiske gevinsten ved å samlokalisere lensmannskontor. Kviteseid lensmannskontor Adresse: Mylletomta, 3850 KVITESEID Utleigar: Vest-Telemark Næringsbygg AS Avtala går ut: 31.12.2011 Kviteseid lensmannskontor har eit samla areal på ca. 240 m2 og er lokalisert i Kviteseid sentrum på Mylletorget. I same bygning har Vest-Telemark PPT sine lokale. Lensmannskontoret disponerer ein dobbeltgarasje som er tilknytt bygningen. Årleg husleige er kr. 207 196,-, i tillegg kjem drifts- og vedlikehaldskostnader. Totale utgifter i 2009 blei ca. kr. 396 000,-. Seljord lensmannskontor Adresse: Ingrid Slettens veg 4B, 3840 SELJORD Utleigar: Hauglid Engineering AS Avtala går ut: 01.09.2011 Seljord lensmannskontor har eit samla areal på ca. 300 2 og er lokalisert i Seljord sentrum i Arnestadbygget. Bygningen inneheld også lokale for Posten. Lensmannskontoret disponerer ein dobbeltgarasje som er tilknytt bygningen. Årleg husleige er kr. 263 192,-, i tillegg kjem drifts- og vedlikehaldskostnader. Totale utgifter i 2009 var ca. kr. 423 300,-. Tokke lensmannskontor Adresse: Hotelvegen 5, 3880 DALEN Utleigar: Advokat Olav Felland Avtala går ut: 01.07.2012 Tokke lensmannskontor har eit samla areal på ca. 250 m2 og er lokalisert på Dalen sentrum. Bygningen har to høgder. Lensmannskontoret ligg i fyrste høgda, i andre høgda er det bustader. Lensmannskontoret disponerer ein enkeltgarasje. Årleg husleige er kr. 195 648,-, i tillegg kjem drifts- og vedlikehaldskostnader. Totale utgifter i 2009 var ca. kr. 359 000,-. Vinje lensmannskontor Adresse: 3890 VINJE Utleigar: Vinje kommune Avtala går ut: 10.03.2010 15
  16. 16. Vinje lensmannskontor har eit samla areal på ca. 315 m2 og er lokalisert i Åmot sentrum på Åmothaugen. I same bygning har mellom andre NAV Vinje og DnB Nor lokale. Lensmannskontoret disponerer totalt fem garasjeplassar, to av dei er ein dobbeltgarasje tilknytt bygningen. Den andre garasjen er ein trippelgarasje lokalisert på industriområdet i Åmot og blir leigd frå Åmot Bilservice AS for kr. 20 000,- i årleg leie. Avtala med Åmot Bilservice går ut 31.12.11. Årleg husleige for kontorlokala er kr. 297 540,-, i tillegg kjem drifts- og vedlikehaldskostnader. Totale utgifter for kontorlokala og trippelgarasjen i 2009 var ca. kr. 452 200,-. Totale husleige-, drifts- og vedlikehaldskostnader for alle kontora i 2009 var ca. kr. 1 630 500,-. Av dette utgjer Kviteseid og Tokke lensmannskontor ca. kr. 755 000,-. Ved ei eventuell samlokalisering vil politidistriktet truleg få ei kostnadssparing i høve til husleige-, drifts- og vedlikehaldskostnader. Kor mykje denne kostnadssparinga utgjer, har ikkje arbeidsgruppa sett nærmare på. Truleg må lensmannskontora i Seljord og Vinje flytte til større lokale eller byggje ut dagens lokale for å huse fleire tilsette under same tak. Lensmannskontoret i Seljord delar bygning med Posten. Arbeidsgruppa er kjent med at kontrakten mellom Posten og utleiger går ut i 2010. Vidare er arbeidsgruppa kjent med at oppdragsgivar har vist interesse for lokala til Posten når leigetilhøvet der blir avslutta. 7.3. Kjøretøy Lensmannskontora disponerer totalt 7 bilar og 2 snøskutarar. Ved ei eventuell samlokalisering vil trongen for bilar bli oppretthalde. Arbeidsgruppa trur det vil bli meir slitasje på kjøretøya ettersom det blir meir aktiv polititeneste med patruljering og lengre kjøreavstandar. Vi trur at behovet for kjøretøy vil auke, og at talet på køyrde kilometer per kjøretøy aukar. Dette heng saman med lengre reiseveg. 