Minigramatikk nynorsk
Upcoming SlideShare
Loading in...5
×
 

Minigramatikk nynorsk

on

  • 1,942 views

 

Statistics

Views

Total Views
1,942
Views on SlideShare
1,901
Embed Views
41

Actions

Likes
0
Downloads
14
Comments
0

5 Embeds 41

http://espenmyren.blogspot.ru 20
http://norsk2id21113.wikispaces.com 13
http://espenmyren.blogspot.no 5
http://btspace.wikispaces.com 2
https://btspace.wikispaces.com 1

Accessibility

Categories

Upload Details

Uploaded via as Microsoft PowerPoint

Usage Rights

© All Rights Reserved

Report content

Flagged as inappropriate Flag as inappropriate
Flag as inappropriate

Select your reason for flagging this presentation as inappropriate.

Cancel
  • Full Name Full Name Comment goes here.
    Are you sure you want to
    Your message goes here
    Processing…
Post Comment
Edit your comment

Minigramatikk nynorsk Minigramatikk nynorsk Presentation Transcript

  • Hurtigkurs i nynorsk grammatikk November 2011 1
  • 2 Bøying av substantivHankjønnHovudregel: Hankjønnsorda får endingane -ar og-ane i fleirtal.ein gut guten gutar gutaneein jeger jegeren jegerar jegerane
  • 3 Unntak frå hovudregelenOrd som ender på -nad får endingane -er og -enei fleirtal som hovudform:ein månad månaden månader månadeneein søknad søknaden søknader søknadeneNokre ord kan ha både vokalendring og -er, -ene ifleirtal eller andre avvik i bøyinga:ein son sonen søner søneneein fot foten føter føtene
  • 4 HokjønnHovudregel: Hokjønnsorda får endingane -er og -ene ifleirtal:ei jente jenta jenter jenteneei vogn vogna vogner vogneneUnntak frå hovudregelen: Ei stor gruppe ord som enderpå-ing får endingane -ar og -ane i fleirtal:ei dronning dronninga dronningar dronninganeei øving øvinga øvingar øvingane
  • 5 InkjekjønnHovudregel: Inkjekjønnsorda får inga ending i ubunden formfleirtal og endinga -a i bunden form fleirtal.eit hus huset hus husaeit frimerke frimerket frimerke frimerkaBøyinga i denne gruppa er aller enklast, fordi alleinkjekjønnsord kan følgje hovudregelen.
  • 6 Samandraging av bøyingsformerReglane for samandraging er avhengige av kjønnet til substantivet.Hankjønnsord har samandraging berre i fleirtal:ein himmel himmelen himlar himlaneein vinter vinteren vintrar vintraneHokjønnsord har samandraging både i eintal og fleirtal:ei aksel aksla aksler aksleneei hulder huldra huldrer huldreneInkjekjønnsord er meir innvikla:eit fengsel fengs(e)let fengsel fengslaeit lager lageret lager lag(e)ra
  • 7 AdjektivDei fleste reglane i denne ordklassen er enkle nok,og stort sett kan du bøye adjektiva som på bokmål:ein god elev ei god avis eit godt svar gode svarein billig bil ei billig bok eit norsk skip norske skipLegg merke til følgende reglar:Adjektiv som endar på -ei eller -au, får liksom alle andre adjektiv somendar på vokal, dobbelt t i inkjekjønn:ein grei gut eit greitt svar ei flau jente eit flautt svar
  • 8Adjektiv som endar på -en, bøyer vi slik:ein open port ei open dør eit ope hus opne dørerSom open, altså med same forma i hankjønn og hokjønn, bøyer viadjektiv som doven, galen, gretten, kristen, naken, vaken.Eigen og liten har derimot eigne former i alle kjønn, slik vanleg er imange dialektar:ein liten bil ei lita hytte eit lite hus små hyttermin eigen gut mi eiga jente mitt eige barn eigne ungarDenne bøyinga med -en i hankjønn og -a i hokjønn gjeld berre desse toorda.
