• Share
  • Email
  • Embed
  • Like
  • Save
  • Private Content
Iktreglement
 

Iktreglement

on

  • 821 views

Deler av presentasjon brukt i forhold til gjennomgang av IKT-reglement i forbindelse med implementering av Feid

Deler av presentasjon brukt i forhold til gjennomgang av IKT-reglement i forbindelse med implementering av Feid

Statistics

Views

Total Views
821
Views on SlideShare
752
Embed Views
69

Actions

Likes
1
Downloads
3
Comments
0

1 Embed 69

http://evabra.wordpress.com 69

Accessibility

Upload Details

Uploaded via as Microsoft PowerPoint

Usage Rights

© All Rights Reserved

Report content

Flagged as inappropriate Flag as inappropriate
Flag as inappropriate

Select your reason for flagging this presentation as inappropriate.

Cancel
  • Full Name Full Name Comment goes here.
    Are you sure you want to
    Your message goes here
    Processing…
Post Comment
Edit your comment

    Iktreglement Iktreglement Presentation Transcript

    • Brukarnamn Identifisering; fortel kven du er. Er ein del av din elektroniske identitet. Anbefalt algoritme; 3 første bokstaver i førenamn + 3 første bokstaver i etternamn + fødseldato i månad (to tal) Passord Hemmeleg kode berre du veit om. Autentisiering; fortel at du er den du seier å vere ( ikkje autorisering = tilgangstyring . Ein kan og nytte fleire og/eller andre autentisieringsmetodar som t.d pinkode, kodegenerator, kodekort osb.) Kvifor nyttar vi brukarnamn og passord? Tilgang og rettar Sikkerheit Elektronisk Identitet
      • Organisasjonen skal ha eit IKT-reglement
      • Organisasjonen plikter å gjere alle brukarar kjent med gjeldande IKT-reglement
        • Automatisk ved sjølvaktivering av brukarkonto
        • Brev med underskrift av føresette
        • Vere godt synleg i td datalab
        • Tilgjengeleg på skulen sin heimeside
      • Organisasjonen har ansvar for at godtekne reglar for akseptabel bruk vert håndheva. Kva som er akseptabel bruk må fastsettjast av organisasjonen og gjeres kjent for brukerane
      • Organisasjonen plikter å følgje opp klager på brukarar som opptrer i strid med regelverk. Slike brukarar kan bli fratekne Feide-identen.
      Krav om innføring av IKT-reglement
    • Eksempel på gjennomgang av IKT-reglement med elevane:
    • Å få informasjon om skulen sitt IKT-reglement Kvar skule har ansvar for at elevane er kjent med IKT-reglement. Sjølv om eleven har fylt 14 år og har plikt til å sjølv setje seg inn i reglementet har skulen fortsatt ansvar for å informere om regelverket. Aktuelle spørsmål; kva er eit IKT-reglement og kvifor har vi eit slikt reglement? Korleis vert du og dine føresette informert om reglementet? Å nytte skulens datautstyr til alle formar for skulearbeid Å bli undervist i korleis ein nyttar IKT   Disse to punkta høyrer saman, skulen skal gje elevane digital kompetanse. Dette er ein kompetanse som er likestilt med lesing, skriving, rekning og kunne uttrykke seg muntleg (Kunnskapsløftet). Digital kompetanse: basiskunnskap, problemløysing med IKT, kommunikasjon/nytte fleire kjelder, refleksjon sosiale/etiske spørsmål Eleven sine rettar:
    • Å ha IKT-utstyr som virkar Å ha tilgjenge til IKT-utstyr Disse to punkta høyrer saman. For å gje elevane digital kompetanse er det ein føresetnad at IKT-utstyret fungerar og at eleven har tilgjenge. Elevane på eit klassetrinn skal ha lik tilgang til datamaskiner. Merk; tilgjenge er etter avtale med skule/SFO – sjå under pliktar At ting som eleven lagrar på datamaskina vert teken vare på At innhald ikkje vert sletta utan førehandsvarsel, sørgje at andre ikkje får tilgjenge og at innhald ikkje vert spreia utan samtykkje. At ein kan få med seg heim det ein har lagra på datamaskina Eleven har opphavrett på det eleven sjølv har laga og kan ta det med seg heim om dei sjølv sørgjer for å ta med seg/overføre innhaldet. Mapper på datamaskina vert sletta om sommaren og eleven må difor sørgje for utskrift eller sende til seg sjølv på epost før ferien om dei vil spare på innhaldet
