Your SlideShare is downloading. ×
Val i livet-Frå Sachsen til SirdalLivet er ikkje alltid så beinkløyvt, så enkelt og liketil, som ein skulle ønskja. I blan...
2Sven hugsar at han på denne togreisa såg ein ”fugemaskin” for første gong. Ingeborghugsar også at togreisene var svært la...
3Ved årsskiftet 1937/38 kom også Pappa heim. Dei kjøpte garden Holberg i Ousdal og flytteinn i januar 1939.Livet i Ousdal ...
4
Upcoming SlideShare
Loading in...5
×

Frå Sachsen til Sirdal

47

Published on

Eg fortel om foreldra mine sitt val i 1930-åra. Dei valde å flytta attende til Noreg frå USA.

0 Comments
0 Likes
Statistics
Notes
  • Be the first to comment

  • Be the first to like this

No Downloads
Views
Total Views
47
On Slideshare
0
From Embeds
0
Number of Embeds
0
Actions
Shares
0
Downloads
1
Comments
0
Likes
0
Embeds 0
No embeds

No notes for slide

Transcript of "Frå Sachsen til Sirdal"

  1. 1. Val i livet-Frå Sachsen til SirdalLivet er ikkje alltid så beinkløyvt, så enkelt og liketil, som ein skulle ønskja. I blant står vioverfor val som er slik, at kva avgjerd ein så tek, kan det enda opp med at sinn og tankar verthangande i fortida sitt spindelvev av ”viss og dersom ein hadde valt slik eller sånn ---”Dette hende foreldra mine.Eg har lyst å dvela litt ved deira situasjon i ei tid med lite pengar og stor arbeidsløyse mellomfolk. Samstundes var situasjonen slik at skulle ein klara seg, hadde ein berre å ”sputta” inevane og ta skeia i eiga hand. Ein hadde berre seg sjølv og den næraste familien å stolapå. Den ”stå-på-haldninga” dei viste, tener dei til stor ære.Foreldra mine var fødde heilt på slutten av 1890-åra. Han i 1897. Ho i 1898. Fødestadanedeira var Sinnes (Stølsjo) og Kvæven. Begge to var rotekte sirdølar.Som relativt nyetablerte kjøpte dei gard på Handeland i 1923. Det var det bruket som JørgenHaugen Handeland hadde i min oppvekst, bnr.2.Far min arbeidde også på anlegg, når det baud seg slike høve. Mellom anna var han med påbygginga av brua over Dorgefoss i 1919.Men i 1924 drog han til Amerika, til arbeid i dei veldige skogane i staten Washington. Han varein sterk og flink arbeidsmann, og han treivst godt i det nye landet. Difor gjekk det ikkje langtid før det var klart at kona og dei to borna dei då hadde, skulle koma etter.Mor mi hadde liten hug til å selja garden på Handeland. Men det enda opp med at det vartgjort i 1928, og at ho tok av stad til Amerika med to små bodn, Sven f.1921 og Ingeborgf.1923.Frå reisa til Amerika hugsar eg m.a. eit par hendingar av det mor fortalde:Dei reiste om våren 1929. Den 5. april, på Ingeborg sin 6-årsdag, drog dei frå Sirdal.Det må ha vore ein kald vår. Bror hennar, Torvald Kvæven, køyrde dei med hest og slede tilFlekkefjord. Ho fortalde at heile Sirdalsvatnet låg med ei stålblank isflate, som kjentfolk savar trygg å køyra på. Men ho tykte det var uhyggeleg; for rett som det var small detforskrekkeleg i isen, og det danna seg sprekker, isskot, frå det eine landet og over til detneste. Torvald sa at det var den harde frosten som fekk isen til å smella, men at isen ved detvart berre sterkare.Men då dei nærma seg Haughom, skjedde noko: Ei vindròse tok fatt i lasset og sette sleden ibevegelse. Sleden sveiv i sirklar rundt hesten som dels vart ståande på stive forbein og delstrippa med bakføtene for å unngå å bli slått overende av skjækene, som ville slå beina underhan. Som barn hugsar eg korleis det grøste i oss når ho fortalde om denne køyreturen. Ogdet var ille! For medan vinden herja med sleden, såg dei at dei kom nærare og nærare råkafrå Øksendalsåna utanfor Haughom. Men Torvald fekk til slutt kontroll på både hest og slede,og dei kom til Flekkefjord utan skade.Frå Flekkefjord gjekk turen til Oslo, der sjølve amerikaturen starta.Syster Ingeborg, som bur i Alaska, ringde meg og fortalte at ho var komen i tvil om episodenpå isen utanfor Haughom kunne ha skjedd tidligare på vinteren. For dei måtte også til Oslofor å ordna med pass og reisedokument. Og det hadde skjedd tidligare på vinteren. Og det erkanskje mest rimeleg at det var stålis då.Den andre hendinga som ho iblant dvelte ved, var den usigeleg lange togreisa tvers overkontinentet. Den tok mange dagar, kanskje så mykje som ei vekes tid.Bror Sven fortel at to kameratar av Pappa møtte dei i New York og var hjelpsam med å få deipå rett tog. Den eine av desse karane var frå Eigjeland.Han fortel også at ein danske, presten Klausen, opererte i New York som hjelpar forskandinavar som kom for fyrste gong til verdsbyen.