7.4. Opningstider og tenesteordningar Vest-Telemark driftseining har per november 2009 eit vaktsamarbeid som omfattar kommunane Fyresdal, Kviteseid, Tokke og Vinje, som vist i organisasjonskartet. Tenesta er sett saman av aktiv teneste og reserveteneste. Polititilsette i Vest-Telemark arbeider hovudsakeleg med etterforskings- og forvaltningsmessige oppgåver i lensmannskontora sine opningstider. Operative oppgåver løysast fortløpande og i helger/netter frå reserveteneste. Lensmannskontora i Fyresdal, Kviteseid og Vinje har opent alle dagar frå 08:00-15:00, medan lensmannskontoret i Tokke held stengt onsdagar og torsdagar. Frå 01.01.10 held Fyresdal og Kviteseid lensmannskontor stengt på torsdagar. Samtidig utvidar Vinje lensmannskontor opningstida på torsdagar frå kl. 08:00-18:00. Midt-Telemark driftseining har i dag eit vaktsamarbeid som involverer kommunane Bø, Nome, Sauherad og Seljord, som vist i organisasjonskartet. Tenesta i Midt-Telemark er sett saman av aktiv patruljering på dag og kveld, samt natteneste i helger. Aust-Telemark dekker opp nattenesten i Midt- Telemark på kvardagar. I tillegg har polititilsette etterforskings- og forvaltningsmessige oppgåver på dagtid ved de ulike lensmannskontora. Felles opningstid for lensmannskontora i Midt-Telemark er 08:00-15:00 alle kvardagar, med unntak av Sauherad lensmannskontor som har stengt torsdagar og fredagar. Frå 01.01.10 blir Sauherad lensmannskontor lagt ned og lokalisert til Bø lensmannskontor. Same dato blir opningstidene ved Bø og Seljord lensmannskontor på torsdagar frå kl. 08:00-18:00. Når det gjeld tenesteordningar blei det gjennomført endringar i tenestelistene for Aust- og Midt- Telemark frå 04.01.10. Også Vest-Telemark er i endringar når det gjeld tenestelister. Ettersom organisasjonen i Telemark politidistrikt er i endring, finn vi det vanskelig å sjå kva fordeler og ulemper dei nye ordningane medfører. 16
  17. 17. 8. Fagmiljø og arbeidsmiljø Erfaring tilseier at mange små tenesteeiningar har rekrutteringsproblem og ustabil bemanning med mykje ”gjennomtrekk”. Kontora i region Vest-Telemark har i mange år hatt problem med rekruttering, og har nytta seg av ufaglært arbeidskraft i lengre tid. Seljord lensmannskontor har også i de seinare år hatt problem med å få søkarar til ledige stillingar. Det kan vera fleire årsaker til dette. Dagens busettingsmønster er eit moment. Det ser ut til at mange unge vil busette seg meir sentralt, for ein periode i livet. Unge nyutdanna uttrykker også ynskje om å starte politikarriera si ved ei større ordensavdeling. I dag er det hard konkurranse om tilsetting av nye polititenestemenn/-kvinner. Dette fordi det i lengre tid har vore underskot på utdanna personell. Det vil kunne endre seg med åra, då inntaket ved politihøgskulen har auka. Innhaldet under ”fagmiljø og arbeidsmiljø” baserer seg i hovudsak på svara frå spørjeundersøkinga blant dei tilsette, og frå prosjektrapporten ”Midt- Telemark – Sammen mot 2012” 8.1. Fagmiljø Tilsette ved små einingar opplever at dei har gode høve til fagleg utvikling i form av kurs og praktisk erfaring innan mange fagfelt. Det blir lagt ein stor grad av ansvar på den enkelte tenestemann/- kvinne. Erfarne tenestemenn/-kvinner frå større einingar opplever at dei får eit breiare arbeidsfelt, og utvida kunnskapsområde ved å jobbe på små einingar. Ved å følgje ei sak frå A til Å får ein et større eigarforhold til saken. Det som er utfordringa