    • Korleis skal vi handsame IKT-utstyret på skulen? Det er sjølvsagt at ein skal handsama utstyret fint, ikkje flytte på kablar og ledningar o.l.Vert utstyret øydelagt kan elevar/føresette ha erstatningsansvar og/eller brukar kan bli utestengd for ei periode (”erstatningsansvar” bør forklarast). Ein skal ikkje laste ned og installere andre program. Evt ein diskusjon rundt dette med virus og sikkerheit. Eldre klassetrinn; evt spørsmålstillingar om bruk av eige IKT-utstyr Når kan vi nytte skulen sitt IKT-utstyr? Dette skal skje etter avtale med skule/SFO. Eleven sine pliktar: (lærar må styre diskusjon inn i “ rett ” spor, men klassen vert einige om formuleringane)
    • Kva kan vi nytte skulen sitt IKT-utstyr til? Du kan nytte skulen sitt IKT-utstyr (forklaring om kva IKT-utstyr er; td alt frå mobiltelefoner til bærbar PC og stasjonære maskinar) til skulearbeid om det ikkje er avtala at ein kan nytte utstyret til t.d chat, sjekke og sende epost, spele spel – er du i tvil skal du spørre læraren. Du skal lagre arbeidet i di eiga mappe. På dei årstrinna det er aktuelt: elevane skal ikkje laste ned og installere andre program, dei skal ta omsyn til opphavsrett, dei skal ikkje søkje etter krenkande innhald (pornografisk, blasfemisk, rasistisk, nazistisk) og heller ikkje bokmerke slike nettstader Kven skal kunne nytte ditt brukarnamn og passord? Det er berre eleven sjølv som kan nytte eige brukarnamn og passord. Eleven må ikkje låne bort eller fortelje kva brukarnamn og passord er. Om eleven har gløymt brukarnamn og/eller passord skal eleven seie frå til læraren. Når du avsluttar skal du logge heilt ut, og går du frå maskina i ei arbeidsøkt skal du låse maskina (trykk windowstast + L) slik at andre ikkje kan nytte din pålogging. Kva skal du gjere om du får vite andre sitt brukarnamn og passord? (Lærar har ansvar for at passord vert skifta snarast i slike tilfelle!)
    • Kva er verst; å mobbe nokon andre i verkelegheita eller på Internett? Vi vil ikkje ha mobbing på nokon måte på skulen, men det kan vere ekstra ille å bli digitalt mobba – og dette er eit aukande problem. Når ein elev vert mobba gjennom SMS, MSN, chat og liknande veit ein ikkje alltid kven som mobbar. Ein skal oppføre seg på høveleg vis og når ein er på Internett (nettvett og nettikette). Eldre elevar; diskusjon rundt tema; veit du kven du snakkar med på chat, MSN o.l.? Stikkord: Ikkje dele sensitiv informasjon, ikkje avtale møte med folk du har møtt på nettet utan å snakke med ein vaksen fyrst Kva skal du gjere om du finn feil? Elevane skal seie frå til lærar (evt administrasjon/IKT-ansvarleg) Eldre elevar; kva skal du gjere om du får vite at nokon har gjort ulovlege ting på IKT-utstyret
    • For eldre elevar (frå 5. klasse):
      • Korleis skal vi oppføre oss på nettet?
      • Aktuelle nettstader for digital danning (nettikette, nettvet):
      • www.dubestemmer.no
      • www.nettvett.no
      • www.tryggbruk.no
      • Når kan eg nytte minnepenn og liknande på skulen sine datamaskinar?
      • Skal godkjennast av lærar
      • Eleven har plikt til å sørgje for at dei ikkje inneheld virus og liknande
      • Når kan eg installere eigne program på skulen sine datamaskinar?
      • Eleven skal ikkje installere eigne program (med mindre det er særskilt avtala)