  • 9 Gradbøying av adjektivDen regelrette bøyinga har endingane -are og -ast i komparativ ogsuperlativ:kvit kvitare kvitastfarleg farlegare farlegastLegg merke til at former som på bokmål har samandraging (”farligst”,”vanskeligst”), alltid har full form på nynorsk: Farlegast, vanskelegast.Nokre uregelrette adjektiv må du lære skikkeleg:få færre færrastvond verre verstmykje/mye meir mestmange fleire flest
  • 10 VerbReglane for verb er meir innfløkte og meir omfattande enn reglane forbøying av substantiv. InfinitivDu kan velje mellom a-infinitiv eller e-infinitiv. For deg som har nynorsksom sidemål, er truleg e-infinitiv lettast å gjennomføre.å meldeå kasteå lage
  • 11 Svake verbVi deler verba inn i to hovudgrupper etter måten dei blir bøygde på:Svake og sterke verb. Svake verb har ending i preteritum:•kasta - ending -a•dømde - ending -de•hjelpte - ending -teFor å gjøre oversynet lettare er det vanleg å dele dei svakeverba opp i undergrupper etter visse kjennemerke. Det ersærleg undergruppe 1 (a-verb - kaste-klassen) ogundergruppe 2 (e-verb - prøve-klassen) du bør arbeide med.
  • 121. a-verb (kaste-klassen)Desse verba kallar vi a-verb fordi endinga -a går att i bøyinga.Infinitiv Presens Preteritum Partisippå kaste kastar kasta har kastaå lage lagar laga har lagaå opne opnar opna har opnaEit fleirtal av dei svake verba høyrer til denne gruppa. Ordlista gir alltidopplysningar om eit verb er a-verb eller e-verb (gruppe 2).
  • 132. e-verb (prøve-klassen)Desse verba har endinga -er i presens og -de eller -te i preteritum.å prøve prøver prøvde har prøvdå lyse lyser lyste har lystDet er ikkje så vanskeleg som mange trur, å vite kva verb som skal ha -deeller -te i preteritum. Fordelinga er i dei fleste tilfelle som på bokmål. Deiverba som i stammen endar på d, g eller v, har endinga -de i preteritum:infinitiv stamme preteritumå arbeide arbeid arbeiddeå leige leig leigdeå streve strev strevde
  • 143. je-verb (telje-klassen)Verba i denne gruppa har j i infinitiv og inga ending i prsens.Presensforma liknar såleis på dei sterke verba, som heller ikkje harending i presens.å telje tel talde[talte] har taltå spørje spør spurde[spurte] har spurtAndre vanlege verb er fortelje, leggje, symje, setje, selje, velje.Ein feil du ikkje må gjere, er å ta med j i imperativforma. Det heiteraltså fortel! og vel!
  • 154. nå-verbDesse verba endar på rotvokal i infinitiv og får endinga -r i presens og -dde i preteritum:å nå når nådde har nådd/nåttå spå spår spådde har spådd/spåttAndre verb er bu, tru, bry, snu, ha.
  • 165. Uregelrette svake verbI denne gruppa finn vi nokre svært vanlege verb:å eige eig åtte har åttå vite veit visste har visst
  • 17 Sterke verbVi har delt dei sterke verba inn i seks grupper for at du lettare skal fåoversyn over bøyingane. Men det viktigaste for deg er å lære bøyinganeog ikkje kva for gruppe enkeltverba høyrer til.Dersom vi samanliknar dei sterke verba med dei svake, ser vi at deisterke verba manglar ending i presens og preteritum. I staden kan deiforandre rotvokalen i bøyinga (å bryte – bryt – braut – har brote).Er du i tvil om korleis verba bøyast, må du bruke ordlista.
  • 18Vi har seks grupper av sterke verb etter vokalskifte:1. gruppeå bite bit beit har biteAndre verb i denne gruppa er bli, drive, gripe, skine, skrive, slite2. gruppeå bryte bryt braut har broteAndre verb i denne gruppa er byde, fryse, krype, lyge, ryke3. gruppeå bere ber bar har boreAndre verb i denne gruppa er gjelde, rekke, skjelve, skjere, sleppe, stele, strekke,vere, verte