er vidareutvikling i den daglige verksemda då det er få kollegaer å dele erfaringane med. Høve for spesialisering er liten innan mange områder, det er ikkje nok stillingar / arbeidsoppgåver for fristilling til å jobbe innan eit fagfelt. Større einingar gir større handlingsrom, og ein kan planlegge og fordele arbeidsoppgåver. Dette kan betre effektiviteten og kvaliteten på arbeidet, men det krev god leiing for å utnytte eventuelle fordelar. Viss ein har fleire personar å spille på, kan ein jobbe meir i team og bli betre til å handsame større saker. Ved alvorlige saker er små einingar i dag avhengig av bistand for å få inn spesialkompetanse. 8.2. Arbeidsmiljø Vi er i dag sårbare ved fråver, og det er problem ved avvikling av ferie. Når ein blir sitjande aleine får ein ikkje gjort oppgåvene sine på ein slik måte ein vil, fordi ein blir stadig forstyrra. Dette gjeld både polititenestemenn/-kvinner og sivilt tilsette. Dette verkar negativt på arbeidsmiljøet. Det er lite tilfredsstillande å sitje aleine, og ikkje få gjort den jobben ein ynskjer. Tenestelistene fører også til at mange polititenestemenn/-kvinner arbeider lite på dagtid. Ei samanslåing av tenesteeiningar kan føre til at vi blir meir handlekraftige og fleksible, og ikkje så sårbare ved fråver. Det fordrar at vi får behalde stillingsheimlane som er i dag, og at dei ikkje står tomme. Grunnlaget for rekruttering blir betre ved eit bra fagmiljø og arbeidsmiljø. 9. Rekruttering – studentar frå Politihøgskulen Seljord lensmannskontor har sidan 2008 hatt utplassert ein student. Det er uttalt at det frå 2010 vil bli utplassert to studentar ved dette kontoret. Politihøgskulen krev at studenten skal ha fast praksisrettleiar, det er lagt til grunn at vedkommande ikkje beordrast til anna teneste eller sendes på langvarige kurs/utdanning. Det er også et krav frå politihøgskulen at praksisrettleiaren skal ha si teneste ved ei operativ avdeling.6 6 Praksisveileder – Ansvarsområder og arbeidsoppgaver – PHS 2004 17
  18. 18. I 1992 blei politihøgskulen akkreditert som høgskule. Det krev at utdanningsinstitusjonen tilfredsstill krava til fagleg kvalitet og har eit godkjent system for kvalitetssikring i utdanninga. NOKUT ga politihøgskulen godkjenning for sitt system i 2006. NOKUT har peika på at systemet må utviklast og forbetrast vidare, og at det blir sett høgare krav til innhald i praksisåret. Det er krav om motivera og kompetente rettleiarar. 7 I fagplanen for 2. studieår for år 2008/2009 kjem det fram at studentane blir utplassera i grupper for å danne lokale studentmiljø. Studentane skal under rettleiing gjere eigne erfaringar ved å arbeide med ulike politioppgåver. Dei skal også i løpet av studieåret ha ekstern hospitering i 4 veker. 8 Det kan bli ei utfordring å nå dei gitte krava i einingar der det er få polititenestemenn/-kvinner. Det kan bli ei stor belastning på dei som tar på seg rettleiar jobben. Dei blir knytt opp til bestemte tenestelister, minskar muligheita for lengre kurs, og for endring av teneste. Det blir lite fleksibelt då to av tre tenestemenn/-kvinner blir bunde opp som rettleiar. Har ein starta som rettleiar kan det føre til at ein alltid må ha student. Dette er i strid med kravet om motiverte rettleiarar. Seinare vil også regionane som har ansvar for studentar ha ansvar for opplæring innan spesialområde. I dag må studentane i driftseining Midt-Telemark vera på ordensavdelinga i Grenland for å dekke opp de ulike politioppgåver. Det at tenestestaden berre har moglegheit til å ha utplassert ein eller to studentar skaper et lite studentmiljø som er sårbart. Det kan også vera vanskelig å nå krava om ulike politioppgåver. Moglegheit for ekstern hospitering er også noko redusera ute i distriktet. 