    • Kor og korleis skal ein søkje etter informasjon? Nytte søkjemotorer, digitale oppslagsverk, fagspesikke sider osb. Kva for søkjeord bør ein nytte? Kva kan eg nytte av bilete, video, tekst og anna eg finn på Internett i eigne presentasjonar? Det meste av det ein finn på Internett er det knytta reglar om opphavsrett til. Nettstaden http://mmb.ls.no / er eksempel på nettstad med innhald som er tilrettelagt med tanke på opphavsrett/åndsverklov. Aktuelt å sjå på f.eks www.lovdata.no (lov om åndsverk) og http://www.creativecommons.no / Kva må du tenkje på når du finn informasjon på Internett? Kjeldekritikk og kritisk refleksjon. Inneheld nettstader alltid ”sann” og relevant informasjon. Korleis kan ein finne ut om informasjon er riktig?
    • Kan du leggje ut video og bilete av andre (elevar) på Internett? Etikk. Ein kan ikkje leggje ut informasjon om andre utan samtykkje. Kva for informasjon skal ein ikkje publisere? Kunne leggje ut gode digitale spor. Om eg mobbar andre utanom skuletida frå eigen datamaskin, har skulen noko dei skulle sagt? Om dette går ut over ein annan elev (psykososialt miljø) har skulen plikt til å melde frå til føresette om situasjonen. Er du alltid anonym på Internett (chat, MSN og liknande)? Nei. Du legg alltid ut digitale spor som gjer det mogeleg å sjå kva du har gjort og kva for nettstader du har vore innom. Du kan difor ikkje ”gøyme” deg bak anonymitet. Ein må hugse at ein ikkje kan endre adferd sjølv om ein er på Internett. For ungdomsskulen:
    • Når er det lurt og ikkje lurt å bruke SMS og/eller IM for å snakke med andre? Når du nyttar mobiltelefon (SMS/MMS) og datamaskin (IM – td MSN) kan ein ikkje sjå deg og ikkje sjå kroppspråket ditt. Det kan difor vere vanskeleg å tolke meldingar korrekt. SMS/MMS og IM er greit om ein skal gje konkrete meldingar om oppmøte, men det er vanskeleg å sende ein spøk. Å tulle med nokon andre på ein slik måte kan fort føre til unødige mistydingar og konfliktar. Kva kan du gjere for å hindre spreiing av virus o.l på datamaskinar (din eigen og skulen sine datamaskinar)? Ikkje opne ukjende vedlegg i e-postar og sørgje for å ikkje laste ned og opne ukjent innhald frå Internett. Datafiler ein får frå andre (epost eller gjennom MSN, AOL osb) skal ein vere varsam med – sjølv om du får datafil frå ein du kjenner kan den likevel innehalde virus. Ein skal sjekke at minnepennar ikkje har skadeleg programvare eller virus om den skal nyttast på skulen sitt IKT-utstyr
    • Å NYTTE IKT PÅ SKULEN Skulen har teke i bruk IKT i samband med undervisninga. IKT står for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Skulen ønskjer med denne avtalen å leggje tilrette for at du på best mogeleg måte kan gjere deg nytte av denne teknologien i skulearbeidet og i skulekvardagen. Ein viktig føresetnad er at vi i skuletida fokuserer på skulebruk og ikkje privat bruk. Skulen er knytta til eit nettverk og innfører FEIDE ( Felles elektronisk identitetshandtering ) – og dette gjer at vi har reglar for korleis vi kan og ikkje kan nytte teknologien. Forslag til avtale mellom elev og skule om bruk av skulens IKT-utstyr
    • DINE RETTAR: Du kan nytte skulens datautstyr til alle formar for skulearbeid • Søkje på Internett etter stoff til skuleoppgåver • Hente ( laste ned ) bilete og tekst frå Internett for å lage ditt eige svar på ei skuleoppgåve om du ikkje bryt reglar for opphavsrett (copyright) • Jobbe med skulearbeid i alle program som er installert på maskinene. Dei programma vi nyttar på skulen er ……………. • Skrive ut eige skulearbeid • Nytta læreprogramma som er installerte på datamaskina og tenester som kommunen har kjøpt som ligg på Internett. I tillegg kan du nytte andre gratis digitale læringsressurser som læraren syner deg. Etter avtale med lærar kan du: • Chatte • Sende og sjekke mail (e-post). • Nytte hovudtelefonar • Lasta ned lovlege filer til skulebruk