  • 194. gruppeå drepe drep drap har drepeAndre verb i denne gruppa er be(de), lese5. gruppeå fare fer for har fareAndre verb i denne gruppa er grave, male6. gruppeå gråte græt gret har gråteAndre verb i denne gruppa er blåse (kan òg ha svak bøying), låte
  • 20Presens av sterke verbMange elevar har lett for å leggje til ending i presens etter mønster fråbokmål: skriver, leser. Slike tostava presensformer av sterke verb ersideform i nynorsk: skriv [skriver], grev [grever]Perfektum partisippI perfektum partisipp kan du velge mellom to jamstilte former: Du kanvelje mellom lese/lesi, skrive/skrivi. Endinga –e er den mest utbreidde inynorsk.
  • 21Sterke og svake verb i nynorsk og bokmålMerk deg at desse verba er sterke på nynorsk:lese, drepe, skine, grave, vekse, trengeMerk deg at desse verba er svake på nynorsk:hjelpe, treffe, trekkje, tvinge
  • 22st-verbEin del vanleg verb endar på –st i alle former:å møtast møtest møttest har møtstå synast synest syntest har synstPassivPassiv på –st bruker vi på nynorsk berre i infinitiv saman med modalehjelpeverb: Jordbera skulle plukkast i fint vêr. Sykkelen måttereparerast før turen.
  • 23SamsvarbøyingLat oss starte med å sjå på nokre setningar:Den første dagen vart berre ei plate seld, men i løpet av veka vart deiselde alle saman.Du trur visst at kleda mine er kjøpte på avbetaling, men alt er kjøptkontant.Dette har å gjere med samsvarbøying. På nynorsk blir perfektumpartisipp bøygd i samsvar med subjektet i setninga. Dette gjeld berresetningar der partisippet står saman med eit av hjelpeverba vere, verteeller bli.(Norsk språkråd vedtok i 1981 å tillate eit system utan samsvarbøying, men systemet medsamsvarbøying er framleis det vanlege.)
  • 24Eit fullstendig skjema over samsvarbøyinga ser slik ut:Svake verb: hankjønn/hokjønn inkjekjønn fleirtalPreteritum –de seld selt seldePreteritum –te kjøpt kjøpt kjøpteSterke verb: skriven skrive skrivne
  • 25PronomenPronomen er ord som står i staden for andre ord. Vi har ulike slagpronomen, og vi skal her sjå på nokre av dei du oftast har bruk for.Personlege pronomenEintal 1. person 2. person 3. personSubjektform eg du han, ho, detObjektform meg deg han (honom) ho(henne) detEigeform (min) (din) hans, hennar [hennes]
  • 26Fleirtal 1. Person 2. Person 3. personSubjektform vi, me de/De deiObjektform oss dykk/Dykk deiEigeform (vår) dykkar/Dykkar deira [deires]
  • 27EigedomspronomenHankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtalmin mi mitt minedin di ditt dinesin si sitt sinevår vår vårt våre
  • 28Spørjande pronomen og adverbDei vanleg spørjande pronomena og adverba er kven, kva, kva for (ein,ei, eit), kvifor eller korfor, korleis, kor, kvar.Kvar kan vi berre bruke om stad:Kvar bur du?Kvar skal du reise?Kor kan også brukast i same tydinga:Kor bur du?Kor skal du reise i ferien?Kor kan dessutan brukast om grad:Kor gammal er du?(Kvar kan aldri brukast om grad).
  • 29Peikande pronomenHer er ikkje skilnaden frå bokmål så stor. Former som sjølv, same og desse(bokmål: Selv eller sjølv, samme, disse) får du nok inn etter kvart.Ubundne pronomenHankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtalnokon [noen] noka [noen] noko[noe] nokre/nokon [noen]ingen inga inkje/ikkje noko ingenannan [annen] anna anna andre