10. Publikumsservice og nærpoliti 10.1. Lokalt forankra politi – nærleik til publikum Etter arbeidsgruppas oppfatning har det gjennom fleire år vore eit viktig prinsipp å oppretthalde eit desentralisera politi i Noreg. Politirolleutvalet (NOU 1982:35 og NOU 1987:27) la til grunn 10 grunnprinsipp og verdiar for norsk politi som utvalet meinte burde vera grunnleggjande. Departementet såg dei 10 grunnprinsippa som eit godt verdimessig grunnlag for organiseringa av norsk politi då politireforma sto for tur. Arbeidsgruppa meiner det er interessant å synleggjere tre av grunnprinsippa sett opp mot ei samlokalisering av lensmannskontor: • Politiet skal vera desentralisert • Politiet skal verke i samspel med publikum • Politiet skal vera integrert i lokalsamfunnet I st.meld. nr. 22 fant departementet det ynskjeleg å greie ut nokre av grunnprinsippa. Departementet kommenterte blant anna at politireforma er bygd på prinsipp om ein desentralisert etat, og at reforma difor la opp til at talet på tenestestader eller kontaktpunkt ikkje skulle reduserast for å oppretthalde nærleik til publikum. Prinsippet om nærleik gjaldt ikkje berre geografisk. Prinsippet om nærleik gjeld og å vera tilstades for å framleis dekkje tryggleikstrong hjå publikum. 7 Praksisåret i bachelorutdanningen – utfordringer fremover – PHS 2008 ref 2006/00109/433 8 Fagplaner studieåret 2008/2009 – 2.studieår – PHS 18
  19. 19. Departementet kommenterte også at politiet si integrering i lokalsamfunn var med på å skape grunnlaget for et godt samspill og tillit mellom politiet og publikum. Politiet si verksemd i lokalsamfunnet og deltaking i dei sosiale nettverka var to moment departementet meinte var viktig for integrering i lokalsamfunn. 10.2. Tilbakemelding frå Tokke, Vinje, Kviteseid og Seljord kommunar Under arbeidet med utgreiinga av samlokaliseringa, sende arbeidsgruppa brev til ordførarane i dei involverte kommunane med førespurnad om innspel til mandatet. Arbeidsgruppa bad om kommentarar til alle punkt i mandatet, men spesielt punkt i (publikumsservice og nærpoliti) og j (samarbeidsordningar mot publikum), fordi gruppa meinte det var to punkt som var viktige å kommentere. Kommunane blei bedne om å koma med innspel til andre nøkkelpunkt der politiet er ein viktig aktør. På bakgrunn av fristen for levering av rapporten, var det viktig å sette ei frist for tilbakemelding. I brevet til kommunane (datert 29.10.09) blei fristen sett til 18.11.09. Arbeidsgruppa fekk tilbakemelding frå ordføraren i Tokke og rådmannen i Seljord. Kviteseid kommunestyre levera tilbakemelding etter at fristen gjekk ut. Per 26.11.09 hadde arbeidsgruppa ikkje mottatt tilbakemelding frå Vinje. I tillegg har arbeidsgruppa fått innspel frå ei rekke aktørar, og lest innlegg i avisene. Desse er tatt omsyn til i rapporten, men er ikkje kommentert enkeltvis. I brevet frå Seljord kommune (datert 17.11.09) blei det nemnt at mandatet til arbeidsgruppa vart drøfta i formannskapet. Seljord kommune fokuserar på at det er viktig med utøvande polititeneste og publikumskontakt. Dei meiner det er viktig å frigjere ressursar til operativ politiverksemd og å skape et fagmiljø som sikrar god rekruttering. I