Fyrste teiknet på at det nærmar seg jul i Nepal, er julestjernene som blømer. Dei veks vilt og er høge som tre.
I desember går dei kristne til kvarandre sine heimar. Utanfor huset syng og dansar dei til trommer og taktfast klapping. Dei som går forbi stoppar ofte opp og høyrer og får gjerne med seg eit lite hefte med bibelforteljingar om dei vil ha.
Juleevangeliet blir lest og mange høyrer om Jesus for fyrste gong. Naboane står omkring eller sit i vindauga og lyttar.
I Nepal feirar dei jul fyrste juledag og gudstenesta er det viktigaste i feiringa. Då kjem det masse folk som ikkje går i kyrkja til vanleg. Nokre kyrkjer har plass inne, medan andre feirar ute for å få plass til alle. Det er masse song og mange glade ansikt denne dagen.
Drama er ein vanleg måte å undervisa på i Nepal sidan det framleis er mange som ikkje kan lesa og skriva. Forteljinga om då Jesus vart fødd, blir dramatisert med stor innleving frå store og små. Dersom gudstenesta blir feira ute, kan både sau og geit vera med i stallen.
Etter gudstenesta er det fest, og då er det viktig med mat. Det blir laga gruer ute av murstein, tent opp bål og store gryter blir lånt inn til å koka ris og kjøt. Denne dagen skal ingen gå svoltne heim. Mange av dei som kjem til kyrkja denne dagen, har lite mat og veit at dei kan få seg eit godt måltid etter gudstenesta. Alle er velkomne!
Det er vanleg å sitja på golvet når ein et, dei fleste brukar høgre handa til å eta med, men enkelte brukar også skei. Det blir ofte servert ”dalbat” som består av ris, godt krydra grønnsaker og linsesaus. Det er god stemning og masse glade born denne dagen. I byane er det blitt vanleg med litt presangar etter kvart, men for dei fleste er det festen i kyrkja som er viktigaste feiringa. Dersom familien har råd, får borna gjerne nye kle til julefesten.