Signalbygg er babelske tårnAv Ronny SpaansSidan februar i år har eg reist rundt i landet og skrive på ein serie om norsk a...
Tromsøs nye storsatsing, den overdimensjonerte Havneterminalen midt i sentrum, ereit døme. Hurtigruta treng lagerrom, seie...
opp att på ein ny stad. Men før det hender, skal dei sjølvsagt fotograferast og dokumenterastpå CV-ane og merittlistene åt...
“Kilden er et landemerke, symbolet for Agders nye kulturelle tidsregning”, heiter det ireklamen for det nye konserthuset i...
framtidas Bjørvika vil liggje når neste generasjon politikarar kjem til makta og vil hauste æreog heidring ved å klippe sn...
Upcoming SlideShare
Loading in …5
×

Arkitekturen i Norge. En anmeldelse av forfatter Ronny Spaans

1,035 views

Published on

Forfatteren Ronny Spaans har i 2011 på oppdrag fra ukeavisa Dag og Tid reist rundt i Norge fra Tromsø i nord til Kristiansand i sør, og anmeldt arkitekturen i norske byer og bygdebyer. Han har blant annet gitt arkitekturen i Eidsvoll og Brønnøysund terningkast 3, Ålesund og Tromsø 4, og Bergen 5. Hva er begrunnelsen?