Tokke kommune har saka vore i kommunestyret. Dei var kritiske til prosessen og visar til andre stader der lensmannskontor vert slått saman utan evaluering. Kommunen kommenterar kor viktig det er med førebygging, lokalkunnskap, samarbeid og nærleik, og nemner nokon tverretatlege samarbeidsordningar kor lensmannskontoret spelar ein viktig rolle. Mandatet og prosessen har skapt engasjement, innspel og avisinnlegg. Ut frå desse har vi trekt frem nokre hovudtrekk som går igjen: • Kritikk i høve til mandatet – lokaliseringa Åmot/Seljord vart fastsett • Heile regionen med Nissedal og Fyresdal burde vore sett på i same prosess • Tenke nytt – flytte oppgåver frå nedre Telemark til Vest-Telemark • Trong for synleg politi – ikkje opptatt av eit kontor som har opent frå 8-15 • Ein er redd for at den operative tenesta forsvinn utan lensmannskontor • Fryktar auka kriminalitet • Viktig med nærleik og lokalkunnskap 11. HMS – Helse, miljø og tryggleik. Endrings- og omstillingsprosessar kan ha både positiv og negativ verknad for verksemder og tilsette med tanke på produktivitet, arbeidsinnhald, trivsel og helse. Arbeidstilsynet si rettleiing som tek føre seg suksessfaktorar for endringar i arbeidslivet (”Omstilling? Har du husket det viktigste - 2008”). Det er tatt utgangspunkt i Arbeidsmiljøloven § 4-2, som omhandlar gjennomføring av endringar i arbeidslivet. 19
  20. 20. § 4-2. Krav til tilrettelegging, medvirkning og utvikling (1) Arbeidstakerne og deres tillitsvalgte skal holdes løpende informert om systemer som nyttes ved planlegging og gjennomføring av arbeidet. De skal gis nødvendig opplæring for å sette seg inn i systemene, og de skal medvirke ved utformingen av dem. (2) I utformingen av den enkeltes arbeidssituasjon skal: a) det legges til rette for at arbeidstaker gis mulighet for faglig og personlig utvikling gjennom sitt arbeid, b) arbeidet organiseres og tilrettelegges under hensyn til den enkelte arbeidstakers arbeidsevne, kyndighet, alder og øvrige forutsetninger, c) det legges vekt på å gi arbeidstaker mulighet til selvbestemmelse, innflytelse og faglig ansvar, d) arbeidstaker så langt som mulig gis mulighet til variasjon og for å se sammenheng mellom enkeltoppgaver, e) det gis tilstrekkelig informasjon og opplæring slik at arbeidstaker er i stand til å utføre arbeidet når det skjer endringer som berører vedkommendes arbeidssituasjon. (3) Under omstillingsprosesser som medfører endring av betydning for arbeidstakernes arbeidssituasjon, skal arbeidsgiver sørge for den informasjon, medvirkning og kompetanseutvikling som er nødvendig for å ivareta lovens krav til et fullt forsvarlig arbeidsmiljø. (4) Departementet kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om gjennomføringen av kravene i denne paragraf. Det er plukka ut 5 punkter frå rapporten som er avgjerande for vellukka endring og som bør vere med vidare i omstillingsarbeidet: 1. Medviten om lokale normer 2. Medviten om mangfald 3. Konstruktiv konflikthandtering 4. Tilgang på leiaren 5. Tidleg rolleavklaring Arbeidsgruppa har gjennomført ei undersøking blant dei tilsette, gjennomgått arbeidsundersøking av 2007 og sjukefråveret ved lensmannskontora dei siste tre åra. Dei tilsette er lite borte frå arbeidsplassen noko som kan tyde på at tilsette har det bra på arbeidsplassen slik den er i dag. Undersøkinga vi gjorde blant dei tilsette kan det sjå ut som dei tilsette kan tenke seg eit kontor med fleire tilsette slik at kontoret