  2. 2. 2Sven hugsar at han på denne togreisa såg ein ”fugemaskin” for første gong. Ingeborghugsar også at togreisene var svært lange, men at det var gode sovevogner på toget.Sven fortel at på vestkysten, i Sachsen, i nærleiken av småbyen Bellingham, hadde Pappafått i stand eit godt og greitt husvære på farmen til onkelen og tanta si. Namna deira varAnna og Lars Neset. Ho var frå Fidjeland, og han var frå Neset og var bror til bestemor,Tonetta Stølsjo.Far min var, som nemnt, ein aktpågivande og flink arbeidsmann, som beherska det farlegelivet i skogen. Så vidt som eg har høyrt, var han aldri utsett for ulykker, noko som ikkje varuvanleg i den tida. Bror hans, Johan Sinnes, mista t.d. livet ved at eit tre fall i feil retning.Han hadde søkt skjul under eit tre som alt var felt. Men kjempetreet som dei då felte, kom ogla seg over det treet han låg under. Resultatet vart at han vart klemt til døde.Sidan far min beherska skogsarbeidet, gjekk det ikkje så lang tid før dei fekk høve til å delta idet nye Amerika. Dvs. at dei kjøpte seg bil!For ein herlegdom for dei som kom frå eit land der ein trøsykkel slett ikkje var allemannseige!Men mor mi lengta heim att.Ho tykte også at samfunnet i Amerika var for sekularisert til at ho med godt samvit kunne laborna vekse opp der. Det vart difor til at ho i desember 1932 drog heim att.Ho hadde då tre bodn, pluss eit badn som vart fødd ½ år etter at ho kom heim. Thom varfødd der borte i 1931. Jarleiv vart fødd i Noreg i juni 1933.Begge reisene avtvingar respekt.Her må det skytast inn at eigentleg var planen at heile familien skulle reist heim i 32. Billettarvar kjøpte, men onkel Erik, bror til Mamma, hadde fått bod frå ein tidlegare arbeidsgjevar omat han var velkomen til gullgraving i Bluff, Alaska. Og det ville vera fint om han kunne skaffaeit par gode menn til. Det enda med at far min såg kona og ungane dra mot gamlelandet,sjølv drog han og svogeren til Alaska.Om heimreisa i 1932 fortel Ingeborg at ho og Sven var i full jobb heile tida med å passaminstebroren. Mor, som var gravid, vart sjuk og kom til spisesalen på båten berre ei gong påheile turen. Då måtte 9 og 11 åringen ta støyten. Og godt gjekk det også for 2 og ½ -åringensom vart ein gasta kar.Men kanskje den avgjerande årsaka til at ho igjen drog tvers over Amerika og heim til Sirdalåleine, var at bror hennar, Torvald, var vorten alvorleg sjuk. Han skreiv til Mamma og Pappaog fortalde at det såg ut til at dei måtte/kunne overta garden på Kvæven. Han rekna ikkjemed å bli arbeidsmann igjen. Men sjukdommen til Torvald snudde til det betre. Han vart friskatt, gifta seg, fekk born og levde i mange år.På ”salen” på Kvæven vart mor mi og dei fire borna buande i 5 år. Der hadde dei sitt eigehushald. Dei hadde også eit par kyr som var deira.
  3. 3. 3Ved årsskiftet 1937/38 kom også Pappa heim. Dei kjøpte garden Holberg i Ousdal og flytteinn i januar 1939.Livet i Ousdal arta seg nok temmeleg ulikt frå livet i Amerika. Det galdt nok for begge to, menkanskje det sleit meir på Pappa enn på Mamma. Sjølv om livet vart tungt og strevsamt ogsåfor henne, var det trass alt ho som ville heim att. Han ville helst slått seg ned i Amerikasaman med familien. Der hadde han hatt sitt utkomme, jamvel om overskotet nok heller varlite i dei harde 1930-åra; i ei tid då mange gjekk dukken fordi det ikkje var råd å få arbeid.Jau, han lengta attende til Amerika, og det skapte vonde situasjonar dei imellom.Slik er livet. Det møter oss med vegval som ikkje alltid er lette.I dag møter eg menneske som er innvandrarar i vårt land. Det gav meg minning om å skrivaned denne historia.På det første bildet ser vi Ådne og Tonette Amanda Sinnes saman med borna Ingeborg ogSven.Bilde nr. 2. Pappa og eg har gjort kløva ferdig for å dra til støls. På stølen var vi i fem veker.Tre veker i Surtekvæv og 2 veker på Kaldebekk.Bilde nr. 3. Familien i matpausen på slåtteteigen på Kaldebekk. Bildet er teke kort tid førSven drog til Amerika for å studera. Begge dei to siste bilda er frå 1947.Kjell M. Sinnes
  4. 4. 4

×