  • Be the first to comment

  • Be the first to like this

Arkitekturen i Norge. En anmeldelse av forfatter Ronny Spaans

  1. 1. Signalbygg er babelske tårnAv Ronny SpaansSidan februar i år har eg reist rundt i landet og skrive på ein serie om norsk arkitektur for Dagog Tid. Arbeidet vil eg på mange vis karakterisere som ei daningsreise. Før ville eg ha faregjennom stader som Ringebu og Rakkestad, bygdebyar som ved fyrste augnekast er mindrevakre, utan å leggje merke til kvalitetane deira. Men slike stader fortener ros. Politikarane iRingebu har aktivt kjempa mot etablering av kjøpesenter i kommunen og dermed halde eitlevande bysentrum ved like – det gav dei Statens bymiljøpris for 2011 – medan Rakkestad haravgjort at shoppingsenteret utanfor bygrensa skal leggjast ned og butikkane flyttast inn isentrum. Serien har lært meg å ikkje berre tenkje estetikk når arkitektur og byplanlegging stårpå programmet, men å vurdere stadutvikling ut frå andre kvalitetar. Det krevst eit fordomsfrittblikk å kunne identifisere miljøvenlege og berekraftige byar. Dei gjev seg ikkje til kjenne veddet oppsiktsvekkjande og spektakulære. Men reisene har òg presentert meg for “tidsånda” i samtidsarkitekturen: Ropet ettersignalbygg – og det høyrest ikkje berre frå tilhengjarane av Barcode i Bjørvika, slik ein kan fåinntrykk av frå Oslo-pressa. Tettstader og byar i alle landsdelar vil alle ha sitt arkitektoniskeunderverk. Heile Noreg, frå Kristiansand i sør til Kirkenes i nord, er hamna i ein patologisktilstand. Politikarar og byplanutviklarar er smitta av ein arkitektonisk stormannsgalenskap, eitsignalbygghysteri. Siste sjukdomsteikn kom frå formannskapet i Kirkenes kommune. Der erdet nettopp gjeve grønt lys for reising av det som skal bli det høgaste trehuset i verda. Dette”revolusjonerande” bygget, som det heiter, skal markere det opne samarbeidet mellom aust ogvest, og trebygget skal sjølvsagt ha store glasfasadar. Glas-nost tretti år på etterskot!I arkitekturserien har eg medvite late vera å intervjue tilreisande arkitektar og investorar,men heller oppsøkt eldsjeler og lokalpatriotar, dei bufaste som jo skal leva i nærkontakt mednyreiste bygg. Nesten alle eg har møtt, har ytra atterhaldslaus kritikk av høghus. Grasrot-engasjementet deira, som kjem til uttrykk i underskriftskampanjar, både på papir og påfacebook, har gjort meg merksam på gapet mellom elite og folk i arkitektoniske spørsmål. Dermange arkitektar einsidig tenkjer på stil og kappast om å teikne det mest spektakulære byggeti leikestovene sine – trass modernismens opphavlege vekt på sosialt engasjement – deretterlyser aktivistane eg har tala med, meir merksemd omkring aspekt som gjeld trivsel ogberekraft – dei sosiale, miljømessige og økonomiske omsyna bak nye byggjeprosjekt. 1
  2. 2. Tromsøs nye storsatsing, den overdimensjonerte Havneterminalen midt i sentrum, ereit døme. Hurtigruta treng lagerrom, seiest det, men bygget kommunen ynskjer seg, skallikevel også huse ikkje-hamnerelaterte aktivitetar som hotell, spa og kjøpesenter. Byggherranehar ikkje teke omsyn til dei lokale klimatiske tilhøva: Ishavsbyen har ein låg solgang, fortaldeMarie Fangel, kommunestyrerepresentant for Venstre, meg då eg var der oppe. Eit høghus iTromsø vil kaste lengre og tyngre skuggar enn stader lenger sør i landet. Eit anna døme erHavnesenteret i Brønnøysund, som skal plasserast rett ved miljøgata på staden. Volumet ikjøpesenteret har lokka eksisterande butikkar til seg. Det tømer dei noverande butikklokala,miljøgata vil bli ei spøkelsesgate, fekk eg høyre frå brønnøyværingen Roar Berg-Hansen. Eitsiste døme er det spektakulære Keisar Wilhelm-kvartalet som skal byggjast i Ålesund.Kvartalet skal rome ein firefeltsveg og to store rundkøyringar. Det bryt fullstendig med denkompakte og harmoniske bykjernen, den unike plasseringa åt jugendstilbyen, som i seg sjølvgaranterer god nok signaleffekt, fortalde Einar Gustafson, ved Aalesunds museum, meg då egbesøkte byen. Fangel, Berg-Hansen og Gustafson har alle noko sams, dei nører omsorg ogkjærleik til heimstaden sin. Om Fangel opphavleg kjem frå Austlandet, har ho