ikkje får den same belastninga ved sjukdom og anna fråvær som i dag. Andre positive moment som er kome fram er at ved fleire tilsette vil eit få breiare fagmiljø, betre samarbeid i større saker, større moglegheit for betre rekruttering og at ein ikkje så ofte er aleine på arbeid. Av negative faktorar som er kome fram frå dei tilsette blir det nemd avstand til publikum og frykt for færre stillingsheimlar Nokre av dei tilsette arbeider ved små einingar av di dei ynskjer å arbeide med fleire fagfelt, og ha ein større variasjon i sine gjeremål. Vi er inne i ein periode der det skjer mange endringar, blant anna endringar i tenestelistene. Slike endringar vil kunne vere med på å påverke arbeidsmiljøet. Risikovurdering er ein føresetnad i tillegg til konsekvensvurdering slik at ei endring/omstilling kan bli gjennomført med reduserte eventuelle uheldige konsekvensar. Før ein gjennomfører ei endring er det viktig å fastsette dato for evaluering. 12. Vest-Telemark med eit lensmannskontor Under arbeidet med rapporten fekk arbeidsgruppa i tilleggsoppgåve å greie ut ei samlokalisering av lensmannskontora Kviteseid, Tokke, Vinje og evt. Fyresdal og Nissedal til ei stor og robust tenesteeining. Arbeidsgruppa har vald å legge vekt på mandatet sine oppgåver og derfor berre skrive ei kort utgreiing på tilleggsoppgåva. Arbeidsgruppa vurderte at det ikkje ville vera trong for å sjå ytterlegare på demografi m. v. for Fyresdal, sjølv om kommunen blir foreslått innlemma i ei felles eining. 20
  21. 21. Gruppa går ut frå at det ikkje vil komme nye, eller andre element, inn i ei vurdering enn dei argumenta som ligg til grunn frå dei andre kommunane/lensmannskontora. Ein vil kunne sleppe husleige og driftsutgifter for fleire lensmannskontor, men det vil bli ytterlegare trong for eit større kontor med dei utgifter som fylgjer med. Fyresdal si geografiske plassering er ei utfordring. Fyresdal høyrer likevel heime i Vest-Telemark og vurderast derfor på lik line med dei andre kontora. Den økonomiske gevinsten ved å trekke Fyresdal lensmannskontor inn i ei samlokalisering vil bli marginal. Ulempene for Fyresdal kommune vil nok bli noko større enn for dei andre kommunane på grunn av geografisk avstand. Gruppa trur at Fyresdal lensmannskontor er det kontoret som vil få minst fordelar ved å bli samlokalisert med dei andre lensmannskontora. Gruppa ser at tyngdepunktet for ein tenestestad midt i området vil forskyve seg noko om ein berre ser geografisk på forholda. Fordeler og ulemper ved samlokalisering av fleire lensmannskontor vil i stor grad vera dei same som er nemnt ved samlokalisering av to og to kontor. Moment som kjem i tillegg: • Ved samlokalisering av såpass mange personar vil det bli behov for nytt kontor. Vi er usikre på om det pr i dag er tilgjengeleg kontorløysingar som vil dekke trongen for talet på kontorplassar, garasjeplassar, celler m.m. • Kommunane sine krav for kompensasjon ved tap av det lokale lensmannskontoret vil nok medføre at mykje tid vil gå med til å vera til stades i kommunane. Dette kan gå ut over etterforskingskapasitet og sakshandsamingstid. Eit døme er at om ein skal halde eit foredrag på ein skule som ligg i utkanten, vil ein måtte regne med å bruke opp til 3 timer lengre tid( ca ½ dag). Dette medfører at ein i liten grad får gjort noko anna enn akkurat dette oppdraget denne dagen. Vi tvilar på at dette vil vera god nytting av arbeidstida. Det vil også kunne verke frustrerande i ein situasjon der ein t.d. har mange saker liggande til etterforsking. • Det vil bli lettare å styre tenesta, og å bruke fleire personar til å løyse oppgåver som elles ville ha tatt lang tid om ein sat aleine. Momenta over er ikkje uttømmande. Ser ein det heile frå fugleperspektiv, må politidistriktet si leiing vurdere fordelane med dei forskjellige alternativa opp mot kvarandre, og ta konsekvensane av det dei avgjerdene som blir tekne. 