    • DETTE HAR DU IKKJE LOV TIL : • Å dele brukarnamn og passordet ditt med andre, dette er personleg og sjølv om nokon har gløymt sitt skal du ikkje låne vekk ditt eige. • Å søkje etter ulovleg eller krenkande materiale. Krenkande materiale kan vere pornografisk, rasistisk, blasfemisk eller nazistisk karakter. Du skal heller ikkje setje bokmerke på slike sider i nettlesaren eller leggje dei som lenkje i læringsplattforma • Å lagre lydfiler, videofiler eller program på nettverket eller på skulen sine pc’ar – om dette ikkje er avtalt på førehand med lærar/IKT-ansvarleg i samband med lagring i læringsplattforma når det gjeld skulearbeid. • Å drive med spel og anna aktivitet som ikkje er skulearbeid. Er du i tvil skal du høyra med læraren din. • Å flytte på pluggar og tilkoplingar eller gjera andre inngrep på utstyret. • Å installere program på datamaskina • Å endre instillingane på datamaskina
    • DINE PLIKTAR: • Når du er ferdig med arbeidsøkta skal du logge deg heilt ut • Skal du gå frå maskina medan du arbeider, trykker du alltid ”windows+L” for å låsa maskina slik at andre ikkje har tilgjenge • Har du gløymt passordet ditt seier du frå til lærar, som hjelper deg med å få nytt passord • Meld frå til administrasjon, lærarar eller ikt-ansvarleg når du finn feil. • Bruk utstyret med varsemd • All lagring av skulearbeid skal skje i privatmappa di. Innhald som vert lagra på PC’en kan verte sletta utan førehandsvarsel. • Alle privatmapper vert sletta om sommaren. Hugs difor å ta ut det du måtte ynskja å ta vare på frå året som gjekk (t .d utskrift eller send til deg sjølv via mail ) • Å vise høveleg framferd på Internett og i samband med elektronisk kommunikasjon – vis Nettvet og Nettikette. Skulen har programvare som gjer at lærarane kan fjernhjelpa elever og sjå korleis dei arbeider – dette kan dei gjere uten at eleven sjølv er klar over det.
    • BROT PÅ REGLANE: Brot på desse reglane eller hærverk på utstyr vert å sjå på som brot på ordensreglane. Alvorlege eller gjentekne brot vil medføra brev heim til føresette og vil få innverknad på ordenskarakteren til dei som går på ungdomssteget. I tillegg kan det medføra sanksjonar som: • Sperring av ditt brukarnamn i ein varsla periode. Dette gjer at ein og vert stengt ute frå skulens datanett, Internett og andre digitale tenester ein har tilgjenge på gjennom Feide • Tap av retten til å nytta skulen sitt IKT-utstyr i ein varsla periode. Reglane gjeld så lenge underteikna er elev ved grunnskulen i kommune eller til ein ny avtale erstattar denne. Eg har lest og forstått reglane, og pliktar å innrette meg etter desse. Eg har også forstått at regelbrot vil medføra sanksjonar som kan få innverknad på tilgang til bruk av ikt i undervisninga og på ordenskarakter. Dato og signatur for elev og føresett:
      • I tillegg til at skulen har ansvar for at eleven skal vere kjend med IKT-reglement skal skulen og:
      • Sende avtale om bruk av skulen sitt IKT-utstyr med eleven heim for underskrift av føresett om eleven er yngre enn 14 år
      • Evt få samtykkje til å publisere bilete av eleven på td skulen sin heimeside
      • Sende utskrift av kva for opplysningar som er registrert om elev og føresette i skulen sitt administrative system slik at ein kan få sikra at opplysningane er korrekte
      • Sørgje for at alle tilsette er kjent med kven som er førstelinesupport i samband med Feide ( På skulen vil merkantilt personell vere naturleg førstelinesupport då dei vil kunne sjå på kva som er registrert av personlege opplysningar og rette om noko er feil. Kvar kommune har ein Feideansvarleg som skulen sin administrasjon kan ta kontakt med. Fylkeskommunen er leverandør av den tekniske løysinga.)