Sats på fotobevaring (Elin Østevik) - Presentation Transcript
Sats på fotobevaring! Digital kulturformidling i Sogn og Fjordane Førde, 19. - 20. Februar 2009 Elin Østevik, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Fylkesarkivet
Er regional ansvarsinstitusjon for fotobevaring.
Har jobba systematisk med fotobevaring sidan 1986.
Har ei fast fotoarkivarstilling.
Målsetjing
Å bevare og formidle fotomateriale frå og i Sogn og Fjordane.
Auke medvite om foto som lokalhistorisk kjeldemateriale.
Dokumentere historia til fotografane og fotografiet i Sogn og Fjordane.
Viktige milepælar
1993–1999: Prosjekt Fotovern
1995: Nytt fotomagasin på Sandane
1995: Søkbar fotobase på nett
2004: Nettbasert fotoregistrering
Kva har vi samla inn?
I kva grad er det innsamla materialet tilgjengeleggjort?
Korleis skal vi prioritere innsatsen i tida framover?
To hovudkategoriar bevart materiale
1)Digitaliserte/reproduserte samlingar registrert i fotobasen.
2)Udigitalisert originalmateriale deponert på magasin.
Datagrunnlag og metode
Dataeksport frå fotobasen datert 2. august 2007
Access og Excel nytta som analyseverktøy
Kommuneperspektiv som ”organiserande prinsipp”
Deponerte foto: 11 % digitalisert
Fotobasen: 70 % innlånt (eller eigenprod.)
Kva kan vi slutte frå dette?
Den offentlege tilgangen til det bevarte materialet er sterkt avgrensa.
Innlånt materiale er i langt større grad digitalisert enn deponert materiale.
Totalt: Ca. 79 000 av 262 000 foto, dvs. 30 %, er digitalisert. Men..
Negativsamlingar etter profesjonelle fotografar ligg lagra på magasinet. Fotografi av stor kulturhistorisk og estetisk verdi er i praksis utilgjengelege!
Å bevare og formidle fotomateriale frå og i Sogn og Fjordane.
Auke medvite om foto som lokalhistorisk kjeldemateriale.
Dokumentere historia til fotografane og fotografiet i Sogn og Fjordane.
Vi ønskjer å
Vidareutvikle/profesjonalisere fagområdet foto ved Fylkesarkivet i form av ei arbeidsdeling og spesialisering mellom ein ”teknisk” og ein ”kulturhistorisk” fotoarkivar.
Lage ein femårsplan for fotobevaringsarbeidet i fylket og revidere utvalskriteria våre.
Setje i gang bevaringsprosjekt i dei kommunane vi har minst bevart fotomateriale frå, i tillegg til å prioritere utsette samlingar (sårbart materiale).
Kva kan vi gjere?
Dei skisserte tiltaka kan ikkje realiserast utan ei vesentleg auke i ressurstilførselen til fagområdet foto. Bevaringsoppgåvene er langt større enn ressursane vi har til rådevelde.
Rapporten vil bli nytta internt med tanke på prioritering av arbeidsinnsats innafor råmene av dagens ressurssituasjon, og i dialogen med eksterne samarbeidspartnarar.
Korleis skal vi prioritere innsatsen innafor eit fa more
Korleis skal vi prioritere innsatsen innafor eit fagfelt der mengde er den største utfordringa?
Med utgangspunkt i rapporten Fotobevaring eksponert - Kulturhistorisk fotografi i Sogn og
Fjordane vert status og utfordringar for det regionale fotobevaringsarbeidet diskutert. less
0 comments
Post a comment