13. Vurdering og oppsummering Avstand Avstandane i Vest-Telemark er store og befolkninga er spreidd. Dette vil føre til at enkelte tilsette og publikum vil få lengre reiseveg ved ei samlokalisering. Mange seier at det er viktig å ha eit kontor dei kan ta kontakt med utan å måtte reise langt for å komme dit. Etter kvart kan ein sjå føre seg at ved nytilsetting vil dei busette seg i nærleiken av arbeidsplassen. 21
  22. 22. Sosialøkonomi Kommunane som mister kontor vil ikkje få den befolkningsveksten arbeidsplassar fører med seg. Andre arbeidsplassar knytt til lensmannskontoret kan bli borte. Om fleire etatar blir flytta bort, vil det kunne føre med seg ei fråflytting frå kommunen. Lokalkunnskap/forståing Forsvinn tilsette med lokal forankring i nærmiljøa, vil viktig lokal kunnskap og kjennskap gå tapt. Dei negative verknadene av tap av nærpoliti kan delvis motverkast med god organisering, retningsliner og arbeidsfordeling nedfelt i stillingsinstruksar. Politiet samarbeider i dag med ein del andre instansar som forskjellige etatar i kommunen, skulane, NAV, helsetenesta og private instansar. Kommunane og privatpersonar har uttrykt frykt for at dette samarbeidet kan gå tapt. Tryggleik For befolkninga følast det trygt å ha eit lokalt lensmannskontor, og at det er polititenestemenn/- kvinner busett i kommunen. Handlingsrom Dagens organisering med små kontor gjer tilsette lite handlingsrom. Tilsette sit noko aleine og føler dei ikkje får unna oppgåvene dei er satt til å gjere på ein tilfredsstillende måte. Vi ser ikkje føre oss at arbeidsmengda blir større enn i dag, men med fleire tilsette tilstades på same tid får ein betre høve til å koordinere oppgåvene. Det blir eit større arbeids- og fagmiljø. Ein får moglegheit til å tildele tilsette spesielle arbeidsfelt og spesialkompetanse. Dette kan føre til betre høve for rekruttering. Studentar Ein annan positiv konsekvens med større einingar er aukande sjanse for tildeling av politihøgskulestudentar. Økonomi Det vil kunne bli spart inn på utgifter i høve til mellom anna husleige, reingjering, renovasjon og straum m. v. men det er vanskeleg å seie noko om kor store utgiftene vil bli ved eventuell ombygging eller nytt og større bygg. Gruppa trur ikkje det vil bli noko å spare i høve til utgifter til køyretøy, heller tvert i mot. Frå SWOT-analysa og tilbakemeldingane frå dei tilsette, må ein vurdere gevinsten av mellom anna større fagmiljø, færre dagar aleine ved kontoret, og patrulje på dagtid. Også den uformelle samtala med publikum og samarbeidspartar må vurderast saman med mellom anna større avstandar for både publikum og politi. Andre faktorar ein også må vurdere er mindre lokal forankring og mindre fleksibilitet til å løyse oppgåver nærare arbeidstidas slutt. Ein må også vurdere kva tryggleikskjensla er, og kor reell tryggleiken er. Det må ikkje vere nokon tvil om at vi ynskjer å gje innbyggarane ei best mogleg polititeneste ut i frå dei føresetnadene vi har. Omsynet til publikum må gå før andre omsyn. Det vil seie at dei vurderingane vi gjer som fagfolk. skal gje innbyggarane ei best mogleg polititeneste. 22