budd mange åri Tromsø og vil ikkje nøle med å kalle seg ein bypatriot. Gustafsons farfar var finskhandverkar, han kom til Ålesund for å delta i reisinga av jugendbyen etter bybrannen i 1904.Einar Gustafson var sjølv med å okkupere den vidgjetne Rønnebergvillaen før dennekulturskatten vart sansert i 1973. Gustafson kan såleis kallast ei personifisering av Ålesund byog historie. Det er slike folk som bør få eit ord med i laget når framtida åt byane deira hamnarpå teiknebordet. Kva er det eigenleg som får oss til å trå etter signalbygg? Vi vil på luksuriøscruiseskipferie – vi vil ha konsumparadis, konserthus og spa samla i eit byggverk. Og for ågjera det enkelt, skal cruiseskipa vera landfaste. Men vi narrar oss sjølve. Innvendig er alledesse mastodontane like: Same frysediskkjedene, same masseproduksjonsartiklane, samepølsekioskane. Regionale og lokale eigenarter blir viska ut. Desse cruiseskipa er inkje annaenn moderne utgåver av Narranes skip.Bygg for æva, sa John Ruskin utfordrande til arkitektstanden. Vil dagens signalbygg kunne“eldast med stil”? Nei, signalbygga slår sprekkar og falmar etter år, om ikkje alt ettermånader. Det har den gulna marmoren på det nye operabygget prova. Men så synest det hellerikkje vera føremålet. I det 21. hundreåret vil vi ikkje vita av konservering, heiter det, for byarog bygningar skal spegla att mobiliteten og fleksibiliteten til det moderne mennesket.Signalbygg er dermed arkitekturens svar på konseptkunstverk, dei skal kunne rivast og reisast 2
  3. 3. opp att på ein ny stad. Men før det hender, skal dei sjølvsagt fotograferast og dokumenterastpå CV-ane og merittlistene åt arkitektane – der har dei vel å merke evig liv. Denne nyerøyndomen plasserer dagens arkitektur i eit tvilsamt selskap: Bygningane skal ha det nyes ogukjendes tiltrekkingskraft og samstundes vera lett utskiftelege; dogme i den postmodernekunsten fell på overraskande vis saman med kapitalistiske grunnprinsipp. Var det ein tilsiktaintensjon, er ein freista til å spørja. Men i motsetnad til konseptkunst, som støvar ned isamtidsmuseum, er signalbygga – kjøpesenter som konsert- og kulturhallar –konseptkunstverk med stor publikumsappell. I samtidsarkitekturen blir dei våtaste draumanetil postmoderne kunstnarar realiserte. Ein ekstrem tidsalder krev ekstreme mottiltak. Motstanden mot høghus er ikkje ny,han har med jamne mellomrom dukka opp i historia, serleg i sivilisasjonar truga av overflodog dekadanse. Ein høghusmotstandar frå ein annan tidsepoke er den ortodoksekalvinistpredikanten Petrus Wittewrongel i Amsterdam på 1600-talet. Han er det verd å lyttetil i dag. Moderne høghus er moderne utgåver av Babels tårn, dei skaper ei babelsk forvirringmellom menneska som bur i og ved bygget, åtvarar han. Å smykke seg med himmelhøgebyggverk tyder å auke skilja mellom ulike samfunnsgrupper, det skaper i sin tur splid ogusemje i nasjonen. Som renessansemenneske låner Wittewrongel argument frå einhumanistisk etikk, der måtehald, likskap og edruskap, er stikkorda, fellesskapsverdiar som børliggje til grunn for eit berekraftig samfunn. Dette synet kjem òg til uttrykk i biletkunsten.Pieter Brueghel den eldre måla tre motiv av det eldste signalbygget i verdshistoria, Babelstårn, med tydeleg adresse til politikarar og byggherrar i samtida. Målarstykket hans har likestor relevans i dag som i renessansen. Både Wittewrongel og Brueghel ville ha skrive underVáclav Havels dom over samtidsarkitekturen. Den monumentalistisk-modernistiskestilretninga som har rådd grunnen sidan mellomkrigstida, representerer ein ”ateistisksiviliasjon”. ”Ateistisk” tolkar Havel som fråvær av undring og audmjukskap.Omgrepet Signalbygg ”oppsto sikkert i en lykkelig stund foran et oppriss eller en modell, ogsom med de fleste populære ord i arkitektenes vokabular er det få som helt vet hva det betyr”,skriv arkitekt og professor i Sven Erik Svendsen på arkitektnytt.no, og held fram: ”Det hjelperikke at det har spredt seg til investorer, prosjektutviklere, eiendomsmeklere, politikere ogbyplanbyråkrater.” Svendsen vender merksemda vår mot det faktum at ufaglærde har lagt sinelsk på termen "signalbygg", dei brukar det for alt det omgrepet er verdt. I prosjektskildringarog informasjonshefte for signalbygg går visse eufemistiske gloser att, som ”storstove”,”gåvepakke”, ”gullegg” og ”synergieffekt”. Signalbygget skal setja byen på kartet, lyder det. 3