  23. 23. 14. Anbefaling Som omhandla tidlegare i rapporten er Telemark politidistrikt inne i omfattande organisasjonsendringar. Det er mange prosessar og nye tankar om korleis distriktet skal sjå ut i framtida. Politimeisteren har sagt at ho ser føre seg større einingar som er meir robuste og som kan gje ei betre polititeneste. I tillegg har nye tenestelister og arbeidsformar ein stor innverknad på korleis polititenesta blir. Arbeidsgruppa ser fleire fordelar for politiet sin del ved å slå saman lensmannskontor og lage større einingar. Større arbeidsmiljø, meir spesialiserte oppgåver og spisskompetanse for kvar enkelt tilsatt og det at kontoret blir mindre sårbare ved fråver, er nokre av dei fordelane vi ser ved ei samlokalisering. Arbeidsgruppa ser som tidlegare omhandla ein del negative konsekvensar for kommunane som eventuelt mistar lensmannskontora. Omsynet til fagmiljø, betree høve til å faktisk å kunne bemanne ei patrulje som kan fungere i kommunane veg tungt av omsyn til å få ei betre polititeneste for publikum. Av den grunn meiner gruppa at ei eller anna form for samanslåing vil vere det beste. Arbeidsgruppa har kome til at ei samanslåing av Kviteseid, Tokke og Vinje lensmannskontor er ei god løysing for publikum i Vest-Telemark. Dei tre lensmannskontora deler det same kriminalitetsbilete. Gruppa meiner at det må gjerast ”avtaler” som gjer at alle kommunane er sikra at politiet er til stades på tidspunkt som ikkje er forutsigbare for kriminelle. Likeeins bør ein passe på å lage eit opplegg som gjer at politiet framleis har den lokale kontakten med til dømes kommune, skule, miljøarbeidar, helsevesen, barnevern osb. i alle kommunar. Dette må bli prioritert høgt slik at ein er sikra at ingen kommunar eller oppgåver blir ”borte”. Gruppa er noko meir usikker på gevinsten dersom ein i tillegg også samlokaliserer Fyresdal lensmannskontor. Det er likevel klart at Fyresdal lensmannskontor vil bli enno meir sårbart enn i dag dersom det blir ei samanslåing av dei andre kontora. Seljord lensmannskontor høyrer i dag til driftseining Midt-Telemark og i høve til det innkomne forslaget som gruppa også er bedt om å vurdere, er ikkje Seljord lensmannskontor med i denne løysinga. Dersom ein vel å samlokalisere fleire enn to kontor i eit, bør politimeisteren vurdere geografisk plassering av kontoret på nytt. Vi meiner at ei ny arbeidsgruppe må vurdere korleis ei større samanslåing skal sjå ut der den nye gruppa også får i oppgåve å vurdere plassering. 15. Litteraturliste • ”Sluttevaluering Politireform 2000” (2006), AGENDA Utredning og Utvikling AS • ”En bedre organisert politi- og lensmannsetat” (1999), Noregs Offentlige Utredningar 1999:10, Statens forvaltningsteneste/statens trykking • ”Politiets roller og oppgaver” (2005), stortingsmelding nr. 42 (2004-2005), Det kongelige justis- og politidepartement • ”Politireform 2000 – et tryggere samfunn” (2001), stortingsmelding nr. 22 (2000-2001), Det kongelige justis- og politidepartement • ”Politiets nasjonale innbyggerundersøkelse” (2008), TNS Gallup 23
  24. 24. • ”Vurdering av og forslag om sammenslåing av Bø og Sauherad lensmannsdistrikter” (2009), rapport ved Ljosland • ”Midt-Telemark sammen mot 2012” (2008), prosjektrapport • ”Fagplan PHS 2008/2009” (2008), Politihøgskulen • Arbeidstilsynets publikasjon best.nr 590 Omstilling? Har du husket det viktigste? 24

×