  4. 4. “Kilden er et landemerke, symbolet for Agders nye kulturelle tidsregning”, heiter det ireklamen for det nye konserthuset i Kristiansand. Der vi talar om før og etter Kristus, vil detvel heite før og etter Kilden i Agder. Signalmennene er babylonarar, dei vil kitle gudar oghimmelbuarar på tærne, dei snakkar eit tungemål vi ikkje forstår – men det er likevel råd ålesa eit visst meiningsinnhald ut av tekstene deira. I patosfylte vendingar handlar det ofte omsjølvrealisering. Eigenarten åt folket og staden blir fyrst verkeleggjord når eit signalbygg er påplass, lyder refrenget. Men gigantiske signalbygg har som sagt få eller ingen forankringspunkti den lokale kulturen. Sjølvrealiseringa gjeld byråkratane og politikarane sjølve, dei som slårpolitisk mynt på signalbygg. Høghus er i inkje anna enn spel – arkitektoniske pyramidespel –med den sosiale og økonomiske helsa vår. Vi talar ofte om 60- og 70-åra som skrekkalderen i norsk arkitektur. Eit kjent døme errivinga av Munchs atelier på Ekely. I nesten kvar by eg har besøkt, har eg høyrt om liknandehistorier. Den gamle børsbygningen i Kristiansand vart rive trass store protestar i sametidsperiode. Hadde vi hatt same oljerikdomen den gongen som no, hadde truleg bydelenPosebyen òg vorte sanert, seiest det. Det mest hårreisande eksemplet er saneringa avRønneberghaugen og Rønnebergvillaen i Ålesund og reisinga av Ålesund Rådhuset, trulegden enkeltepisoden som gjorde at Jugendbyen ikkje vart teken opp på UNESCOsverdsarvliste då ein delegasjon frå UNESCO var på synfaring i byen på 80-talet. Det finstslike synderegister jamvel på små stader som Rakkestad. Kommunen ville rive den sentraleLiensgården, men historielaget fekk stoppa det. Hadde bygningen vorte rive, hadde stadenmist identiteten sin, står det å lesa på internettsidene åt historielaget. Historiene gjev oss einviktig lærdom. Norske byar og bygdebyar, med dei karakteristiske låghusgatene sine, er ungeog sårbare. Eit høghus, om det er ein billig kjøpesenterhall eller eit fancy kulturbygg, vilkunne gjera ubøtelege store skadar, endå kor gode argument byggherrane for prosjektet skulleha for handa. Idealet for mange arkitektar synest å Sydney og New York, millionbyar medheilt andre arkitektoniske disposisjonar enn norske byar. Eg er viss på at mangt eit prangandesignalbygg i Noreg ville teke seg godt ut i ein metropol med Sydneys bereevne. Når eg observerer signalbygghysteriet, undrast eg om vi i det heile har teke lærdom avmistaka frå 60- og 70-åra. Eg er ikkje imot signalbygg, men vi må spørja oss kva dei eigenlegskal signalisere. Eit vellukka signalbygg etter mi meining er Oslo Rådhus. Den nasjonalt ogsosialt samlande ideen attom prosjektet skapte eit evig monument som peikar både bak- ogframover i tid. Kvart rom er utstyrt med kunstgjenstandar med motiv historia, den lokalekulturen og engasjementet attom sjølvstendekamp og arbeidarreising. Arkitekturen i dag – ogkultur generelt – tenderer mot evenements- og happeningsfenomen. Ein kan spørja seg kor 4
  5. 5. framtidas Bjørvika vil liggje når neste generasjon politikarar kjem til makta og vil hauste æreog heidring ved å klippe snora til atter nye kultur- og kunstparadis. Kva har då hendt meddagens Bjørvika, når bydelen ikkje har det nyes tiltrekkjingskraft lenger? Ordinær ogmolenfoken som dagens Aker Brygge? Kanskje blir heile Barcode stempla somkondemneringsklart om tretti år? I alle fall kjem bydelen til å bli ein kolossal utgiftspost påvedlikehaldsbudsjettet. Gigantomaniske stål- og glaskonstruksjonar er nakne og livlause. Blirdei bygde for at dei tomme lovnadene åt politikarar skal ha størst mogeleg ekkoeffekt? Vilever i ei tid der ikkje Oslo Rådhus, men Kheopspyramiden formar idealet: Det beste ekkoetoppstår ikkje i rom fylte med attkjennelege motiv og gjenstandar, men i monumentale, tommedødskammer. 5

×